ole halvorsen mjelva : presentert av ivar eikrem

 

– i boken «KLASSEJUSTIS I 1800-ÅRA – Om rettsforfylgjinga av Ole Halvorsen Mjelva, Jon Neergaard, Hans Hagerup Lyngvær, Ivar Bye og Jørgen Jordhøy». FALKEN FORLAG AS OSLO 1990.

 

– fra s. 11 – 43 :

Ole Halvorsen Mjelva var fødd i 1799 i Trana, Sparbu. Han var son til Halvor Halvorsen Ophus. Ole var vald som tredje representant frå Romsdals Amt til stortinget i 1836 og til det overordentlige storting i 1836 og 1837.

Han var medlem av budsjettnemnda (finanskomiteen).

I Tallak Lindstøl si bok «Stortinget og Statsrådet 1814-1914» er stortingsmann Ole Halvorsen nemnt med berre få liner. Dei gjev på langt nær noko klårt bilete av mannen, langt mindre kan det seiast vera nokon bio­grafi om mannen. Der står mellom anna:

«Ved prosesser og uheldige spekulasjoner måtte han selge Mjelva og flyttet i 1841 til Bud. Forsvant i 1842 da han var reist ut på en fisketur. Efter sigende skulde han ha rømt til Tyskland for at komme sig bort fra sine for­pligtelser.»

Det er denne soga eg i ungdomen reint tilfeldig fant små ymt om. Som vaksen undra det meg at det ikkje var meir å finne enn det som Tallak Lindstøl har skrive i si soge. Men det var først på mine gamle dagar at eg ikkje lenger kunne styre mi interesse etter å læra meir om denne mannen. Det ein har kunne få tak i gjennom meir grundige studiar av den samtid han levde i – og ikkje minst dei motstandarar han kjempa mot sa lenge han levde – er det me i denne soga vil prøva å få betre fram i ljoset.

Det er sagt at «det gjekk ut med han» på Mjelva, men flytta til Bud først i 1841. På stortinget kom han nok, som me skjøner, ut for eit reint taktisk uhell. Kongen hadde oppløyst stortinget.

Tingmennene vart sendt heim. På heimturen stansa Ole Halvorsen hjå skyldfolk på Hedemarken, er det for­talt. Samstundes med opphaldet der gjorde han ei reise til Stockholm «for at søge Kongen om et lån på 3000 Spd».

Det er m.a. handsaminga av denne saka i Odels­tinget eg har skaffa meg kopi av. Og ved gjennomlesing av innlegget hans – eller «forsvarstalen» – sit i alle fall eg att med det inntrykk at Ole Halvorsen må ha vore ein mykje intelligent mann.

I vårt den gongen unge demokrati var nok ikkje slik open lobbyverksemd, eller og direkte pågang i dei ymse departement, kjent og akseptert i slik form me kjenner til frå stortings-korridorane. Ole Halvorsen, som hadde drive fabrikkverksemd i større stil fleire stader, var nok hardt ute på denne tida.

Halvor Halvorsen Ophus, som var far til Ole, var født på Ophus i Storelvdal i 1772, son av Halvor Torgersen og Margrethe Jensdatter. Han var utlært som «farver og væver» ved Enigheds Fabrique på Ophus, oppretta av eit «Patriotisk Selskab».

Seinare kom han til fargermeister Westergård i Trondheim, der han tok svennebrev i 1796. Han reiste året etter til Steinkjer, på ein plass under Trana busette han seg som fargar på Dyrstad i Egge i år 1800. Nes i Grytten kjøpte han i 1805, og seinare Mjelva. Alle stader dreiv han handverket sitt. Han var ein av Hans Nilsen Hauge sine vener.

Halvor var gift med Berit Halvorsdatter Vestgård, truleg frå Vestgård i Storelvdal. I 1816 var han 4. repre­sentant frå Romsdals Amt på stortinget og medlem av budsjettnemnda. Han døydde på Mjelva i 1852.

