naturen på sunnmøre og romsdal : presentert av jakob straume

 

– i boken «Kristenliv på Sunnmøre og Romsdal». Eit Festskrift. Sunnmøre og Romsdal Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. 1950.

 

fra s. 9 – 10 :

Kva synest du om denne landsluten ? Er han ikkje fager ?

Du svarar ikkje. Nei, det spørst korleis du får sjå han, og kva glans han får ovan frå.

Kjem du over Stad eller Hustadvika i storm medan havet bryt over alle skjer, synest du at her er fælt. Det ser ut som havet vil leggja alt under seg. Her kjem det med heile sitt velde, fordi landet snur mot nordvest, og heile verdshavet står på.

Men her ute bur folket trygt, både på øyar og verharde nes. Dei veit at når havet møter mor Noreg, må sjøane leggja seg.

Skjergarden er den store forsvarslina mot havet. Bak denne lina skjer fjordane seg inn i eit land som stig høgre di lenger inn det ber. Fjordane skifter i skap og fjella i form, frå rolege høgdedrag til ville og kvasse tindar. Anten ein ser det rolege eller det ville, så vert det vidunderleg vakkert, når soldåmen legg seg over landet.

Det kan henda at ein døl eller fjordbu synest at øyane vert for grå og snaue. Det er ingen skog. Berre store røter er att i myrane. Dei fortel om det som var ein gong. Men no er skogen borte, og vinden tutar mest støtt. Nei, ikkje alltid. Det har hendt at heile Svinøyhavet låg så stilt at det merkte ikkje for ei flu, og sumarsol fylte hav og land med lys og livsens varme.

Då låg Hustadvika still som eit fjellvatn.

Ho kan vera betre enn ho har ord for.

Folket elskar dette havet. Dei eig det. Her er levevegen deira, havet og båten.

Litt jord har dei og. Ingen vil setja stova si på nakne berget. Litt jord må alle ha for å trivast.

Det ligg mange fine gardar her ute ved havet. Det er difor kysten er så vakker om sumaren.  Her vert det grønt om våren og gult om hausten, mellom alt som er grått eller brunt, og luktar av fisk og ramsalt hav.

Her ute er det vakkert, og inn i fjordane er det enno finare. Der er skogen. Liv over frosen jord midt i vinteren. Over lange moar står sko­gen lun og tett. Opp etter bratte lier kliv han. Om vinteren liver dottar av furuskog opp mellom dei mørke, nakne bjørkene. Men når bjørka står i lysegrøn bunad om våren, ber ho bod om full sumar. Då er ho finaste treet i skogen.

Landet vart ikkje så grått inne i fjordane som ute ved havet. Ikkje om vinteren heller. Nei, då kom snøen. Rekk han ikkje heilt til sjøen, så rekk han langt ned i fjell og lier. Der lyser han opp, er streng og kald, men han kverv om våren. Og titt fekk han solgull over seg der han låg.

Men folket gledde seg då snøen for. Då hende det at mange bygder blømde som hagar.

Folket som bur i Sunnmøre og Romsdal er alle av heilnorsk ætt, og sterkt nasjonale. Men dei er ikkje støypte i ei form. Ein kan merka det i målføre, lynde og ulike skikkar.

Sunnmøringen høyrer til vestlendingane. Ein ser det og på byggjeskikkane, og høyrer det på målet.

Fylgjer ein »Mørejarl» frå Bergen og nordover, ser ein at sunnmøringane byggjer husa på same vis som på Vestlandet elles. Men kjem ein til Romsdal, ser ein dei lange, smale tohøgda husa som lyser stort mot fjorden og vegen. Det er trønder- og dølestilen.

Sunnmøringane måtte alltid i båt når dei skulle ut or fylket. Men romsdølingane reiste gjennom dalane sine, både til Austlandet og Trøn­delag.

I Romsdalen var meir skog og jord. Der vart tryggare kår, og folket fekk meir ro over seg. Dei vart seige og sterke som døler plar vera.

Sterk vart sunnmøringen og. Men det hende oftare at han sat på tofta og vippa på ein båretopp enn hine. Då måtte han vera vaken. Ofte vart det trongt om levemåten. Difor fekk han det i blodet at han måtte vera om seg. Det vart mest dobbelt så mange fiskarar på Sunnmøre som i Romsdalen.

Når me ser dei pene husa på veldyrka gardar både i nord og sør, så fortel det noko om folket.

Får me så ein skimt av fiskeflåten, så fortel det enno meir om dug­leik og vågemod, trass store tap og mange forlis.

Det hende at her var folk som ikkje hadde hug korkje til sjøen eller jorda. Dei tok til med heimeyrke og småindustri. Dei fekk hjul til å sviva, og hender kom i arbeid med skor, klede og møblar. Det vart mange slag levevegar. Alt fortel at her bur eit dugande og trottig folke­ferd.

Stengt for kommentarer.