folket på sotnak : presentert av jakob straume

 

– i boken : «Kristenlivet på Sunnmøre og Romsdal. Eit festskrift». Sunnmøre og Romsdal krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Volda/Bergen 1950.

 

 

– fra s. 32 – 33 :

Sotnak er eldste haugianarheimen i Bolsøy. Garden høyrde til Nes­set. Men i 1875 fekk Paul Ottason garden overført til Bolsøy.

År 1811 kom Kari og Paul Fransen til Sotnak. Dei var haugevener og kom frå Helgøya i Mjøsa. Dei hadde flakka vide. Fyrst hadde dei gard på Toten nokre år. Etterpå budde dei i Måndalen eit års tid. Men endeleg slo dei seg til ro på Sotnak.

Garden ligg einbølt. Kari og Paul var lite kjende. Det var ikkje mange som såg inn om til dei den fyrste tida. Det nytta ikkje å lysa til samling. Ingen ville gå så lange og tunge vegar.

Men Paul og Kari kvidde ikkje mot lang samlingsveg. Dei gjekk ofte frå Sotnak over Afløyva, Gusjås og Heggem til Torvik. Det vart eit par mils veg, for det meste berre stig gjennom skog, myr og ulende.

Dei fekk vener litt etter kvart, og Sotnak vart samlingstad for hauge-venene. Frå 1830 og lenger fram etter heldt dei årvisse sumarstemner, som samla mykje folk frå bygdene i kring.

Paul og Kari var ulike i lynde. Men dei drog godt i lag, og vann vyrdnad hjå alle.

Han var still og djuptenkt. Orda hans fall tunge både i samtale og i samling.

Ho var gløgg og snartenkt. Var pratsam og hadde sers godt lag til å verta kjend med folk.

Venene på Sotnak vart kjende med lesarane på Myklebostad og Øygard.

Kirsti, dotter til Paul og Kari, vart gift med Otta på Øygard. Dei sette bu på Trøa under Sotnak.

Kirsti hadde fire systrer. Ei av dei heitte Karen. Ho vart gift med bonden og haugianaren Halvar Eriksen Sand, fødd på Eiker ved Drammen.

Halvar og Karen fekk sonen Paul Gerhard Sand. Han vart ein vill­basse. I konfirmasjonsalderen sende dei han til bestemor på Sotnak. Ho fortalde han mykje om kristenlivet i gamle dagar. Det ho fortalde, bar frukt i unge sinn, frukt som me skal læra å kjenna.

Stengt for kommentarer.