lars t. kronen og hans liv

Her er en interessant lenke til boken om Lars. T. Kronen’s spennende liv .

http://www.historielaget.jostedal.no/1923-kronen.pdf

Han ble født i Jostedalen i Sogn og Fjordane i 1874. I boken beretter han nøkternt, men livfullt, om sine barne – og ungdomsår og senere liv i Amerika.

Her er et kort resymme om hans liv (ført i pennen av Håvard Kastet/2009) :

Lars T. Kronen skriv om sine reiser til USA og Tyskland i bokaIndtrykk og Minder frå 1923. Han reiser ut frå Jostedalen i 1894 etter å ha kome i konflikt med far sin. Faren var av den mindre sympatiske sorten, og da Lars begynte å snakke han imot så blei det ordna med billett til amerikabåten.Vel framme i Amerika reiser han frå Montreal til Stoughton i Wiscounsin. Der får han ordna seg med jobb på ein farm og han skryter av tilveret der:”Maten er bra i Amerika, og jeg hadde det i det store og hele godt. Arbeidet på landet er morsomt og trivelig, undtagen det at plante tobak; :det er et fælt slit. I det hele finder man i Amerika det rensligste og bedste bondeliv som eksisterer i verden. Arbeidet gaar der med liv og lyst, og med hensyn til maskiner og kjøretøier paa bondelandet staar Amerika langt over alle andre land i verden”.

Snart oppdagar han at Amerika også er eit svært farleg land. Han blir slegen ned og rana utan at gjerningsmannen nokosinne blir funnen. På dei vidare reisene rundt møter han mange farlege folk. Det var mange omstreifarar som hadde vore uheldige og som ikkje var til å stole på. Mange av desse var ute etter å skaffe seg raske pengar og det hende ofte at dei gjorde seg til drapsmenn. Lars ser blant anna ein barmann bli skoten ned på kloss hald for nokre få dollars. Ved fleire anledningar blir Lars forsøkt lurt og rana, men han er kvikk i oppfattinga og klarer å komme seg unna med livet i behald, om enn ikkje alltid pengane og kleda.

Amerika er ikkje berre bandittar og mordarar. Han møter på mange vennlege menneske som hjelper han med både arbeid og husly. Landet byr også på nokre meir komiske opplevingar som denne frå eit hotell i Madison:

”Jeg gik tidlig tilsengs om aftenen, men var vist ikke videre blid, da jeg vaaknet om morgenen og opdaget at der laa en svart neger med mig i sengen. Jeg blev saa ræd at jeg hoppet ut av sengen i en fart og forlangte negeren fjernet straks.”

Lars T. Kronen deltar også i den Spansk — Amerikanske krigen i 1898. Etter fleire månader med eksersis kulminerte det i landgang og tre trefningar på Cuba. Vel attende i USA får Lars T. Kronen saman med andre soldatar, helse på president William McKinley. Det er nok ikkje mange jostedøler som har helst på ein amerikansk president!

Lars reiser attende til Norge da han høyrer at mora er sjuk. Han startar etter kvart ein del forretningar i Christiania og reiser ein god del til Tyskland.

Kronens ”indtrykk og Minder” er ei svært interessant skildring av det Amerika som møtte immigrantane mot slutten av 1800 talet og starten på 1900 talet. Det er eit samfunn med mange moglegheiter og farar. Skildringane av Tyskland etter 1. verdskrig er også svært interessante da ein får eit førstehands innblikk i forholda i landet som skulle gjeve grobotn for Nazistane sin ideologi og menneskesyn.

Stengt for kommentarer.