bedehus i namsos

 

– hentet fra Jacob Straume : «Kristenliv i Namdalen. Eit festskrift». Namdal krets av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen. 1954.

 

– fra s. 17 – 19 :

Namsos vart ladested i 1845, og den gongen var han så visst ikkje stor.

Der budde ein landhandlar på Bråholmen, og heile folketalet i byen var tjue menneske. Det var vel berre når sjøen ikkje gjekk for høgt, at folk kunne gå tørrskodde frå Bråholmen til fastlandet.

Men byen voks. Til jul fann tre menneske vegen til Bråholmen. Dermed tok namdølene til å flytte til byen. Dei bygde seg heimar og handelsbuer.

Det var nok ikkje berre namdølene som flytte til Namsos. Van Severn kom frå Belgia. Han forstod seg på handel og bygde sagbruk. Det vart kanskje det største i heile Namdalen og vert jamt nemnt i kursane på Oslo børs.

Byen fekk seg glasverk, og i 1859 fekk Namsos kyrkje. I lang tid var kyrkja einaste forsamlingshuset i byen. Her heldt Misjonsselskapet stort kretsmøte i 1868. Det var gudstenestene dei fekk halde i kyrkja. Dci andre møta heldt dei på tollbua, som vart forsamlingslokale nummer to.

Mellom innflyttarane slong ein og annan lesar. Dei var nokre underlege skapningar i folks augo. Men etter som folketalet auka, så auka talet på lesarane og. Desse menneskja hadde ein sers sterk trong til å samlast om Guds ord. I kyrkja kunne dei ikkje samlast til anna enn gudstenester, men så samlast dei i heimane til småmøte.

Men stovene vart ofte små, og det var fleire som ville inn enn det var rom til. Då tok folk til å tenkje på å byggje bedehus. Det stod ferdig i 1870 og var ikkje stort. Men det hadde galleri, og galleriet gjekk tvers over eine enden av huset frå raft til raft. Men under raftene vart det så lågt at der kunne ikkje sitje nokon. Men ei hjelp var det likevel.

Då huset var godt og vel ferdig, kom misjonær Skrefsrud til Namsos. Og han skulle tale i bedehuset. Men han var ein svær talar, og leiarane kom snart i tankar om at bedehuset var for lite, og då tenkte dei på korleis dei kunne økonomisere med romet. Dei kloke hoved gjorde vedtak om at borna måtte ikkje få gå på bedehuset den dagen. Berre vaksne folk skulle få sleppe inn. Men dette tykte borna var ein blodig urett, og vesle Adeline van Severn syntest det var så urettferdig at ho kunne gjere kva gale det måtte vere, om det så var eit lite opprør. Di for smatt ho inn gjennom bedehusdøra før nokon vaksen kom, sprang opp troppa til galleriet og la seg flat på golvet ut under rafta. Der låg ho ikkje i vegen for nokon, og der fekk ho høyre alt Skrefsrud sa, og mintest det lenge.

I 1872 brann Namsos, og dei vart utan kyrkje. Men bedehuset og nokre få hus stod att. Då vart bedehuset gjort til herberge for husville. Kvar huslyd fekk to benker i bedehuset å liggje på, og maten kokte dei nede i fjøra. Då dei husville fekk seg rom andre stader, vart bede­huset interimskyrkje til dess ei ny vart bygd.

I denne tida var det helst S. Toresen på Bruket som var den førande mellom lesarane i Namsos. Det vil seie fru Toresen. Mannen var ein stillfarande kristen, som folk såg lite til. Men så merka dei meir til henne. Begge var glade i misjonen, og i 1865 sende Toresen 20 dalar til Misjonsselskapet frå laget sitt.

Toresen og kona var barnlause, og ho skjøna seg lite på born. Ofte tok ho soplimen og jaga etter barneflokken, når han vart for stor og for med for mykje skrål over tunet. Nei, ungane kunne ho ikkje med.

Men det gjekk betre med dei vaksne.

Fru Toresen stod i livleg samband med lesarane i Trondheim og visste kva slag talarar dei hadde der. Og ofte fekk ho nokon av dei som ho trudde best om, til Namsos.

Ein slik heitte Knut Nilsen, og ho lika han godt. Dagen etter møtte ho Konrad Hustad på gata. Han var fødd i 1856, son til tollforvaltar Hustad, var høg og rettvaksen, hadde gjort ein tur ut til sjøs og sett seg om i den vide verda, men no var han krambusvein,  22 år gamal.

Var du på bedehuset i går ? spurde fru Toresen.

Nei.

Du skulle ha vore på bedehuset i går kveld og høyrt Nilsen.

Eg skal gå og høyre Nilsen neste gong, svara Hustad.

Han heldt ord, for det gjorde han alltid. Og på neste møte vart det omvending med guten. Men det vart og ei           kampfull tid. Og stund­ om visste han korkje ut eller inn. I slike stunder gjekk han til fru Toresen på bruket, og her fekk han ofte åndeleg hjelp. Difor kalla han henne si åndelege mor.

Srinare kom Svenske-Janson. Han var storpreikar og reiste kysten rundt. Han budde lenge i Ålesund og preika for dei svenskane som dreiv fiske på Storegga. Når han preika, brukte han ofte grovt skyts. Brennevinshandlarane kalla han Satans handlangarar, og prestane kalla han «påvar». Men dette lika korkje dei som handla med rusdrikk, eIler dei som drakk. Og prestane lika det heller ikkje, og bedehuset i Namsos vart stengt for Svenske-Janson. Men så kom ein svensk skonnert inn på hamna. Då vart Svenske-Janson berga. Han fekk lov til i tale alt han ville ombord i skonnerten, som førde svensk flagg. Difor kunne korkje kyrkjestyre eller bedehusstyre  hindre      han der.

Mykje folk rodde ombord i skonnerten, og det vart gilde møte, og Hustad var ein av dei mange som fann vegen dit.

I april 1880 tok kaptein Ystad til med søndagsskule i Namsos, og han fekk mange til å hjelpe seg. Mellom dei første søndagsskule- lærarane var Konrad Hustad og fullmektig Johannes Kvale frå Sogn. Begge var unge og varmhjarta kristne.

Ved jonsoktider i 1881 kom lekpreikaren P. G. Sand til Namsos.

Han skulle tale på kretsmøtet for Misjonsselskapet og budde hjå Toresen på bruket, og heldt møta på bedehuset, som snart vart forlite. Då fekk han tale i skulegarden. Dei bar benker ut på tunet, og der vart rom til mykje folk. No kom det ei vekking som snudde det heile om frå topp til rot. Både noblessen og andre lag av folket kom med i vekkinga, som vart ei folkerørsle.

Sand fann folk heime kvar han så tala. Ei fin frue hadde trengt seg inn i det fullpakka bedehuset, og Sand peikte med fingeren ned over forsamlinga og spurde : Hvad nøler du efter ? Spørsmålet råka frua som ein pil, og ho rusla heim att og søkte Gud.

Frk. Holst frå Drammen var lærarinne ved den høgre skulen. Ho høyrde til dei fine og vart omvend i vekkinga. Når ho så etter gamal skikk gjekk til te hjå dei kondisjonerte om ettermiddagen, tok ho Rosenius husandaktsbok under armen, og lasav  boka i teselskapa i staden for å sladre.

No fekk Indremisjonen inngang i Namsos, og Konrad Hustad stod fremst i fylkinga der og. Han var som skapt til å stå fremst i striden mot alle Satans fiendar.

Stengt for kommentarer.