h.n. hauge til bergen sommeren 1798 : presentert av jakob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Et festskrift». Bergen 1952.

 

– fra s. 15 – 17 :

 

I juli 1798 kom Hans Nielsen Hauge til Bergen for fyrste gong.

Her tok smeden Erik Svorstøl mot han og let han bu hjå seg på nokorlunde same tomten der dagbladet «Dagen» nå kjem ut. Svorstøl var frå Fimland i Sunnfjord. Han fekk Hauge nordover for å trøysta ein lensmann, som hadde mist kona si og var komen på alvorstankar.

Då Hauge kom til Bergen, var der fleire rettlærande prestar enn i nokon annan by i landet. Her var Johan Nordahl Brun stiftsprost og styrde bispe-embetet i staden for Ole Irgens som var blind. Brun stridde med velde mot rasjonalismen og for den rette læra. Og han stridde som ein riddar i full rustning mot ein kvar som reiste seg til forfylging mot Hauge. Men han såg knapt det store i sjølve Haugerørsla. Og underleg nok gjorde ho mindre av seg her enn på mange andre stader der ho fekk meir motburd. Her var så mange rett-lærande prestar som venene kunne høyra på at dei forsømde sine eigne små samlingar. Lekfolket forsømde sjølve lekmannsarbeidet, og det vart ofte døden.

Elles gjekk det i Bergen som så mange andre stader i landet at Hauge fann kristne frå før, eller dei hadde gått vakte. Og han knytte arbeidet sitt til fortida. Her i byen fann han jomfru Maren Boe som hadde tent hjå sjølvaste Pontoppidan og hadde kome til personleg gudsliv der. Då Hauge kom, vart ho nya opp att. Etter Hauge hadde arbeidt i Bergen ein månad, hadde folket vorte merksam på han. Gategutane synte det ved å halda skrål og bråk utanfor husa der han heldt samlingane sine. Politiet sette og augo sine på han og kalla han inn til forhøyr. Men han kom lett frå det, for di Brun sende dei eit alvors ord om saka. Der skreiv han mellom anna :

— Den ypperlige forordning av 13. januar 1741 — konventikkel-plakaten er faktisk avlyst ved skrivefrihet. Må halvlærde skrive mot Guds ord for millioner, så må vel ulærde som elske Guds ord, på sin vis tale det fritt i private hus for et snes mennesker. Av dette veit me nokorlunde kor mange det var som samlast med Hauge i Bergen i den fyrste tid.

I stiftet elles var stoda den at rasjonalistiske prestar hadde dei fleste preikestolane. Men folket heldt seg til bamelærdomen etter Pontoppidan og song salmane etter Kingo og Dorothe Engelbretsdatter.

Men Bergen var Noregs fremste handelsby, og det var nok ikkje berre varer som kom med skutene frå framande land, men noko av åndslivet med. Og mange gudlause tankar kom den vegen til handels­folket i byen, kanskje mest frå Frankrike og den franske revolusjonen. I stor mon låg rasjonalismen kring toppane som kaldskodde, men nede mellom folket rådde huspostillen og salmeboka.

Av biblar fanst der ein for trettiande kvart menneske. Her var såleis mykje fullverdig rffcom mellom folket, såkorn som venta på varmen.

Frå 1801—04 budde Hauge i Bergen som handelsmann. Det var nok ikkje handelen som sat djupast i hugen hans, endå om han hadde store evner til det. Men alle dei gonger han vart arrestert, kom styresmaktene med konventikkelplakaten og lausgjengar-lova.

No var Hauge ein sers lovlydig natur, som aldri ville bryta Guds eller kongens lov. Når han likevel kom i konflikt med styresmaktene, så meinte han at det var dei som mistydde lova. For å få slutt på all mistyding tok han til handel, og dermed hadde han eit lovleg yrke.

Med konventikkel-plakaten fekk det heller skura, etter di han visste med seg sjølv at han var retteleg kalla av Gud til å forkynna evangeliet. Og det var kanskje fieire enn biskop Brun som meinte at plakaten var avlyst med skrivefridomen.

Hauge vart ingen heimesitjar i Bergen. Han reiste vide med Ordet og skuter som var lasta med korn til folk som trong sårt om det.

Men i røynda stod konventikkel-plakaten ved makt, heilt til han vart avlyst i 1842, etter å ha rådt i hundre og eitt år. Men ånda i han rådde vel lenge endå.

Visst kom det ei ny livsrørsle inn i det norske presteskapet frå den danske åndshovdingen N. F. S. Grundtvig. Det var serleg presten W. A. Wexels som var faneberaren for denne flokken. Men det bar i sers høgkyrkjeleg lei med lite kristeleg liv i fylgje.

Stengt for kommentarer.