haugianarane i bremnes, moster, bømlo og sveio : presentert av jacob straume

 

– i boken «Kristenliv i Hardanger, Sunnhordland og Karmsund. Eit Sogeskrift». Haugesund, Sunnhordland og Hardanger Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1960.

 

– fra s. 30 – 33  :

 

Finnås prestegjeld var i gamle dagar eit langt og hardsett kall, som var herja av havet. Det var Bremnes, Moster, Bømlo og Sveio. Det var ikkje alltid lett å kome fram til kyrkja med dåpsborna, og mange blei døypte heime.

Knut Pedersen Hillestvedt (1785—1869) var fødd på Hidle i Moster, men blei gardbrukar i Bømlo og var kalla Knut Øyro. Han var haugeven, og John Haugvaldstad vitja han på Bømlo.

Knut Øyro sette ikkje lyset under senga. Han sette det i staken, så det skulle lyse for alle.

Olav Nordtun tente hjå han ei tid og blei ein levande kristen. Dei to tok færingen og rodde fem mil til Utsira for å vitne om Gud, og der blei dei vel mottekne. Men det gjekk ikkje så bra ein gong dei rodde til Stolmen. Der blei dei jaga til båten att med stein og stokk.

Men då sette karane seg roleg til i båten og åt nista si. Borna på Stol­men samla seg ved båten og fekk smaka nista, og dei gjekk heim att og fortalde om dei snilde karane som var i båten. Folket kom att og bad dei heim, og då fekk dei halde samling. Med kjærleik og tolmøde førde dei saka fram til siger.

I 1845 bygde Knut Øyro bedehus på garden sin. Det var brukt til bede­hus til 1911. Då blei det for lite, og folket bygde nytt. Men i 1954 var også det for lite, og folket bygde enno eit nytt og tidhøveleg hus på ein lagleg stad. Men det første bedehuset står som minne etter Knut Øyro og er brukt til posthus.

Knut Øyro var ingen småmann. Tre år før han bygde bedehus, gav han 100 dalar til Josephines Stiftelse i Stavanger.

I 1855 gjekk Anders Andersen Hovland i gang med misjonslaget på Hovland i Bømlo, og kvinnelaget kom 20 år etter.

Drengen Olav Nordtun kom heller ikkje vekk. Han kom i teneste hjå Olav Mynstre i Sønstabøvågen, som dreiv handel der og siglde heilt til Gøteborg med sildelastar.

Olav Mynstre var frå Sveio, og John Haugvaldstad vitja han der, og truleg var han kristen frå den tid. Var han heime, så samla han ofte folk om Guds ord. Det vil seie at han las av ein huspostel.

Det var truleg i denne tenesta drengen blei gift med gardgjenta på Nordtun, og han sette så visst ikkje lyset under skjeppa, og han vitna med eigne ord. Av eit gamalt brev frå Johan Haldorsen går det fram at John Haugvaldstad hadde lagt Olav Nordtun alvårleg på hjarta å vitne om Herren i heimbygda. Og Nordtun kjende det som ein skylnad, som han ikkje kom unna. Han måtte vitne for at andre kunne kome til omvending og frelse.

Men det var ikkje lett. Det hadde aldri hendt før i bygda at nokon hadde kalla folk saman i Bremnes utanfor kyrkja og prest.

Men Olav Nordtun streid i bøn til Gud, og Johannes Sortland fekk høyre første gongen han heldt samling, Då vart Sortland vakt, og han måtte avstad og snakke med Olav Nordtun og få vite korleis han kunne finne fred med Gud og hjelp til å leve eit sant kristenliv.

Då Johannes Sortland fekk tru seg frelst, blei dei to som brør og hjelparar for kvarandre.

Signinga av deira enkle vitnemål blei til vekking og nytt liv for mange.

Ute i Meling var det Torstein Meling (1800—78) som blei leiar, stillfarande og stø.

I 1843 kom Finnås misjonsforening. Frå først av femnde den vel heile prestegjeldet slik visa var, og dei sende ikkje lite pengar. Men sokneprest Vogt blei fortørna på Haugianarane for den «ringeakt de vise og predike for fornuftens lys, er i høy grad medvirkende årsag til den mangel på åndeleg udvikling, til forvirring av begrebene til en regelløs Phantasie».

