haugianarane i haugesund, etne og skånevik : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Hardanger, Sunnhordland og Karmsund. Eit Sogeskrift». Haugesund – Sunnhordland og Hardanger Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1960.

 

– fra s. 22 – 30 :

 

Kvinnherad fekk eit stort overskot, som kom andre til gode. Såleis fekk lekmannsarbeidet i Haugesund fleire av leiarane sine frå Kvinnherad. Her kan ein nemna kemnar Hans Skarvetun (1807—77), Johannes Valentinsen (1824—73), Samson Sandvig (1841—1913) og Nils Skorpen (1808 —1890).

Nils Skorpen blei tilsynsmann for veneflokken i Haugesund. Han kun­ne megle, og strid blei gjort opp i samla veneflokk. Han var som ein støytfangar. Forkynninga hans var om forsoninga i Kristus. Rettferdiggjering av tru og formaning til heilag liv.

Samson Sandvig blei kalla Store Samson fordi han var stor. Dessutan hadde han ein bror som heitte Samson, og han var både yngre og mindre enn Store Samson.

Nils Skorpen møtte Samson Sandvig på gata, men rakk så vidt å løfte handa opp på herda hans.

Du må kome og bli med oss no, bad Skorpen. Me har venta på deg lenge.

Samson Sandvig fylgde kallet, og blei lesar. Han blei ein mektig førar for flokken på «Oppbyggelses-huset» i Haugesund. Men han var ikkje så flink til å megle som Skorpen.

I 1870 åra skipa presten Erik Olsen ein «studentfabrikk» i Sandvik i Kvinnherad. (Oscar Handeland, Vårløysing III s. 39.) Mange evnerike ungdomar las til student-eksamen der. Dei kom nok med kritikk i hovedet, men samvitet vakna, og då trua kom, blei det liv i hjarto hjå fleire.

Mellom dei kjende menn som gjekk her, kan nemnast Bernt Støylen, G. L. Tangen, B. A. Lindeland, Anders Hovden og sekretær Andreas Lavik.

Støylen kom til Kvinnherad i 1876. Samson Stueland levde enno og det var fleire lesarar. Mellom dei var sonen Erik Stueland den fremste.

Men der var fleire trauste karar som kunne hjelpe i eit knipetak. Lars Ripel, Johannes Hjelmeland og den gløgge Gjert Hjelmeland, som var kalla Gjert i Myri, og var skomakar.

Dei fleste unge menn på «studentfabrikken» kom frå tmande heimar. Somme hadde nått fram til personleg tru på Gud før dei kom. Mellom dei var Andreas Lavik.

Det braut ut vekking i flokken, og vitnetrongen vakna. Karane heldt samling rundt i bygda, og fleire av dei synte seg å vere stortalarar.

Med Støylen gjekk det ikkje så fort. Men det braut sterkt i han. Til sist måtte han gå midt på natta til Gjert i Myri for å finne vegen til frelse for sjela, og han fann fred.

Men om ei tid blei det reint ille, og så måtte han gå til Gjert i Myri att. Støylen klaga over at han kjende ikkje att noko godt i hjarta. Der var ber­re vondt, og det fordømde han. Dif or kunne han ikkje vere ein kristen som hadde det slik. Det måtte vere forbi….

«No, Bernt farr, må du slutte med dette badnasnakket ditt og tru Vår­herre på Ordet hans», sa Gjert, og så la han syl og leist frå seg og tok til å vegleide han ut frå Guds ord og fortalde han om alt det Gud har gjort for oss i Kristus Jesus. Då lysna det atter i hjarta, og Støylen fekk ny von.

Etne fekk ei sterk vekkingsrørsle ved Osmund Vinje f. 1793. Han var ein flink lekmann, hadde store evne til å føre ein lærerik samtale og var ein god rådgjevar både i timelege og åndelege spørsmål. Han var den første som heldt faste samlingar kring om i stovane i Stordalen, og han gjorde ferder til grannebygdene. Halvard, bror hans, høyrde også med til flokken.

Aslak Vinje (eller Frette) blei seinare ein av leiarane i lekmannsrørsla i bygda. Men der var fleire. Tollev Øinem og Osmund Øvernes. Men så trong dei også førarar. Det ser me av eit skriv som formannskapet sende til styresmaktene i 1840 om tilstandet i Etne :

«Det bemerkes at i prestegjeldet gives endel såkaldte Haugianere, men på hvis vandel intet er at udsette. Det kan ikke negtes at omstreifende bodspredikanter henhørende til denne sekt, og fra oplysningens side betragtet, neppe have kald dertil, også her må have indfundet sig, dog sjeld­nere i den senere tid, så man tør troe at dette uvæsen, med den stigende cultur, mere og mere vil tabe sig».

