hans nielsen hauge på nordmøre : presentert av jakob straume

 

– i boken «Kristenliv på Nordmøre». Eit Festskrift. Nordmøre Krets av Norsk Luthersk Misjonssamband. 1951.

 

– fra s. 13 – 17 :

 

Hauge var ein lysberar som kasta lys både bakover og framover vegen han gjekk. Og vil me kjenne Nordmøre på den tid han levde, så er det best me prøver å rekkje spora etter han her.

Sumaren 1799 kom Hauge til Halsa. Han kom sjøvegen frå Sunn­møre og tok vegen over Settemsdalen. Der møtte han ei gjente, Marie Evensdatter Gyl, som gjætte.

Hauge helsa på henne og sa : «Tenk på Gud kvar du står og går». Gjenta tenkte på dette og vart omvend til Gud. Seinare vart ho gift med Knut Solli, og heimen deira vart kjend for gudlegdom.

Det måtte vere ei underleg makt i det eine ordet av Hauge. Men hadde ikkje gjenta ått kunnskap om Gud, hadde dette eine ordet knapt fått så stort verd for henne. Men kunnskapen om Gud låg i henne som eit stort fang av brenne. Når så Hauge kom med det eine brennande ordet, vart det liv og varme i den døde kunnskapen. Og slik gjekk det ofte.

Hauge tok vegen opp over Surnadalen. Natt til sundag gjekk han heile natta. Tidleg sundags morgon sat han på Harrang-tunet og kvilde. Då folk for til Rindals-kyrkja, vart Hauge med.

Etter gudstenesta hadde folk god tid.

Dei høyrde kunngjeringar og spurde etter nytt. Hauge rusla mellom folket med bibel under armen. Folk skjøna snart kven framandkaren var, og samla seg kring han. Då spurde Hauge om dei kunne få samlast i den store stova på garden. Han ville tale med dei om det dei hadde høyrt i kyrkja. Presten var såre god. Og dersom dei levde etter det han sa ville dei verte lukkelege.

— Me vil gjerne høyre, om du vil tale, sa ein husmann.

Folk gjekk inn i stova, og Hauge tala. Men presten, Lars Lund Finckenhagen, sende straks bod at Hauge måtte ikkje halde andre gudelege talar i prestegjeldet.

— Når presten forbyd meg, må eg lyde, sa Hauge. Etterpå bad han presten kome og høyre på det som var sagt. Men presten køyrde heim og ville ikkje høyre på Hauge. Dermed var møtet slutt.

Men Hauge sa til medhjelparen : — Me får kanskje møtast enno ein gong her i tida. I alle høve skal me møtast på den store dag. Og då skal det syne seg at Sanningsanden har tala gjennom meg.

Frå Rindal gjekk Hauge til Trøndelag. Der arbeidde han heilt til i mars. Då vart han fengsla og send heimatt over Dovre.

År 1801 kom Hauge over Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal.

I Ytre Romsdal hadde han ei rik arbeidstid. Kom så inn over Fanestranda, over Hjelset og Batnfjorden, Øre, Torvik til Tingvoll, der han vart fengsla av lensmannen, som førde han til futen Bull i Sandvik. Her heldt Hauge bøn, den einaste folk veit han heldt i Tingvoll. Men lensmannen kom ved denne bøna i slik anger over syndene sine, at han vart liggjande til sengs.

Futen Bull og to lensmenn fylgde Hauge over Osmarka til Kleive. På Dalen tok dei inn. Lensmennene og futen vart sette til duka bord, medan Hauge sat i jarn på stabben.

— Du har vel gjort noko gale, du, sa kona, men du skal få av same maten som hine.

— Eg har mat å ete som du ikkje kjenner, sa Hauge.

— Du vantar visst litt på vitet og, du, sa kona.

Men det eine ordet av Hauge sette seg fast i henne. Seinare las ho ei preike over same ordet. Då gjekk lyset opp, og ho kom til tru på Gud. Det eine ordet av Hauge kveikte heile preika i huspostillen.

Hauge slapp laus i Kleive. Der gjekk han inn på garden Romuld. Folk heldt på å treskje. Hauge hjelpte dei med arbeidet og tala om frelsa i Kristus. Om kvelden heldt han samling.

Dagen etter reiste han til Nordmøre att. No drog han inn over Sunndalsfjorden. Truleg reiste han over Ålvundeidet, Rykkjem, Kverma-landet og til Surnadal. Dit kom han straks før jul. I Surnadal heldt Hauge samling hjå Rolv Sogge. Mykje folk strøymde til møtet. Presten kom og. Men Hauge fekk tale i fred. Etterpå snakka presten lenge med Hauge, og enden på det heile vart at presten bad lensmannen arrestere Hauge og køyre han ut or prestegjeldet.

Lensmannen måtte gjera det som presten baud. Dagen etter drog karane av garde. Men son til lensmannen hadde vorte omvend medan Hauge var i lensmannsgarden.

Lensmann Sogge og Hauge kvilde på Aune. Der heldt Hauge møte, og lensmannen let Hauge reise slik han ville. Neste kveld tala Hauge på Bolme, kvelden etter på Forset, og kom attende til Bolme. Hus­bonden var glad då han såg Hauge att.

Der var skule den dagen. Læraren og borna sat og åt då Hauge kom. Hauge sette seg i mellom dei og tala om barnelærdomen. Læraren vart arg for dette, og skreiv ei liste over alle som han visste hadde vore på samling med Hauge. Lista sende han til presten, som truga med kyrkjetukt.

Hauge heldt mange møte i Surnadal og fekk mange vener. Etterpå reiste han til Trøndelag.

