naturen på nordmøre : presentert av jakob straume

 

– i boken «Kristenliv på Nordmøre». Eit Festskrift. Nordmøre Krets av Norsk Luthersk Misjonssamband. 1951.

 

– s. 9 – 10 :

Her ligg ein brei og romsleg landslut, fager og skiftande.

Langt ut i havet ligg Smøla som eit rike for seg, rik på grornæm jord, meir enn folk vinn dyrke på lenge.

Med Grip er det annleis. Der har storbåra vaska vekk mest all jorda. Og stundom dreiv ho med å vaske bort husa og heimane med. Då var det hardt å bu på Grip, det minste heradet i landet. Men folket held fast på øya og havet.

Det er mange nakne holmar og strender langs Nordmørskysten. Men mange øyar gjev livd på innsida, og sume stader vågar skogen seg heilt ut til skipsleia.

Det ligg ro over Nordmøre. Landet veks i makt di lenger inn det ber. Det stig.

Havet vart stengt ute av øygarden. Innanfor tøyer lange fjordar seg innetter. Dei kjæler kring grornæm jord og harde, himmelhøge fjell. Her er rom for alt. Breie romslege bygder som føder folket sitt og dei største skogane i fylket. Nordmørsfura er kjend for di ho har god malm. Staten kjøpte mange jarnvegssviller her. Og mange kjølsvin og mastetre fann sjøvegen or desse skogane.

Bak alle fjordane har me fjella. Dei vart romstore, og ikkje alle dalane fekk så mykje rom som dei ynskte.

Ein stad mellom Surnadal og Todal tek Trollheimen til, og han viser att både mot Ålvundeid og Sunndal. Sunndalsøra skulle ha vore breiare til den byen som ho drøymde om å få. Men det trollske fjellet, som stenger, finst ikkje råd med.

Men Driva tek ikkje det så tungt. Livsglad og kåt kjem ho kvar einaste dag med ein vasskvett frå Dovre. I farten henter ho nokre friske dropar frå Snøhetta og. Nordmørsfjella har samband med Dovre.

Snaue Nordmøre er 6000 km2 i flate-vidd, og er største futerike i fylket. Folketalet er 51.000.

Folket langs desse fjordane, skogane og fjella har noko av den djupe ro i sinnet, som skogen og jorda gjev. Dei liknar ikkje lite på trønderen. Det er heller ikkje underleg. Vegen ut or bygda gjekk oftast til dals over til Trøndelag. Giftarmål mellom bygdene gjorde sambandet sterkare etter kvart.

Ute ved kysten var det litt annleis. Der gjekk vegen nord- eller sør­etter skipsleia. Og då kunne vegen like så gjeme gå sørover til Romsdal og kanskje enno lenger. Ættegranskarar finn både trønder- og vestlands- blod i nordmøringen. Og det er visst at folket ute ved havet er både lettføre og snartenkte, og rike på dåd.

Når me tenkjer på kristenlivet, så har det halde seg enno mindre til fute- og fylkesgrensene enn menneskelivet elles. Difor hende det ved hundreårsskiftet at Nordmøre Kinamisjonskrets rakk både til Nam­dalen og Østerdalen, og femnde heile Trøndelag. Dette var eit Stor-Nordmøre. Men alt i 1903 gjekk Trøndelag frå. Men Nordmøringane gav ikkje frå seg Frøya, Hitra, halve Værnes og Hemne. Lenge heldt dei på Oppdal, og enno har dei Hustad sokn i Romsdal. Såleis har Nordmøringane strekt snorene bra langt ut, og pålane slo dei så faste at dei sat ei god stund.

Og så får me prøve å få eit oversyn over noko av kristenlivet og misjonsarbeidet her.

(Søk videre på Jakob Straume på disse sider, så finner du mye interessant stoff).

Stengt for kommentarer.