Eg har ofte spekulert på kor mykje av den skrivne historia som er sann historie. Mange historieskrivarar vil nok rygge attende over at nokon våger å stille slikt spørsmål. Likevel trur eg at det med stor rett er grunn til spørsmålet. Etter Watergate-saka i USA hadde ein av dei mest kjende journalistane eit intervju med president Nixon, som til slutt vart spurd: «Er du ikkje redd for historia sin dom?» Nixon svara: «Det kjem an på kven som skriv historia».

Tenkjer me på all den subjektive velvilje eller motvilje som var rådande i Ole Halvorsens tid, både nasjonalt og lokalt, og på dei skriveføre embetsmennene, er det lett å bli mistenksam.

Det var berre få utanfor embetsstandet som i det heile kunne skrive. Det er vel noko av grun­nen til den skeive framstillinga me finn frå den tid. Gjennom eit langt liv har eg vore interessert i, og fått høve til å studere nærare det kjeldematerialet eg har fått tak i.

Dessutan mange samtaler med mange eldre folk i mine unge år.

Det er særleg det som gjekk føre seg i vår nære fortid som har fanga mi interesse. Det gjeld både i det 18. og 19. hundreåret. Utover landet var det nok prestestanden som var meistrer for det meste av skrivinga. I byane var det og andre skriveføre. Men det synest som embetsmennene berre var opptekne av å auke og halde på eiga makt og mynde, same om dei var i byen eller på landet.

Sjølve krona på verket fekk vel presteskapet sett med «Konventikkelplakaten» som dei fekk vedteke i 1741, og som dei i hundre år nådelaust nytta til styrking av eiga makt på bekostning av bønder og småkårsfolk. Det som er vanskeleg å forstå er at embetsmenn ofte syntes bruke ei kynisk framferd for å skaffe dekning for låke tider. Slike skal eg villig innrømme at dei også fekk kjensle av stundom. Med konventikkelplakaten i hand tvinga dei med bøter og gapestokk si vilje gjennom and­synes almuen.

Historia etter 1814 er nok ikkje historia om eit fritt norsk folk, men det er historia til noko av dei mest kon­servative elementa i embetsverket, og deira mest trugne lakeiar utover landet. Framleis vert me gjort kjent med berre deira historie, ikkje minst i dei tusen 17. mai-talcr. Det er heller lite som kjem fram om det levande livet, grunntonen i den vaknande norske nasjonen. Det synest vera uråd å gjera seg opp nokor sann meining om fortida utan at den delen som ikkje er teken med i historiebøkene vert knytt til det alt skrivne.

Presteskap og andre embetsmenn dreiv sin motstand mot haugianarrørsla gjennom meir enn hundre år. Ein interessant lekk i den soga er nettopp Mjelvasaka i 1836. Samcining av kristen forkynning og betring av materi­elle og sosiale kår for dei veikaste i samfunnet er vel det kjenneteikn ein helst vil feste til haugianarrørsla. Det er nok ennå i dag det som tvinger oss til den største respekt for denne rørsla.

Fram mot 1800-talet var det Hans Nilsen Hauge som med si emissærverksemd landet rundt skapte grobotn for kravet om fridom til forkynning av si tru. Då kom det også ofte til konfrontasjonar. Men frigjeringskamp hadde det vore gjennom heile 1700-talet, og derfor kjen­tes det godt for embetsmennene å koma i livd av konventikkelplakaten i 1741.

Haugerørsla var nok korkje den første eller den einaste rørsla mot embetsveldet. Men Hans Nilsen Hauge var den som førte slaget mot presteskapet fram til siger. For ordens skuld skal ein ta med at trass i forfylgjing og fengsling av Hauge gjen­nom mange år, så vart det etter kvart mange av prest­ane og embetsmennene som såg gjennom fingrane med forkynnarverksemda hans.

