hans nielsen hauge på sunnmøre og romsdal : presentert av jakob straume

 

– i boken : «Kristenliv på Sunnmøre og Romsdal. Et festskrift. Sunnmøre og Romsdal krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Volda/Bergen 1950.

 

– fra s. 23 – 26 :

Me har sett at her var både gudsliv og grunnlag for vekking før Hauge kom. Men det låg som liv under mold. Det berre venta på nokon som kunne hjelpa det fram i dagen. Me veit at det grodde så gildt der Hauge kom med såkorga si.

Sumaren 1799 kom Hauge til Sunnmøre for fyrste gong. Då var han i lag med Nils Hansen frå Nummedal. Dei må ha tala på Bjørke­dalen. Same året skreiv Bjørkedalskrønike «at desse hadde på sådan en forunderlig måte fått den guddommelige opplysning til å preike og for­klare skriften, og formane mennesker til omvendelse, til å ære og elske Gud som den eneste sanne».

Same turen er det fortalt om at Hauge tala ved kyrkjegardsmuren i Volda. Det høyrest ut for at han fekk tala i fred.

Truleg gjekk Hauge over Ørstaeidet til Ørstavik. Ingen veit noko visst. Historikarane taper sporet etter han heilt til han er komen til Halsa på Nordmøre.

Sumaren 1801 finn me Hauge på Heiset i Fræna. Han var der og sette opp ei sag og lærde folk å saga.

Hauge tala Guds ord under arbeidet. Presten Anders Høyem var ikkje blid på lesarane, og han brukte gjerne dei borgarlege lover om han kunne koma til. Han ville snautt la Hauge halda møte, men det heldt han likevel.

Lærar og kyrkjetenar på Nord Aukra hadde avtala med Hauge at han kunne halda møte i heimen hans. Sjølv reiste han og kona bort. Men tenestegjenta var heime, difor kunne han skulda på henne om han fekk bråk med presten.

Hauge kom roande ein laurdagskveld, og folk var varsla og hadde samla seg.

I november same året for Hauge gjennom Nordfjord og gjekk over Steinsvikeidet ned i Dalsfjorden. Der fekk han båtskyss til Ekset i Volda og rusla til Ørstavik. Truleg såg han på garden som Vebjørn Svendsen kjøpte i Ørsta.

Her i frå reiste Hauge til Stranda. Hauge gjekk alltid til kyrkje og høyrde preika. Georg Burchard Både var prest der i 27 år.

Både var kjøpmannsson frå Bergen, hadde vore feltprest i sjuårskrigen, og hadde fare vide.

Stundom skrytte han av at han hadde vore i Palestina og stade ved Jesu grav. Då banna han og sa at det var ikkje mange som gjorde han det etter.

Både drakk. Han var spelemann og dansar, og var med ungdomen på galskap.

Både høyrde til potetprestane, og den sundagen Hauge var i kyrkja, tala han om jordbruk, og han tok til med å seia at folkefrauden er beste frauden.

Etter preika gjekk Hauge ned til sjøen. Der stod ei rad buder som dalebøndene åtte. Der stod og borgstova, og Hauge steig opp på trappa: song ein salme og tok til å tala, medan kyrkjefolket samla seg kring han.

Presten hivde av seg prestekleda og tok seg eit par drammar, stakk eit gresk nytestamente i lomma, og rusla ned til folket, og høyrde på Hauge.

Om eit bel bad han ein medhjelpar gå bort og skuva Hauge ut for trappa.

Både trengde seg fram og spurde Hauge kven som hadde gjeve han fullmakt til å tala i kyrkjelyden hans.

Den fullmakt har eg frå høgste hald. Gud har kalla meg til å tala.

Då drog Både det greske nytestamentet opp av lomma og spurde : Kann du lesa dette ?

Eg har ynskt det svara Hauge, men eg er ikkje komen så langt. Men eg kan lesa dette, heldt Hauge fram, og drog katekisma opp av lomma.

Då vart presten sinna og ville slå.

Slær du ? Då er du ein farleg mann, sa Hauge.

Presten dovna då.

Då sa Hauge : Eg skulle ynskja at presten var likeså full av Guds ånd som han er av vin.

Denne gongen budde Hauge på Ous, og mange kom til liv i Gud. Mellom dei var Synneve Ous. Ho var syster til Sve-Nils.

Frå Stranda bar det truleg over Ørskog til Vestnes, Veøy, Aukra, Tornes, Bud, Hustad, Farstad, Falstad, Haukås i Indre-Fræna. Her i frå vart han jaga over fjellet til Årøy på Fanestranda. Der fekk han vera i fred.

Her i frå tok han inn over til Hjelset, vidare til Eide i Kleive og gjekk til Nordmøre.

No hadde Hauge fare over mykje av Romsdal som ein brannfakkel. Kvar han kom, vakna folk opp og kom til liv i Gud. Det fanst vakte mest alle stader der han hadde vore.

Men enno ein gong kjem Hauge attende til Romsdal. Etter han hadde ferdast i Nordmøre og folk hadde vakna opp, tok styresmaktene seg av han.

Futen og to lensmenn la han i jarn og reiste med han oppover Torvikdalen.

På denne turen sat han på stabben medan hine sat til bords. Då syntes kona synd om fangen og sa : Du er no eit menneske, du og, og du skal få av same maten som hine.

Då sa Hauge : Eg har mat å eta som du ikkje kjenner. Og kona tenkte ! Stakkar, du vantas noko på vitet, og du. Men då ho seinare las ei preike over same ordet, kom ho til ettertanke og omvending.

Lensmennene fylgde Hauge over Osmarka til Kleive. Der slepte dei han laus.

På garden Romuld dreiv dei og treskte. Hauge gjekk inn på låven og hjelpte dei. Med han arbeidde, snakka han med dei om Gud.

Om kvelden sende folk bod rundt i bygda og sa at det var samling. Hauge tala, og folk vart vakte. Men han vart ikkje lenge der. Hauge reiste attende til Nordmøre.

Høgsumarsbel 1802 må Hauge ha kome nedover Romsdalen, endå me ikkje finn spor etter han. Men kanskje kan me draga slutning av at han rådde nokre sogningar til å reisa til Romsdalen og kjøpa seg gardar der.

På denne tida reiste Hauge inn gjennom Storfjorden. Truleg er dette andre gongen Hauge budde på Stranda. Det vil seia på Røyr. Det var seinare mange haugianarar der. Denne gongen reiste han over Helle­sylt og vidare over Horningdalen. Han stogga i Gloppen fire dagar på ferda sørover til Bergen.

No hende det at Hauge fekk vener og vakte endå han ikkje hadde vore der sjølv. Han arbeidde mest like mykje med pennen som med munnen. Berre i Synnylven fann dei to hundre av bøkene hans, og 926 på heile Sunnmøre. Truleg må det ha vore vekking i Sunnylven etterdi folket der kjøpte meir enn femteparten av alle bøkene hans som fanst på Sunnmøre. Biskop Bernt Støylen sa at det gjekk stor vekking over Sunnmøre ved Hauge 1802.

Etter di Hauge reiste så fort, må vekkinga ha fylgt skriftene hans.

I ranselen bar Hauge alltid med seg slikt såkorn. Om kveldane sat han ofte og batt bøker.

Den vesle boka om Guds visdom var høvel eg til å stikka i lomma, lettlesen og kveikjande, gjennomtrengd av Guds ord og ånd.

Med dette er Hans Nilsen Hauge ute av krinsen vår. Men såkornet hans låg att etter han. Og det kom til å gro.

Stengt for kommentarer.