Det vørde formannskapet var nok ikkje klår over at lekmannsarbeidet var på oppmarsj som aldri før. Om to år skulle konventikkel-plakaten avlysast, og seinare skulle lekmannsarbeidet skape ordskifte i tingsalen.

Skånevik er grannebygda til Etne, og her fekk lekmannsarbeidet eit fast støde. Ole Skålnes frå Åkra hadde vore i krigen på Austlandet. Der kom han saman med haugevener og blei omvend. Slik bar han med seg heim att ei glod av den heilage varmen. Men rørsla greip først om seg då Osmund Vinje frå Etne kom til Åkre og Skånevik for å halde samlingar. Då kom det luft til varmen, og mange kom med i haugianarflokken. Og her blei Ole Ølfernes den mest kjende. Han samla folk om Guds ord, og Skånevik hadde ikkje mindre enn fire utsendingar til skipingsmøte for Misjonsseskapet i Stavanger 1842.

Heime i Skånevik samla dei folket om Guds ord når det ikkje var gudsteneste i kyrkja. Dei sang salmar og heldt bøn, las evangeliet av ein huspostel og formante kvarandre til omvending og gode gjemingar.

Men presten hadde ingen ting å seie over desse samlingane. Kom han, så var han velkomen til å vere med. Men kom han ikkje, så gjekk møta nett like godt utan prest. Men denne flokken var den mest trufaste til å gå i kyrkja, når der var preike, og presten fann medhjelparane sine mellom dei.

Men presteskapet likte ikkje det sjølvstendige lekmannsarbeidet. Ved konventikkel-plakaten låg det i band i 101 år, og då den blei avlyst i 1842, blei Ordet gjeve fritt. Men då leita presteskapet fram art. 14 i Den augsburgske trudomsvedkjenninga som sa : «Ingen må udi kirken offentlig lære eller forvalte sakramentene uden han dertil er rettelig kaldet».

Dette tolka presteskapet slik at lekfolket ikkje hadde rett til å stå fram offentleg og tale Guds ord til folk i samlingar. Berre når det var forlite prestar, kunne ein til naud bruke lekpredikarar. Men dei måtte berre hal­de andakt i heimar, som låg så langt unna kyrkja at presten vanskeleg kunne nå dit. Men heile verksemda måtte leggjast under presten. Dette prinsippet blei kalla nødprisippet og på dette prinsippet grunna Gisle Johnsen Lutherstiftelsen, og det var dette prinsippet Samson Stueland ikkje kunne gå med på. Men striden gjekk mest heile hundreåret til endes.

I Kristiania styrte presten J. C. Heuch «Luthersk Ugeskrift». Han var då førar for presteskapet, var lærd og hadde ein fin pen, og han hevda at lekfolket hadde ingen rett til å tale offentleg. Men Jakob Sverdrup styrde «Ny Luthersk Kirketidende», og han hevda at «offentleg» gjaldt berre presteskapet, og hadde ingen ting å gjere med lekmannsarbeidet.

Sommaren 1878 kom stiftskapellan Peter W. K. Bøckman som prest til Skånevik. Han var fødd på Håland prestegard i 1851. Ferdig med embets­eksamen i 1873, blei han styrar på «Voldens høyere almueskole» og styrte den i tre år. Etterpå gjorde han ei studieferd til Tyskland før han blei stiftskapellan i Bjørgvin.

Bøckman var nok ein litt høgtideleg prestespire, då han kom til Skåne­vik. Samlingane som lesarane heldt, såg han på som «kirkelig uorden», og han prøvde å rette på dette.

Men dei gamle leiarane ville ikkje gje opp den fridommen, som dei hadde etter Guds ord. Bøckman heldt møte om den saka både i Høylandsbygda og Åkervik, og det gjekk vannt for seg. Men dei gamle heldt fast på si overtyding.

I 1879 møtte Bøckman på stiftmøtet i Bergen. Den viktigste saka som låg føre på møte var art. 14 i Augustana. Jakob Sverdrup innleidde emnet, og foredraget hans blei gjeve ut i brosjyre. Det var eit grundig og klårt innlegg for den frie lekmannsrørsla, og om å vere «rettleg kalla».

Sverdrup fekk sterk motbør frå presteskapet. Men sakleg og klårt tok han våpna frå dei etter kvart, og til sist tagna dei.

