grendals-ætta på nordmøre : presentert av jakob straume

 

– i boken : «Kristenliv på Nordmøre. Eit festskrift». Nordmøre krets av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1951.

 

– fra s. 17 – 22  :

 

Det var Nordmøre som fekk mest av Hauge si verksemd i Møre og Romsdal. Og nordmøringane tok best vare på denne arven. Dei har lag til å vere trugne mot vedkjenninga.

Likevel ser det ut til at det var haugianarane frå andre bygder som skulle få mest å seie for kristenlivet i tida etter Hauge ferdast her.

Av dei som flytte til Nordmøre med ein rik og levande kristendom, kan Grendalsfolket nemnast mellom dei fremste.

Grendalen er ein avsides fjelldal i Rennebu. År 1799 kom Nils Iversen Riis, Iver Olsen Gabestad, Lars Olsen Hemstad og Hans Nilsen Hauge dit. Dei heldt fleire samlingar, og der vart vekking.

Mellom dei vakte var to brør, Mickel og Trond. Mickel var eldst og fødd 1775. Han var sers evnerik, og vart mellom dei fremste haugi­anarane i landet.

Frå heim og kyrkje fekk han eit alvorleg livssyn. Bibelen las han fleire gonger. Ofte bad han til Gud. Dei grove syndene som ungdomen tura i, heldt Mickel seg frå. Men elles var han verdsleg, og øvde seg i gudlegdom med han tumla med spørsmål om lov og tru.

Då han las bøkene til Hauge, fall det lys inn over livet hans. Han fekk sjå natura si, og trua sin veg til Kristus.

Året etter tok han til å halde møte i lag med andre. Men Hauge rådde han til å få seg ein annan levemåte enn gardsbruk. Difor reiste han fyrst til Drammen og seinare til Bergen for å lære handel.

I Kristiansund løyste han handelsbrev, og dreiv med lastehandel, skipsfart og skipsbygging. Ei tid åtte han største sjøbua i byen. Han handla mykje på England, og lærde seg så mykje engelsk at han skreiv sjølv breva sine.

Ein skipper tura bort 24.000 kroner for han, og kom heim att i filler. Grendal tok vel i mot han og hjelpte han attpå.

Ofte hadde folk spotta Grendal for leseriet. Han heldt alltid andakt i heimen, og kven som ville, fekk vera til stades.

Ein mann spurde han : — Høyrer du til dei heilage ?

— Ikkje så mykje som eg ynskjer, kom det lognt.

Grendal var i Kristiansund åra 1807—1821. Då vart han lei av handelen. Helst var han lei av å sjå korleis handelsfolk juksa med tollen. Så kjøpte han garden Haffstein på Byåsen ved Trondheim og flytte dit.

Her vart han vidspurd for gardsbruket, gjestfridomen og kristen­domen sin. Han kom og på Stortinget i 12 år.

Det var Trond, broren, som fekk mest å seie på Nordmøre.

Trond Grendal hadde levt som ein moralsk, pen ungdom. Men orda åt Hauge råka han tungt og sterkt. Dei gjekk gjennom merg og bein. Trond såg seg som den største syndaren på jord. Angest og syndesorg voks medan Trond gret og bad og banka på nådedøra. Han sanna synder og bad om tilgjeving, bad og om den Heilage Ande og barnerett hjå Gud.

Ein kveld låg Trond på kne i mørkret med andletet i hendene. Då kom ein lysstråle inn i hjarta. Lyset kom med ordet : «Ver frimodig, syndene dine er tilgjevne! Trua di har frelst deg. Gå i fred!»

No vart Trond hjarteglad. Men det gjekk ikkje lenge før enn eit uver braut laust over Trond. Angest og anfekting skaka han heilt til botnen. Men Gud kom i rett tid og openberra Sonen i han. Jesus vart forklara i sjela. Trond fekk tru på Jesu forteneste. På denne grunn fekk han be og takka for søtt og surt i Jesu namn. Trond vart ein heilhjarta kristen.

Den 27. juni 1807 kjøpte Trond garden Utheim på Averøya for 200 dalar. Det var sers billeg for den store garden. Men der det hadde lenge vore vanstell.

Husa var berre nokre små gamle buer. Men Trond var ein drivande kar og fekk snart bygt nye hus på garden.

År 1811 vart han gift med Randi Pedersdotter Hevle frå Drivdalen. Ho vart vakt saman med fleire andre då Hauge kom gjennom Driv­dalen i 1801.

Randi var sers flink til å syngje og til å formane folk til å omvende seg. Hauge rådde henne til å bruke den nådegåva ho hadde fått. Randi vart kjend med Sara Ousten frå Nord-Østerdalen. Dei to reiste i lag kring om i Trøndelag.

