john utheim : presentert av jakob straume

 

– i boken : “Kristenliv på Nordmøre. Eit festskrift”. Nordmøre krets av Norsk luthersk Misjonssamband”. Bergen 1951.

 

– fra s. 22 – 25 :

John Avleson levde berre tre år etter han kom til Utheim. Og ste­sonen John Pederson tok over garden og kalla seg John Utheim.

I den tida John Avleson budde i Torvik, kom haugevenene Lars Tjødlingen og Daniel Arnesen på vitjing. Dei heldt samling, og unge John vart omvend. Men det var ikkje så greitt. I løynd var han trulova med ei gjente i bygda. Men ho var ikkje omvend. Difor rådde venene han til å gifte seg berre med ei gjente av trua. Slik gjorde han det og.

1824 gifte han seg med Ingeborg Øydegard frå Kleive. Ho og syskena hennar vart vakte då Kirsten Fossen frå Østerdalen kom inn i heimen ei påskeafta og las av Pontoppidans forklaring og sa : Ja, slik står det, og slik må me gjere.

Ekteskapet med John og Ingeborg vart sers lukkeleg. Ho var ei sjeldan fin kvinne, klok og taktfull. Ho greidde å få eit godt tilhøve mellom seg og si stridige vermor (svigermor/red.). Dette syntest folk var eit meisterverk.

John Utheim var ein sers dugande mann, men det vart Ingeborg som fekk mest å seie innadørs. Og ho fekk mest alle syskena sine til Utheim. Dei vart litt etter kvart gifte kring om i Kvernes prestegjeld og fekk seg kristne heimar.

Løve vart gift på Vebenstad. Berit vart gift med Esten, bror til John Utheim. Esten var lærar og klokkar.

Marit vart gift med Peder Trondsen i Torvikbukt, og Mali gifte seg med Aslak Halås i Isingvågen.

Elles tok det til å verte lesarar i fleire heimar no. Kan nemne Vassgard, Bollie Kolmanskog, Øy, Bjørshol, Bae og Hjertvik. Men mest alle var innflyttarar.

Førarskapen låg på Utheim. Her ferdast venene mest. Og borna sprang ofte rundt bygda med samlingsbod.

Hit kom Anders Håve (Haave/red.), Ole Detli, Nils og Ingebrigt Grendal, Chri­stian Sollie, Mads Vefring, Sølfest Lund, Nils Ylviksaker, Ole Kallem og andre. John Utheim likte seg godt i slikt lag. Det var alvorleg kristendom dei for med.

Men Nils Engen og Gunnar Graven likte han mindre. Verst var det med Nils. Han tala om kor sume prestar vert pinte i helvete. Nils Engen vart seinare baptist.

Gunnar Graven bråka litt for mykje. Han ropte hurra når dei drog fram båten og sette i å skrattlæ når ungane rausa ned gjennom snø­skavlen så govet stod. Då sa lesarane stilt : — Undrast på kva slag sam­ling me skal få i stova i kveld.

Det var ved Gunnar Graven vekkinga kom til Grytten 1857. Men på den tid var John Utheim mest ferdig med livet.

John Utheim var både konservativ og radikal. Han likte ikkje det Mette Nils sa om prestane. Men sjølv reiste han bust mot dei og var sjølvstendig og sikker andsynes embetsfolket.

Den myndige presten Holtermann kom til Kvernes 1827. Då var John Utheim 28 år.

Holtermann synte makta si mot klokkar-OIa, som drakk seg full og gjorde ugagn. Ola fekk valet mellom å søkje avskil eller få rettsleg tiltale. Han søkte avskil. Etterpå steig fire av bygda sine fremste menn inn på kontoret og kravde at Ola måtte verte klokkar att. Men presten sa nei, og haugianaren Esten Strøm vart klokkar i staden.

Holtermann var ingen lekmannsven, og det vart ofte rivningar mel­lom John Utheim og han. Då vart det oftest Holtermann som måtte gje seg, same kor strid han var.

John Utheim gjekk sjeldan i bryllaup, barnedåp og gravferd. Han ville ikkje vere der det var spel, dans og drikk. Men brudevigslene var alltid under gudstenestene, og der var han bra viss. Ved gudstenesta skulle brudefylgjet gå rundt altaret og ofre. Men fyrst gjekk vener av brurfolket rundt i kyrkja og verva ofrarar, forat det måtte verte eit stort offer.

John Utheim syntest dette vart for mykje bråk og for lite andakt. Difor ville han ha slutt på denne vervinga. Men Holtermann likte ikkje det. Han miste innkome og heldt att. Men det nytta ikkje. Utheim fekk sitt igjennom. Likevel var tilhøvet bra mellom Utheim og Holtermann. Men det vart kleinare med ettermannen, prost Dåe, som kom i 1847.

Dåe var helsesveik og forsømde mykje av arbeidet sitt. Det vart »messefall» lange bolkar, og eit år vart det ikkje konfirmasjon heller. Då harmast Utheim slik over den skrale prosten at han gav han boka «Kirken, eller menneskers hellige samfund» av Olaus Nielsen, som i fleire år var fremste bokskrivaren for lekfolket. Det er fortalt at Utheim la boka på altaret ein offerdag.

I 1857 klaga Utheim si naud for Holtermann. Nett då var Christian Sigismund Dick ferdig som kapellan i Oppdal, og han kom til Kvernes prestegjeld, og vart der den påskehelga. Her heldt han to møte kvar dag, og det vart stor vekking over heile prestegjeldet.

Prost Dåe likte ikkje at Utheim la seg fram i arbeidet hans. Men Utheim svara berre: — Eg stødde deg, prest, til å få ein hjelpesmann, fordi cg syntest du trong ein.

John Utheim var fåmælt, og folk hadde stor age for han. Ved kyr­kja steig folk til sides like vyrdeleg for han som for presten.

I forklaringstriden fekk John Utheim syne kva han dugde til. Haugianarane i Kvernes reiste seg mot det høgkyrkjelege Grundtvig-synet som kom fram i striden om den «omarbeidede» forklaringa. Der vart dåpen kalla det einaste middel til atterføding. Dette stridde både mot Pontoppidan og Guds ord. Heller ikkje kunne dei gå med på at det munn­lege gudsordet hadde nokon føremon framfor det skrivne.

Det frie syn på mellomtinga og ymt om omvending etter døden, var ukristeleg. Den «omarbeidede» var noko av Pontoppidan og noko Grundtvig.

Ein gong John Utheim låg sjuk, hadde motparten fått den omar­beidde forklaringa inn i skulen. Men då han kom på føtene att, fekk han gjort om heile vedtaket.

I Kvernes samla han 110 underskrifter på ei oppmoding til riks­styret om å setje dei kongelege resolusjonane av 1834 og 1843 om forklaringsbyte ut av kraft. Og John Utheim stod fyrst på lista.

Om dette skrivet seier Halfdan Koht : «Dette andragende fortjener plass i det norske folks historie, fordi det er den første religiøse henvendelse som er utgået fra en norsk menighet. Den haugianske vek­kelse hadde i forveien git styrke til den norske bondereisning».

Enden på forklaringsstriden vart at Sverdrups forklaring kom i staden for den «omarbeidede», og dermed vart det ro.

John Utheim var med då Holtermann skipa lag for Det Norske Misjonsselskap på Kornstad år 1846, og han heldt Norsk Misjonstidende til dess han døydde år 1858. Men då hadde litt av ei ny tid runne over bygdene her.

 

Skriv inn søkeord..