Sterkaste aktiviteten hans fall saman med tida rundt 1800-talet, samstundes med at Napoleonskrigane herja som verst ute i Europa. Det fylgde krakk i økonomien og avlingssvikt, som skapte naud i heimane i åra som fylgde. Hauge gjorde sin store innsats då han reiste rundt i landet og lærte folk å nytta utvegar til livberging. Den religiøse forkynninga han fekk høve til på desse ferdene sine gjekk mykje på å læra folk til meir moralsk framferd, slik han såg det. Han tala mot drukkenskap og sedløyse, og at folk måtte halda saman og hjelpe kvarandre – slik Bibelen lærer.

Grunnlova me fekk i 1814 skulle føra til full fridom for folket. Den burde og ha til fylgje at konventikkelplakaten vart oppheva. Slik gjekk det ikkje. Dette kom seg nok av at trass i at to tredjedelar av representantane i stortinget skulle vera frå landsbygda og ein tredjedel frå byane, så veit me at embetsmanns-fleirtalet var sikra i lange tider.

Mange av dei mest gåverike bønder som i den første tida vart vald til stortinget, kom frå haugianarrørsla. Gjennom si religiøse forkynnerverksemd hadde dei fått øving i talekunst og møteteknikk.

Frå Romsdals Amt kom altså haugianaren Halvard Ophus på tinget alt i 1816. Sonen Ole Halvardsen vart vald som 3. representant i 1836.

Det synest vera først kring midten av 1800-talet at prestar og andre embetsmenn tek til å forstå krafta i denne folkereisinga, som ikkje minst var Haugerørsla å takka for.

Ettersom ein nærma seg 1850-talet, tok difor prest og kyrkje til å blande seg meir med haugianarane og tok etter kvart over leiinga. Den gamle pietisma vaks igjen fram, samstundes som ei meir frilynd rørsle gjorde seg gjeldande. Den var bygd på ein meir grundtvigsk filo­sofi eller ideologi. Ein åndskamp mellom desse retningane vaks fram. Men frå midten av 1850-talet tek og arbeidarrørsla til å reisa hovudet. Det var særleg Marcus Thrane og thraniterrørsla. I kampen som fylgde melde så ein del prestar og embetsmenn seg på med full tyngd.

Det er denne stille og varsame kampen haugianarane førte, eg synest historieskrivarane har gløymt – og kanskje helst vil gløyma. Det er forståeleg at historia avspeglar dette embetsmannssamfunnet. Det ein finn skrive om ein haugianar som Ole Halvorsen Mjelva, stortingsmann frå Romsdal i 1836, syner «gehalten» i denne konservative forsamlinga frå den tid. (Jfr. «Morgenbladet» og «Den Constitutionelle» frå august 1836.)

Bortsett frå at kanskje største delen av vanlig folk utover landet var positivt innstilt til haugianarrørsla, skal me ikkje vera blinde for at det og var einskilde embetsmenn som både sympatiserte med og støtta haugianarane. Men slik både prestar og andre embets­menn vakta på sine område, skjøner me at dei for heller varleg fram.

Lova av 1741, konventikkelplakaten, vart det reiskap som presteskapet nytta i over hundre år. Men etter 1814 har det likevel vorte vanskelegare å bruke plakaten mot haugianarane, og maktkampen i dei fylgjande åra tok meir form av mobbing og sjikane.

Ein av dei som mest kom ut for dette var nettopp stortingsmann Mjelva. Han kollsiglde og drukna på fjorden vest for Bud. På Romsdalskysten var kollsigling og drukning ikkje noko uvanleg hende. Men også denne hendinga vart utnytta til å sverta denne mannen. Utan det minste prov vart det sett ut rykte om at han skulle ha kome seg ombord i ei tysk skute og rømt frå landet – for skuld økonomiske vanskar.

Nokon rik mann i pengevegen har nok ikkje Ole Halvorsen vore. Då skiftet etter han vart gjort opp, synte det underbalanse.

Det kom av at han hadde ein obligasjon på 1000 Spd som han måtte svare for etter tap på forretningsverksemda i Grytten. Av skifteforretninga går det elles fram at eigaren av Viken i Bud, Michael Width, møtte personleg og sa seg villig til å vera formyndar for enka og borna.

