haugerørsla i hardanger og sunnhordland : presentert av jakob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Hardanger, Sunnhordland og Karmsund. Eit sogeskrift». Haugesund,Sunnhordland og Hardanger Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1960.

 

– fra s. 16 – 20 :

Ingen ting er så vakkert som våren, når alt blømer og livet vert nytt. Då er fargebragda størst.

Men hausten kan vere minst like vakker når åkrane gulnar og frukta heng fullmogen på trea. Då ser ein skimten av kva slags folk som har stelt her.

Hans Nielsen Hauge var nok ein såmann. Men han var like mykje ein arbeidar i haustvinna, og hans hausta der andre sådde.

Såkornet var gudskunskapen, som var spreidd over landet gjennom forkynninga i kyrkja, opplæring i skulen og lesnad av huspostlar og andre gudlege bøker i heimane, ikkje minst Bibelen. Att åt alt dette sang folk salmane etter Luther, Paul Gerhardt, Thomas Kingo, H.A. Brorson. Mange av desse blei sungne til folketonar og folk lærte dei. Alt dette var fullverdig såkorn, og der det grodde best, fekk Hauge den rikaste hausten.

Hauge reiste fleire gonger gjennom Hordaland. Sjølv om me ikkje finn så mykje etter han frå alle desse ferdene, så veit me at han arbeidde alltid på å sanke sjeler inn i Guds rike.

Det trange Loksund skil Tysnes frå fastlandet. På garden Røen (Rød) møtte han Mandrup Hovland, som blei omvend til Gud og blei til stor signing for Tysnes.

Sommaren 1798 reiste Hauge sjøvegen frå Drammen til Bergen, men då skuta blei liggande for vindstille, tok han båtskyss dei siste tolv mil til Bergen. I november tok han same vegen attende.

På denne ferda sanka han inn minst ei fullmogen frukt, og det var Samson Thorbjørnsen Tråe (Traae/red.). Han var fødd i Herandsbygda 1771 og kom til Bergen som garnisonsoldat. Der var han i ti år. Han var ein stillfarande og sterk mann. Samvitet vakna, og han prøvde å fly fra det vonde, men var fanga av mørket. Berre ein og annan gongen såg han små glytt av sanninga om korleis han skulle bli frelst, men kvar gong blei han teken inn att i skodda.

I Bergen møtte han børsesmeden Erik Svartstøl frå Sunnfjord, som var påverka av Brødrelyden. Tråe snakka ut med Svartstøl og lånte bøker av han, men fann ikkje fred. Han sakna noko som han ikkje visste kva var.

Då Hauge kom til Bergen, heldt han samling hjå Svartstøl. Her fekk Tråe møte Hauge, som leidde han inn i «en salig fred og trøst på Guds barmhjertighet» gjennom ei sann tru på Jesus som frelsar frå all synd. Tråe blei eit trufast vitne for sanninga og reiste landet rundt fleire gonger.

På forsommaren 1799 kom Hauge over Hardangervidda og ned til Eidsfjord, og no reiste han ut heile Hardangerfjorden. Me veit lite om ferda hans. Men det gjekk mange underlege rykte om at no var den falske pro­feten komen, og det blei sagt at han drap folk. Men orda hans fann likevel rom hjå folk, og «endel fattede et andet sind». Elles fann han ut at folket var «tarveleg og vindskibelige» : Sume var haghendte og flinke arbeidsfolk.

Ein søndag var Hauge i Ølve i Kvinnherad, og han var som vanleg tilstades under gudstenesta. Etter gudstenesta tala han til ålmugen ute. Med han tala gjekk medhjelparen til Niels Hertzberg og sa : No er den falske profeten komen hit, og du må kome og arrestere han !

Hertzberg fylgde med mannen og høyrde ei stund på Hauge. La han berre tale, for han talar berre Guds ord, sa Hertzberg og gjekk.

Frå Hardanger reiste Hauge lil Bergen. Der styrkte han venene sine i trua og batt bøker.

I 1801 reiste Hauge sørover for å finne John Haugvaldstad på Rennes­øy. Han var der vel berre ein dag, men han fekk hjelpa Haugvaldstad til klårleik. Haugvaldstad hadde gjort to lange reiser for å finne Hauge, utan at det lukkast. Men no kom Hauge til han. Frå Rennesøy reiste Hauge austover til Bjerkreim og vidare.

