johannes brandtzæg : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit Festskrift». Bergen Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.

 

JOHANNES BRANDTZÆG

Cand. teol. Brandtzæg var den andre på lista. Han var nybaka teolog og lærar på emissærskulen for Indremisjonen. Folk rende ikkje ned dørene når han tala. Dei syntest helst at han var turr og seig. Men han hadde sers godt tak på elevane sine, og folk vart meir glade i han etter kvart.

I ungdomen var han kvikk og spretten, og litt av ein vågehals. Men han kasta seg aldri ut i synda. Likevel streva han fleire år før han fann fred med Gud. Men ein sundag sat han i Slottskapellet og høyrde om den rike unge mannen som spurde Jesus kva han skulle gjera for å erva evig liv. Då vart det sagt frå preikestolen. Han skulle ikkje gjera noko, berre melda seg til retten sin.

Og no gjekk lyset opp. Brandtzæg la hendene saman og sa : Store Gud, no er gåta mi løyst.

Dei røynsler som Brandtzæg gjorde både før og etter han vart omvend gjorde han til ein sers god leiar og sjelesyrgjar både for gamal og ung.

Stengt for kommentarer.