hans olsen torskø : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit festskrift». Bergen Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.

 

– fra s. 19 – 21 :

 

NYE FORKYNNARAR.

I Bergens stift fekk Haugianarane leva eit stilt og roleg liv, og det vart mest som eit serdrag her.

Men det kan henda at kornet vorte betre mata om det hadde kome litt meir vind over den haugianske åkeren her. Men det vart reine vindstilla under den myndige handa til bispen Johan Nordahl Brun.

Likevel gjekk det tolleg bra, og her grodde opp ei slekt av det ålmenne prestedøme. Ein av dei nye forkynnarane kom frå Manger i Nordhordland og heitte Hans Olsen Torskø, fødd 1802.

Foreldra var bønder og hadde det som folk flest. Etter at Hans hadde gift seg, reiste han til Stavanger og fekk seg arbeid med å bøta not. Her vart han vakt ved å lesa bøner or Kingos salmebok. Med han sat åleine på loftet og batt not, stengde han døra, song salmar, bad og tala Guds ord, som om han hadde fullt loftet med folk. Nokre Haugianarar gjekk fram om og høyrde kva han dreiv på med, banka på døra og spurde han ville vera med til Valberget. Der hadde dei bedehus.

-— Kva gjer de på der ? spurde han.

— Me syng salmar, bed til Gud og les ordet hans og formanar kvarandre til å tru på Jesus og fylgja etter han i heilag ferd.

Hans Torskø ville gjerne vera med på alt dette, for det var nett det same han dreiv på med her. John Haugvaldstad gav han broderhand ved å la han be på samlingane, og han fostra Torskø opp til å verta ein av dei originalaste lekpreikarane som har vore på Vest­landet. Det sermerkte var ikkje opplæringa, men arven. Han hadde rike evner, og Herren la nådegåvene sine attåt.

Hans Torskø fekk ein hard strid under lova, men i førti-åra kom han til evangelisk frigjering, og vart ein forkynnar av Guds nåde. Då refsa han synd som døyparen Johannes, og hadde stor makt i talen sin. Han bad folk om å venda om og fylgja etter Kristus i heilagt liv. Men han kunne meir enn preika bot. Han tala jamt om Jesus Guds lam for både seg sjølv og andre, og det var vanleg at han las Esaias 53 utanboks til morgonbøn.

Hans Torskø reiste rnykje som lekpreikar på Sør- og Vestlandet. Hans timelege kår var helst tronge. Men vener studde han så mykje at han leid inga naud. Men Haugianarane reiste på eigen kostnad, og ein flokk av dei heldt strengt på ordet om at de har fått det for inkje og skal gjeva det for inkje. Og ein dag møtte han nokre karar som bar dette inn på han.

— De talar liksom Satan. Han ville at Jesus skulle eta steinar for brød, svara Torskø.

Han stod ikkje fast for svar og stod heller ikkje fast for tekster. Som oftast tok han tekst frå Bibelen. Men sume tider kunne han tala om sine eigne røynsler. Då tala han utan tekst. Andre tider tala han over eit salmevers eller noko frå katekisma. Men det var det same kva han brukte. Alt vart åndeleg, og han nådde viljen og samvitet slik at folk vakna, anten dei var sløve kristne eller syndeslaver. Og alle prøvde han å visa vegen til Frelsaren. I Haugesund tala han mykje, og her tok venene seg serleg av han. Men han syntest at dei fleste ville vera litt for fine, og likna for mykje på dei verdslege.

Ei julehelg siglde fire av venene hans i Haugesund nordover for å vera i lag med den store profeten sin i høgtida. Han hadde nok bede dei til seg. På julebordet sette han fram poteter og småsild. Ver så gilde å et, venene mine, sa han. Maten er god. Eg har fått han av Vårherre. Dermed heldt han ei inderleg takkebøn før måltidet. Og då dei hadde ete seg mette, takka han Gud på ny. Då dei var ferdig med maten, song og tala han om Barnet i krubba og fred på jorda. Om kvelden reidde han halmbol på golvet, og bad karane liggja der i lag med seg.

— Det er måta åt den Gamle Adam, sa han for seg sjølv opp i veggen.

På ei ferd til Strandebarm vart han fælt sjuk. Då knurra han og klaga. Men midt i det han bar seg som verst, sa han til Gud :

Legg berre på du, Far. Du lyt bera det sjølv.

Hans Torskø gjorde fleire preikeferder etter dette. Og kvar gong han tok ut på ny, sa han : Ja, no i Jesu namn. Det same sa han før han slokna i 1865. I Jesu namn hadde han frimod i alle anfektingar, og dei var ikkje få.

Og med det same namnet hjelpte han mange til frimod.

Hans Torskø hadde ein son som heitte Johannes. Han vart ein gild emissær, og dotter til emissæren vart ein varm kinaven. Ho stelte med eit lag for Kinamisjonen, og laget går godt enno. Hans Torskø hadde og sonen Ananias Hansen som var ein gudeleg mann og budde i Sæbø. Ei dotter til Ananias Hansen heitte Amalie og var sers gud­fryktig og var gift med A. Marås. Dei vart lærarfolk i Gjerstad og gjorde mykje for Kinamisjonen der.

Stengt for kommentarer.