naturen i namdalen : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Namdalen. Et festskrift». Namdal krets av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1954.

 

Namdalen er elleve tusen kvadrat-kilometer, større enn heile Roga­land, og tre gonger så stor som Østfold fylke. I nord grensar Namdalen til Helgeland, i aust til Sverike og i vest til Norskehavet. Ute ved kysten går grensa til Sør-Trøndelag. Derifrå går skilet austover, men så langt sør at meir enn halvparten av Nord-Trøndelag fylke høyrer til Namdalen.

Her er ein skiftande natur og er som Norge i tverrsnitt. Ute ved havet ligg øygarden med fiskevær og fjordane som tøyer seg innetter. Frå botnen av Namsenfjorden går Namdalen opp og vert borte i dei store skogviddene ved grensa.

Namdalen har tre millionar mål skog og ein halv million dyrkingsland, og mesteparten ligg i Grong prestegjeld, som har ei flatevidd på 4000 rute-kilometer. Grong prestegjeld er ein og ein halv gong så stort som Vestfold fylke.

I gamle dagar var dei store viddene på austsida av Steinfjellet helst ingenmannsland. Rett nok åtte staten dei. Men samefolket syntest å rå grunnen åleine, og hadde ingen andre konkurrentar om herlegdomane enn ulv, bjørn og jerv.

Men for eit par hundre år sia kom dei første nordmenn og slo seg ned som bygslemenn. Seinare kjøpte dei gardane, som dei hadde bygsla og rudt. Og her var rikeleg å ta av. Garden Hudningvatn vart kjøpt i 1834 for 60 spesidalar, og var halvonnor mil lang og ei halv mil brei. Mesteparten var skog, og ein slik gard vann ingen å dyrke. Han vart seinare sundbytt i mange mindre, og mykje av jorda er dyrka. Men ofte er det langt mellom heimar og grender, og endå lenger mellom kyrkjesoknene. Vegen frå Namsvatn til hovudkyrkja i Grong er ni mil. Men no har dei kyrkje i Røyrvik ved den mektige Linningen, og der har dei hjelpeprest.

Lenger sør mot grensa ligg Nordli og Sørli. Her er vidt og vakkert mellom sjøar og skog, eit prestegjeld for seg sjølv, og rikt på dyrkingsland. Men enno synest bjørnen å vere frikar i hei og fjell, medan hundre mann av heimevernet gjekk etter han i den tid då dette vart skrive.

Fjellbygdene her ligg jamt fire hundre meter over havet, og herifra kan ein fylgje Namsen ned gjennom Harran, Grong og Overhalla. Nede i dalen er meir jord, og her bur folket tettare. I Overhalla er mange gardar på fire hundre mål. Her er breie bygder, og folk kjenner seg trygge.

Frå Overhalla går Høylandet mot nord, ein lang dal som høyrer med til Grong prestegjeld. Høylandet er ei god jordbruksbygd.

Der Namsen fell ut i fjorden, bygde Namdølene hovudstaden sin. Han vart grunna på Bråholmen i 1845. Den gongen stod det berre to bustadhus og eit par sjøhus der. Men litt etter kvart voks det opp ein vakker liten by. Diverre brann han tre gonger. Første gongen var i 1872, andre gongen i 1897 og tridje gongen i 1940. Men motgangen knekte ikkje folket. Etter kvar eldsvåde bygde dei byen opp att vakrare enn før.

Namsos ligg greitt til. Han har dei breie bygdene i ryggen og smi­lande fjordar framfor seg. Her skifter det titt med fjordar, sund og øyar, og alt peikar ut mot Folla.

Folla er vide kjend. Det er havet som kjem frå vest og sør, og Ytre Namdal tek vel i mot henne med ein vid open famn. I nord tøyer Vikna seg ut som ein veldig arm med tusenvis av øyar, holmar og skjer. I sør ligg Flatanger, som tyder den grunne fjorden. Her er mange fluer og fall, holmar og øyar, ei stor overmakt. Her kan Folla reise seg vill, men ho slår seg aldri retteleg i gjennom. Når ho kjem inn om sund og fjordgap, vert ho alltid still. Skjergarden i Vikna, Nærøy og Flatanger har roa henne så mang ein gong.

Det er nordtrønderen som bur i Namdalen. Etter som professor Oscar Montelius seier, så kom han i folkevandringstida opp frå Upland i Sverike, og skil seg enno i dag frå inn-trønderen i fantasi og kjensleliv, og er kanskje mindre materialistisk. Han er sterk og stø, men skifter ikkje så lite. Fjellfolka i dei store grensebygdene skil seg frå storbøndene i Overhalla og Grong. Og storbøndene skil seg frå fiskarane kring Folla, som jamt må slåst mot havet for å livberge seg.

Ein ting som sermerkjer Namdalen er dei store skogane. Grana står frodig heilt frå svenskegrensa og ut i havbrynet, og ho kleder fjellet mest kvar du ser. Mange stader reiser det seg hoggbratt nokre hundre meter til vers, og viser det grå andletet sitt, men alle stader finn gran og furu feste og kleder gråfjellet med grønt. Men inne mellom Vemundvik og Overhalla reiser Pindsylane seg 1648 meter til vers.

Mellom fjella ligg ofte skogvidder eller vakre bygder med velbygde hus, med ei kvit lån og ein raud låve i bakkehallet. Dei lyser vakkert.

Skogen gav arbeid til sagbruka kring om fjordane, og her er mange som lever av tømmerstokkar medan mang ei skute siglde nordover, tungt lasta med tømmer frå Namdal.

Det kan hende at Namdalen syner fram det harde grunnfjellet på meir enn ein måte. Diktaren Olav Duun har sagt dette mest råkande av alle. Meir enn ein gong tenkjer namdølen seg om før han svarar, og vil gjerne sjå litt på den framande før han gjer seg kjend. Men han er både hjarteleg og gjestfri, tolsam og mannemild. Og mange framande fekk både nattely og mat i netter og dagar når dei trong det.

Stengt for kommentarer.