haugianerne i sogn : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit Festskrift». Bergen Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.

 

– fra s. 47 – 51 :

Seinsumaren 1802 reiste Hans Nielsen Hauge til Sogn. I Aurland vann han seg nokre vener, og derifrå tok han ut fjorden til Sogndal. Der vart fleire vakte. Mellom dei var mor og dotter på Åberge. Hauge fekk seg mat der, og då han hadde ete, la han merke til at soplimen deira var utsliten.

— Eg ser at sopelimen er gamal, men la meg få låna ein kniv og fylg meg, så skal eg laga ein ny.

Hauge gjekk bort til ei bjørk og skar noko ris.

— Set dykk ei på kvar side av meg med eg gjer sopelimen, så skal eg tala med dykk.

Dei to kvinnene sette seg slik han sa, og han tala med dei om vegen til livet. Begge vart omvende og kom til tru med dei sat der og høyrde på Hauge, og dei levde med Gud resten av livet.

Frå Sogndal rusla Hauge over til Hafslo, og han gjekk som vanleg med ransel på ryggen. Der hadde han bøker og anna som han måtte ha med. Men hendene hadde han frie, og han batt sokkar eller vottar med han gjekk.

Mellom dei mange vakte i Hafslo kan nemnast Margrete Veum i Indre-Hafslo f. 1780. Ho vart ei frimodig kvinne som heldt møte og tala til vekking. Ho tala mykje om å fylgja Kristus. Truande vener kom ofte lange vegar for å helsa på henne, og då spurde ho alltid etter korleis det stod til med «menigheten» heime. Då gjaldt det alltid kristenflokken.

Den fremste som Hauge vann på ferda gjennom Indre-Sogn var Lars Knudsen. Han reiste seinare til Romsdalen og tok namnet Tjødlingen. Det er sagt at han vart ein av dei likaste talarane etter Hauge. Tjødlingen vart morfar til Lars Dahle.

Frå Marifjøra tok Hauge over fjorden til Luster, og der vart framgangen størst. Her strøymde folk slik til møta at Hauge måtte tala ute fleire gonger. Mellom dei vakte var stortingsmann Thorgeir Halvorsen Nes, og lensmannssonen Daniel Arnesen Lerum. Mange av dei vakte flytte til andre bygder og landsluter og vart det gode såd der. Daniel Arnesen vart mellom ein heil flokk, som flytte til Romsdalen. Han vart ein kjend lekpreikar som reiste både i Noreg og i Sverike med evangeliet.

I Luster gjekk det slik til at lensmannen med heile huslyden og alle lærarane i bygda gjekk med Hauge. Men så vart også soknepresten Edv. Quale ein av dei argaste motstandarane til Hauge. Der vart strid, og i striden prøvde Quale på å få rettsapparatet i gang. Det byrja med at ein mann som heitte Heltne, dyrka jorda ved preste­garden og vart Haugianer. Etter han vart omvend, sa han om preikene til Quale at han fekk berre bein og mose av dei. Då biskopen kom på visitas, vart Heitne kalla inn til presten, og biskopen spurde han om han hadde sagt dette.

— Eg har kanskje sagt det. Men Quale kan no preika slik at englane kan gråte og, han, svara Heltne.

Men slikt svar var det ikkje mykje å gjera med Heltne, og han fekk gå. Men det var større ting å ta fatt på.

Haugevenene i Luster vart mange, og så skipa dei ei samfunnskasse som skulle vera til hjelp for dei som trong. Thorgeir Nes vart kasse-styrar, og det var ikkje berre småslumpar, som gjekk inn i den kassa.

Mellom dei store innskytarane var Kristi Kristensdotter Gjerseggen. Ho vart omvend fyrste gongen Hauge var i Luster. Ho var ei evnerik kvinne og tok til å halda møte mest med same ho vart omvend, og brukte morsmålet sitt. I heilagt alvor bad ho folk om å søkja Gud og leva eit heilagt liv. Når ho tala, strøymde folk til møta, og ho vart til hjelp for mange.

Av arven sin let ho 700 dalar gå inn i samfunnskassa. For dette vart far hennar så sinna at han klaga over dette til presten, og klaga gjekk mest mot Hauge som skulle ha reist med pengane. Det vart rettargang på Døsen, og alle bøndene frå Fortunsdalen vart stemnde inn som vitne. Men her vart det prova at Hauge hadde ikkje reist med pengane, og samfunnskassa kunne dei ikkje gjera noko med. Men ho vart seinare avskipa, og Kristi fekk arven sin att, og dermed hadde far hennar grunn til å verta blid att.

Det hende fleire gonger at Hauge gav råd i giftarmålssaker. Og det gjekk visst alltid godt, og grunnen var truleg den at han måtte vera ein meister i å kjenna folk. Men det var diverre ikkje alle læresveinane hans. No var Kristi komen ut or dei fyrste ungdomsåra, og i Indre Hafslo gjekk ein ungkar som kunne trenga seg kone, Og så kom venene på at dei to skulle gifta seg. Guten heitte Lasse Morken. Dette vart naud og inga lyst. Presset frå veneflokken vart til sist så stort at Kristi syntest at anten måtte ho bryta med veneflokken eller gifta seg med Lasse. Så gifta ho seg på veners råd og bod for å få eiga romet i veneflokken. Men ekteskapet vart utan elskhug og utan born, og ho hadde det vanskeleg på mange vis.