Då Bøckman kom heim att frå stiftsmøtet, hadde han eit anna syn enn då han for, og det blei et godt samarbeid mellom han og lekfolket i Skånevik dei tolv åra han var prest der. Alt første året heldt han mange bibellesingar for fullt hus, og det midt i yrka.

J.C. Heuch hadde også bruk for ei omvending, og det synte seg då han sat som bisp i Kristiansand. Då bar lekpreikarane vekkinga inn i kyrkja.

Thormod Rettedal fekk lov til å tale i den nye domkyrkja i Kristiansand, Men han måtte stå i kordøra. Der stod han kveld etter kveld og tala for overfylt hus. Men han var tung for brystet og pusta som ein kval. Til sist måtte han gje opp. Men då søkte Heuch om dispensasjon frå lova om preikestolen for han. Men det nytta ikkje.

Nokre år før hadde bonde og lærar Nils Juul frå Halsnøy folkehøgskule vore tingman, og der heldt han fram at dei nye preikarane måtte få lov til å stå på preikestolen når dei skulle tale i kyrkja, for preikestolen er vel til det bruk. Men dette forslaget møtte berre ein brølande salve av lått frå Odelstinget. Noko anna avrøysting fekk dei ikkje.

Heuch fekk visst heller ikkje noko betre svar. Difor bygde dei opp eit stillas ved sida av preikestolen i domkyrkja i Kristiansand, og opp på den sette dei eit kateter.

Men då gjekk biskop Heuch til kyrkjestyret att med ei motivert føreteljing om å ta bort forbodet mot at lekpreikarar brukar preikestolen i kyrkja, og det blei gjort. Då kom turen til Nils Juul og venene hans å læ.

Sigeren var vunnen, og konventikkel-plakaten var endeleg avlyst i ånd og sanning.

Nils Halvorsen var også ein førar. Han var fødd på Breistein ved Osterfjorden i 1818. Tjuefem år gamal slo han seg ned i Ølen. Der var han fargar i 60 år.

Han kom ikkje til noko hedningeland. Alt i 1835 var her folk som arbeidde for misjonen, og i 1842 hadde Fjellberg prestegjeld misjonsforening, og Ølen høyrer til Fjellberg. Åtte år etter sende dei 56 spd. til Misjonsselskapet. Men det var ikkje alle som såg med blide augo på dei pengane.

Sokneprest Laurentius Stub Koren (1833—54) streva med å få til ei bok­samling. Men det gjekk ikkje så glatt, og han grunngav det slik :

«Der er nemlig i disse egne en anden sag, der for nærværende tager alle tanker og kræfter i beslag, nemlig misjonssagen. Enhver hvis tanker gåe udenfor hans daglige syssel, og som til fremme av høiere interesse kan avse nogle skilling ofrer disse på missionsvæsenets beste, og har så­ledes lidet eller intet tilovers for opplysningens fremme i deres egen kreds».

Nils Halvorsen fekk mange folk i arbeid, og heimen hans blei ein sam­lingstad for lesarane. Han sat som ein patriark med stor åndeleg makt. Han hadde visdomstale som få. Med dei gløgge augo sine såg han langt inn i sjela på folk, og orda hans beit seg fast.

Om dei moderna teologane sa han : Dei har teke til å bryte laus grunnsteinane, men dei tør ikkje retteleg rotrive.

Me må akta oss for å rive vekk grunnsteinane. Dei gamle har sveitta mange netter og dagar for å legge dei ned, sa han, og Nils var nok ikkje lite konservativ.

Om dei sterktruande som såg strengt på læra, sa han: Rettferdiggjeringa held dei i ære ! Og helginga med. Men der er eit lite stykke som vantar….

Om ein som ville vere sers evangelisk, sa han : Han er så evangelisk at han synest ingen ting er rett. Det må vere måte på alt.

«Dess lausare det var, dess betre blei det, når det berre gjekk opp i him­melen», sa han om dei som ikkje ville vite av vedkjenninga.

«Der blei ei kyrkje i kvar busk», og ein ofra til denne kyrkjelyden som fall ned frå himmelen. Nils Halvorsen klaga over at Kinaforbundet ikkje gjekk saman med Misjonsselskapet.

De held vel møte her ? spurde ein kjend prest som vitja Halvorsen.

Ja, me gjer det. Helst når det er mange….

De kan vel ha møte også når de er få, sa presten.

Jau, men det er somme som synest at dei kan ikkje tala når det er få.

Ein kveld fylgde Halvorsen ein lekpreikar opp på soveromet og sa :

Du vil vel gjerne ha litt å lese i. Her er eit lite skrift, som har hjelpt meg. Difor les eg ofte i det sjølv. Det heiter «Honningdråper fra klippen Kristus».