Dette skiftemøtet vart halde på «Jørgenplass» på Frisneset. Det er elles grunn til å peike på at den store «Manzonigården» seinare ga husrom for medlemer av denne familien. Det var nok her «det andre kultursentret» hadde vakse fram, frå før tollinspektør Manzonius og kona, født Width, si tid. Ho var truleg søster til Henning Width i Kristiansund, og såleis faster til Michael Width i Viken.

Den nye soknepresten, som kom til Bud i 1836, var Ole Jonassen Frost. Han kom til Bud same året som Ole Halvorsen vart vald til stortinget frå Romsdal. Ole Frost var født i 1805, og var såleis berre 6 år yngre enn kame­raten Ole Halvorsen. Dei vaks opp i lag inne i Grytten.

At dei begge var opptekne av det haugianarmiljøet dei var vakse opp i, må me tru, og dei har kanskje begge sett på dette å busette seg i Bud som litt av eit misjonskall. Det frettest langt utover, at miljøet rundt «Riddarsalen» ikkje hadde det beste rykte. På andre sida var det sikkert mange i Bud som nettopp ynskte haugianarane velkomne.

Ingen ting finn eg skrive om dette tidlegare. Arne Magerøy har rett nok skrive om Bud og Riddarsalen, men han var så sterkt slektsbunden til Høyem-ætta, som på den tid rådde der, at eg finn grunn til å setja eit stort spørjeteikn når det gjeld objektiviteten.

Den store snunaden ser ut til å vera kome til Bud et­ter at Michael Width i 1839 kjøpte «Viken og andre tilliggende eiendommer». Han var tydeleg påverka av haugianarane, og sjølv om han budde i Molde for det meste, hadde han trekt i trådane for å få Frost og Halvorsen til å flytte til Bud. Michael Width var omtala med den største respekt av gamle som eg har kjent i min ungdom. «Widtkummen» – som var ein gave til gamle kundar – finst ennå i mange heimar.

Ikkje om alt eg har skrive framanfor har eg skriftlege kjelder å syna til. Men eg vonar det vil gå fram av det som er skrive, kva som kan dokumenterast, og kva eg elles har måtta slutte meg til som logisk konsekvens av det materiale eg har hatt til rådvelde. Eg ser det slik at når alt kjem til alt vert det kanskje i den uskrevne historia me har von om å finna fram til den sannaste historia.

 

Ole Halvorsen-saka i stortinget.

 

Frå handsaminga av saka som var reist mot Ole Halvorsen skal eg her prøva gje eit meir samanheng- ande resyme, soga om stortingsmannen frå Romsdal som eg lenge hadde drøymt om å hente fram frå kjeldene. Ved velvillig assistanse frå riksbibliotekar Munthe har det lukkast å rekonstruere historia ut frå dei gamle stortings- og odelstingsforhandlingar.

I boka «Det Norske Storting gjennem 150 År», bind 1 1964, finn me eit lite avsnitt om «Mjelvasaken» i stor­tinget i 1836:

«Ved fullmagtsprøvingen på det overordentlige Storting samme høst stod Stortinget som i 1820-årene på ny i alarmberedskap overfor kongelig infiltrasjon i re­presentasjonen, og det vakte ikke liten opmerksomhet da Christianiapressen gjengav et rykte som byfogd Vogt fra Moss hadde gjort stortinget opmerksom på. Det gikk ut på at Mjelva etter stortingsopløsningen hadde begitt seg til Stockholm, der han hadde henvendt seg både til kongen og til de norske embetsmenn, og søkt om lån på 3000 spd. Det ble videre insinuert at Mjelva skulle ha latt falle uttalelser om at dersom lånet ble innvilget, ville han bli en føyelig tingmann.

Stortinget tok meget alvorlig på saken. Den ble sendt til odelstinget og derfra til protokollkomiteen, og ryk­tene svirret om riksrettstiltale mot Mjelva.

