ivar venjumshola : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit Festskrift». Bergen Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.

 

– fra s. 55 – 57 :

Han var fødd i Fjærland, og 17 år gamal vart han vakt. Det vart ein lang og tung sjelestrid før han fann fram til fred.

Men det hende i ei kyrkja kring 1860 med han høyrde presten seia :

— Den som ikkje vil tru Guds ord om den frelsande nåde i Kristus, han gjer Gud til ein lygnar. Høyr det du som er søkjande. Gud har gjort alt ferdig for deg i Kristus, og Jesu Kristi Guds sons blod reinsar frå all synd.

Det var som ein stein fall frå hjarta til Ivar. No hadde han vorte ein kristen som kvilde i nåden.

Då Ivar gifte seg, sette han fyrst bu på Veitastranda. Men der gjekk ei skride over heimen hans, og det var berre ved eit under at han og huslyden vart berga. Seinare bygsla han Venjumshola og vart bygslemann under Venjum. Etter den tid skreiv han seg for Ivar Venjumshola. Han var ein smålåten og slagferdig lekpreikar.

På bryggja i Sogndal stod ein gong ungdomsflokken og ville halda ap med Ivar. Ei skamløyse tok Ivar til sides og sa at det har hendt ei ulukke sidan sist han var her.

– Kva er det? spurde Ivar med ein plir i augo.

– Satan er daud, svar hin.

– Stakkars deg då ! sa Ivar. — Du har mist far din.

På ei ferd kom han som bibelbod inn til presten Krogh Tonning i Årdal. Presten lurde på kva Ivar syntest om prestane, og spurde han om kva han tykte om presten heime i Hafslo.

— Å, han har slik ein lei hoste, svara Ivar. Og det var sant.

Men Tonning snudde seg bort og drog på smilen. Han hadde høyrt nok.

Ein gong skulle Hans Nes og Ivar Venjumshola tala på bede­huset i Lærdal. Då Nes hadde tala lenge, hadde folk vorte svevnuge, og det hjelpte lite med ein lang salme. Men då steig Ivar, som var liten, opp på bordet og spurde : — Seg meg, godt folk. Kva skal me gjera for å få Satan ut her i kveld ?

Men då vakna folket, og det kjendest ut som Satan var ute med ein gong. Ivar arbeidde heile sitt liv på å få Satan ut.

I Hafslo levde Haugianarane slekt etter slekt, og Kinamisjonen kom inn i fleire av desse ættene.

Johannes Hillestad var Haugianar. Han var bestefar til Johannes Kvam, som vart ein av førarane for Kinamisjonen i Hafslo. Hillestad var også oldefar til Johannes Sønnesyn, som me seinare skal sjå gjorde mykje for same saka. Ei eldsjel.

Lærar og klokkar Einar Joranger var førar for lesarane i Hafslo i si tid, og då tida kom, var han for Kinamisjonen og.

Kari Oppheimshaug var Haugianar, og Anna, dotter hennar, vart gift med Johannes Eikum. Han var telefonstyrar og heimen deira stasjon for kinaemissærane.

Ingebrigt Høgi var og Haugianar, og sonen Johan like eins. Ingebrigt hadde ein god ven på Lauvhjell i Luster, som heitte Johan. Og der i garden var ei vakker gjenta som heitte Ellen, som vart gift med Johan Høgi. Ellen Høgi var ei uvanleg gild kristen kvinne, og heimen vart ein gild lesarheim.

Av lesarheimar vart det mange i Hafslo. I 1870-åra gjekk det ei vekking over heile Indre Hafslo, og det vart truande menneske på dei fleste gardane, og dei fleste vakte vart ståande som lesarar all sin dag.

Stengt for kommentarer.