ola brustoven : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit Festskrift». Bergen Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.

 

– fra s. 51 – 53 :

 

Inne i Fortunsdalen renn to elvar i hop og lagar ein foss. I den fossen bygde Hauge ei stampe. Over fossen bygde han ei bru, og ved brua bygde han ei stove som venene kunne ha samlingar i.

Der var bustad og arbeidsrom for dei som dreiv stampa. Denne stova vart kalla Brustova. Her vart Ole Olsen Brustova fødd i 1818. Men folk kalla han alltid Brustoven.

Han vart lærar i Fortunsdalen, men skulen varde ikkje heile året i dei dagar. Difor fekk han god tid til å vera lekpreikar, og det vart han.

Brustoven vart ein førar, klok og modig. Og han var lik Haugianarane i det at han stod vakt om den sunne læra. I hans tid vart Jensens lesebok førd inn i barneskulen. Brustoven lika ikkje det, og ville bruka nytestamentet til lesebok, slik han hadde gjort før. Presten klaga Brustoven for dette, og då biskopen kom, spurde han om her var nokon lærar som ikkje ville bruka Jensens lesebok.

– Ja, svara Brustoven høgt i kyrkja.

– Kvifor ? spurde biskopen.

– I boka står. Bæ, bæ, seier bukken. Eg og vil bli sæl. Men dette er spott, meinte Brustoven. Og det tolde han ikkje.

Då biskopen la imot svara han berre : — Bukken si sæla er hamaren i skallen, og kniven i strupen.

Ein gong kom Brustoven til sokneprest Rasch i Jostedal. Kring prestegarden stod mange fine bjørker som tuntre, og opp i greinene hang ambarar, bøtter og tiner.

– Kva er dette for noko ? spurde Brustoven.

– Det er gåver som bøndene har gjeve til presten, svara Rasch.

Å, er det sakramenttjuvar, sa Brustoven tankefullt.

I Eksingedalen spurde Brustoven ein mann om han skulle få lov til å halda samling i stova hans.

Mannen svara nei.

– Me skal tala berre om barnelærdomen vår, sa Brustoven.

Då skal du få lov, svara mannen, som vart omvend til Gud på den samlinga.

På ein tur til Valdres hadde Brustoven ein kamerat, som skulle tala fyrst. Ein mann som sat ved peisen, sende                          ei tobakksklyse beint i andletet på kameraten.

Eg må visst ta til sjølv, sa Brustoven. Og då vart det stilt.

På sine gamle dagar sat Brustoven som ein patriark heime i Fortuns­dalen, og mange kjende talarar vitja han der. Hit kom Lars Oftedal, Jakob Traasdahl og fleire. Han gav gjestene av kvardagsmaten sin. Det hjelper mot svolt, sa han.

Men det var mange andre og som fann vegen til Brustoven. Ein mann og ei kone kom ofte. Men dei kom alltid kvar sin gong.

– Kva meiner du om kona mi som vitjar deg sa ofte, spurde mannen.

– Eg tenkjer det er bra med henne, svara Brustoven. Eg likar mindre deg.

 

Ein professor Meland frå Amerika heldt eit foredrag om Moses, og Brustoven høyrde på. Etterpå sa han :

– Ja, vert eg så heldig at eg kjem opp i himmelen og møter Moses, så vil eg spørja han om det er sant.

Ein gong spurde soknepresten i Luster om konfirmantane visste om nokon som var syndefri.

– Brustoven, ropa ei gjenta.

Han døydde i 1898, og då dei opna testamentet, hadde han testamentert ein slump til Kinamisjonen. Han var bindeled mellom gamal og ny tid.

I Indre Sogn var det fleire kjende lekpreikarar. Hans Nes var ein av dei. Han budde på Nes i Luster, levde av garden sin og reiste fritt.

Fredrik Frås budde fyrst i Solvorn og seinare på Hillestad i Hafslo. Han reiste rundt heile Sogn og vidare med evangeliet og vart seinare Stortingsmann.

Stengt for kommentarer.