Protokollkomiteen fant det bevist at Mjelva hadde henvendt seg til kongen med begjæring om lån, men lot det stå åpent om at han hadde erklært at han var til salgs. Den fant imidlertid ikke grunn til å reise tiltale mot Mjelva – «hvor meget man end måtte beklage, at en representant kunde forglemme sine plikter, som simpel anstendighetsfølelse pålagde ham». Mjelva beholdt sin plass, men mange bondetingmenn vred hendene i for­tvilelse over miseren. «Jeg har nesten begyndt å tro at han har taget sagen så nær, at han har tabt endeel av sin fatning», skrev Ingebrigt Sæter hjem til broren den 16. oktober 1836. «Dog utfaldet er end nu usikkert, og man fåer således håbe det bedste. Dette må du ikke fortelle således at bondestandens forfølgere fåer dette at vide».

Det var Morgenbladet som den 11. august 1836 først var ute med ein artikkel, og let ålmenta få vite om saka på denne måten:

«Det har været påstået at der i enkelte distrikter stundom skal være valgt til Stortingsmænd folk hvis stilling og forfatning man ønskede at ophjelpe. Dette har måske oftere været tilfelle ved de første Storting; men dog må det antages at slige hensyn endnu, skjønt sjeldnere, komme i betraktning. Således sagdes der at en af hovedgrundene til at Torger Næss valgtes fra nordre Bergenhus Amt i 1833, var at det havde brændt for ham. En av de mindre oplyste bønder på dette Storting – Ole Halvorsen Mjelva fra Romsdalen – siges at være valgt for endeel af sådant hensyn til hans økonom­iske forfatning. Dette rykte vinner tiltro ved den efterretning, at Mjelva efter Stortingets opløsning skal være reist til Stockholm for at låne af hans Majestæt Kongen først 3000 Spd og siden 800 Spd uden at han dog, som rimelig var, fik nogen av delene. Tilsidst måtte norske Embedsmænd i Stockholm forstrække ham med reise­penge, mod at erholde dem tilbage ved dekort i hans til­kommende som Stortingsmand, efter hvad nogen sige, mens andre vilde vide at hs. Maj. Kongen med sedvan­lig generøsitet skal have foræret ham reisepenge. Vi kjende intet annet middel mod sådant uvæsen, imod slige hensyn ved valgene, end Offentligheden. For dem som formedelst slige enkelte irregulariteter ville for­dømme vort valgvæsen og vor representasjonsmåde i det hele, bør vi dog bemerke, at det ved ethvert gode klæber enkelte ufuldkommenheder, hvilke ikke bør begrunde vor Dom om det hele».

Dette var Morgenbladet sin kommentar. Men dagen etter, den 12. august, har «Den Constitutionelle» sin ver­sjon av denne saka: «Morgenbladet fra i går indeholder følgende: Stortingsmand O. H. Mjelva skal efter Stor­tingets opløsning være reist til Stockholm for at låne af h. Maj. Kongen først 3000 Spd og siden 800 Spd uden at han dog som rimeligt var, fik nogen af delene. Tilsidst måtte norske Embedsmænd i Stockholm forstrække ham med reisepenge, mod at erholde dem tilbage ved dekort i hans tilkommende som Stortingsmand, efter hvad nogle sige, imedens andre vil vide, at Hs. Maj. Kongen med sædvanlig generøsitet have foræret ham reisepenge.

Hvad Morgenbladet her beretter er også kommet os for øre. Likesom imidlertid Morgenbladets beretning er avfatted i halvt tvilende uttrykk, således have vi heller ikke villet fæste full tillid til hvad vi have hørt. Vi have ikke kunnet tro, at nogen hvem medborgeres valg kaldte til et Hverv, skulle ville stille sig i et aldeles pri­vat afhængighetsforhold til den executive magts repre­sentant, et forhold, der i alle fald lettelig vilde, så fremt ikke tilliden til vedkommende moralske kraft var des større, kunde sette hans uafhængighed som folkerepre­sentant i et mistenkelig lys. Vi kunde så meget mindre troe, at hr. Mjelva vilde bequemme sig hertil, som Hr. Mjelva altid stod forrest i Oppositionens Rækker, endog i den grad, efter at han, efter hvad vi fra pålidelig kilde have ladet os berette, i Budgett-terminen ytrede sig på det sterkeste imod bevilgningene til Slotsanlægget. Vi håbe således at den ærede representant fra Romsdal Amt ikke vil undlade snarest muligt at berigtige beret­ningen, som nødvendigvis måe stille ham i et mindre gunstig lys for Nationen, der måtte kun agte det for lidet stemmende med sin Ære, at træffe sine representanter med Tiggerposen på ryggen mellem Christiania og Stockholm».

