hans nielsen hauge i trøndelag : presentert av jakob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Trøndelag. Eit festskrift». Trøndelag krets av Norsk Luthersk Misjonssamband. 1952.

 

– fra s. 12 –

 

Landet hadde vore kriste i mange hundre år, og gudskunnskapen hadde vorte klårare etter kvart. Med landskulelova av 1739 vart det vanleg at folk måtte lære å lese.

Pontoppidans forklaring Sandhed til Gudfrygtighed vart gjord til hovedfag i skulen, som dermed vart ein kristendomsskule. Bibelen vart billegare i pris, og kom inn i alle grender. I slutten av hundre-året fanst den i mange heimar. Det vart vanskeleg å finne ein heim som var utan postill, og annakvart menneske hadde salmebok.

Bispevisitasane som hadde gått føre seg på tredje hundre året, hadde som mål å hjelpe fram kristendomskunnskapen i folket.

Vekkingar gjekk det og gjennom landet i 1730—40. Det tok litt fyr i gudskunnskapen her og der og kom som ei lysning over landet. Men atter seig natt på landet ned i opplysningstida mot slutten av hundre-året. Mange prestar vart gode potetprestar. Dei tenkte og tala meir om denne verda enn om himmelen. Difor vart mange av dei flinke folkelærarar, som heller sløkte lyset enn kveikte det. Lyset i mange av dei vart mørke. Men folket åtte ein kristeleg bokskatt, som dei elska og sette høgt i ære. Og den bokskatten kveikte og nørde lengten etter Gud.

Slik gjekk det til da Hans Nielsen Hauge var fødd i Austfoll (Østfold/red.) 3. mai 1771. Han voks opp slik som mange bondegutar. Han fekk lære å arbeide med hendene. Men i fritida las han alt som han kom over. I heimen eller grannelaget var desse bøkene : Luthers katekisme, Pontoppidans forklaring, Troens rare klenodie av H. A. Brorson, Kingos salmebok, Bibelen, huspostillar av Martin Luther, Henrik Muller, Johan Arnt, og Pontoppidan. Dessutan var der skrifter av Tauler, Jersin, Collin, Spener, Francke, Bengel og fleire. Alt dette var kristeleg lesnad som var med å skape Hauge til det han vart.

Og slike bokskattar var spreidde kring om i heimane. Der gjorde dei same arbeidet som godt såkorn i god jord. Gudskunnskapen i denne bokskatten førebudde folket for den gjerning som Hauge var skapt til.

Hauge sa sjølv at desse bøkene berga han frå grove laster, men kjærleiken til verda og andre synder vann han ikkje over ved å lese. Og di eldre han vart, di meir likna han verda.

Ofte fekk han vondt samvit for di han var ulydig mot det han visste var rett. Da sette han seg føre å ville leve som ein kristen. Da lærde han seg salmar og song seg glad. Men det gjekk ikkje lenge før han kjende kor verdsleg han var, og da kvarv gleda med same. Da vart han sorgfull, og meir enn ein gong fekk han kjenne kor syndig han var.

Den 5. april 1796 gjekk han bak plogen slik som han hadde gjort så ofte. Men no vart han aleine med Gud, pint og plaga av mange spørsmål, uviss og fredlaus, slik mange har gått. I sterk kjensle av synd tok han til å synge salmen: Jesus din søte forening å smake. Da han hadde sunge andre verset, vart han sanselaus av glede, og verset lyder slik : Styrk meg rett kraftig i sjelen der inne, at jeg kan kjenne hva Anden formår. Ta deg til fange min tale og sinne, led meg og lokk meg så svak som jeg går. Meg og hva mitt er jeg gjerne vil miste. Når du alene i sjelen må bo, og seg omsider på doren må liste. Hva som forstyrrer i hjertet min ro.

Hauge bad ei bøn i denne salmen, ei bøn som stemde med det som hjarta trong, og vart bønhøyrd. I denne stunda på åkeren fekk han oppleve frelsa. Han vart atterfødd og fekk eit nytt sinn. Han fekk det som evangeliet alltid vil gi ein syndar når det ved tru smeltar sa man med den som høyrer det.

I den sterke opplevinga av frelsa angra Hauge at han ikkje hadde tent Gud. Og han syntest at ingen ting i verda hadde noko å seie for han, og no hadde Guds kjærleik vorte utrent i hjarta hans slik at han fekk inderleg kjærleik til Gud og nesten. Han fekk eit nytt sinn med sorg over synd og sterk trong etter at andre måtte kome inn i same nåden.

