«frå ulvik til utsira» : presentert av jakob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Hardanger, Sunnhordland og Karmsund. Eit Sogeskrift». Haugesund – Sunnhordland og Hardanger Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1960.

 

– fra s. 13 – 15 :

 

Utsira ligg ut i havet i Rogaland, vest om Karmøy. Det er ei øy med 450 menneskje på. Havet fløder kring øya og vasker dei mange ubudde holmane, som ligg omkring.

Dei er lagt der som vern. Men går havet rettelegt på i sitt velde, vaskar det kvitgult og grønt, heilt inn til porten av den trygge hamna, og i verste veret kjem ingen ut eller inn. Då må alle vente til stormen gjev seg. Då ligg Utsira som ei skute på veret langt til havs.

Ein klår kveld kan dei sjå austover mot Karmøy, som lyser som ein by med tusen lys. Der ligg den folkerikaste øya i Norge, som ei tre mil lang skute med 20.000 menneske ombord. Men mange av mannfolka er ombord i andre skuter. Dei likar å sigle, fiske og salte sild.

I gamle dagar søkte silda kystane her. då la folk seg til på Utsira, Røvær, Espevær og andre uthamner for å vente på henne. Tusenvis av båtar og titusenvis av mannfolk venta på silda og veret.

Men ofte blei dei lurt, og så måtte fiskarane også prøve å vere lure. Dei tok sjangsen og vann. Ofte vann dei stort og fyllte båt og bud med skinnande sylv. Då blei gleda og arbeidshugen stor. Men blei sylvet borte, fann dei seg anna arbeid, enten på land eller sjø, og arbeidet adla mannen, og dei fekk jamt litt til overs.

Men mange let livet i kampen for føda, og mange ein fiskar fekk oljehyra til liksvøyp og tareblad til blomar på grava. Det hende brått og uventa, når den store brotsjøen reiste seg over den vesle båten, og drog alt i kav. Likevel var det mang ein son som siglde der far sokk.

Hardangerfjorden er den fagraste av alle fjordar. Difor tok turistferdsla til her. Men der hordalendingane som eig fjorden. Det gamle namnet for fjord var anger. Hord og Hard er nærskylde. Slik skjønar me at Hardanger er fjorden for hordalendingane.

Der er nomk fleir fjordar. Men denne er den likaste og skjer seg inn frå havet mellom Ryvarden og Bømlo. Her heiter han Bømlafjord. Stykke for stykke får fjorden nye namn. Kring Halsnøy heiter han Klosterfjorden.

På sørsida av desse fjordstompane ligg Haugesunds-halvøya, som er sundskoren av fjordar frå nord og sør, frå aust og vest. Fjordane på sørsida høyrer til Rogaland, men på nordsida høyrer dei til Sunnhordland. Her har me Skånevikfjorden, Matrefjorden og Åkrafjorden. Men dei er berre greiner på Hardangerfjorden, som dei første fire milene går under andre namn. Men så er havet sers uryddig kring Bømlo.

Her var mange gode gøymsler, og dei fleste Englandsfararene under den tyske okkupasjonen gjekk ut her i frå. Men så er også folket på Bømlo, Stord og Tysnesøy eit djervt og dugande folkeferd. Dei har havt lang trening i å lure mat og levemåte opp av havet. Slik må det bli der folk lever fårlegt.

Mang ein fiskar rodde til havs i finveret, men det var ikkje alltid fint når dei skulle lande. Ei kona stod på haugen og såg etter båten. Han kom like under land. Der reiste seg eit grunnbrot så høgt som ho aldri hadde set og gravla båt og mann. Ikkje ei flis kom op att, endå ho leita i fjøra etter leivningar i vekevis. Men ut laut folket fare.

Er ein komen til Uskedal, har ein fastland på begge sider av fjorden, og Hardangerfjorden ber namnet sitt  trygt og godt åtte mil til Utne. Inn om der vert han kalla Fjorden. Likevel delar han seg opp i mange fjordar.

Ved Utne gjer Fjorden krok og sender Eidfjord i ein boge aust under Hardangervidda. Sørfjorden går fire mil mot sør og endar i Odda. På halvøya mellom Sørfjorden og Hardangerfjorden ligg Folgefonna, 34 kilometer lang og er den tredje største isbreen i Norge. Han kvilar på fjellmassivet 1653 meter over havet som ei skinande flystripe.

Eidfjord sender og eit par fjordarmar nordover til Ulvik og Osa. Men Osa er ein blindtarm.

Med Eidfjord er det annarleis. Om sommaren ligg han og svalar seg under Hardangerjøkulen, som med den skinande kuppelen sin når 1876 meter over havet. På nordsida ligg Finse. Men sørover ligg Hardangervidda med uteljande vatn, flyer og rike beiter, som tøyer seg sørover mot Røldal. Den vesle dalen ligg som eit djupt søkk i vidda og er berre 373 meter over havet. Men skal ein fare dei fire milene til Odda, må ein 1065 meter til vers for å komme over fjella.

Skaparen hadde god råd og omtanke då han skapte Hardangerfjorden og landslaget her. Først laga han mykje grøderik jord, høveleg til fruktal. Dei høge fjella liver for vinden frå nord og vest. Her blei lunt og stilt. Når trea blømde i hagane, og «der åndet en tindrende sommerluft over Hardangerfjords vande», då kunne nok turisten bli grepen, ja kunstnaren med. Frå bre og bryn kasta kåte elvar og ville fossar seg ut for fjella som skumkvite band. Her vart sang og stemning.

Men så kom industrien, og mange av dei herlegeste fossane blei lagt inn i tunnelar og stålrøyr. Då vart mange av dei likaste turistbygdene gjort til industristrok med arbeid for tusen flittige hender. Mellom dei var Odda. Men enno er det mange bygder som har sin gamle fagerdom.

Haringen har vore ein stor kunstelskar. Kvinnene hadde ein sermerkt bunad og prydsaum, og mennene dreiv med treskurd når dei hadde stunder til slikt. Men ellers dreiv dei med større ting. Haringen bygde fine båtar, og mang ein jegt gjekk på sjøen her. Folket er stødig og heldt gjerne på arven fra fedrene i målføre og skikkar, og det var lett så lenge dei fekk leve for seg sjølve.

I gamle dagar gjekk største ferdsla over sjøen. Difor blei mange kyrkjer bygt på ei øy eller ein holme. Alle kunne ro dit, og her blei soga skreven.

Mosterøyhamn ligg på Bømlo, beint mot Bømlafjorden. Her bygde Olav Trygvason ei kyrkje av tre. Her sette Olav Haraldson kristenrett i 1024 og la grunnen til Den norske folkekyrkja, og det som blei gjort vedtak om her, blei stadfest både på Gulatinget og på Frostatinget.

Halsnøy ligg litt lenger inn i fjorden. I 1164 blei her skipa eit kloster for kannikar av Augustinar-ordenen. Klosteret blei lagt ned då reformasjonen kom, men jordeigedomane blei tekne vare på som verdsleg forlening.

Kyrkja som står på Moster, blei bygt av stein i det tolvte århundre, og er omlag like gamal som Halsnøy kloster. Frå desse to sentra breidde kristendommen seg ut over bygdene kring Hardangerfjorden.

 

Stengt for kommentarer.