kina-misjonen vert til på vestlandet : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Bjørgvin. Eit Festskrift». Bergen Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.

 

– fra s. 26 – 34 :

 

Den nye vekkingsbylgja som gjekk over Vestlandet vart og ei misjonsvekking. Og då misjonsskulen i Stavanger skulle ta opp nye elevar i 1887, melde det seg meir enn tre gonger så mange som dei kunne ta imot. Dette syner korleis dei unge vart gripne både av vek­kinga og misjonen.

No kom ei ny og stor misjonsmark meir og meir på tale. Det var China. Frå England hadde folk fått høyra om misjonsarbeidet mellom verdsens største folk. Denne kunnskapen kom som frø med vinden frå dei store skogane, og det spirde litt her og der.

Rundt heile kysten frå Oslo til Bodø, og opp gjennom dei fleste dalane i Noreg grodde ein ny misjon fram litt etter kvart. Mange stader hadde jorda vorte så underleg grornæm for di Guds ånd hadde fått skapt åndeleg liv på ny.

Vinteren 1889—90 hadde Bergen fått ein ny pust av vekking, og fleire unge hadde kome med. Med i denne flokken var Olivia Halvorsen og syster hennar. Desse to systrene høyrde til ei av dei fremste slektene i Bergen på den tid, og var mykje tiltak-same. Men dei fleste såg knapt noko stort i at dei to systrene vart lesarar, og det vart nok tala alvorleg om det, men korkje lokke-tonar eller andre tonar syntest å hjelpa stort. Hadde Olivia Halvorsen teke ei avgjerd, så var det gjort. Slik var ho mykje lik andre i slekta si.

Bestefaren var gullsmed og hadde forretning på hjørnet av torget og Veiten. Far hennar var gullsmedmeister Kristian Gotlieb Barchtold Halvorsen, som fyrste gong var gift med Petrikke Georgine Asmundsen.

Eit av borna i det ekteskapet var guten Peter Gabriel. Andre gongen vart Halvorsen gift med dotter til ein tollmann som heitte Storm og som hadde vore gift med ei gjente som heitte Høech.

Olivia vart fødd i andre ekteskapet. Men ho og broren Peter Gabriel kom til å skriva kvar sitt namngjete blad i soga om Bergens by.

Peter Gabriel Halvorsen gjekk til sjøs i 11 års alderen, men krabba seg på land att. Då han var 14 år, stod han som lærar i rekning på ein kveldsskule for vaksne menn, og frå 20 års-alderen var han ei drivande kraft på Bergens mekaniske verksted. Men han var knapt lett å arbeida saman med. Til det var han for sjølvstendig og rik på tiltak. Han slutta på verkstaden og vart skipsreiar. Det var serleg dampskip han såg mon i, og helst skulle dei gå mellom England og Noreg. I den fyrste tida vart det mykje kolbåtar, men med nokre lugarar han fekk sett i gang. Han såg som mål å få slutt på det engelske monopolet som Wilson-båtane hadde på person-trafikken mellom Vestlandet og England. For å nå det målet bygde han S/S «Britania».

I 1890 gjekk det av stabelen i Laksevåg. Med sine to tusen registertonn var det største pasasjerbåten i Noreg. Det var ein stor dag då den kvite skuta med to skorsteinar, segl og flagg gjekk prøvetur på Byfjorden, og fløytte slik som ingen båt hadde gjort før. Då sprang alle folk opp på haugane for å sjå på det store vedunderet som skulle slå ut sjølvaste engelskmannen i passasjer- og turist­trafikken. Og no snakka heile byen om P. G. Halvorsen.

Olivia Halvorsen var såleis halvsyster til den store skipsreiaren. Og ho skulle gjera noko som var endå større. I sine yngre år hjelpte ho far sin i gullsmedforretninga, men seinare tok ho og Margrete, syster hennar, til med hatteforretning.

Då Olivia hadde vorte ein personleg kristen, fylgde tiltaksevna henne der og. Då samla ho ein flokk unge kontor- og butikkdamer kring seg til eit kristeleg lag, der dei oppbygde kvarandre på si høg-heilage tru. Dette vart eit lag for unge kvinner, og Olivia melde det inn i Indremisjonen.

