nils jensen optun : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit Festskrift». Bergen Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.

 

– fra s. 50 – 51 :

Det året Hauge kom til Luster, hadde Sogn sin fyrste fastbuande lekpreikar snautt kome ut or reivane. Det var Nils Jensen Optun, fødd på Optun under Skagastølstindane i 1800. Tjue år gamal vart han omvend til Gud ved Haugianarane i bygda.

Frå då av vart han eit Kristi sendebod som reiste rundt heile det sørlege Noreg med evangeliet. På desse ferdene sine svalt han og leid vondt, vart fengsla og forfylgd, men heldt ved like trutt. Han var ein kjærleikens apostel, og hadde stor nådegåve til å føra folk til Gud. Forkynninga hans var omvending og tru på Jesus Kristus, og å fylgja etter han i heilag ferd.

Hausten 1837 vart det mange vakte ved han på Tønset. Men då fekk soknepresten lensmannen til å arrestera han. Enno stod konventikkelplakaten ved makt. Men venene samla seg ut for arresten og song salmar heile natta, slik at lensmannen fann det best å sleppa fangen fri neste morgon.

Frå Tønset drog Optun sørover Rendal. Der vart Tollef Bjøntegard omvend ved han, og vart ein kjend lekmannsførar.

I påskehelga etterpå hadde Optun lova å tala i Hafslo, og reiste heimanfrå skjærtordag. Men det vart snøløysing, og han vassa i snøvatn til midt på leggen. Den dagen rakk han ikkje lenger enn til Flathammar i Luster. Der slokna han same kvelden. Han døydde ung, berre 38 år gamal.

Stengt for kommentarer.