Johan Haldorsen skreiv : «I den første tid ble nok lederne for dette oppbyggelsesliv foragtet og bespottet af mange, og angrebet af prestene på prekestolen som farligt svermeri. Men spotten og foragten bragtes mer og mer til taushed på grund af det rene alvårlige og broderkjærligheds-fyldte liv i de troende førte. Presterne kunde heller ikke lenge modarbeide bevegelsen, for de vakte kom altid til kirke, nød nadverden og bar foragten og modsigelsen med tålmod. Det var vel litt rart for presten når han kom til kirken og fikk høre at de troende havde vært sammen en times tid til bønnemøde og bedt for presten og gudstjenesten».

Dei truande i Bremnes tok også hedningemisjonen med stort alvår, og det røynte hardt å vente så lenge på at den første zuluen blei døypt. Men dei helt ved i bøn.

På eit møte hadde Knut Gilje, Johannes Tømmeshaugen og Kristian Fylkesnes bede etter tur. Alle tre bad inderleg om at Gud måtte lata opp hjarto i hedningane, så dei kunne kome til tru og bli frelst.

Det blei sjølvransaking. Er det nokon ting i livet vårt som hindrar ditt verk, så måtte du syne oss det, så me kan få det bort, bad dei.

Brita Klubbo budde nord om Rubbestadneset. Ho sang godt. Då talarane var ferdig, sang ho :

¤

Ak min rose visner bort, bliver både bleg og sort.

Ak min blomst som stodfør som melk og blod,

falmer ned fra tipp til rod

¤

Då sangen var slutt, fall Johannes Tømmerhaugen Knut Gilje om hal­sen og gråt som eit barn.

Kva trur du det er i vegen for at misjonsarbeidet vårt kan bere frukt ? sa han.

Heile forsamlinga gråt.

På heimvegen tala dei berre om misjonen og om å søkje Gud.

Det var ikkje mange i heile Bremnes sokn som ikkje kjende Gudskall tii omvending og kristenliv.

Inn i denne rørsla kom presten Ole Christian Hjersing. Han blei sokne­prest i Finnås i 1861, og han var annarleis enn Vogt.

Hjersing var ein helseknekt mann då han kom til Finnås. I fleire timar reid han båtkvelvet i storm og kulde i Salten, og blei aldri helsemenneske meir. Men dei to åra i Finnås blei likevel ei rik tid.

Vekkinga låg sterk over kallet og serleg over Bremnes, og Hjersing fann rette tonen. Han tala mykje om livet i Gud og von om himmelen.

Hjersing blei med på mange samlingar, men det var ikkje alltid han sa så mykje sjølv.

Du Johannes Meling må be til Gud no, sa han.

Johannes Meling var still og liten i seg sjølv. Men no bad han så inderleg at han fekk mange med seg inn for Guds åsyn. Han bad slik at folk kjende at han hadde noko som han måtte få be Gud om, bad om at erendet måtte lukkast og at presten måtte fullføre tenesta.

Ole Sortland kunne ikkje tale offentleg, men han kunne be, og då gråt han ofte og blei kalla Tåre-Ola.

Kona hans heitte Anna og blei kalla profetinna Anna. Når ho preikte og Ole bad, blei det ofte mange som måtte gråte.

Ein dag skulle Hjersing tale i kvinnemøte, og huset var stappfullt med folk.

Du Anna får tale litt til oss, sa Hjersing.

Ho las det tolvte kapitel i Esias og heldt ein kort tale. Men då gråt både Ole og presten, og det var ikkje mange som ikkje kjende seg kalla til å søkje Gud og bli frelst.

Bed de til Gud ? spurde han borna som las for presten.

Eit par svara ja.

Men då stråla Hjersing. Han døde like før konfirmasjonen, men to av konfirmantene hans var Johan Haldorsen og Ole Torsteinsen, og begge blei flinke forkynnarar. Ole var frå Meling og Johan frå Rubbestadneset. Folk sørgde slik over Hjersing at kvinnene bar mørk hovedbunad i Bremnes kyrkje i 30 år. Men signinga etter han varte enno lenger.

Stengt for kommentarer.