Men formannen der likte ikkje at ho hadde teke til med noko for seg sjølv og meinte at ho burde gå inn i indremisjonslaget som var i byen. Men det laget heldt møta sine om dagen, og då kunne ikkje butikk- og kontorfolk gå frå arbeidet sitt.

Dessutan gjekk det så bra på møta om kveldane i laget til Olivia Halvorsen at ville ikkje Indremisjonen ta mot laget som det var, så fekk det vera. Ho tok det elles ikkje så tungt om det vart motburd. Slikt skapte berre meir liv i gjenta. Ho var frimodig og sa sanninga slik som ho såg henne, både til høg og låg.

Nei, det hadde ingen fare, og det vert alltid ei råd. Det var ille nok då ho køyrde hatteforretninga si i grøfta. Men folk sa at det var ikkje anna å venta. Ho gav bort så altfor mykje.

Men det vart utveg då og. Hjå broren P. G. fekk ho jobb til å sjå etter reinhaldet i lugarane på kolbåtane hans. Og engelskmennene undra seg over at lugarane kunne vera så reine ombord i kolbåtar.

I februar 1890 kom Sivert Gjerde til Bergen. Han var ein av dei mange unge som bar på misjonskall. No hadde han vore ein tur til Baxters misjonsheim i England. Der vart han endå meir gripen av misjonstanken. Og no var det serleg misjonen i China som tok han. så sterkt at han greip andre. Han fekk tala både i det vesle Sandvikens bedehus og i Misjonshuset. Han var ingen stortalar, og få møtte fram. Likevel fekk møta mykje å seia, for di dei som møtte, vart så sterkt tekne av misjonen i China.

Tak bibelen din, sa han og tel alle bokstavane. Når du er ferdig med dette kan du halde fram med å telja alle bokstavane i åtteti (80/red.) biblar. Då har du talt så mange bokstaver som der er menn, kvinner og born i China. Berre i ein time søkk 1400 menneske ned i heidenske graver der ute.

Send misjonærar til China i dag, og før misjonærane er framme har ein og ein kvart million udøyelege menneskesjeler som Kristus døydde for, gått inn i æva, og deira evige lagnad er avgjord ! 

Mange slike tankar bar Gjerde med seg att til Noreg, og han lærde folk å syngja :

¤

I China det mektige rike mot øst dør tolv millioner hvert år.

De fleste de dør uten håp, uten trøst. De kjenner ei Frelserens sår.

¤

Slik tala det og song i sinnet.Folk vart gripne til tårer. Her var ei oppgåve, som var større enn stor. Og her kunne Olivia Halvorsen gå inn med heile fylkingen sin. Og det gjorde ho. Denne etterjulsvinteren gjekk tretti—førti kvinner i Bergen i gang med å arbeida for misjonen i China, og fleire stod for tur. Dei var berre litt uvisse om korleis dei skulle koma i gang.

Ein lei ting var det at dei hadde ingen mann til å hjelpa seg. Olivia Halvorsen ville ha menn med, som kunne vera eit styre, som kunne representere arbeidet offisielt og samla det heile.

Der var menn nok som hadde høyrt om same sak og gjekk med same tankane. Såleis hadde Jakob Traasdahl slege fram på med vener om å skipa ein kinamisjon på luthersk grunn. Han merka misjons rørsla mellom dei vakte. Men der var så mange ulike straumdrag.

Fredrik Franson frå Sverike hadde tala på torget i åttiåra. Han var ei vekkjarrøyst, men mykje reformert i sitt syn på synda. Privat snakka han om at ein kristen kunne koma så langt at han vart synde-fri her i livet. Mange lutherske vart redde han for dette synet si skuld, men andre lika han godt for vekkinga si skuld og tok det mindre høgtideleg med lutherdomen, og endå mindre fekk kyrkje-synet noko å seia for dei.

