haugianarane i kvam : presentert av jacob straume

 

– i boken «Kristenliv i Hardanger, Sunnhordland og Karmsund. Eit Sogeskrift». Haugesund, Sunnhordland og Hardanger Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1960.

 

– fra s. 37 – 41  :

 

Kvam er prestegjeldet med Vikøy sokn i sør og Øystese sokn i nord. Gardane Trå og Bjotvedt ligg i Herand på Søraust-sida av Hardanger­fjorden.

Etter 1814 blei Knut Olsen Sandven leiar for lesarane. Han var hus­mann og var til dagleg kalla Knut i Gråvæ. Han var ein stø kristen og ein avhalden mann. Den vesle stova hans i Norheimsund blei samlingsstad for dei vakte. Han var mild og venesæl, og hadde stor omsut for brørne.

Ein søndagsmorgon tok han båten sin og rodde inn til Kvamsøy, som ligg tre fjerdings veg lenger inne i fjorden. Der budde ein einsleg kristen, som han måtte sjå til. Dei to fekk ein herleg søndag ilag, og då Knut rodde heim att om kvelden, var han så glad at då han kom til Børveneset, måtte han gå iland. Der gav han seg til å hoppe av glede og prise Gud fordi det stod så vel til med brørne hans på Kvamsøy.

No hadde Knut O. Sandven omsorg for fleire enn sine eigne. Husmenn brukte aldri å ha mange pengar, men han var visst den første i Kvam som sende pengar til hedningemisjonen. I 1831—32 blei det sendt gjen­nom sokneprest Bruun «med bøn om at sende det til et eller andet misjonsselskab, til misjonssagens fremme, til Herrens navns udbredelse blandt hedningerne»——— «fra Knut Olsen Grove: 3 spd.»

I 1835 hadde Knut fått med seg presten og fire mann til, saman sende dei 20 dalar. Året etter sende 36 menighetslemmer 30 dalar. Slik byrja hedningemisjonen i Kvam.

Det var vanleg at brør i Herren vitja kvarandre. Dei kom ofte laurdagskvelden, og verten gjorde gjestebod. Var det truande i grannelaget, blei også desse bedne. Der blei samtalemøte med vitnemål og mykje sang. Søndag vart det ofte samling for folket i bygda.

Bård Moe var ein av dei eldste haugevenene i Vikøy, f. 1775 og omvend på same tid som Ole Bjotvedt. Men han var lenge still av seg i samlingane, men på veg og sti tala han gjerne med dei han møtte om å tru på Kristus.

I 1836 blei han lensmann, og var det i nitten år. Det ser ut for at då fekk gudslivet hans ei blømingstid. Når han hadde lese kunngjeringane på kyrkjebakken, tala han Guds ord, og varmen var større enn talegåvene, og han minte ofte om misjonen.

Moe var godt likt som lensmann, tolsam og langmodig. Ofte betalte han skatten for armingen som ikkje kunne.

Adolf Tidemann måla «Haugianere» i Kvam, og han brukte Bård Moe til modell.

Men der var fleire modellar. Ein av dei var Mikkel Kaldestad. Han var fødd i Øystese, og sytten år gamal blei han lærar. Men han blei vakt som barn ved å høyre grannane sang ein salme under andakten. Etter den tid låg det store alvoret over han.

Som lærar kom han også til Steinsdalen. Ein kveld var der dans og drikk. Men han gjekk tidleg til sengs, og fekk ikkje sove. Han blei berre mint om at han skulle gå ned i danselaget og vitne om Gud.

Då han stod inne i den ville svermen, blei han så grepen av alvoret at han brast i gråt. Dei som stod nermast, sprang ut i mørkret. Men Mikkjel blei ståande ved døra. Og så tala han :

Det gjer meg inderieg vondt å sjå det livet de lever og merke meg kva herre de tener. Han er streng og løner dårleg. Men der er ein annan herre som vil ha dykk i tenesta si. Han er mild og kjærleg og løner godt. De kjem i tenesta hans når de bed Den Heilage Ande hjelpe dykk til å tru på Jesus Kristus, Guds einborne, som er frelsaren vår frå all synd, død og satans makt. Då kan de leva ved hans nåde i helging og rettferd livet til endes.

Talen tok så sterkt at heile flokken brast i gråt, og det blei slutt på både dansen og drikken.

I 1836 kom Elling Eielsen til Kvam. Han for som ein brand over landet, gjorde og ein sving til Sverige og Danmark og skulle sette vanne på både her og der. I 1839 reiste han til Amerika, og blei den første norske presten der. Han gjekk til fots frå Chicago til New York for å få trvkt «Sandhed til Gudfryktighed» av Pontoppidan. Det var ein spasertur på 1500 km.

Det kom ei sterk vekking over Kvam ved Eielsen, og bygda fekk mange vanne og stødige kristne.

Mikkel Kaldestad blei ein god leiar. Han var klokkar i Vikøy til 1882. Då kalla dei han Gamle Mikkel.