Men den brann og vitnetrong som ho fekk då ho vart omvend, fvigde henne gjennom livet, og alltid tala ho til omvending og heilagt liv. Og vart ikkje den timelege lukka så stor som mange hadde tenkt på Morken, så vart gudslivet dess inderlegare, og me har ein fager salme etter henne :

¤

Himmelske Fader! Din hjelp meg forlene, at jeg kan blive deg hjertelig tro.

Ære dit navn og min næste at tjene mens du mig under på jorden at bo.

Aldrig min næste forargelse give, tålig og tro indtil døden forblive.

¤

En gang jeg beder du vilde mig lære, grundig at kjenne mig selv og min Gud,

så ingen hemmelig synd skal besnære, sjelen som Jesus sig kjøpte til brud.

Må jeg fins usmittet og rede når vår brudgom vil herlig fremtrede.

¤

Denne salmen hadde mange vers og venene i Sogn song han i hundre år. Ja. syng han kanskje enda. Han stod i Johnson-boka som kom i fjorde (4./red.) opplaget i 1847.

Av dei unge som høyrde til fyrste generasjon av haugevenene i Sogn, var Thomas Olsen Amble frå Kaupanger. Foreldra hans vart vakte då Hauge kom dit fyrste gongen. Thomas var då ein kvik ungdom og vart lærar i Luster. Der var han den fyrste som fekk i gang ein fast folkeskule, han hadde uvanlege evner som lærar.

I denne tida vart Thomas Amble omvend til Gud, og tok snart til å vitna om livet han hadde funne, og den von som budde i han. Men då vart sokneprest Edv. Qvale arg, og fekk lensmann Westrem til å få lærar Amble skriven inn i Leirdølene sitt kompani, og send til grensa i 1807. Dette var mot lov og rett den gongen, for di lærarane var fri militærtenesta. Amble vart med i fleire stridar ved grensa, og til sist fanga og førd til Karlstad festning.

Men då freden kom, vart han fri og kom heim att. Han vart ein av dei flinkaste lærarar i landet. Han var lærar i Drammen og Oslo og gav opplæring til mange lærarar i si tid.

Det året Hauge kom til Luster, hadde Sogn sin fyrste fastbuande lekpreikar snautt kome ut or reivane. Det var Nils Jensen Optun, fødd på Optun under Skagastølstindane i 1800. Tjue år gamal vart han omvend til Gud ved Haugianarane i bygda.

Frå då av vart han eit Kristi sendebod som reiste rundt heile det sørlege Noreg med evangeliet. På desse ferdene sine svalt han og leid vondt, vart fengsla og forfylgd, men heldt ved like trutt. Han var ein kjærleikens apostel, og hadde stor nådegåve til å føra folk til Gud. Forkynninga hans var omvending og tru på Jesus Kristus, og å fylgja etter han i heilag ferd.

Hausten 1837 vart det mange vakte ved han på Tønset. Men då fekk soknepresten lensmannen til å arrestera han. Enno stod konventikkelplakaten ved makt. Men venene samla seg ut for arresten og song salmar heile natta, slik at lensmannen fann det best å sleppa fangen fri neste morgon.

Frå Tønset drog Optun sørover Rendal. Der vart Tollef Bjøntegard omvend ved han, og vart ein kjend lekmannsførar.

I påskehelga etterpå hadde Optun lova å tala i Hafslo, og reiste heimanfrå skjærtordag. Men det vart snøløysing, og han vassa i snøvatn til midt på leggen. Den dagen rakk han ikkje lenger enn til Flathammar i Luster. Der slokna han same kvelden. Han døydde ung, berre 38 år gamal.

Men ungskogen stod tett der i bygda.

Ingrid Knutsdotter Fortun var fødd i 1810. Også ho vart vakt ung, var flink til å tala og levde eit flekklaust kristenliv. Ho heldt mange møte i Sogn med bøn og formaning til omvending. Ofte tok ho katekisma som tekstbok.

På Veitestranda sat presten og høyrde på henne ein kveld, men han hadde ingen ting han ville ha sagt imot. Verre gjekk det i Sogndal.

Der heldt ho samling hjå Plasse-Marte, og presten kom og gjekk laus på Ingrid for di ho tala Guds ord. Ho tagde til dess han var heilt ferdig med straffpreika si. Men då reiste ho seg og song eit vers :

¤

Men syndere skulle ved ondskab omkomme, og høste dens frukter når tiden er endt,

og de som har plaget uskyldige fromme skal blive med evighets angest bespendt.

¤

Dette vart hardt å høyra på, og presten reiste seg med ein gon og gjekk heim.

Der var sterk malm i den vesle gjenta. Men to sermerke fylgde henne til ho døydde 70 år gamal. Det eine var ein inderleg kjærleik til dei truande, og brennande omsut for at folk måtte omvenda seg og verta frelste.

livsrørsler har vore så alsidige som Haugianismen var i si beste kraft. Menn og kvinner vart eitt i Kristus, og begge fekk rom for dei nådegåver og naturgåver som dei hadde fått. Rørsla gav også rom for både den timelege og den andelege sida ved mennekelivet, og Hauge hadde lett for å setja i gang praktiske tiltak.

Stengt for kommentarer.