Ein dag kom dei til ein gard og bad om hus. Dei visste ikkje om at det var lensmannsgarden dei kom til. Då han skjøna kva slag folk det var, sette han dei fast. Men dei song, bad og tala slik der dei sat at lensmannen kom sjølv og sette dei fri.

Randi kom til Averøya. Her tok ho seg teneste hjå Trond og vart gift året etter. Ho vart ei sers flink husmor, venleg, mild og mjuk. Med kjærleiken drog ho folk åt seg. Ho heldt ikkje møte meir på eiga hand, men ho bad og song ofte i samlingane.

Trond dreiv garden godt og brukte Guds ord flittig i heimen. Og ofte reiste han med Ordet til andre bygder.

På ei slik ferd kom han til Torvik i Øre. Der budde John Avleson, ein haugianar frå Østerdalen, som kom til Torvik i 1811. Å vere lesar i Torvik den gongen var som å vere ein makk i ei maurtue. Garden var stor og gild, men grannelaget var vanskeleg. For kona var det verst. Ho var både strid og veik og nedfor. Til sist vart ho redd for livet.

1821 vart Trond Grendal og John Avleson samde om å byte gardar uten mellomlag. Trond skulle få Torvik (sjølve garden heiter Bøen) og John skulle få Utheim slik det stod. Men alt levande skulle dei ta med seg.

Trond bygde ein stor flöte som han jaga heile buskapen ut på og sette over fjorden til Stokke. Der kom John med buskapen sin og nytta same flöten til Utheim.

Trond måtte få hus på Rødstranda. Då kona på garden skjøna at det var haugianarar ho hyste, vart ho redd og sprang til grannen : Vi kan nå vel ikke bli gjort oløkkeleg for at vi har tikje inn dette folkje, vett e.

Trond og Randi fekk ei stor misjonsmark. Han heldt ofte samlingar, og andre kom og hjelpte han. Trond var ingen stortalar. Men han var flink i det små og på tomannshand. Skulle Trond finne vener, så måtte han reise til Øydegard i Kleive, Vassgård i Hide eller hjå John Avleson på Averøya, så det vart langt mellom kvar. Trond likte seg i Torvik. Garden dreiv han godt. I elva sette han opp sag og to kvernar. Han vart postopnar og postførar, og fekk såleis mykje å gjere. Det høvde godt. Han var både sterk og brålyndt. Men med tenarane stod han seg godt. Han var romhendt med løna.

Randi fekk eige det mjuke sinn til det siste. På sottesenga vinka ho til seg yngste guten, Ingebrigt, og sa :

— Ottast Gud over alle ting, fylg Jesus ! No går eg gjennom dødens port til det evige liv. Der vil Jesus krone meg. Lat meg få sjå deg i ærens rike.

Mellom borna etter Trond og Randi Grendal, skal nemnast tre.

Marie vart gift med Johan Løkke. Ho var ei evnerik kvinne med eit brennldårt minne og sers kjend i Bibelen. Kom det folk til gards, anten prest eller andre, leidde ho alltid samtalen inn på åndelege ting. Ho vart bestemor til Ingvald Lyche.

Eldste sonen til Trond og Randi heitte Nils, f. 1811, d. 1893. Han var stille og djuptenkt. Atten år gamal fekk nokon lurt han inn i eit drikkegilde og drakk han full.

Trond tukta sonen strengt for dette. Då vart Nils trassig. Seinare gjekk han i seg sjølv og bad både Gud og foreldra om tilgjeving.

Nils kom inn i ei krise. Han stridde natt og dag, sanna synd og bad om tilgjeving og frelsevisse. I samlingar bad han kort og bren­nande om at Gud ville vekke samvita or syndesvevnen, og folk undra seg over det store alvoret han synte i kampen mot synda. Då Nils hadde gått slik i to år, braut nådelyset fram, og han vart ein sers alvorleg og varsam kristen med stor omsut for at andre måtte verte frelste. Frå no av tok han til å halde møte på eiga hand. Dei djupe opplevingar hadde gjeve han eit klårt syn inn i Guds løyndomar.

Som sjelesyrgjar var han framifrå. Mange kom til han i sjelenaud og vart hjelpte. Men det klåre lyset skar vondt i augo på dei som levde i mørkret. Dei kalla han eit gudslam.

Nils Grendal reiste mykje i Sør-Trøndelag og Østerdalen. Men det var på Nordmøre han gjorde mest. Der heldt dei han for ein biskop.

Han vart gift med Berit Eriksdotter Solem. Ho hadde gått igjennom ei sterk åndeleg krise og gjekk ut av henne med eit inderleg gudsliv. I samlingane var ho ofte med i song, bøn og formaning. Ho var venekjær og gjestfri. Ein dag kom ho frå stabburet og møtte Nils på tunet.

— No trur eg du Nils må til å be heim lesarar, for no held me på å verta matlause, sa ho.

Det skorta kanskje ikkje så mykje på mat. Nils hadde same evnene som faren til å drive garden. Men han hadde god tid når «Riket» skulle byggjast.