Før jul 1802 kom Hauge over Telemark, Haukeli, Røldal, Suldal og til Sand. Der ifrå tok han vegen til Imsland. Det er fortalt at han var to gon­ger inn om Svantesvoll i Vats. Han skulle også ta vegen nordover til Etne i Sunnhordland. Hårland er ein fjellgard nær alfarvegen over fjellet. Der tok han inn og fekk hjelpe ei kvinne til tru. Ho dreiv med å bake den dagen. Ågot Ringhagen har fortalt om det. Ho var fødd 1825 og flytte til Sauda. Dersom Hauge for den vegen, så må det vere bestemor til Ågot Ringhagen Hauge tala med. Men det var neppe på denne ferda, utan han gjorde ein sving om Etne.

Han for i alle høve om Bjerga i Skjold, og der i frå var ikkje vegen lang om Avaldsnes, som er grannesokna. Presten der gav melding om at han hadde set han ved kyrkja. Frå Avaldsnes tok han nordover til Sveio, Vikebygd og sjøvegen nordover til Bergen, og kom dit før jul.

Men enno reiste Hauge tre gonger gjennom Hordaland. I 1804 reiste han nordover Jæren og til Bergen. Det blei siste ferda hans her som fri mann. Neste gong blei han sendt ut som fange for å berge fedrelandet frå salthungeren.

Samson Tråe var den fagraste frukt som Hauge fekk sanka i Hardanger. Hausten 1800 er Tråe på Røros. Der blei presten P. S. Krag rasande på han, fordi der var vekking i kyrkjelyden, og han skulda Tråe for «skinnhelligt væsen og forvildet de svage med usammenhengende snak». Difor fekk Krag arrestert Tråe og ført han til Trondheim.

No tok Tråe på heimveg, og då han kom til Hardanger, heldt han sam­ling kvar han kom. Det var stor åndsmakt og eld over vitnemålet hans, og mange blei grepne.

Men no budde R. H. Tonning på Vikøy prestegard. Han var reinspika rasjonalist, og kalla Tråe til seg for å rette på eit og alt. Men det nytta lite. Då las presten konventikkelplakaten opp for han og forbaud han å halda samlingar. Med dette jaga han Tråe på dør i stor vreide. Men det var som å skvette vatn på gåsa. Tråe gjekk beint frå presten til grannegarden og tok til å vitne om Gud. Slik dreiv han på til våren 1804. Då blei han han­delsmann hjå Hauge i Bergen.

Ole Bjotvedt blei omvendt då Hauge reiste gjennom Hardanger 1799. Bjotvedt hadde gode evner og blei tidleg lærer og klokkar ved kyrka i Øystese. Etter di det var omgangskule med skule nokre dagar på kvar gard, fekk Bjotvedt godt høve til å tale Guds ord over heile sokna ved undervis­ninga i skulen og kristeleg påverkning i heimane. Han hadde stor tiltru både som kristen og som lærar. Dessutan hadde han eit mod som trassa alle fiender og fårar, ikkje berre i Øystese, men over heile Hardanger. Ole Bjotvedt var ein førar som bar vidare vekkinga, som tok til ved Hauge då han reiste gjennom Hardanger i 1799.

Som lærar og lekpreikar tørna Bjotvedt snart ihop med Tonning, som hata både vekkinga og Haugianarane. Difor øste han folket opp mot Bjo­tvedt og prøvde å skade han på alle vis. Frå preikestolen gjekk han laus på Bjotvedt med grenselause skuldningar.

Dette blei for mykje for Kari Øystese. Ein søndag steig ho fram i kordøra etter gudstenesta. Greitt og fyndig viste ho attende dei åtaka som presten hadde gjort mot Bjotvedt. Men mannen hennar måtte bøte to riks­dalar for dette arbeidet hennar.

Det gjæra sterkt mellom folket, og dei fleste holdt med Bjotvedt. Dei heldt han for ein martyr, og han vann mange vener, og striden nådde høgda 1802—04.

I denne tida sende nokre menn klage på Bjotvedt til prost Rørdam i Kin­sarvik. Men mangt tydde på at det var presten Tonning sjølv som stod bak dette klagemålet, og 50 mann i Vikøy skreiv til prosten og forsvara Bjotvedt. Men Rørdam sende klaga til biskop Johan Nordal Brun utan å granske saka.

Men Brun ville ikkje døme Bjotvedt før denne fekk forklara seg, og då bispen las skrivet frå Bjotvedt, var han klår over at Bjodtvedt hadde lide urett. Difor gav han Tonning pålegg om å sette Bjotvedt inn att i lærarposten. Dessutan baud bispen at prost Rørdam måtte passe på at Tonning las opp ordren frå bispen utan merknad, og Tonning fekk ordre til å ferdast varleg mellom Haugevenene, og ikkje vere snar til å tru alt som blei sagt om dei.

