haugianarheimen vassgård : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv på Nordmøre. Eit festskrift». Nordmøre krets av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1951.

 

– fra s. 25 – 26 :

 

Vassgård var ein gild haugianarheim. Hit søkte den eldste Trond Grendal etter samfunn med dei heilage.

Her vart Løve fødd. Faren døydde då guten var fire år. Men mora levde, og ho var syskenbarn til Ingeborg Utheim.

Då Løve vart konfirmert i 1841, tala han om korleis han hadde kome til sanninga. Bispen undra seg og gav guten rett.

Men etterpå kom guten bort frå Gud, slo seg laus og reiste heimanfrå. Han var ikkje god til å sjå mora i augo.

Ein lys, fin laurdagskveld sat han og fleire andre i ei utløe på Folland og drakk. Dei snakka om lesarane. Og ein fortalde om ei kone som levde slik etter Guds ord at det var ikkje råd til å få henne sinna.

Jau, meinte Løve. Det skulle han greie. Klokka tre om natta dundra han på døra hennar. Kona måtte opp. Ho glytte på døra, og Løve sprengde seg inn og banna fordi ho ikkje opna fort nok.

Ho bad om orsaking og spurde etter kva ærend han hadde. Over akslene hadde ho eit plagg. Det reiv han av henne og slo henne over nakne barmen. Då slo ho opp døra til bestestova og baud han inn. Der leidde ho han til bestestolen og sette fram ei rømmekolle. På rømmen strøydde ho knust kavring, sukker og kanel, og bad han ete.

Så kledde ho seg og la fram enno meir godt.

— Etter di det er sonen hennar Beret Vaskol som er så snill å sjå til meg skulle det ha vore rjomegraut. Men Løve vart edru og gløymde ærendet. No hadde han røynt sanninga på ein ny måte.

Skjærtorsdag 1857 sat han i Kornstad kyrkje og høyrde presten Dick fra Oppdal. Brennevinsflaska hadde han i lomma. Augo sleppte ikkje presten frå han kom på stolen til han gjekk nedatt. Folk gret, men augo hans Løve vart berre blankare.

Etter preika gjekk Løve gjennom folkemugen og beint bort til steingarden. Der lyfte han brennevinsflaska høgt i veret og slengde henne i muren. Så gjekk han beint inn i sakristiet til presten.

Vindauga stod på glytt, og ungdomen stilte seg under glaset for å lye. Dei høyrde at Løve sa at han hadde kome for å sanne syndene sine. Då let presten att glaset, og ungdomen sette seg på steingarden med dei venta. Det vart lenge. Dei fekk ikkje tak i orda. Men dei høyrde at Løve gret. Og dei høyrde han og presten bad til Gud.

Då Løve ville gå og stod i den halvopne døra, sa han :  — No går eg og sannar denne verste synda mi for folket.

— Det skal du ikkje gjere, sa Dick. No har du sanna syndene for sjelesyrgjaren din og for Gud. Du har bede Gud om tilgjeving og sanna at du trur. Då skal du ikkje skjemme din himmelske far ved å la verda vite kor stygt barnet hans har fare åt. La heller verda få sjå Guds makt til å gjeve deg eit nytt sinn og kristeleg liv.

Men har du gjort urett mot noko menneske, så gjer opp på tomannshand.

Løve Vassgård vart ein avhalden mann både i bygdestyringa og i veneflokken. Han vart eit skinande lys heilt til han slokna andre påskedag 1884, og slokna med dette verset :

¤

Thi skal man skrive på min grav, at Kristi død mig livet gav.

At for hans blod, jeg håbet på, hos hannem saligt sted at få.

 

Stengt for kommentarer.