Andre heldt både på luthersk lære og kyrkjesyn, og misjonselden tok til å brenna i fleire leirar. Men det var dei mange leirar som kunne koma til å skapa vanskar for dei som skulle ta førarskapen. Og dette gjorde at mange hadde så mange om og men. Dei hadde nok godvilje for saka, men dei såg meir på vanskane enn kvinnene. Og då Olivia Halvorsen og andre kinavener vende seg til leiarane i Indremisjonen etter hjelp og førarskap, var dei lite huga på det, for di dei visste at det kom til å verta sterk motburd. Dei tvila på om dei i det heile høvde til oppgåva. Men kvinnene gav seg ikkje, og så fekk dei mennene med seg til eit møte i Betlehem tysdagskvelden den 4. mars.

Her gjekk det varmt for seg. Kvinnene måtte både be og truga for å få mennene inn i dette arbeidet. Og til sist gjekk dei med på å skipa ein komité for Kinamisjonen, slik som dei alt hadde gjort i Stavanger og Oslo.

Denne kvelden valde dei sju mann til å ta vare på kinamisjons- arbeidet i Bergen, og desse vart valde :

Emissær Rettedal…………………………………………. 52         stemmer

Kand. teol. Brandtzæg…………………………………. 51                       »

Emissær Rasmussen…………………………………….. 50                     »

Emissær Østensen……………………………………….. 46                       »

Pedell Ole Johnsen………………………………………. 45                       »

Snekker Olsen……………………………………………… 35                       »

Rørlegger Nilsen…………………………………………. 31                       »

Til varamenn vart valde :

Emissær Ole Mikkelsen………………………………. 28         stemmer

Tilsynslærer Arnetvedt……………………………….. 14                       »

Emissær Svebak…………………………………………… 11                       »

 

Det måtte ha uvanleg godt materiell å velja mellom, når dei kunne få samla så mange gode menn. Fleire av dei som kom med i styret vert me kjende med seinare. Di for skal her gjerast ein merknad ved varamennene. Det var utvalde menn. Både Mikkelsen og Arnetvedt vart mellom førarne på misjonsmarka, og Svebak vart ein flink misjonsleiar i misjonsselskapet i Trøndelag.

No kom det fart i sakene. To dagar etter samla Olivia Halvorsen atter laget sitt og reorganiserte det og kalla det Kinas Venn, og laget reknar 6. mars som skipingsdagen.

Då laget hadde vorte reorganisert, voks det sterkt, og det var vanskeleg om høveleg rom for så stort eit lag i heimane. Men no var dei så heldige at Ole Johnsen var pedell i Misjonshuset, og han tok vel i mot Kinas Venn som fekk halda til i småsalen. Men der møtte så mange unge kvinner til møtet, at ofte vart der så trongt at dei sat på kvarandre. Då kunne dei vera bort i mot eit hundre.

Men det var også andre som ikkje kom med i dette laget. Ei av dei var fru Martha Sværen. Ho og dotter hennar hadde vore i Misjons­huset og høyrt misjonær Ole Næstegård tala der. Han var nett komen heim att frå ein tur til China. Og han brann for at evangeliet måtte verta forkynt der. No vart det nye som vart kveikte av det som han fortalde frå China. Og Martha Sværen fekk med seg ein flokk kvinner som skipa eit lag for kinamisjonen 20. mars. No var Martha Sværen ei midalders kvinne, og foruten dotter si vart det kvinner på nokorlunde same alder ho fekk med seg. Dei som vart med i laget hennar frå fyrst av, var fru Margarete Thomsen, Ingeborg Engelsen, Magda Karlsen og Martha Håland. Den siste var berre tjue år og nygift. Ho var dotter til Margarete Thomsen.

Men enno hadde nok ikkje alle kinamisjonskvinnene organisert seg. Mot slutten av året kom Solheimsvikens Kinamisjons kvinneforening med. Her var det ein mann, —- Peder Arnø som tok seg av arbeidet. Men det vart likevel Gjertine Jacobsen som vart fyrste formann, og 14 medlemer vart med i laget. Men kom dei seint, så kom dei likevel godt.

No må me sjå litt meir på dei menn som desse varmhjarta kvinnene hadde fått med seg.