Odelstingsforhandlingar 3. november 1836.

 

Her finn me referat frå Ole Halvorsen si utgreiing til protokoll-komiteen om Stockholmsreisa, og som vert attgjeven nedanfor i den originale målbruken:

«Det kan ikke være vanskeligt for nogen at forestille sig, hvilket indtryk det maa have gjort paa mig, at være bleven gjort til gjenstand i denne forsamling for sigtelser, der endog have foranlediget qvæstion om sæde paa det nu forsamlede storthing. Uvant som jeg er til at bevæge mig udenfor en indskrænket kreds, og uforberedt paa at slig beskyldning som den gjorte, nogensinde skulde blive fremsat imod mig, har jeg haft al min fat­ning fornøden, for at kunne bære vægten af en saadan miskjendelse.

Beskyldningens dristighed, ikke dens føie, var det imidlertid, som gjorde det vanskelig for mig at indsee, om mit gode navn og rygte av skjebnen var bestemt at blive opoffret for sammensværgelse imod det, eller om det kunde være mig muligt ved en sandfærdig og ufor­beholden fremstilling af det passerede at redde det rygte, som et heele foregaaende liv haabes at have begrundet blandt dem, der kjende mig, og ikke af fiendt­lig hu ville see eller ikke kunne anderledes end see alt i et slet lys.

Jeg spurgte mig selv, hvad kan hr. byfogdens hensigt være, naar han her fremsætter ubeviiste og ubeviislige beskyldninger imod mig. Anseer han det, at berøve næsten hans gode navn og rygte, for noget saa ubetydeligt, at man letsindigen tør give det til priis for blotte, for utilforladelige, og – som jeg senere hen skal vise – usandfærdige rygter, dem jeg veed ikke hvilken tjenstaktig aand, der har bevogtet mine skridt, have fundet sin regning ved at utsprede. Er det en rigtig eller nogenlunde forsvarlig anvendelse af den repræsentanten tilstaaede yttringsfrihed, naar man benytter den for at angribe næstens ære i udtryk, der om end tvivlsomme og tvetydige ikke destomindre, naar de findes i slig for­bindelse, giver blandt publicum i almindelighed en utvivlsom og utvetydig betydning til den beskyldtes skade. Naar saaledes hr. byfogden skriver, at jeg efter sigende i Stockholm skal have brugt udtryk, som lettelig kunde hentydes til, at jeg som storthingsmand vilde rette mig efter de forholdsregler, mand maatte finde for gode at give mig, saa hedder det t.ex. i den Constitutionelle, at hr. byfogden var kommen til visshed om, at jeg havde brugt udtryk, der sigtede til at jeg som repræsentant vilde handle saaledes.

Hvad kunde, tænkte jeg ved mig selv, hensigten være med udtryk, der paa en gang ere beskyldninger og ikke ere beskyldninger? Beskyldninger forsaavidt imputationen for angjeldende er lige følelig, men ikke beskyld­ning forsaavidt anklageren unddrager sig beviisbyrden? Jeg troer ikke man før har haft et saadant exempel som nærværende i denne Norges Tingsal, hvor ogsa jeg har været vidne til den ædle varme som har viist sig ved anledninger, da man troede nogens navn og rygte gaaet for nær. Det har da været yttret, at vedkommende skyldte sig selv at bevise sine anker, og dette, som har angaaet fraværende, har jeg ingen grund til at troe ikke skulde gjelde den nærværende repræsentant, hvis rettigheder jeg ikke vil skulde være større, men ei heller mindre end nogen anden mands. Men i stedet for at fremsætte beviste beskyldninger som anke, fremsætter man ubeviste, og vil at bevisbyrden skal paaligge den beskyldte, der altsaa skal have at afbevise beskyldningerne, hvis de ikke skulde gjelde som anke imod ham.

