øydegardsfolket på kleive : presentert av jakob straume

 

– i boken : «Kristenliv på Sunnmøre og Romsdal. Et festskrift». Sunnmøre og Romsdal krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Volda/Bergen 1950.

 

– fra s. 28 – 31 :

Kring 1800 heitte folket på Øydegarden Otta og Mali. Ein dag ved påsketider kom Kirsten Fossen frå Kvikne til Øydegardsfolket. Ho høyrde til Hauge-venene, og reiste rundt og formana folk til å omvenda seg.

Kirsten Fossen kom inn og bad om hus for natta. Det fekk ho. Mali og døtrene hennar sat og spann. Veret var ruskut, og Kristen var sa våt at det rann av kleda hennar. Mali tykte synd i henne som var så våt.

Då svara Kirsten. De tykkjer synd i meg som vatnet renn av. Men dette er ikkje noko å rekna på, mot Jesu blod som rann for syndene våre. Og så heldt ho fram med å tala om frelsa i Kristus.

Rokkane stansa og kvinnfolka sat og lydde. Både Mali og døtrene vart vakte og tok til å søkja Gud. Etter den tid har Øydegard vore samlingstad for kristenfolket i bygda.

Men det vart ein heller tung strid for Mali før det kom så langt. Stundom hende det at ho tok minstebarnet på ryggen og gjekk over fjel­let til Nordmøre for å få møta truande.

Sonen Knut vart truande. Han vart gift med Kari Pedersdotter Hanset frå Visdalen. Ho var overlag vakker og tente hjå Kristoffer på Myklebostad.

Etter hans råd reiste ho til Øydegard og vart gift med Knut. Men berre eit par år etter døydde Knut, og Kari satt att med vesle Otta.

Ivar Kristensen Vangen var frå Fron, fødd 1794. I 1812—14 var han i smedlære i Drammen. Arbeidet var stridt, og svolten gnog. Ein bakstedag skulle han hjelpa til å bera flatbrød til stabburet. Han var freista til å stikka til seg ein brødleiv. Men han vann over treistinga, og tok berre det han var esla på bordet.

Haugevenene rådde han til å reisa til Kari Øydegard. På vegen fekk han høvra at ho sat i tronge kår, og han tenkte å snu, men fekk det ikkje til.

Kari kjende han av omtale. Men ho hadde aldri sett han. Ivar var koppærret, og ho lika han ikkje med det same. Likevel vart han der og vart gift med Kari.

Ivar var flink smed. På mange vis var han ein foregangsmann, og det gjekk framover med han økonomisk. Han reiste lite, men førde eit sers gudleg liv. Han var påliteleg og ærleg i ali si ferd, og hadde stor tiltru mellom folk.

Våren 1828 kom Knut Bolstad frå Bolsøy, og vart dreng hjå Ivar.

Jeg føler mig i dag sår om hjertet og skamfull fordi jeg har skandert noen av dem som øver gudsfrykt i menigheten. I det jeg ber om undskyldning, vil jeg uttale at nettopp disse er pålitelige folk, og alle de andre er sladrianer. Om noen heretter kommer med sladderhistorier, skal de bli mottatt på en annen måte.

Ivar og Jens hadde samla gloande kol. Det same gjorde andre haugevener.

Ivar og Kari fekk fire gutar og fire gjenter. Og alle gjekk i fotefara til foreldra.

Marit var eldst. Ho vart verande på garden. Dei tre andre vart gifte. Ane til Lillebostad i Bolsøy, Karen til Storvik på Bergsøy og Marie til Aukra. Alle stader vart det gode kristne heimar.

Ivar Øydegard døydde 1852. Nokre år etter kjøpte Kari garden av Kleive kyrkja. Garden hadde vore kyrkjegods til dess.

Eldste sonen til Kari og Ivar heitte Kristen. Han var ein spræk kar i ungdomen, stor, sterk og førbygd. Retteleg ein kjempekar, som lenge var vidspurd for styrken sin.

Det låg faren tungt på hjarta at Kristen måtte verta omvend. Systrene søkte Gud, men Kristen var verdsleg.

Ein sumar kring 1850 skulle det vera eit stormøte i Opdal. Ivar var dårleg og kunne ikkje reisa. Men det var mykje om å gjera å få Kristen avstad. Men Kristen hadde ikkje hug.