 

THORMOD RETTEDAL

Han var døypt Thormod og Oscar Handeland seier at han var mannen med barnehjarta, falkeauga og slagsverdet.

Denne mannen var fødd 12. juli 1849 i Høgsfjord og var såleis (ved stifting av Kina-misjonen i Bergen/red.) førti år gamal.

I sine unge dagar hadde han vore ein villstyring som såi mange andre, men lengta etter fred med Gud. Andre juledags-morgon 1871 fann han denne freden ombord i fiskarbåten på ein tur til Nordland. Og han fann freden i det som Kristus hadde gjort for han.

Året etter kom han heim att og vitna om Frelsaren på møte, og ungdomsflokken tykte at Thormod hadde teke med seg opp på kateteret den same friske og djerve svingen som han hadde i danse-laget. Men no hadde han vorte ein ny mann.

Fire år etterpå tok han bibelbudprøva hjå sokneprest Kobro i Høgsfjord, og eit par lekmenn eksaminerte han eit par timar i den kristne trua. Etterpå la presten hendene på hovudet hans og signa han til yrket som bibelbud.

No vart han fyrst emissær for Lutherstiftelsen. Elles tok han lengre eller kortare turar for andre organisasjonar. I 1886 fekk han kall frå Bergens Indremisjon og gjekk inn i arbeidet der. Då var han 37 år gamal og stod i si beste kraft. Det fylgde ei veldig åndsmakt med Rettedal i denne tida. Det verka slik på folkemengda at alle hus vart for små, og mange kom ikkje inn.

— I Hordaland, Rogaland og Agder eide han et navn og en tillit som få andre predikanter. —

Om Kinamisjonen sa Rettedal : Gud har nødt den indpå mig, og mange venner med mig i Bergen. Vi måtte ta hånd i hanske og efter fattig leilighet gjøre noget for at Kinamisjonen kunde bli grunnlagt, organiseret og ledet, så det ikke gikk i virvar og blev oppblandet med svermeri og sekteri, og vi således skulde tabe vår kirkes misjonerende folk, som liksom umiddelbart i ett nu ble kaldt til å arbeide for evangeliets utbredelse blant Chinas millioner.

 

JOHANNES BRANDTZÆG

Cand. teol. Brandtzceg var den andre på lista. Han var nybaka teolog og lærar på emissærskulen for Indremisjonen. Folk rende ikkje ned dørene når han tala. Dei syntest helst at han var turr og seig. Men han hadde sers godt tak på elevane sine, og folk vart meir glade i han etter kvart.

I ungdomen var han kvikk og spretten, og litt av ein vågehals. Men han kasta seg aldri ut i synda. Likevel streva han fleire år før han fann fred med Gud. Men ein sundag sat han i Slottskapellet og høyrde om den rike unge mannen som spurde Jesus kva han skulle gjera for å erva evig liv. Då vart det sagt frå preikestolen. Han skulle ikkje gjera noko, berre melda seg til retten sin.

Og no gjekk lyset opp. Brandtzæg la hendene saman og sa : Store Gud, no er gåta mi løyst.

Dei røynsler som Brandtzæg gjorde både før og etter han vart omvend gjorde han til ein sers god leiar og sjelesyrgjar både for gamal og ung.

 

OLE JOHNSEN

Pedell Ole Johnsen var pedell i Misjonshuset, og budde såleis sers lagleg til. I ungdomen reiste han til sjøs, og sjømannen hang ved han heile livet, havsalt og frisk. Han var robust og tala fritt ut. Ein god spøk smakte godt, jamvel om han var dryg. Men han var ein ærleg og alvorleg kristen, og ein varm misjonsven.

Men skulebenken hadde han ikkje slite noko serleg, og med boklege kunnskapar var det smått. Men han hadde eit godt ord til folk som kom og gjekk, og det stråla noko godt av han. Og det fylgde orda hans. Dette vart god reklame for den nye organisasjonen som han vart kasserar for.