Medan Hauge var i Trøndelag sette Finckenhagen rettsapparatet i gang mot venene hans som samlast om Ordet i Surnadalføret.

John O. Rindal, Lars O. Bolme og korporal Jacob M. Lindemann vart stemnde for retten på sjølvaste julaftan.

John O. Rindal var den farlegaste av dei tre. Han hjelpte konfirmantar som var vakte ved Hauge, til klårleik om vegen til frelse. Ranvei Aune var mellom dei.

— Du har vel vorte heilag du, Ranvei, spotta presten.

— Ja, svara ho, utan helging skal ingen sjå Herren.

Hauge gjorde og ein tur til Hemne. Han kom ned Snildalen til Snilfjorden. Sundag fylgde han folk til kyrkja, og etter preika snakka han med folk om Gud og viljen hans. Folk vart så gripne at dei gret.

Om ettermiddagen heldt Hauge friluftsmøte på Kyrkjesæterøra. Teksta var Salme 84, 7 : «Når dei går gjennom tåredalen, gjer dei han til ein kjeldevang. Ja, tidleg regn legg signing over han».

Denne sundagen vart som ein pinsedag over Hemne. Mange kom til liv i Gud, og andre vart vakte. To år etter skreiv Kristen Pram : Næsten hele Hemnes befolkning hørte til Hauges sekt. Men dette var meir enn prost Borch i Hemne kunne skjøne. Frå preikestolen kalla han Hauge ein «bedrager».

Likevel undra han seg over det som hadde hendt. Og så spurde han ein av dei vakte. Korleis kan det ha seg at Hauge synest å ha gjort meir med ein einaste tale enn Borch med alle talane sine i 28 år?

— Jau, svara han, det kan koma av at Hauge hadde Guds Ånd og presten ikkje.

Den 15. mai 1802 vart Hauge utvist frå Trondheim, og han kom nedover Surnadal då John Rindal stod for retten. Hauge heldt møte på Aune saman med Mickel Grendal, som hadde vorte omvend på turen.

Då Hauge tok til å tale, gjekk det som ein straum gjennom merg og bein. Eg måtte undrast over krafta i orda hans, sa ein som var med.

På Lykke-eidet kom Hauge opp i eit bryllaup. Ungdomane spotta, og staven hans sparka dei mellom seg på golvet.

— Eg fortente vist ikkje betre medferd enn staven, sa Hauge.

På Røen var Hauge inn til lensmannen som tala rått og grovt. Men Hauge svara spakt på alt som han vart spurd om, og til sist sa han :

— Stakkars mann, du veit ikkje kva du seier.

Dagen etter gjekk Hauge til Stangvik kyrkje. Der var godt om rom i stolane, men ingen ville sleppe Hauge inn i stolen til seg.

Presten Nikolai Tønder la merke til Hauge, som lydde så vel. Tønder sende bod etter Hauge, som gjekk og helsa på presten i prestegarden. Då Hauge gjekk, sa Tønder: — Vert du tru til enden, er det bra.

I Stangvik fekk Hauge fleire vener. Her ifrå fekk han båtskyss til Rykkjem og tok i veg inn over Ålvundeidet. Der heldt han møte i Utistu på Åram hjå Anders og Berit som vart så glad i Hauge at dei gav han litt sølv. Men det vart det slarv av. Hauge budde hjå Ola Arntson Gjersvoll. Ola var kristen, men sers ustø. Hauge gav han ein postill, og Ola vart ein stø og ærleg kristen etter den tid.

På Oppdøl (ikke Oppdal/red.) heldt Hauge samling. Ein mann rodde han til Sunndals­øra. Medan dei rodde, song Hauge : «Jesus, din søde forening at smage». Det vart så underleg i båten, og så underleg for skysskaren å seie farvel til Hauge.

På Åkre gjekk Hauge i vedskotet og hogg ved til dess folket kom heim frå arbeidet. Så gjekk han med samlingsbod og heldt møte om kvelden. Lars Torske sa at Hauge såg ut som ein Guds engel. Hauge heldt samling på Trødlevollen. På Fale sat han ved senga til ein sjuk. I Romfo vart det vekking. Lars Ivarson Romfo vart mellom venene.

På Musgjerd ville folk gå beint frå arbeidet og ha samling med ein gong. Men Hauge meinte at dei måtte vente til kvelden. Då vart det møte, og mange vende om. Fredrik Musgjerd vart leiar for flokken.

På Gjøra var møte, og mange kom til liv.

Hauge gjekk vidare gjennom Lønset, Oppdal og Drivdalen. Det vart vekking i alle desse bygdene, og kjende menn vart reist opp til leiarar. Haldo Sæter budde nord i Oppdal, Ingebrigt Sneve i sør, Ellev Hagen budde i Vestrebygda og Ole Strandsæter budde i Lønset. I Driv­dalen kom Randi Hevle med mellom dei vakte.

År 1803 reiste Hauge frå Bergen med fire skuter lasta med såkorn, som skulle til Trøndelag. Truleg stogga han i Kristiansund og tala Ordet kringom i næraste bygdene. Det må ha vore på denne turen han heldt samling i Straumsnes, Nord-Kvalvåg og Frei.

Hauge for heilt til Troms. Men det er vanskeleg å rekkje faret etter han. Men bønder i Stangvik har vitna for retten at Hauge reiste gjennom Stangvik i oktober 1803- Kanskje tok han då over Dovre, same vegen som året før.

Dermed hadde han tala frå seg på Nordmøre. Men mange av bøkene hans var spreidde mellom folk. Og det var fullverdig såkorn, som seinare bar frukt. Med Ordet og Anden i hjarta og munn, bøkene i ranselen og hendene frie til arbeid, slik ferdast han.

Stengt for kommentarer.