elling eielsen : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit festskrift». Bergen Krins av Norsk Luthrsk Misjonssamband. Bergen 1952.

 

– fra s. 21 – 23 :

 

Elling Eielsen var fødd på Sundve, Vossestronda 1804.

Foreldra var Haugianarar. Faren var lærar og underlensmann, og barneflokken talde ti. Elling var kvikk og stridlyndt frå barndomen av, og i ung­domen var han ein villstyring, men fall ikkje i grove synder. Då han vart vaksen, kom han i teneste hjå ein farbror, og kona hans sa ein dag eit ord som gjekk Elling til hjarta.

Han vart still og alvorleg. Ofte grunda han på om han var mellom dei utvalde, og var han ikkje det, så kunne han ikkje verta salig. Kameratane prøvde av all makt å få han med i moro og leik. Men det nytta ikkje. Han hadde sagt farvel til verda med heile viljen sin. Men fredlaus var han og søkte ut.

I Bergen gjekk han fyrst i snikkarlære, så i smedlære og til sist kom han i teneste hjå Haugianarfolket Peder og Karen Odland. I denne heimen vart han førd gjennom ei sann omvending til ei levande tru. Her fekk han oppleva at Jesu Kristi blod reinsar frå all synd, og han fann fred. Straks etter bad venene han om å vitna om sanninga. Men han leid av menneskefrykt, som hindra han ei kort tid. Men så braut han ut som ein vulkan og trengde gjennom alle hindringar.

Elling Eielsen fekk ei veldig slagkraft når han tala, og i 1832 fekk venene han til å reisa til Troms.

I Nordland tala han Ordet i to år. Etterpå reiste han sør gjennom Trøndelag og Austlandet. Alle stader for han fram som ein brann og kveikte vekkingselden kvar han kom. Og no var han ikkje lenger redd for menneske.

På eit av møta hans på Jæren var fleire prestar til stades. Då sa den eine til Eielsen :

— Er du ein Guds profet, så syn det ved mirakler.

— Er vantrua sa stor at ho krev mirakler, så bør du gjera dei fyrst, etter di du gjev deg ut for å vera eit sendebod i Kristi stad, svara Eielsen.

 

EIN PREIKESUNDAG

Ein sundagsmorgon i 1835 gjekk Eielsen og tre vener til fots frå Bergen. Dei esla seg til Haus kyrkje til kyrkjetid. Difor var dei tidleg oppe og gjekk fort. Dei kom til Breistein i god tid og fekk skyss over fjorden. Etter gudstenesta samla Eielsen folket til møte. Og mange kom . Eielsen tala livleg og godt. Det var som det lynte til alle sider. Ein flokk kvinner stod eit stykke ifrå. Dei var sterkt gripne, og fleire gret. Mennene stod nærare talaren, og sume banna, og ein stor svær kar vart så rasande at han lyfte ei stor vassbytte over hovudet til Eielsen og truga med å knusa det.

Men Eielsen tala like roleg med testamentet i handa, og mannen våga ikkje å fullføra trugsmåla sine. Då ropa ein i flokken :

— Ver tolmodig. I morgon bit seien betre !

Samlinga vart som eit stormande hav. Alt stod som i ein røyk. Men no ville ikkje Eielsen at det skulle verta verre. Difor slutta han og reiste opp over til Mjelldal. Der budde ein lensmann som var frå Voss, og Eielsen kjende han. Lensmannen var ikkje heime, men kona gav Eielsen lov til å tala der. Og no tala han som ein isbrytar. Alt måtte bresta for han som i ein vårflaum. Med same han hadde tala frå seg, kom lensmannen.

— No lyt du preika for meg og, sa han.

Eielsen svara ja, og la i veg med ei ny preike med ein gong. Og denne preika vart like full av eld og heilag varme som den fyrste. Men då kom presten og tok til å skjenna på Eielsen. Han sa at meinte han seg å vera slik svær kar, så burde han søkja seg eit embete. Men Eielsen svara lite til dette og tok på heimveg.

Brått var det ein som ropa :

— Å du Nils, du Nils som dreg på desse bønemennene !

No kom det liv i bygdevektaren. Han var skeiv i båe augo og i føtene og skakk i heile kroppen. Han tok ein lang staur og hinka etter Eielsen og kameratane hans ein fjerdingsveg med han skjegla og truga med stauren. Han hadde ei kanne havre av kvar gardbrukar, for å jaga fantepakk ut av bygda.

Men den elden som glødde i Eielsen den dagen, brann i han alle dagar og jaga han alltid vidare. Og om nokon ville ha han til å drya eller ville tala lenge med han, så svara han at han hadde ikkje tid. Han skulle setje eld på heile landet.

Skriv inn søkeord..