samson stueland : presentert av jacob straume

 

– i boken «Kristenliv i Hardanger, Sunnhordland og Karmsund. Eit Sogeskrift». Haugesund, Sunnhordland og Hardanger Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1960.

 

– fra s. 21 – 22 :

 

Samson Stueland blei fødd i Kvinnherad 1798.

Tjueseks år gamal møtte han John Haugvaldstad, blei vakt og kom til liv i Gud. Han fann ein god truande bror i Gudmund på Fossberg. Dei to blei dei første Haugevenene i Kvinnherad. Sjølv om det låg tolv kilometer mellom Stueland og Foss­berg, så gjekk dei to venene til kvarandre om søndag og tala saman, sang og bad. Etter samværet i heimen fylgde dei kvarandre på heimveg. Men folk sa at dei hadde vorte skinhellige og falske profetar.

Samson Stueland vart trulova med Anna Røisland, og folk syntes synd om henne, som måtte gifte seg med slik ein skruve.

Men no blei det snart fleire lesarar kring om prestegjeldet, og dei tok til å samlast omkring Glids ord, sjølv om dei visste at dei hadde konventikkel-plakaten mot seg. Samson Stueland blei leiar. Han var ikkje tungerapp, men varmhjarta, klårtenkt og varsam.

I 1833 kom han på tinget, og der arbeidde han av all makt på å få av­lyst konventikkel-plakaten. Då tre storting på rad hadde gjort vedtak om å avlyse plakaten nytta det ikkje lenger for Kongen å nekte sankjon, og han blei avlyst i 1842.

Stueland arbeidde også hardt for å få forbod mot å brenne brennevin på gardane. Det måtte bli forbod mot å selje brennevin ved kyrkjene på helgedagane, og han fekk det i gjennom. Men då blei folk harme og vraka han som tingmann. «Han skal ikkje få sitje på tinget og gjere det svart og kaldt ved kyrkja», sa dei.

Stueland blei ikkje arbeidslaus fordi han ikkje kom inn att på Stortinget. Han hadde eit klårt syn for praktiske ting, og var lenge ordførar.

I 1842 var han med å skipe Misjonsselskapet, og då han høyrde om Skiens og Langesundsfjordens forening for Indremisjonen, skreiv han etter opplvsningar om arbeidet og lover for organisasjonen. Etterpå skreiv han til leidande brør kring om i Hardanger, Voss og Sunnhordland om å skipe ein samskipnad for Indremisjonen i desse bygdene. Skipingsmøte blei halde i løa til Hans Døsland, Uskedal, og Samskipnaden blei organisert 1864. Stueland var formann i mange år.

Gisle Johnsen bad han også bli med i Lutherstiftelsen, då den blei skipa 1868. Men Stueland sa nei fordi han kunne ikkje sjå på lekmannsarbeidet som ei naudhjelp for kyrkja. Lekmannsarbeidet har heimelen sin i Guds ord, og vil alltid bli naudsynleg på jorda.

Kvinnherad fekk eit stort overskot, som kom andre til gode. Såleis fekk lekmannsarbeidet i Haugesund fleire av leiarane sine frå Kvinnherad. Her kan ein nemna kemnar Hans Skarvetun (1807—77), Johannes Valentinsen (1824—73), Samson Sandvig (1841—1913) og Nils Skorpen (1808 —1890).

Nils Skorpen blei tilsynsmann for veneflokken i Haugesund. Han kun­ne megle, og strid blei gjort opp i samla veneflokk. Han var som ein støytfangar. Forkynninga hans var om forsoninga i Kristus. Rettferdiggjering av tru og formaning til heilag liv.

Samson Sandvig blei kalla Store Samson fordi han var stor. Dessutan hadde han ein bror som heitte Samson, og han var både yngre og mindre enn Store Samson.

Nils Skorpen møtte Samson Sandvig på gata, men rakk så vidt å løfte handa opp på herda hans.

Du må kome og bli med oss no, bad Skorpen. Me har venta på deg lenge.

Samson Sandvig fylgde kallet, og blei lesar. Han blei ein mektig førar for flokken på «Oppbyggelses-huset» i Haugesund. Men han var ikkje så flink til å megle som Skorpen.

I 1870 åra skipa presten Erik Olsen ein «studentfabrikk» i Sandvik i Kvinnherad. (Oscar Handeland, Vårløysing III s. 39.) Mange evnerike ungdomar las til student-eksamen der. Dei kom nok med kritikk i hovedet, men samvitet vakna, og då trua kom, blei det liv i hjarto hjå fleire.

Mellom dei kjende menn som gjekk her, kan nemnast Bernt Støylen, G. L. Tangen, B. A. Lindeland, Anders Hovden og sekretær Andreas Lavik.

Støylen kom til Kvinnherad i 1876. Samson Stueland levde enno og det var fleire lesarar. Mellom dei var sonen Erik Stueland den fremste.

Stengt for kommentarer.