Eg kan ikkje leve utan desse dropane. Difor må eg ta dei dagleg, og dei hjelper kor dårleg det står til med meg. Dei gjev meg slik underleg styrke og hugkveiking. Prøv dei ! Det var godt han var slik, for det var ikkje alle i Ølen som drakk «Hon- ningdråper».

Lars Oftedal styrde Skjold soknekall i 1871. Då preika han også i Vats. I den tida blei det ei stor vekking som breidde seg sørover Ryfylke og nordover Sunnhordland. I Ølen køyrde dei ein båt til Vatsvatnet, som dei brukte til kyrkjebåt kvar gong Oftedal tala i Vats.

Denne vekkinga tok sterkt tak i mange. Men 13 år etter kom det ei vekking som tok tak i enno fleire.

Morten Olsen var fødd på Vornes i Bremnes 1850. Foreldra var truan­de og faren, Ole Vornes, var mellom leiarane i Indremisjonen. Han åtte eit småbruk, dreiv fiske og bygningarbeid.

Morten var yngst av 12 søsken, gjekk underoffiserskulen i Bergen og blei politimann. I Bergen høyrde han Fr. Fransson frå Sverige då han i 1883 tala på torget, fordi han ikkje fekk leige skikkelege lokale. Fransson høyrde til Frimisjonen og var lyst i utlæg.

Morten Olsen vart frelst og tok med ein gong til å tale Guds ord. Året etter kom han til Bjoa. Då han hadde halde nokre møle, tok folk til å be til Gud. Det blei vekking, og Morten Olsen blei der lenge.

Frå Bjoa bar det til Ølen, og vekkinga fylgde han rundt heile bygda. Det var største vekkinga som har gått over Ølen, og der var få huslydar som ikkje var med.

Frå Ølen reiste Morten Olsen rundt Etne og Skånevik, og vekkinga fylgde med han.

Ein dag var det møte hjå Torger Lunde i Ølen. Der kom folk frå heile bygda og frå Bjoa. Folk hadde rodd frå Utbjoa og Sandvik. Det var eit par mil.

Det blei folksamt hjå Torger Lunde. Begge stovene, gangen og kjøkenet var meir enn fulle. Mykje ungdom gjekk opp på lemmen. Olsen stod på ein kvelvd stamp i gangen og tala slik at dei høyrde han over heile huset.

Ferdig med talen, tok folk til å synge, og han gjekk mellom benkene i alle rom og tala med dei einskilde om å søkje Gud.

Mange søkte Gud den dagen, og no blei det vitnemål, sang og bøn. Men då mange var lågmælte, blei det som eit serskilt møte i kvart rom, og slik var ofte møta kring om i bygda.

Morten Olsen var ein evnerik og varm talar. Han anda av kjærleik, og hadde stor makt over møtelyden.

Då sommaren kom, blei det eit stort møte i Ølen. Det kom dampbåt frå Bergen med mykje folk. Olsen kom att saman med ein svensk predi­kant Baage. Det blei retteleg ei storstemna, og alt var herlegdom og glede.

Men seinare kom emissærar og åtvara mot Frimisjonen og vekkinga, som ikkje var luthersk … Der var visst både svermeri og åndeleg fyr­verkeri.

No blei det strid mellom leiarane i leserflokken. Mange dømde vekkinga hardt, medan andre tok henne i forsvar. Denne striden tok knekken på mange av dei vakte, og dei gjekk attende til verda. Men andre blei eitt med kristen flokken og vart berga.

Då Olsen kom att om hausten, stengde dei bedehuset for han. Men han heldt eit par møte ute ved Ølensjøen. Han var korkje sekterisk eller partimann, og skipa ikkje eit einaste lag for Frimisjonen. Men dei ti åra han forkynte Ordet i Sunnhordland og Rogaland, vann han mange for Kristus. I 1894 reiste han til Amerika, og heldt fram som sjelevinnar til han slokna i 1929.

Denne vekkinga sette djupe spor, og det merkast på mange måtar. Sokneprest J. F. L. Buch budde på prestegarden i Fjelberg i 1881—88. Han var snild, men ruva ikkje mykje. Men frua, Jacobine Buch, sette merke etter seg.

Ho var ei eldsjel. Saman med prestefrua Hedvig Bie i Kvinesdal gav ho ut «Nødrop fra Statskirken». Det var ei kvass brosjyre om feilene ved Statskyrkja. Brosjyra kom ut i tre opplag og blei spreidd vide.