Hauge fekk stor hug til å lese i Bibelen. Her fekk han sjå at Kristus er komen for å frelse, og vi skal ved hans Ande vende om og fødast på nytt, og helgast meir og meir til å tene Gud. Slik vart guten frå Tune budd til den tenesta, som han skulle gå inn i. Han skulle tenne eld i kunnskapen om Gud, ein kunnskap som var alle manns eige.

Når vi ser på Haugerørsla, ligg det nær å tenke på dei ord som han sjølv tala, han som for over mest heile landet. Og det var utruleg kor langt han rakk, anten han var fange eller fri. Det ser ut som det låg ein gneiste av liv i kvart ord han sa. Ja, berre hans nærver sette folk til ettertanke. Likevel nytta han midlar som rakk enda lenger enn personleg nærver og munnlege ord. Med to papirfabrikkar og fleire prenteverk sende han dei tretti tre bøkene sine ut i ein halv million eksemplar, og det såg ut til at det var eld i kvar ei bok. Den Heilage Ande var der og.

Den andre store gruppa av hjelparar som Hauge brukte, var venene sine. Kvar ein ny kristen hadde vitneplikt. Og synte det seg at dei hadde nådegåve til å tale Ordet, bar det gjerne ut på talarferd, anten det var kar eller kvinne. Samanlagt heldt venene mange fleire sam­lingar, og gjorde fleire ferder enn Hauge sjølv. Dei bar med seg sekker av bøker og tala i den same ånd.

Niels Iversen Riis var frå Kongsberg og fødd 1780. Han var berre ungguten da han vart vakt ved Hauge, og vart fylt av inderleg kjærleik til Gud og nesten. Han brann etter å få føre syndarar til omvending og tru på Gud. Med same han vart omvend, tok han til å forkynne på Austlandet. Seinare bar det nordover til Romsdalen. På Molde vart han arrestert, og vart send frå lensmann til lensmann heilt til Trond­heim. Da var han ein farleg fyr på nitten år. Det vart stort oppstyr, og «Trondhjemske Tidender» skreiv mellom anna : En av de bondepredikanter, der har drevet deres væsen søndenfjelds, nemlig Niels Iversen Riis, 19 år gammel, har forvillet sig til disse egne. Han, den ukaldede mod synden og kjødets lyster drabelig fektende predikant, skal ha forkynt for forsamlede skarer, hvad han kaller Guds ord. Han har her fått logi i rådhuset.

Det synes som for megen lesning i Bibelen, for megen bøn og andektighet har forvillet hans hjerne. Fornuftige forestillinger hjelper intet hos ham. Han er i sær opbrakt over kjødets lyster. Arresten trykker ikke hans sinn. Det hæves meget mer ved tanken om å blive verdig til martyrkronen. Han tror å lide for Guds skyld.

Imidlertid er disse på sjelen vanføre mennesker oplysningens far­ligste fiender. Det er derfor å håbe at disse hellige landstrykere ved alvorlige midler må stanses i deres fremferd, og som virkelig løsgjengere transporteres til tukthuset.

Da Riis slapp ut av tukthuset, vart han kalla inn til biskop Schønheyder, som spurde om han var budd til å tale, og Riis svara ja.

Da bad bispen domprost H. J. Wille og res. kap. H. H. Lund kome inn og høyre på. Men Riis hadde ikkje tala lenge før han «tilfulde kjedede og forargede sine tilhørere«, så bispen matte be han teie både nå og seinare. Med det let han lekpreikaren gå.

Riis tok vegen opp over Gauldalen og vitna kvar han kom. Den lærde Hans Steenbuch sat med all visdomen sin i det feite Melhus. Han var langt opp i åra og skulle ha så mykje vit som eit menneske kan få. Og sist hadde han nok lese Trondhjemske Tidender.

Ein søndag tala Steenbuch i annekskyrkja i Flå. Riis var der og høyrde preika. Da gudstenesta var over, gjekk Riis ut og tala til folket som strøymde ut av kyrkja. Men da Steenbuch fekk vite at Riis tala til folket utfor kyrkja, bad han drengen binde han med eit tau til kariolen. Riis let seg villig binde med reipet kring livet. Så sette Steenbuch seg opp i og køyrde i trav heimover til prestegarden i Melhus. Det var tre fjerdings veg, og Riis både sprang og vart slept. Da han kom til Melhus var han bleik som eit lik. Han var sprengd, og levde ikkje lenge etterpå. Men han klaga aldri over den medferd han fekk, og dreiv berre hardare på, fordi han visste at arbeidsdagen hans var kort.

Vinteren 1799—1800 rusla Riis over til Meldal. Der heldt han mange samlingar. Jakob von der Lippe Parclius var prest der, og han syntest at Riis hadde korkje talegaver eller kunnskap.

