johan nerland : presentert av jacob straume

 

– i boken «Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit Festskrift». Bergen Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.

 

– fra s. 44 – 45 :

Johan Nerland.

Då det leid mot slutten med Elias Fitje, kom Johan Nerland til Førde og kjøpte huset hans i 1854 og flytte det over til Teigen, som og var kalla Halvbrend. Han vart føraren for kristenflokken etter Maren og Elias Fitje og fekk mykje å seia for heile Sunnfjord.

Johan Nerland var fødd i 1830 i Kristiansund. Far hans døydde tidleg, og mora gifte seg opp att og flytte til Trondheim. Der gjekk Nerland på skule med Anders Hauge til lærar.

Då gullfeberen frå Amerika herja som verst, prøvde mange å reisa til Amerika. Nerland vart med ein flokk unge menn som hadde kjøpt seg ei gamal skute, som seljaren hadde måla fin. Men ho var så rota at mannskapet nekta å sigla henne over Atlanteren. Men karane kom seg til Brasil, og gjekk i gang med plantasje-drift. Nerland vart kokk. Men så tok gulfeberen til å herja, og mange av kameratane døydde. Nerland vart sjuk og døden nær, men han stod det over og kom seg heim att.

I Levanger gjekk han i fargarlære hjå fargar Eide, som var Haugianar. Han sa : Du må ikkje leggja deg etter å tena pengar, men etter å gjera godt arbeid.

Her møtte Nerland Anders Haave som hjelpte han til fred med Gud. Haave sa at der var ingen fargar i Førde eller Sunnfjord.

No gjorde Nerland ei ferd til Hamburg og Altona for å læra meir. Etterpå flytte han til Førde. Og det gjekk slik til at folk sette si ære i å ha fått tøyet sitt farga i «gofargen» til  Nerland.

Nerland kalla heimen sin Nøysomhet, og han levde slik at namnet høvde godt. Men gjestfri var han som få. Ved gjestmilde fekk han gjort ei større gjerning i Sunnfjord enn dei fleste i hans tid : Nerland fekk mange forkynnarar til å vitja Sunnfjord, og han sytte for alt alt dei trong.

I 1879 kom lekpreikaren Anders Haavik til Førde og heldt møte i tingstova i Sjøahola. Det vart vekking, og møteromet vart så reint for lite. Då sette han Nerland på tanken at dei måtte byggja bedehus, og Nerland gjekk inn for saka med full kraft. Han vende seg til både høg og låg med bøn om arbeid og gåver. Såleis gjekk han til skrivaren og. Men skrivaren meinte at dei hadde gudsfrykt nok i Førde om dei ikkje skulle byggja bedehus attåt.

Likevel gav han tjue kroner. I 1881 vart bedehuset vigsla, men då hadde dei samla gåver til det heilt i frå Haukedalen og Kinn.

Nerland stod i levande samband med kristenfolket i heile Sunnfjord, og var det større møte i Førde, så var heimen hans samlingstad for dei truande.

Nerland var ikkje forkynnaren. Likevel gjorde han mykje til å fremja kristenlivet, og var kjend og vyrd både som menneske og som kristen. Han drog og til seg gode yrkesbrør som arbeidde hjå han i fargeriet. Den eine var fargar Lunde, og ein annan var Peter Steen, som flytte til Hafslo. Begge var varmhjarta kristne.

Men om Nerland ikkje var talar, så tagde han ikkje for det. Ein sundag køyrde han i lag med drengen sin, Hans Halvbrend, til kyrkje. Hans var 19 år gamal.

– Hans, bed du til Gud ? spurde Nerland.

– Ja, svara Hans. Men det var lygn.

Nerland sa ikkje noko meir, men tenkte på sitt. No tok Hans til å tenkja alvorleg over dette. Her sat han i sleden på veg til kyrkja, og midt i dette sat han og hykla og laug både for Nerland og Vårherre. På denne køyreturen vart Hans vakt, og me finn han seinare att mellom pionerane for Kinamisjonen i Hafslo.

Stengt for kommentarer.