haugianarane på tysnes : presentert av jacob straume

 

– i boken «Kristenliv i Hardanger, Sunnhordland og Karmsund. Eit Sogeskrift». Haugesund, Sunnhordland og Hardanger Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1960.

 

– fra s. 36 – 37  :

 

Tysnes er ei av dei fagraste øyane i Hordaland. Fjella reiser seg mot sky som alpane og er gode seglmerke til havs, sjølv om øya ligg inne ved mundingen av Hardangerfjorden. Men fjella kløyver seg i djupe dalar med lange stille vatn. Bratte, skogvaksne lier kransar vakre grender, me­dan breie fjordar kjæler seg inn til mjuke strender på alle sider.

Tysnesingane måtte fare. Ofte var det sjøen som drog. Men mange slo seg ned i Bergen og blei lesarar.

I 1876 finn me Wilhelm Johnson Andersland der. Sammen med skomakermeister Lars J. Lunde frå Lundegrend, Olai Hansen Katteland frå Lundegrend og Bårdsen frå Mevatne skipa han støtteforening for Tysnes. Dei ville tene heimbygda si med Guds ord.

Ofte bled det slik at dei reiste heim og heldt møte i helgane, og det blei helst Wilhelm Johnsen, for han var ein klvppar til å preike. Men det blei for lite. Difor leigde dei Heggelund i 1876, og han blei kalla «Tysnes’ apostel». Han reiste over heile øya og vekking blei det kvar han kom. Det blei ei sterk brytningstid med motstand mot lekmannsarbeidet. Men Gud var med og arbeidde ved Ordet og folk blei frelste.

I eit skrift om leidande indremisjonsfolk i tidbolken 1880—1900 er nemnt 8 namn i Tysnes sokn, 17 i Uggdal, 27 i Onarheim og 2 i Reksteren, og det gjev truleg eit bilete av der rørsla var sterkast. Men ho nådde langt lenger enn desse enkle tala viser.

Hans Jacobsen skriv i «Fiskerliv i helg og yrke» : «I 1874 fikk Tollev Onarheim bygget en jagt på 61 ton ved Onarheimsjøen. Han kaldte dette fartøyet for «Anna Onarheim». Den fik en betydning som ingen anden sildejagt i den norske kristensaga».

Tollev Onarheim var ein av dei som blei bitre over all motgangen dei møtte i livet. Han kom heller ikkje med i vekkinga ved Heggelund, men med ei skarve not fekk han stenge ei vik, som kokte av sild, og kom seg ut av armoda. Denne Guds velgjerning dreiv han til omvending og han fekk sterk trang til å vitne om Guds miskunn.

I 1879 låg han nord i Eidsfjord i Vesterålen med «Anna Onarheim». Der var samla titusen fiskarar på 1500 gambåtar og 100 notbruk. Eit par hundre kjøpefartøy tørna opp, og hundre telt med døgnfluger og restaurantløver og klokkejødar. Ungarske hornorkester hasta avstad til friluftskonsert med instrumenta sine.

Inne i telta fekk fiskarane kjøpe «Kabelvågkaffi». Den var ei blanding av kaffi, mjelk, konjakk og sukker. Her bråka dei og spela kort. Mellom borda sprang kaffijomfruene i korte klær, langstøvlar og blankfrisert hår.

Dei er merkte av eit blanda yrke.

«Anna Onarheim» hadde ankra opp eit steinkast frå hjarta av villska­pen, saman med fleire kamerat jekter.

Tollev Onarheim heldt jamt småmøte nede i lugaren i lag med 7—8 andre. Dei las Guds ord, snakka saman om det dei las og hadde ei bønestund til sist. Då tala dei og bad for folket dei hadde omkring seg. Men då måtte dei flytte frå ruffen og opp på dekk. Ein søndag formiddag tok dei ei tønne til preikestol. Skipper Ommund Jøsendal var likaste talaren, og dei andre tok att i. Det brann i desse menn, og god songrøyst hadde dei alle, så dei nådde langt, og snart var det fire fem hundre mann som lydde til denne gudstenesta. Etterpå var det ein og annan som søkte talarane ombord og bad om ein samtale. Det blei vekking mellom fiskarane.

Ein laurdagskveld i oktober same året samlast fem skipparar og tre fiskarar ombord i «Anna Onarheim». Dei sang, bad og las som vanleg. Men etterpå sende dei eit opprop til Bergen og bad vener om å ta opp fast verksemd mellom fiskarane, og dei tok opp ein kollekt. Slik blei grunnen lagd til Den Indre sjømannsmisjon.

Men tysnesingane fekk gjort meir. Hausten 1883 drog Jens Hetland nordover til Troms. Han hadde vore sjømann og var nyomvend, og sa om seg sjølv at han var som ein brand som var berga or elden.

Det var ein underleg gneist i denne sjømannen. Mest kvar han kom blei det vekking. I fleire år ferdast han i sørluten av Troms og det blei vek­king ved han i Trondenes, Kvæfjord, Ibestad, Tranøy, Bjarkøy, Berg i Senja og i Lødingen i Nordland.

Mellom dei vakte var Ole Mikkelsen Sama frå Trondenes. Han var då fiskar og tjuge år gamal, og blei den fremste pioner-misjonæren i den or­ganisasjonen som i dag heiter Norsk Luthersk misjonssamband. Slik gjekk det mykje godt til og frå den fagre Tysnes.

 

Stengt for kommentarer.