to ætter – fâr etter hans nielsen hauge i namdalen : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Namdalen. Et festskrift». Namdal krets av Norsk Luthersk Misjonssamband». Bergen. 1954.

 

– fra s. 14 – 16 :

 

I 1802 kom to lekpreikarar til Namdal, og dei fekk mykje å seie for folkelivet her. Den eine var Iver Olsen Gabestad, og den andre var Ole Olsen Bache. Begge var haugevener, var evnerike og hadde godt lag til å vinne folk for Herren. Det vart vekking mest kvar dei kom, og no var dei på ei stor talarferd, som gjekk nordover heilt til grensa av Russland.

I Namdal var det helst ute i sjøbygdene dei to fekk inngnng, scrlcg i Nxrwy og Kolvereid. På den tid liøyrdc Vikna med til Nærøy, og Leka med Gravik høyrde med til Kolvereid. I desse bygdene vart det mange vakte.

1 1802 kom Hans Nielsen Hauge til Gjeslingane og var der heile torskefisket. På Gjeslingane var eit vilt liv med drikk og slåsting. Men mange høyrde på Hauge og han fekk også her «vener».

I 1803 kom Hans Nielsen Hauge nordover att. Han reiste heilt til Troms for å rettleie dei vakte og vinne nye. Han kom til Gjeslingane med tre skuter, som var lasta med korn. Og folk signa han både for kornet og Ordet han bar med seg.

Gjeslingane var eit velkjendt fiskevær. Hauge kjøpt det og drog det over til venen sin, Arnt Solem i Trondheim. Dermed kom dette viktige fiskeværet på haugianske hender, og det fekk mykje å seie for kristenlivet, når fiskarane samlast her i fisketida.

Men i Kolvereid fekk haugevenene ein av dei argaste motstandarane sine i presten Michael Luytkis, fødd i Trondheim 1766 (sjå Kristenliv i Skogn, s. 110. av Reidar Bolling). I Kolvereid vart han sokneprest i 1797, og der arbeidde han i tretti år. Han var både evnerik og ein brennande opplysningsmann. Men han la seg hardt i selen for å slå ned vekkingane ved Hauge og venene hans.

I 1804 sende Luytkis eit klageskriv til styresmaktene. Der seier han at rikfolk måtte betale midlane sine inn i ei felleskasse, som han trudde haugevenene hadde skipa til. Og dei som skaut pengane sine inn i denne kassa, fekk lovnad om å verte forsørgde i framtida. Elles skulda han Hauge og medarbeidarane hans for å vere «Dovenskabs og Ladheds talsmænd, der forårsager Lediggang, Dovenskab og Modløshed». Soga har synt at dette var beint fram lygn. Haugevenene vart for det meste drivande og flittige folk, som arbeidde seg fram til velstand. For å døyve vekkinga rådde Luytkis til at Hauge og venene hans vart nekta å drive handel, så dei måtte slutte å reise i kring, og såleis ikkje kome saman med folk.

To ting farga det lidenskapelege skrivet frå Luytkis. Det eine var standsovmodet. Det var embetsveldet mot lekmannen. Og det andre var rasjonalisten som hata sann evangelisk kristendom. Men så felte også biskop P. O. Bugge i Trondheim ein hard dom over soknepresten Luytkis. I 1820 skreiv han om preika hans : «Prækenen var vel sammensat og utført, men ingenlunde kristelig. Forsoningslæren blev omhygge­lig undgått».

Ved visitasen fem år seinare fall omlag same dommen på ny : «Prækenen var ganske godt sammensat og vel utført, men av kristen­dom hørte jeg intet».

Luytkis vann ikkje stort mot sanninga, for her stridde han mot større åndsmakt enn han visste. Vekkinga var sterk både i nord og sør. Såleis vart det mange haugevener sør i Bjørnør og Åfjord. Og i Brønnøy, som er prestegjeldet nord for Kolvereid, var vekkinga endå sterkare. På den tid var Bindalen og Vik anneks til Brønnøy. Då Hauge kom dit, var vekkinga alt i full utvikling, så han fekk mest arbeid med å rettleie dei vakte i åndelege og timelege ting.

I Bindalen vart lensmann H. I. Gaupen ein varm haugeven. Då han høyrde at Hauge var fengsla, gjekk han til sengs og gret så tårene rann. Men han vart ein stø åndeleg leiar, og gjekk saman med lens­mann Tarald Iversen Stene i Vik inn i arbeidet med å ta seg av dei vakte flokkane som samlast med dei i heimane. Dette vart dei rasjonal­istiske prestane arge for, og dei klaga over at lensmannen «viste en strafverdig iver og virksomhet i at fremme Hans Nielsen Hauges væsen, både ved at prange ind på folk hans skrifter, og at modtage i deres huse omstreifende svermere».

Styresmaktene ville gjerne ha sett av dei to lensmennene, om dei hadde funne «duelige subjekter» til å sette i staden. Men det fann dei visst ikkje.

Slik braut nytt liv fram både i nord og sør, liv som skulle vare.

 

Stengt for kommentarer.