haugianarane i indre hardanger : presentert av jacob straume

 

– i boken «Kristenliv i Hardanger, Sunnhordland og Karmsund. Eit Sogeskrift». Haugesund, Sunnhordland og Hardanger Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1960.

 

– fra s. 41 – 42 :

Inn i Fjorden blei mangt på ein annan måte (enn i Kvam/red.).

I 1803 flytte presten Niels Hertzberg frå Kvinnherad til Kinsarvik og blei der til han slokna i 1841. Han var prost 1810—32, og var ein sers varmhjarta prest, og ar­beidde ivrig for Det norske bibelselskapet. Han greidde å samle 209 dalar i prestegjeldet til Bibelselskapet, medan Strandebarm gav 65, Granvin 48 og Vikøy 46.

Hertzberg gjev også ei sers vakker skildring av folkelivet, mest like vakker som målarstykket «Brudeferden i Hardanger», som også har motiv frå same prestegjeldet.

Folket i Kinsarvik prestegjeld har høg moral, fortel han. Laurdags- og helgedags kveldane blei det halde andakt i mest alle heimar. Preikelause helgedagar heldt dei også andakt. Då las dei i huspostelar.

Folk var flittige ved kyrkja og var godt forsynt med kristelege bøker. Huspostelane etter Møller, Brochmand, Strøm, Mossin og Hersleb var mykje brukte.

Høgtidslaga fekk eit religiøst drag over seg med sang og bordlesing.

I 1816 fanst det 3300 menneske i heile prestegjeldet og 217 biblar. Det blei ein kjøpt bibel for kvart femten menneske. Dessutan hadde bygda fått 41 biblar og 33 nytestamente som gåve frå Stitrupske stiftelse.

Same året hadde Bergens stift 3906 biblar delt på 146.999 menneske. Det blei ein på tretti. Slik hadde folket i Kinsarvik prestegjeld dobbelt så mange biblar som resten av bispedømet.

Kinsarvik kom også tidleg med i misjonen. Alt i 1828—30 fanst det fleire mellom dei beste menn i bygda som gav til misjonen, og i 1845 var Kinservig missionsforening i arbeid.

— Likevel blei det annarleis her enn i Kvam, for her blei det lite rom for lekmannsarbeid.

Haugianismen synes ikkje å ha havt mange tilhengarar i Kinsarvik prestegjeld. Niels Hertzberg seier at han kjende berre eit par. Men han la til at i den seinare tid var der nokre kvinner som hadde slege seg saman og halde samlingar med bøn, sang og gudelege samtalar.

Niels Koren blei prest etter Niels Hertzberg. Han vaks opp i Ullensvang og var godt kjend i bygda.

I 1840 skreiv han om same sak : «Bevægelsen har ikke på denne tid mange tilhængere i dette prestegjæld, som på to kanter grænser til steder, som har mange Haugianere, som har søgt ind i prestegjældet og forkyndt sin lære. Den virkning som en tror den har havt på enkelte, er et sindelag og en handlemåde som gjør disse til menighedens agtværdigste medlemmer, et sindelag og en handlemåde, som vi måtte ønske os alle».

Likevel blei vekkingane borte og folket hekk fast i gamal sed, og glad i sterkt øl. Presten Niels Koren, som også var tingmann, sa at ølet i Hardanger var sterkare enn Stortinget.

Der var bygder i Hardanger der dei var så hatige på Hauge at dei brende skiftene hans om dei kom til med det, og religiøse menneske bad Gud om ikkje å bli som dei hovmodige Haugianarane. Truleg var det slike som stengde att døra til Guds rike både for seg og si ætt.

For dei som tok i mot, blei det annarleis, og Gabr. Baardsen har fortalt om korleis det gjekk der vekkingane fekk tak. Han fortel om årsmøtet i Indremisjonen på Fitjar 27. juni 1883.

«Fartøi efter fartøi og båd efter båd i hundretal stevnet ind Fitjar-bukten. Til sidst stod den lange Fitjarstrand helt besat med to rekker båder, æsing ved æsing.

Det vrimled af folk alle vegne, der søgte sig et skjul i lader og andre udhuse, hvor det var et lidet indsmåg, i båder med seil over sig eller under bådhvelv. Alle huse var fulde af mennesker. Man havde ikke glemt den apostoliske formaning om gjerne at låne hus.

Hvor mange engle der ved denne anledning blev herbergeret, tør jeg ikke sige. Det får man nok vide en gang. Men at der var titusen, det ved jeg.

Det var gribende at se denne skare skride op over bakkerne, gamle, unge og barn, bærende på sine nisteskrin. Der kom halte på sine krykker og krøblinger som andre bar på ryggen.

Hvor man gik om aftenen, hørte man sang. Den lød fra hus og hytter og bådnaust. En ordets, sangens, bønnens og lovprisningens tid var begyndt».

Desse årsmøta fekk så sterkt tak i folket, at folk som feste seg i teneste, gjerne tok atterhald om at dei skulle være fri til å reise til årsmøtet.

 

Med desse korte glytt inn i tida, ser ein litt av grunnlaget for misjons­arbeidet, som grodde fram i det nittande hundreåret.

Først kom Misjonsselskapet og greina seg ut over landet. Indremisjoner kom seinare, men gjorde det same, og så kom dei andre etter kvart.

Stengt for kommentarer.