Likevel lukkast det for faren og systrene å få Kristen i veg til Opdal. Han var kåt og spøkte. Av og til gjorde han narr av systrene, og sa at vart han omvend skulle det verta skikkeleg. Frå Sundalsøyra gjekk han i lag med systrene heilt til Opdal.

Ivar Øydegard hadde sendt brev til presten Dick med bøn om å ta seg av Kristen. Sjølv ville han gjera bøneteneste.

I Opdal vart syskenflokken vel motteken av Dick. Møtet varde eit par dagar.

Kristen vart sterkt gripen. Best det var, reiste Dick seg, nemnde Kristen på namn og sa : No bed far din for deg heime, og no må du omvenda deg til Gud. Dette vart formykje for den spræke karen. Han omvende seg, og kom heim att som ein ny mann.

Kristen Øydegard vart gift med Anne Heggem. Ho levde berre ei kort tid og fekk ein son, Ivar Ødegard. Han vart handelsmann på Molde, ein leiar i kristen flokken og formann i kinamisjonslaget der i seksten år.

Kristen Øydegard reiste ikkje så lite som lekpreikar. Han var ingen stortalar, men grundig og alvorleg. Han var djerv, og sa si meining både til høge og låge.

År 1857 kom presten Scheldrup til Bolsøy. Dei truande tykte han var for mykje frisinna. Kristen Øydegard var kyrkjetenar.

Ein sundag etter preika kom Kristen inn til presten og bad om å fä tala med han.

I vil sei presta de at i e mykje mesfærnøgd med somme tå uttrøkka i preken i dag. Du sa at ein truande kunde danse uten å sønne.

Ja, hvad sier så du Kristen ?

I sei de er ei fordømmeleg sønn, og neste søndag ette preken kan du bestemme dans, så ska me sjå ka verkning de he på dei truande. Der­med bad Kristen farvel og gjekk.

Ein av siste talane heldt Kristen i gravølet etter Søren Istad. Då hadde han til tekst : Det Herren har plantet, skal ikke med rot opprykkes.

Gamle Torsten Løvoll sa om Kristen. Det stod alltid ei frisk sno kring den mannen.

Då yngste sonen til Kari og Ivar Øydegard kom til verda, undra dei seg over kva dei skulle kalle han.

Me skal kalla han Johannes, sa Ivar. Han skal verta ein slik som ligg opp til Jesu bryst.

Slik vart det og. Johannes Øydegard levde med Gud frå barneåra av. Men i fyrste tida var han i tvil om gudslivet sitt, fordi han ikkje visste om slik omvending som andre. Men tvilen kom bort, og frelsesvissa kom i staden.

Johannes Øydegard vart gift med Brit Pedersdotter Myklebostad frå Visdalen. Mor hennar døydde då Brit var 14 år. Frå den tid levde Brit med Gud.

Før mora døydde, bad ho dottera ta seg teneste hjå truande folk. Seksten år gamal tok ho teneste hjå Kristen Øydegard. Der vart ho i fleire år. Seinare kjøpte Johannes garden av broren og gifte seg med henne.

Johannes og Brit Øydegard hadde eit lyst evangelisk livssyn. Mange kom til dei, og søkte hjelp i åndelege spørsmål. Dei hadde eit godt ord til alle, og mange gjekk trøysta heim att.

Ved si ærlege ferd vann Johannes Øydegard stor tiltru og vyrdnad. Mellom dei truande var han ein sjølvskriven leiar, og han samla bygde­folket kring gudsordet. Han heldt samlingar i grannelaget, og alle sta­der var han velkomen.

I mange år var han kyrkjetenar i Kleive. Han elska misjonsarbeidet, og då kinamisjonen skipa lag i Kleive i 1898, vart han formann.

Dødsbodet kom brått. Dokter vart henta, og han sa at her var inga von om liv. Då Johannes høyrde det, gjekk det ein gledesmil over andletet.

Johannes levde enno to månader.

Vert du ikkje anfekta ? spurde Brit.

Å jau, svara han. Men då er eg snar til å fly til Jesus.

Til borna som syrgde, sa han : Gråt ikkje. Men takka Gud for det gode han har gjort.

Johannes Øydegard slokna i mai 1907, og Brit levde etter han i tjue år.

 

Stengt for kommentarer.