haugianarane i sunnfjord : presentert av jacob straume

 

– i boken «Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit Festskrift». Bergen Krins av Norsk Lutherske Misjonssamband. Bergen 1952.

 

I SUNNFJORD

Her skjer to fjordar seg inn. Det er Dalsfjord i sør og Førdefjord i nord. Begge har kvar sitt dalføre med kvar si elv. Gaula renn ut i Dalsfjorden og Jølstra ut i Førdefjorden. Men begge har kjeldene sine under Søgnesandnipa 4827 fot over havet.

Til Sunnfjord kom Hans Nielsen Hauge fleire gonger, i 1799, 1801, 1802 og kanskje oftare. Men det ser ut for at det var berre i Førde­fjorden han vann seg vener. Dette meinte visst Hans Hansen Vingård og. Han var sokneprest i Gaular frå 1762 til 1821, og døvdde der 94 år gamal. Han takka Gud på sine gamle dagar for di han ikkje hadde hatt gjesting av svermaren Hans Nielsen Hauge i Gaular. Men det fanst vakte både i Gaular og Askvoll, seier Heggtveit.

Ein av dei fyrste venene Hauge vann seg i Førdefjorden var Peder Steinhovden. Det var truleg sumaren 1801. Etter den tid vart Steinhovden ein heimstad for lesarane. Og Peder Steinhovden reiste og tala Ordet i grannebygdene og stundom lenger og. Han fekk seg ei sers evnerik kone. Det var Berthe Andersdotter frå Lauvåsen i Tiller ved Trondheim. På ei av sine ferder med å tala Guds ord kom ho til Sunnfjord. Hauge syntest at dei to høvde for kvarandre, og nemnde det til dei, og dermed vart ho husfrue i Steinhovden.

Hauge gav gode råd til fleire gifteferdige ungdomar. Slik gjekk det og med Ole Torgersen frå Ål i Hallingdal. Han fekk det råd av Hauge at han skulle gifte seg med Kirsti Korsbøen frå Modum. Ho var jamgamal med mannen, og varmhjarta kristne var dei begge, og ekteskapet vart lukkeleg. Etter Hauge sitt råd kjøpte dei godset Svanøy som ligg ytst ute i Førdefjorden. Her slo dei seg ned i 1804 og skapte det andre faste støde for haugianismen her.

Den nye eigaren tok namnet Svanø, og vart tingmann i mange år. Han var og med på Eidsvoll og var ein av dei som skreiv under grunnlova. Då skreiv han Ole Torgersen Svanø.

Ole Svanø var nok ein dugande mann, men Kirsti, kona hans, var heller ikkje nokor evneløyse. I mange år var det halde ting på Svanøy. Då kom futen og stelte med tinget. Men ein gong høvde det slik at lekpreikaren Lars Tjødlingen frå Romsdalen kom til Svanøy medan tinget stod på. Då bad venene han om å tala Ordet i ei onnor stove enn der tinget var. Men futen fekk vita om det og ville arrestera lekpreikaren. Men då gjekk Kirsti beint til futen.

–  Er det sant at du vil setja fast Lars Tjødlingen? spurde ho.

– Ja, svara futen.

– Eg har aldri høyrt så gale, sette Kirsti i. Styresmaktene set fast dei som talar Guds ord til oss. Men slike som bannar, slæst og mest drep kvarandre, let de gå frie. Dersom du ikkje let Lars Tjødlingen vera i fred, skal det vera siste gong du får halda ting her. Eg rår sjølv over huset mitt !

No tagde futen og gjekk inn att i tingstova, og lekpreikaren fekk tala i fred.

Det er rimeleg at folk med slik varme og mynde sette merke etter seg, og det på mange vis.

Då Ole Svanø flytte til Sunnfjord, hyrde han Erik Olsen til dreng. Dei to var jamgamle og frå same bygda. Det var såleis tre lesarar på 23 år som flytte inn på Svanøy. Her tente Erik i ti år, og husbonden var ein god læremeister. Dessutan var Hauge fleire gonger på Svanøy. Siste gong var i 1809. Då brende han salt for fedrelandet, og gjekk attende til fengslet etter gjord teneste. Men han vitna litt i det små på Svanøy denne gongen.

Erik vart ein god Hauge-ven og i 1814 reiste han til Ørsta og gifte seg med dotter til haugianaren Webjørn Svendsen. Ei tid etter flytte Erik og Guro til Tingnes. Der kjøpte dei gard og tok namn etter garden slik skikken var.

Tingnes vart eit nytt lyspunkt i Førdefjorden. Guro var ei varmhjarta og dugande kone, og Erik Tingnes var meister i å leia det kristelege livet inn i sunt spor. Med presten tok han mange tak når han var etter lekfolket, og mang ein som var i økonomiske vanskar, fekk hjelp hjå Erik, som vart mest som ein far for heile prestegjeldet. Erik Tingnes tala aldri på møte, men han var flink til å få i stand møte og få andre til å tala der. Han var flink til å elska fram nådegåvene.

Vevring ligg ved Førdefjorden og er ytste sokna i Førde preste­gjeld, og kyrkja står kvitmåla oppe på bakken. I ei fjordbukt som ligg ei snau halv mil lenger inne, ligg gardane Redal og Underli. I 1833 hende her noko som fekk mykje å seia for kristenlivet i Sunn­fjord og langt vidare.