Ein søndag var Riis i kyrkja og høyrde preika. Etter gudstenesta samla folket seg kring Riis, som tala ute om Guds vilje. Da kom Parelius og stappa eit lommeplagg i munnen på Riis og sa til folket :

Her står dere brave koner og brave mænd og hører på denne sludder-prædiken.

Vi synest at han talar mykje vakrare  enn du, som talar så mykje om potetene, sa Guri Grut.

Riis tala Ordet med stort frimod i Meldal, og det vart ei sterk vekkingsrørsle mellom folket. Til sist tok Parelius hardare i, og Riis vart stemd til forhøyr hjå sorenskrivaren på Syrstad i Meldal. Det var ein fin haustdag, og kornet stod tørt og kunne køyrast i hus. Men det såg ut til at folk tenkte ikkje så hardt på å berge korn denne dagen.

Ute på tunet i skrivargarden samlast eit par hundre menneske. Da skrivaren såg alt folket, vart han ottefull og spurde kva dei ville.

Vi vil vite kva de vil finne på med denne mannen som har tala Guds ord til oss, sa Kari Resell. Sorenskrivaren skal vite at han har ikkje tala noko anna enn det som står i barnelærdomen vår.

Da Riis vart leidd inn, ville folket fylgje med. Men skrivaren ville ikkje sleppe folket inn.

Her er offentleg tingstove, sa Kari Resell, og da meinar eg vi har rett til å gå inn. Dermed steig ho inn og mange følgde etter.

Riis hadde halde samling hjå Størker Rikstad og Brynjulf Gruth, og no skulle dei forhøyrast om dette.

Kom Riis ubedd, eller bad de han heim ? spurde skrivaren.

Både Størker og Brynjulf tenkte seg grundig om før dei svara, og Kari Resell syntest at dei drygde for lenge.

Jau, de bad han heim til dykk, og eg bad han heim til meg, sa ho. Og vitna sa at det var slik.

Kjøpte Riis mat eller gav de han mat ? spurde skrivaren.

Korleis brukar du det sjølv når du bed framande ? spurde Kari Resell.

Ute og inne var folk både frå Meldal og Rennebu. Og dei kravde at Riis måtte gjevast fri. Men skrivaren meinte at det vart for dyrt å kjøpe han fri.

Å, det må vel verte berre som ei almisse for to bygder, sa Undre Grendal frå Rennebu.

På forhøyret gjekk Størker Rikstad bort til skrivaren og kviskra han i øyra : Det naturlege menneske fattar ikkje dei ting som høyrer til Guds Ånd.

Da bleikna skrivaren. Likevel heldt han fast på at Riis måtte dømast til ein månads tukthus, og da domen fall, steig Størker Rikstad og Kari Resell fram på golvet og song :

¤

Rettens spir det er alt brekket, Kjærlighet er bleven kold.

Al rettferdighet er blevet svekket, Uskyld lider overvold.

Løgn er ført i sandhets dragt. Sandhed er i støvet lagt.

Urett kleder dommens sæde, Stenen må der over græde.

¤

Da Riis hadde sona straffa, vende han attende til Meldal og tala Ordet med stort frimod.

På eit møte kom lensmannsdrengen settande inn i stova. Etter ordre frå lensmann Strøm er eg komen for å arrestere deg, sa han til Riis.

Det kokte i folket, som var samla, og alle såg til Størker Rikstad, som sat oppe ved bordet. Det var som dei åt han med augo.

Med eitt reiste han seg og såg stivt på lensmannsdrengen. Ha deg ut av huset mitt, og hels lensmann Strøm med at Riis kjem aldri meir i arresten i lensmannsgarden i Meldal. Størker Rikstad tek vågnaden.

No hadde storbonden i Meldal tala frå høgsætet sitt, og lensmanns-drengen måtte gå heim utan å få Riis med seg.

Dagen etter gjekk Storker Rikstad saman med ein flokk av dei beste mennene i bygda til Parelius og kravde at Riis måtte få tale Ordet i Meldal utan hindring. Dei visste at det var Parelius som stod bak både lensmann og skrivar når dei forfylgde Riis.

Men Parelius var hard, og kalla kapellanen og klokkaren inn som vitne med han skreiv namna til dei menn som gjekk hardast på og truga med at han ville melde dei til høgre styresmakter.

Men da Størker Rikstad gjekk heim med flokken sin, våga ikkje Parelius å gjere noko meir med dei. Han torde ikkje røre ved stor­bonden på Rikstad. Elles kunne det ha gått som Størker sa til Parelius ved eit anna høve.