Ola Kaldestad, f. 1844, var son hans. Han kom tidleg med i lesarflokken, tjueto år gamal tala han Guds ord. Han var evnerik og frimodig, stri og kvass og brukte djerve ord. Synda kalla han satans verk. Men då han gjekk Stord lærarskule, kom han inn i dimma. Men det klårna då Lars Oftedal kom opp i den store vekkinga i Kvam i 1869. Ola Kaldestad gjekk ofte og høyrde han då, blei nya opp att ved salmen 2. juledag : «Nu er frelsens dag oprunden», og vart meir evangelisk.

Ola Kaldestad hadde ei veldig arbeidskraft. Han blei lærar i Norheimsund og klokkar i Vikøy. Om søndagane heldt han to eller tre møte, enten åleine eller ilag med andre. Då bedehuset blei bygt i 1878, heldt han andakt der om morgonen kl. 9, og der var fullt hus. Kl. 11 var det preike i Vikøy. Om etter middag heldt han møte i Norheimsund eller Øystese eller andre stader.

Ola Kaldestad var læresvein av Rosenius og Jakob Tråsdahl. Difor blei han stundom kalla nyevangelist. Det fylgde stor åndsmakt med han både i samlingane og på tomannshånd, og han vann mange for Guds rike.

Han skipa sangkor i heimbygda. Det var truleg første blandakoret på Vestlandet. Dette koret blei til mykje signing i mange bygder. Ofte sang dei på årsmøta til Samskipnaden, som samla tusenvis av menneske, kan­skje ti tusen.

Under eit «frydemåltid» i bedehuset i Norheimsund sang koret for første gang. Det sang «Den himmelske lovsang» slik at dei reiv heile lyden med seg, og mange stridgråt. Sangen var då på 6 vers, og koret måtte synge den opp att. Då var dei ikkje langt frå himmelen.

Svein Wilhelmsen hadde Ola Kaldestad som lærar første åra i skulen, og han undra seg på kvifor Kaldestad var så kvit på knea. Men han heldt andakt kvar morgon, og då bøygde han kne fram for pultane og bad. Då nemde han borna ved namn. Han levde mykje av livet sitt på kne. For Guds åsyn var han liten og mjuk, men var djerv mellom folk, og der hadde han både vener og fiender. Han døydde 1887, berre 43 år gamal.

Då samskipnaden for Indremisjonen vart skipa i 1864 i Uskedal, møtte ingen frå Kvam. Men då første årsmøte blei halde året etter i Jondal, møtte kvemmingane i flokk og fylgje. Her høyrde dei Lars Oftedal for første gong, og det blei ikkje den siste.

Veneflokken tok litt etter kvart til å arbeide også for Indremisjonen. Dei samla pengar frå 1868. Fire år etter skipa dei «Forening for den indre Mission i Vikør Sogn».

Lars Kaldestad vart ein ny førar. Han var son til Gamle Mikkel og bror til Ola.

Lars var vilter i ungdommen, men blei omvend under ei sjukelege. Frisk vorten, arbeidde han ei tid heime hjå foreldra. Men så blei han handelsstyrar, først hjå Lundanes og seinare i Øystese. Dit flytte han i slutten av 1870-åra.

Her var mange dugande kristne menn og kvinner. Håkon Børve tala ofte i samlingane. John Hovland fekk han med seg då han skipa laget for Indremisjonen. Gamlemisjonen var då alt i gang og heldt til i Gjelet. Der var store og gilde hus. Der heldt dei og første «frydemåltidet» i Øystese hos Jon Øystese. Mor hans, Eli Øystese, var levande med.

Lærar Lars Berven var og mellom lesarane og tala ofte på møta, ar­beidde sterkt både for ytremisjon og målsak. Men var var meir fri på det i «selskaper» enn lesarane syntes var rett.

Lars Kaldestad kom snart med i leiinga, om han var ung. Men han hadde god stønad i broren, Ola, Arne Skeie, som var kasserar for indre og ytre misjon i Vikøy, og Johannes Mylleshaugen. Alle tre budde i Vikøy, men hadde stor autoritet i Øystese.

Etter ei vekking ved Andreas Lavik i slutten av 70-åra, kom bedehuset i Øystese opp i ein fart, og blei vigt 1880. Einskapen var stor, og mykje av arbeidet blei gjort med dugnad.

Men då huset var ferdig, kom Berven og Kaldestad til å nappast om ymse spørsmål. Men Kaldestad fekk førarskapen, og med han fekk den frie evangeliske ånd arbeidsrom i huset.

Lars Kaldestad var så levande med i lekmannsarbeidet at det ofte gjekk ut over hans eigen bate. Han var mild og myndig på same tid. Uvanleg gjestmild. På to-mannshand var han venleg. Men på talarstolen kunne han seie mangt eit myndig ord. Han hadde uvanleg stor tiltru mellom folk, og orda hans vog tungt over heile Hardanger.

Då bedehusa blei bygde i Kvam, flytte lesarane «frydemåltida» med seg dit. Men dei fekk omsider ei litt anna form og vart kalla fest. Men veneflokkane heldt saman antan dei samlast i heimar som før eller i bedehusa. Slik grodde kristenlivet hundreåret til endes.

Stengt for kommentarer.