Folk visste om to av bønestadene til Nils. Den eine var bakom ein stor stein og den andre var i kammerset. Her kunne han liggje på kne i timevis, og ingen kunne uroe han. Der hadde han Bibelen, som ber mange gule merker etter tommelfingeren hans. Her auste han kraft til heilagt liv.

lngebrigt var ein yngre bror, fødd 1822, og vart omvend på ein jakttur. Ein gong fekk han så överlag mykje ryper at han kasta seg på kne, bad om forlating for syndene og takka Gud for all hans godleik.

Gamle Trond kjøpte garden Dalen til han, og der sette han bu med Marta, kona si.

lngebrigt kom inn i åndelege vanskar. Han såg meir på helgingslivet enn på rettferdiggjeringa og vart træl. Men Hans Lingjerde hjelpte han til å sjå på nåden i Jesu sår.

Ingebrigt seide Dalen, og kjøpte gard på Kirklandet, Kristiansund. Her var han i tjue år. Men i den tida reiste han mykje og tala Ordet.

Han var ein sers god forkynnar. I Hemne var han ofte.  Der hadde han mange vener og medarbeidarar.

I 1884 flytte han frå byen til Tørriset i Batnfjorden. Her budde han til han var 90 år.  Og vener sa at han var glad og lukkeleg i livet og sæl i døden.

Sonen, Bernhard Grendal, budde på Tørriset all si tid og var lekpreikar som faren. Han var mellom dei andelege fedrar på Nordmøre som tok vel mot Kinamisjonen.

Ingebrigt Bernhardson bur framleis på Tørriset og er mellom dei leiande kristne der.

På Bøen i Torvik voks Trond Nilsen opp. Men han tok namnet Tor vig i staden for Grendal. Trond var viljesterk og litt strid i hugen. Han ervde både evner og gudlegdom frå far og bestefar, og kom tidleg til liv i Gud. Men lenge vanta ei kone. Dette var ei vanskeleg sak. Han var eldst og skulle ta garden. Men det nytta ikkje å ta gard utan kone. Og så visste han at det var betre å få ei kone av Gud, enn å ta henne sjøl. Trond hadde snakka mykje med Gud om dette. Men det drygde før han fekk svar.

Ein morgon skulle Trond til Kristiansund. Det er to dryge mil dit, og Trond måtte vere tidleg på ’an. Likevel gav han seg god tid i bøne* romet, og tala om kona han måtte få. I anden vart han og Herren samde om at fyrste kvinna som han møtte eller såg i Kristiansund skulle verte kona hans. Dermed gjekk han til båten og rodde. Men då han kom til byen, var der ikkje ei kvinne å sjå. Så gjekk han dit han brukte å handle. Ved disken stod ei framand gjente. Ho kjøpte litt og gjekk heim. Trond spurde handelsmannen kven ho var.

— Det er Marit Hofset frå Vinje sokn i Hemne, svara hin.

Marit vart kona til Trond, og dei heldt oppe den kristelege tradi­sjonen på Bøen, til stor glede for seg sjølv og venene.

Trond levde med i politikken og bygdestyret.

Framfor kvart val arbeidde han hardt for å få kristne med i ymse styre for å kristne samfunnet.

Men mest arbeidde han for at Ordet måtte verte forkynt i bygda. Difor drog han mange lekpreikarar til seg. Men dei måtte vere pietistar og høyre til den evangeliske lutherske læra. Dersom ikkje alt høvde med den læra, vart det gjerne ordskifte. Såleis var Oiaus Rasmussen mykje hjå Trond. Rasmussen var både pietist og luthersk. Men han heldt på det reformerte synet på Tusenårsriket, og han hadde det aldri med å slå av. Trond slo heller ikkje av, og heldt på det lutherske kyrkjesynet på både Tusenårsriket og Kristi atterkome. Ofte gjekk ord­skiftet kvast. Men etterpå bøygde dei to kne i lag og bad til Gud. Ferdig med bønene tok dei kvarandre i fang og vermde oppatt brors- kjærleiken.

Trond reiste på mange stormøte. På eit krinsmøte gav han hjarta sitt til Kinamisjonen. Likevel reiste han i 1906 rundt kysten til Kristiania til generalmøtet for Den Norske Sjømannsmisjon.

Medan båten venta i Stavanger, vitja han og Johan Heggem, Lars Dahle, som sa mykje imot Vestlandske og Kinamisjonen. På vegen til båten var Trond sorgfull og tagall. Til sist klaga han over at vitjinga hjå Dahle var eit vonbrot.

Trond hadde store kristelege kunnskapar. Han las mykje i Bibelen, Rosenius og mange huspostillar. Alt dette fekk han tid til, og ingen ting gjekk på slump. Det gjekk jamt godt for dei gamle lesarane.

Stengt for kommentarer.