No måtte Tonning sette Bjotvedt inn att i posten. Men dette eplet var så surt, at då Kanselliet to år etter bad prestane om råd til «at stanse dette onde», gav han bispen skulda for at mange trudde godt om «svermeriet».

Tonning la ikkje ned striden, og då bispen måtte gjere ei ferd til Køben­havn, reiste Tonning sak mot Bjotvedt på ny. Men då bispen kom heim att, vart han harm og meinte at Bjotvedt skulle få att posten sin. Men Bjotvedt skjøna at han vill aldri få fred for Tonning og sa opp. Dermed slutta han som lærar. Men han dreiv garden sin og arbeidde av all makt for Guds rike.

No sat Hauge i fengsel, og mange lekpreikarar hadde tagna. Men Bjo­tvedt dreiv berre hardare på og stod som leiar for vekkings-rørsla i Har­danger.

Juledag 1806 var han i kyrkja i Øystese. Det bles opp til storm frå nord­vest og blei reint eit skaveir på hus og tre. Men Bjotvedt ville over fjorden alt. Han hadde lova å tale på andre sida Samlefjorden om ettermiddagen.

Vener stod att på stranda og såg etter han. Dei høyrde han sang. Men båten var ofte borte i sjødrevet, men dukka opp att som ein måse. Tilslutt blei han borte og kom aldri meir til lands. Men minnet levde etter han og det kristenlivet som han vakte.

Hauge fekk også vener i Kinsarvik og Ullensvang. Men der var ingen slik førar som Bjotvedt, og den stilling som prost Rørdam i Kinsarvik tok i saka mot Bjotvedt, kan tyde på at lesarane i Ullensvang hadde det ikkje berre bra. Han fekk nok bukt med dei.

Ute i fjorden fanst det Haugevener i Jondal, Strandebarm, Ølve og Kvinnherad.

Klokkaren Torstein Samland i Strandebarm var mellom dei innstemde i saka mot lærar Ole Bjotvedt i Kvam i 1806. Men då vernetinget til Tor­stein Samland var i Strandebarm, måtte saka mot han fremjast av skriva­ren i Sunnhordland, og der sovna saka bort.

I Sunnhordland var det Haugevener i Etne, Skånevik. Finnås, Tysnes, Sveio og Fjellberg.

I Fjellberg var det Thorbjørn Sandvig (1756—1822), som blei den mest særmerkte. Han blei vakt då vekkinga kom, og vart fremste føraren i Sunnhordland, og her er litt av ein tale som han heldt siste leveåret. Talen syner at Sandvig var meir evangelisk enn mange Haugevener blei seinare.

«Vor hjertes tro og bekjendelse er denne : At tro og antage loven og evangeliet. Loven anklager oss for Gud og fordømmer oss alle uden for­skjell for den mindste onde tanke, som for den groveste synd. Evangeliet er det utænkelige og ubegribelige store nådes-tilbud, som Gud Herren lovede»….

Sandvig var med på omfram-stortinget i 1814. Han var høg og firskoren, med breide, sterke arbeidsnevar. Han var ein av dei tolv mann som blei sendt til Halden for å ta mot kong Karl Johan. Då han handhelsa med Sandvig, bad han tolken spørje kvifor han tok så hardt i handa.

«Da va norsk troverdigheit», svara Sandvig.

Sandvig arbeidde med planar om å gå i gang med ein kristeleg ungdomskule. Han fekk tingmann Ole Svanøe med på tiltaket, som baud han garden sin på Svanøe i Sunnfjord og tusen dalar til drifta. I 1822 skreiv Sandvig eit langt skriv og la planar for skulen, men så slokna han same året. Men tankane hans fekk nytt liv før hundreåret var ute.

Hans eiga samtid var så visst ikkje lys. I nord og sør kom mange klager over drikk og nattlauping. Også i Fjellberg blei det klaga over «sammen­komster» laurdag og søndagskveldane med dans, spel, rusdrikk og uro. I 1821 kom det klage over drikk, uorden og klammeri på enkelte steder, også ved kyrkja når det var gudsteneste.

I 1826 blei det klaga over ein mann frå Vikebygd som skjenkte rusdrikk «hvormed megen synd og Guds fortørnelse forøves ved slagsmål og anden uorden, og hvorved ungdommen især henvises til at føre et meget lastefuldt liv».

 

 

Stengt for kommentarer.