Ein annan lekpreikar som heitte Ivar Gabestad kom til Rennebu og Meldal før på hausten, og fekk hjelpe Størker Rikstad fram til ei levande tru. Gabestad heldt samlingar hjå Rikstad, og Parelius fekk vite om det, og sende lensmann Strøm for å arrestere svermaren. Da lensmannen kom til gards, sat Gabestad og Rikstad på loftet og tala saman om vegen til frelsa. Men da Rikstad såg lensmannen nede i vegen, låste han Gabestad inne på loftet og gjekk ned og tok mot lensmannen.

Er her ein svermar ? spurde lensmannen.

Nei, her er ingen svermar, svara Rikstad så overtydande at lens­mannen gjekk utan å spørje meir.

Seinare fann Parelius ut at Gabestad var nok på Rikstad da lens­mannen var der, og da Parelius møtte Størker Rikstad, sa han : Hadde du gjort det same mot meg som du gjorde mot lensmannen, så skulle eg ha lært deg.

Du kan berre prøve, så skal eg snart henge prestekjolen din på veggen, svara Rikstad.

Hjå Størker Rikstad la Hauge og venene hans att mange bøker, og da bøkene til Hauge skulle konfiskerast, nekta Størker Rikstad å levere ut ei einaste av Hauge sine bøker, og styresmaktene våga ikkje å krangle med han.

I 1802 vart han sjuk, men bad om å få leve i ti år til. Det fekk han, og døydde i 1812 i ei levande tru og var den mest vørde bonde i Meldal. Ole Rikstad var soneson hans. Han var klokkar og ein ivrig lekpreikar.

Niels Iversen Riis døydde ung, vart snautt tjue år gamal. Men han var den første og varmaste av alle dei kjende lekpreikarane i Trøndelag. Han kom som foregangsmann for mange som skulle gå i spora hans, for å bere eld til gudskunnskapen som låg og venta. Men det var inga lett oppgave. Parelius skreiv i 1804 til riksstyret : Hauges fanatiske lære har fremkalt usedelighet, ryggesløshet og andre laster.

Men i rettsaka mot Hauge kom det fram at Parelius hadde notorisk indberettet løgn, hvortil han selv var ophavsmann. Diverre vart det også dei som gjekk i spora til Parelius.

 

Den nye elden spreier seg.

Same hausten som Riis kom til Trondheim, vart Lars Hemstad frå Stange arrestert på Inderøy og send frå lensmann til lensmann heilt til Trondheim. Her møtte han Hauge, som kom frå Nordmøre. Begge fann vegen til Meldal og Rennebu. Iver Gabestad var der før. Det vart som ein offensiv mot desse bygdene, og vekkinga gjekk sterk gjen­nom både Rennebu og Meldal. Den vart lik ein åreeld. Den gav både lys og varme. Men dei fire reiste visst lite i lag. Dei arbeidde visst mest kvar for seg. Likevel vart det eit samarbeid utan brest.

Hauge fekk to lange arbeidsturar i Trøndelag. Den første var frå hausten 1799 til våren 1800 i Sørtrøndelag. Denne vinteren var han på Grendal i Rennebu.

Ein dag stod han på låven og treskte med sluggu. Da kom  Ole Grendal,bror til Michel Grendal, inn på låven og   fekk  sjå det.

Verda driv deg og, sa Ole. …..in gong dreiv verda meg, sa Hauge. Men ho driv meg ikkje lenger. No er det eg som driv verda.

Denne låven står enno som eit minne frå hine dagar.

I mars 1800 vart Hauge fengsla og send heim over Dovre. På denne ferda heldt han mange samlingar i Oppdal.

Hausten 1801 kom Hauge att gjennom Surnadal, og denne vinteren reiste han vide i Trøndelag, heilt til han vart arrestert og vist ut frå Trondheim IS. mai 1802. Da tok han vegen gjennom Orkdal. Rindal. Surnadal og inn gjennom Nordmøre til Sunndalsøra, rusla opp Sunn- dalen til Oppdal. På heile ferda tala han mykje med einskilde og heldt samlingar om kveldane. Mange kom til tru.

I Oppdal vart det reist opp kristne førarar i mange grender. Haldo Sæter vart leiar i nord. El lev Haugen i vest. Ingebrigt Sneve i sør, og Ole Strandsæter i Lønset. I Drivdalen vart Randi                                                                   Hevle reist opp                    til

eit skinande lys, som kom til å kveike andre.

Der var Randi Hevle som i lag med Sara Ousten kveikte lyset for folket på Nordaunet under Bukkhammaren i Haltdalen. Frå det lyset kom vekkinga til fleire.

Kring 1800 budde Ole Nordaunet her. Han var ei kjempe som ville

Stengt for kommentarer.