haugianarane på stord : presentert av jacob straume

 

– i boken «Kristenliv i Hardanger, Sunnhordland og Karmsund. Eit Sogeskrift». Haugesund, Sunnhordland og Hardanger Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1960.

 

– fra s. 33 – 36  :

 

Stord ligg mellom Bømmeløy og Tysnes. Men her var ingen Haugianar som arga presten.

Men Erik Olsen, som var prest der 1792—1833, var kleinaste presten som Stord har havt, og mange blei lei han.

Elles var livet på Stord som i dei fleste bygdene i Sunnhordland. Folk hadde alltid brennevin i huset, ikkje berre på flaska, men på anker og kanskje i tynna. Var huset lens for brennevin, kjendest det mest like fatig som når smørstetta var snau. I brudlaup, barsøl og gravøl var det skam på verten om han ikkje baud rikeleg med rusdrikk.

Kvar sjølvhjelpt mann måtte brygge øl til jul, og det blei mykje fyll. Eldre og yngre menn drakk seg i kav, og det blei mykje fyllesnakk. Dei rike skrøytte over midelen sin og svivyrde fatig-mannen, og dei kloke disputerte bibelord og andre ting dei kom inn på.

Kvinner drakk og sterkt. Men dei måtte ikkje drikke så mykje at det merkast på framferda.

Men der rusdrikken fløymde, blei det mange fall.

Banning var mykje brukt, kanskje mest mellom mennene. Born og ungdom kunne og vere stride til å banne. Men foreldra ville at dei skulle helst vare seg for banninga til dei hadde gått for presten.

Om laurdag og sundagskveldane samlast mykje ungdom hjå spelemannen til dans. Ei av dei gamle, som hadde vore med der, då ho var ung sa ved eit høve :

«Nei, dansen må de ikkje tale vel om. Eg minnest det så vel. Når fela tok til å låta, så tok det til å kittla i lemene mine, og ein kunne ikkje halde seg i ro. Det var eit slaveliv».

Før 1862 hadde presten på Stord tre kyrkjer. Det var såleis preike ved kyrkja tredje kvar helgedag. Folk gjekk til kyrkja for å høyre Guds ord, høyre nytt og gjere avtalar med folk.

Ein gong vår og haust gjekk husbondsfolk til altars og skrifte. Då stelte dei seg litt høgtidsamt. Laurdagskvelden hadde dei eit godt måltid mat, fordi dei skulle faste søndagsmorgon. Hadde dei lang kyrkjeveg, kunne dei ete ei kake.

I kyrkja var det skiftetale og avløysing frå den «besværede samvittighed» før preika. Altergonga kom etter preika. Og heime venta ein god søndagsmiddag. Det var helg.

Men var det ikkje kyrkjegange, så las dei ofte preika av ein huspostel heime. Vissare var det kanskje at dei las morgon- og kveldsbøner i salme­boka om helgane.

Slik var det livet som ein kunne sjå.

Stordøen misjonsforening var i gang alt i 1843, og i fem år finn ein gåvelista i årsmeldinga for Misjonsselskapet, men så blei dei borte i fem år.

I førti-femti åra var C. Daae sokneprest, og han hadde ord for å vere rak motstandar av lekmannsarbeidet. Likevel var det lekmannsarbedet som kom til å snu om folkelivet på Stord.

Kring 1840 var det ein og annan som vakna så mykje at dei tok til å samle folk om Guds ord og mana dei til omvending og tru. Her var plassemann Per Grimsåsen den første som folk veit om. Brørne Nils og Svale Kyvik gjekk med han i arbeidet. Ikkje lenge etter kom dei unge brørne Lars og Knut Kyvik med. Dei var søner til Torbjørn Klokkar.

Lars Kyvik var fødd kring 1830. Seksten år gamal blei han lærar og klokkar på Halsnøy. Straks etter blei han omvend, og han sette lyset sitt på staken, og ungdommen hadde stor vørnad for han, og ville helst ikkje at han skulle sjå dei dårlege ting, som dei stundom hadde for seg.

Lesarane heldt møta sine i stovene med sang, bøn, formaningstale og lesnad av Bibelen eller av ei preikbok.

Omlag på same tid tok Dortheas J. Grov til å samle folk om Guds ord i Borre vik og Stuve krinsar. Han blei omvend då han gjekk lærar- og lærlingeskulen hjå Kolbein Sydnes i Fjelberg.

I Leirvik tok fargar Ole Svendsen og blikkenslager Reiersen til å samle folk omkring Guds ord.

