ætta spreier seg : haugianarane på sunnmøre og romsdal

 

– presentert av Jakob Straume i boken : «Kristenliv på Sunnmøre og Romsdal. Et festskrift». Sunnmøre og Romsdal krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Volda/Bergen 1950.

 

– fra s. 26 – 27 :

 

Då Hauge vart arrestert i 1804, rådde han venene sine til å halda seg i ro. Dei måtte ikkje setja seg opp mot styremaktene. Det var ei av dei store grunnlinene for Hauge.

Dei fleste slutta med å tala Guds ord i møte. Men no gjekk det med mange som det gjekk med Lars Tjødlingen. Han sa det slik :

Jeg tapte den salige ild og den sterke omsorg for min egen og andres salighet. Ja, blev endog smittet av synden. Jeg følte alltid sorg over dette, og tukt innvortes, både ved Ordet og Ånden. Jeg gikk ofte av­sides og falt på kne, og bad til Gud for mig selv og andre at han vilde komme oss til hjelp, da jeg merket både hos mig selv og andre at mange svakheter snek sig inn, og begynte at herske i blant oss. Det var ofte tungt for mig at jeg ikke visste hvilket middel som kunde vekke oss opp av denne lunkenhet.

Likevel heldt ikkje Hauge-venene seg heilt i ro. Hauge hadde rådt dei til å spreia seg over heile landet. Kvar ein levande kristen skulle vera eit såkorn til ei ny ætt på nye stader. Og naudsåra tvinga mange til å fylgja hans råd.

Ein vårdag 1809 kom ei sognejakt med Lars Knudsen (Tjødlingen/red.) og Daniel Arnesen og fleire. Dei hadde huslydar med.

Daniel Arnesen budde fyrst på Heen (Isfjorden/red.). Men så kjøpte han gard på Veblungsnes og budde der. Seinare kjøpte han gard på Hole (men først Mjelva/red.). Der (Hole) budde han lengst.

Lars Knudsen kjøpte gard på Tjødlingen, fire mil ovanfor Åndals­nes. Garden er og kalla Kyllingen.

Elling Asbjørnsen kjøpte gard på Ormheim.

Marit og Kristoffer Hansen kjøpte gard på Myklebostad i Visdalen.

Halvor Ophus kom frå Østerdalen 1805 og budde på Åndalsnes.

Ole Dale kom frå Hallingdal. Han og kona sat på ferdakista og køyrde på slede heile vegen til Romsdal. Dei kjøpte gard i Dalsbygda i Isfjorden.

Nils Knudsen Torsteinsrud var slektning til Ole, var ungkar og kram­kar. Nils kjøpte seg heim og kår hjå Ole Dale. Men då Nils var langt opp i åra, gifte han seg med dotter til Lars Tjødlingen og kjøpte granne­garden. Her fekk han sonen Lars Dale, misjonær og generalsekretær.

Lasse Hollingen kom austanfrå og slo seg ned i Aukra.

Elling Hansen Høydal var syskenbarn til Hauge og slo seg ned på Vågstranda.

Lars Sønstebø tok bu i Borgund.

Vebjørn Svendsen kom frå Ustedalen i Ål og kjøpte storgard i Ørsta år 1805. Folket i bygda kalla han bønemannen.

Endå haugevenene gjorde lite av seg medan Hauge sat fengsla, så kjende folk at her var nytt liv.

Sumaren 1815 var Lars Tjødlingen på marknad. Då kom ein gudlaus mann og spotta han fordi han brukte nye skikkar. Men Lars kjende at han hadde vorte altfor lik dei andre i mange ting.

Ved dette kom han i stor åndeleg naud, som førde til oppattnying. Det vart slutt med å leva berre i det stille. Han kunne ikkje teia lenger om den von som budde i han.

Det vart vekking i Øvredalen, og Lars Tjødlingen reiste som ein brann over landet. Truleg vart han største lekpreikaren etter Hauge.

Fargar Erik Tokle vart vunnen ved Lars Tjødlingen år 1816. Erik Tokle slo seg ned på Molde, og vart gift med Marit Pedersdotter frå Sundal. Dei to hadd ein gjestfri heim for lekpreikarane. Han var rik på røynsle, fin i framferd, og flink til å tala med folk på to manns hand.

Såleis breidde Haugevenene seg over landet.

Stengt for kommentarer.