Eit par hendingar frå livet hans syner korleis mannen var. Gud brukte ti mann for å vekkje meg av syndesvevnen, sa han. Og så nemnde han namna på alle ti og fortalde korleis dei reidde han til, korleis han såg ut og korleis han kjende seg. Han var ikkje berre munnvalen, men han var beint fram slegen i hel. Det var då han kom under lova. Men så brukte Gud berre ein mann til å bøta på det som dei ti øydela, og så tala han om Esaias 53, 4—5. Den eine mannen var Jesus.

I åttiåra hende det ofte at truande folk som flytte til Bergen, skipa eit støttelag med det mål å forkynna evangeliet i heimbygda. Dei ville driva indremisjon. Ein slik var Ole Johnsen frå Straume som ligg i Austrheim sokn og høyrer til Lindås. Då han sjølv hadde vorte ein kristen, brann det i han å få nå folket der heime med livsens ord. Og med det hadde det hast. Ole Johnsen fekk fleire med seg, og dei skipa eit støttelag og leigde ein mann som skulle reisa heim og tala Ordet med ein gong. No hadde dei diverre ikkje pengar i kassa, og det var smått om pengar elles. Men dette måtte gjerast, og så gjekk dei i Skillingsbanken og lånte pengane. Ein mann med slik ein iver måtte kveikja alle som kom inn til han.

Den komiteen som var vald, gjorde inga gravferd med saka. Den 15. mars heldt dei nytt møte. Der tala dei om korleis dei skulle gjera arbeidet kjent ut over landet og vinna nye medlemer. Men då tenkte dei ikkje berre på å vinna mange, men og på kvaliteten i dei einskilde lemer.

Difor gjorde dei dette vedtaket :

Ingen opptas som stemmeberettiget medlem av foreningen uten at han går inn for å underordne seg den brodertukt som vil søkes øvd innen foreningen, i det man enedes om ikke å søke foreningens styrke i medlemmenes mengde, men i at de kunne som brødre i Kristus, være forenet i en ånd.

Til å gjera arbeidet kjent ut over landet måtte dei i fyrste omgang nytta avisene. Fram over våren vart det fleire styremøte, der dei sam­rådde seg om korleis dei skulle byggja ut den nye organisasjonen i Bergen og næraste bygdene. Men etter som dei arbeidde med dette vart dei samde om at dei måtte prøva å samla alt arbeid for China i heile landet. Og då kom dei også til å tenkja på utsendingar til misjonsmarka. Den saka kom fram på dei fleste styremøta. Tilsyns­lærer Arnetvedt vart beden om å skriva utkast til lover for Bergens forening for Kinamisjonen.

Etter som komiteen arbeidde, vart det snart klårt for alle at skulle han kunne samla kinamisjonsvenene til ein landsorganisasjon, måtte dei ha emissærar til å reisa rundt for å tala saka. Til dette fanst ingen betre enn Thormod Rettedal som arbeidde i Bergens Indremisjon. Og dei prøvde å få han fri til å gjera ein tur sørover til Rogaland og Agder. 1. juli drog han i veg.

Emissær Ole Mikkelsen som no arbeidde i Indremisjonen, fekk dei og laus. Han hadde fått misjonskall til China. Han reiste nordover til Møre og Trøndelag for å få kinavenene der til å gå inn i denne nye organisasjonen. I Romsdal leita han opp Knut Stokke som gjekk på vollen og slo.

  • Ja, no er eg komen for å få deg med til China, sa Mikkelsen til han då han kom.
  • Det var gildt, svara Stokke. Eg er ferdig med ein gong. Dermed hengde han ljåen frå seg, og det bar ut på misjonsreiser med begge. Formannen la seg heller ikkje på latsida. Han tinga både med klokkar Jørgensen i Kristiania-komiteen og med sekretær Lars Dahle i Misjons­selskapet i Stavanger.

Den 6. oktober heldt komiteen nytt møte. Rettedal fortalde om ferda si, og formannen fortalde om det han hadde gjort. Heile komiteen vart samd om å be alle som intereserar seg for Kinamisjonen å møta i Bergen 27. og 28. oktober for å rådleggja om kva dei skulle gjera med saka. Sekretær Lars Dahle var beden serskilt.

Den 11. oktober gjorde komiteen ferdig grunnreglar for ein norsk kinamisjon.

Stengt for kommentarer.