Mikkjel Horneland budde sør på Stord. Han reiste til ein vidkjend lækjar i Mandal med ein sjuk bror for å finne lækjerdom for han.

I Mandal var det då eit rikt kristeleg liv. Der blei Mikkjel omvend og kom heim att som ein brennande kristen. Dette fengde i ungdomsflokken i grenda. Mellom dei var to ungdommar frå Vikanes, og dermed kom Vikanesungdommen inn i rørsla.

Per Vikanes blei leiaren ein heil mannsalder. År etter år heldt han trufast på med samlingar omkring Guds ord. Han blei gift med Synnøve Bårdsdotter frå Dale og fekk ein varm kristen heim. Dette hjelpte mykje til at ordet som Per Vikanes sådde, bar frukt i grannelaget.

Stord lærarskule vart opna 1838 og ligg like ved Kyvik. I 1852 gjorde Knut T. Kyvik og seminarist Johannes Kyllingstad opptaket til eit misjonslag. Kyllingstad blei misjonær, men lærarane på lærarskulen tok seg av misjonen, og då blei Stord lærarskule eit misjonssentrum. Men dei låg helst på opplysningslina, og det hende at lesarane sa : «Me vil heller gå på bønasamling enn i misjonsmøte, for misjonsmøta er så turre».

I 1862 blei Johan Carsten Emil Kierulff utnemd til sokneprest til Stord og styrar av Stord lærarskule, og han var ikkje «turre».

Kierulff var ein dugande mann og ein trugen våpenbror til Gisle John­sen. Forkynninga hans var djup og klår og full av alvår. Med stor varme tok han seg av kyrkjelyden både på Stord og Valestrand.

Konfirmant-opplæringa tok han alvårleg, og ingen fekk gå til konfir­masjon før dei hadde fylt 15 år. Alle altergjestene måtte skrive seg hjå klokkaren innan fredagskveld. Fann han då nokon som hadde ord for grove synder, slik som drikk, måtte han få tale med dei før dei gjekk til alters.

Saka var at no hadde lekfolk ropa ut, at uomvende folk som gjekk til alters, åt og drak dei seg sjølv til dom, og det bremsa på masse-altergongen. Men kristenfolket ville ha den oftare enn før, og det fekk dei. Men dei ville ikkje ha absolusjon. Den som levde eit medvite kristenliv og i oppgjord sak med Gud, fekk glede seg i barnekår med Gud. Og då blei det berre hyklarskap å ta mot absolusjon for «besværede» samvit.

Kierulff gjekk også til spelemennerne og bad dei om å slutte med å halde dansarlag.

I denne tida skipa dei også eit avhaldslag, men det fekk mykje motbør, sjølv om forbodet gjaldt berre brennevinet. Vin og øl kunne dei bruke framleis.

I 1868 måtte Berge Borrevik fylgje den åtte år gamle sonen sin til grava, og det gjorde han utan brennevin. Men det blei eit bisn !

Same året skipa Kierulff eit lag for Indremisjonen, «til fremme i ret­ning av Lutherstiftelsen». Etter den tid fekk han bibelbud til Stord. Men han heldt seg hardt til «nødprinsippet». Dei måtte ikkje tale offentleg. Berre halde andakt om dei fekk lov av husfaren. Elles skulle dei berre snakke med den einskilde og selje bøker.

Men så kom emissær A. Silset til Stord. Han kom frå Nordmøre. Berge Borrevik gjekk då til Kierulff og bad om at han måtte få tale på øvingsskulen, og det fekk han. Kierulff kom sjølv og høyrde på, og sa seg samd i det som blei sagt.

Slik ein forkynnar må kunne få lov til å kalle folk saman til møte, sa han til Borrevik.

Dermed hadde han gjeve «nødprinsippet» på båten, og det måtte dei fleste.

I 1875 reiste Kierulff frå Stord. Året etter skipa dei eit nytt lag for Indremisjonen. Det melde seg inn i Samskipnaden og fekk emissærar der i frå. Der fekk bygda oftare vitjing av lekpreikarar.

Arbeidet voks og trong meir rom enn det som fanst i heimane og i skulehus. Difor tok dei til å emne på bedehus. I 1890 stod bedehuset i Leirvik ferdig og var det første på Stord.

Mvkje hadde hendt dei siste femti åra. Folkelivet var mykje annarleis enn før. Men snunaden skulle bli enno større dei neste femti.

Stengt for kommentarer.