Heime på prestegarden i Fjelberg samla ho ofte kvinner til møte. Der las ho, og ba med dei om frelse for sjelene. Folk vakna ved arbeidet hennar.

Sommaren 1886 kom ein ung student Ludvig Eriksen til Fjelberg på ferie. Han var helst redd dei vakte, og hadde vanskeleg for å slå seg til ro. Difor tenkte han mykje på å fare sin veg.

Ein dag møtte han bonden Nils Aksdal, og dei to kom i prat, men dei blei visst ikkje einige. «Eg ska sei dokke ein ting. Dokke æ slett ikkje fødde på ny», sa Aksdal.

Studenten blei harm over slik dømesykje, og han meinte at han visste kva kristendom var for noko. Han hadde fine papir og emna seg til å studere…

Men det gjekk ikkje mange dagane før han måtte sanne at Nils Aksdal tala sant, og studenten blei omvend. Han blei misjonær i China, og der la han grunnen til D. N. misjonsallianse.

På Bjoa var eit rikt kristenliv i 1870-åra. Gunnar Dalen (1838—1918) var førar for kristenflokken her. Dalen er ein stor gard som ligg ein fjerdingsveg inn mellom fjella i sør. Her rådde Gunnar den III. Både far og bestefar heitte Gunnar Dalen. Til garden låg ei heil mil med skog, så det var ikkje så lite eit rike.

Tor Lødal var husmann under Dalen. Han var ein alvorleg kristen. Han og Gunnar Dalen arbeidde godt i hop. Mons Eikås var ein annan gild kristen, og sonen Lars Eikås gjekk i fotefara hans.

Gunnar Dalen og kona var gjestfrie. Difor var det godt å samlast der. Lesarane hadde lett for å finne vegen dit. Sokneprest Buch og frua var der fleire gonger.

I heimen kom 8 born. Dei fire eldste var gjenter, og alle fire kom med i vekkinga ved Morten Olsen, som likte seg sers godt hjå Gunnar Dalen.

Vesle Brynhild var den sjuande, og mang ein gong sat ho på kneet til Morten Olsen.

– Kor gamal er du ? spurde han.

– Seks og eit halvt år, svara Brynhild greidt.

– Lever du med Gud ? spurde han.

– Nei, svara ho …

Gunnar Dalen heldt oppe dei gamle vene-vitjingane. Om laurdag etter­middag kom vener over fjellet frå Ølen, Vats og Vikevik. Det synte både ute og inne at no var det helg.

Då folk kom til gards, fekk dei mat. Dei sat kring langbordet i den romslege stova, sang, bad og tala saman om åndelege ting. Her hadde dei det godt.

Leid fram på kvelden gjekk dei over gangen og ut i stova i andre enden av huset. Der var duk på bordet, og stova var vakker. Venene sette seg rundt bordet og heldt nattverd. Etter på las dei Guds ord i lag, og vitna til langt fram på kvelden.

Men det var berre dei frigjorde kristne som var med her, og dei var ikkje mange, og dei snakka heller aldri om det utanfor veneflokken. Også Jacobine Buch hadde vore med. Og desse møta heldt dei på dette vis i løynd i 13 år. Det var ein heilagdom. Men så fekk dei gamle truande i Ølen vite det, og då bispen Hvosleff var på visitas, kom det fram der, og folk blei reint forferda.

Sokneprest Buch fekk pålegg om å reise til Bjoa og ta opp forhøyr. Frua hans blei også med, og alle dei som var stemde, møtte fram. Dessutan kom Erik Jakobsen Sandvik. Han var ætta frå Bergen, budde på Utbjoa og hadde ikkje vore med i nattverdlaget, men han blei til stort gagn under rettargangen. Han hadde lese mykje og hadde eit minne som få.

Denne nattverden på Bjoa er nok mot den borgarlege lova, men den er i orden etter Guds lov, sa han. Og så heldt han fram kva kyrkjefedrene og Luther hadde sagt om nattverden. Dessutan var han kjend i Bibelen, og sette presten fast når han ville, og presten sat i glashus og kunne ikkje kaste stein på nattverdflokken. Men det gjorde dei andre truande i Ølen. Dei tok standpunktet mot fri nattverdsfolket og la dei for hat. Frinattverd-folket fekk aldri vitne på eit møte, og mykje av det som blei sagt i møta var mynta på fariserane, som ville bli betre enn andre. Denne motstanden knekte nattverdssamfundet på Bjoa, og den braut ned meir. Kjærleiken blei kald og gudslivet låg nede i lange tider. Det blei spørsmål om makt og rett, og folk gjekk lite på møte. Ja, slik kan det gå.

 

Stengt for kommentarer.