På garden Underli budde ei ung gjente som heitte Stina. Foreldra var kristelege, men hadde ikkje kome til ei levande tru. Ein dag Stina skulle til fjøset, gjekk det opp for henne at ho hadde brote dåpslov- naden sin. Det hjelpte ikkje at ho hadde levt eit sedeleg, reint liv både som barn og vaksen. Og no vart ho sers ulukkeleg. Ja, ho kom i slik sjelenaud at ho trudde at ho måtte gå fortapt. Stundom gjekk ho over til Redal for å få hjelp hjå ei truande kone som var mor til Anders Redal. Men det hjelpte ikkje. Ofte bad Stina til Gud, men det var visst ikkje hjelp i det heller. Slik gjekk ho frå mars og til juli, og folk trudde at ho hadde mist vitet. Ein dag gjekk ho inn på låven og gav seg til å be på nytt. Då kom ho med eitt i hug at Jesus Kristus kom til verda for å gjera syndarar sæle. Eg er ein syndar, og no vil eg gå til han og be om nåde, sa ho for seg sjølv, og tok til å be på nytt, og då fekk ho visse om frelsa. Ho var frelst. Stina hadde ei eldre syster som heitte Maren. Til henne gjekk ho og fortalde at ho hadde vorte omvend og kome til ei levande tru på Kristus.

Ved dette vitnemålet vart Maren omvend, og dei to systrene tok til å lesa Guds ord i lag, og bad saman. Ved dette kom fyrst mora til åndeleg gjennombrot, og så vart ein eldre bror vakt.

No tok dei til å halda husandakt. Men dette frettest snart og grannane kom for å høyra på andaktene. Dei to systrene las av Bibelen eller andre gudelege bøker. Maren bad med eigne ord og tala litt i om å søkja Gud. Stina var flink til å syngja og å tala med folk på tomannshand. Desse andaktene kom som regn over turr jord.

Folk frå andre grender bad dei to systrene koma til dei og halda andakter, og dei gjorde som dei var bedne.

Anders Redal kom heim att frå ein tur til Romsdalen, der han hadde kome igjennom til den klårleiken som han hadde søkt heile livet, og ynskt at dei måtte finna heime, var ein stor vekking i full utvikling ved Maren og Stine Underli.

I  denne vekkinga vart Mads I. Wefring omvend. Han vart ein kjend talar, og 16 år gamal reiste han nordover til Møre og Trøndelag for å tala Ordet. Og vekking fylgde det med han.

No var det nokre kloke hovud som meinte at rørsla var svermeri, og ein kveld møtte lærarane Mads Krognes og Elias Fitje fram for å føra dei villfarne på rett veg. Men fyrst sette dei seg ned for å høyre på korleis Maren tala, og ho tala slik på det møtet at det gjekk lærarane til merg og bein, og dei fekk sjå seg sjølve som villfarne og systrene Underli som vise og forstandige. Begge desse unge lærarane vart mellom førarane for kristenfolket i bygdene sine.

Men den likaste av alle som kom med i denne vekkinga, var Anders Nilsen Haave, fødd i Naustdal i 1809 og var såleis 24 år då han vart omvend. Han vart evangelisten mellom haugianarane i si tid og rakk lenger enn dei fleste.

Denne vekkinga var i stor mon ei ungdomsrørsle, og ho kunne lett ha glide ut i svermeri. Men Erik Tingnes og Peder Steinhovden kom dei unge til hjelp med kjærleik, visdom og råd. Fyrste gongen Steinhovden vart med og høyrde talen til Maren Underli, vart han sterkt gripen.

Eg har lenge sukka etter ei slik vekking, sa han. Men no må alle akta seg vel for å stå stille så dei meinar at vekking er det same som omvending. No må me veksa i kjennskap til oss sjølve, og koma Kristus nærmare i tru og dagleg gå fram i helging, for at kristendomen, som ikkje er berre kjensle, men kraft, kan få makt over alt vårt ytre og indre liv.

Etter denne talen vart ordet fritt, og dei vakte formante kvar andre, sang og bad. Steinhovden var framleies med. Stundom sat han berre og lydde. Andre stunder snakka han fram i. Slik gjekk det til langt på natt. Men så var det som han vakna.

— No må me gå kvar til vår heim. Guds rike er ikkje ord, men kraft. Dei kristne må akta seg så dei ikkje vert til støyt for dei som er utanfor.

Stina og Maren Underli heldt fram i tenesta med Ordet. Men Stina vart tidleg helseknekt og døydde lukkeleg 27 år gamal. Maren fekk ein lenger arbeidsdag, men livslagnaden hennar vart tyngre. Ho vart gift med lærar Elias Fitje, som vart klokkar i Førde og sette bu på Vie. Han var sers flink og pennefør. Difor brukte folk han mykje til å skriva offentlege skriv. Når dei så skulle takka han, måtte det som oftast gjerast nede i Sjøahola. Der var både tingstove og brenne­vinshandel. Der tok han mot så mange drammar at han låg under for drikk. Men han tok til omvending, og for å koma bort frå drikken sette han bu på andre sida av elva. Då måtte han alltid i båt om han skulle koma over til Sjøahola. Hin gong heldt han på å drukna i elva Og då han vart berga, sa han : Det er betre at kroppen druknar i elva enn at sjela druknar i Sjøahola.

Elias Fitje kunne nok ikkje røma frå alt som han hadde drege på seg i Sjøahola. Maren, kona hans, fekk spillsykja (spedalskhet/red.). Den sjukdomen herja mykje kring dei gamle brennevinssala. Og Maren Fitje døydde ung frå fem små born. Men kristenlivet hennar var inderleg heile livet ut og til eit føredøme for andre. Og signing frå Gud fylgde borna hennar og det huset som ho budde i.

Stengt for kommentarer.