Er dette rigtigt? Kan man med en løs beskyldning have lov at nøde en mand til at gjøre skriftemaal foer hasteder, og en eller anden af de norske embedsmænd, som ere tilstede hos Hans Majestæt i Stockholm. En anden grund, hvorfor jeg i lengere tid har ønsket at gjøre en reise til Sverrig, var at jeg, der selv eier en hue- og strømpefabrik – rigtignok i det smaa – ønskede at see de lignende fabrikker i Sverrig, hvor jeg vidste vare saa meget fuldkomnere, for at jeg om muligt, kunde foretage nogen udvidelse og forbedring med den jeg har. Af denne sidste grund blev jeg under mit ophold i Christiania bestemt paa at gjøre en reise til Gothenborg, og forsynede mig endogtil den ende med pas. Imidlertid gik denne plan ved mellemkommende omstændigheder over styr, og jeg forlod Christiania med beslutning at reise hjem. Men en tilfældig omstændighed gjorde forandring i denne beslutning.

Da jeg kom til Hedemarken til nogle beslægtede ønskede min kone, som fulgte mig, paa grund af en paarørendes død og begravelse, at opholde sig der nogen tid. Den forrige tanke vaktes: den tid kunde jeg maaske bedste benytte til en reise til Stockholm, og bestemt ved begge de an­førte bevæggrunde foretog jeg da den reise, der har givet anledning saa usandfærdige rygter og beskyld­ninger. Med planer om en fremtidig udviklet drift saavel i ovennævnte henseende som ogsaa med hensyn til at et rescript af 8. november 1743 hjemler indvaanerne om Veblungsnæsset ret til handel med grove varer, hvil­ken jeg med en nogenlunde kapital kunde gjøre fordeelagtigt brug af, kom jeg til Stockholm.

Da Hans Majestæt Kongens hjælpsomhed, baade var mig bekjendt og blev mig forestillet, og det i nogen af vore offentlige laaneindretning, saavidt mig bekjendt, ikke eller høist vanskeligt kan erholdes laan uden kapitalafdrag, saa blev jeg bestemt paa at ansøge Hans Majestæt om et laan paa 3000 Spd mod lovlige renter og 1. prioritet obligation i min eiendom. Hans Majestæt var saa naadig at lade mig haabe denne ansøgning indvilget til næste aar. Hr. statssecretair Due, der var tilstede, vil kunde bevidne dette.

Denne Hans Majestæts godhed gav mig anledning til at haabe, at et mindre laan paa 400 Spd som forhaan- denværende pekuniære forholde gjorde mig trængende til, maaske strax kunde være at erholde og indgav der­om en ansøgning gjennem statssecretair Due. Da jeg engang forgjæves søgte denne for at erfare udfaldet, og min afreise fra Stockholm allerede var bestemt, erholdt jeg ikke noget svar paa samme. See, dette er hvad der er passeret, og hvilket prædicat man ogsaa vil give det, nogen brøde kan det dog visselig ikke blive. Efter følgerne – og efter dem vil jo mennesket, skjøndt med uret, saa gjerne bedømme enhver handling  – maa jeg nu anse min for at have været ubetænksom og mindre klog; men i sandhed, jeg havde endda ikke dyrtkjøbt den lærdom, at alt kan ved en slet og skjæv fremstilling blive slet.

Jeg troede ikke endda paa en mulighed som den, at man af ovenstaaende kunde sammensætte den smukke historie at jeg ikke alene henvendte mig til Hans Majestæt, men ogsaa til statsminister Løvenskiold og de øvrige norske embedsmænd om et laan fra 3000 til 4000 Spd, at jeg fik reisepenge med dekourt i mine tilkommende diætpenge som repræsentant, og at jeg endelig skal have yttret mig saa at det lettelig kunde hentydes til, at jeg som repræsentant vilde som storthingsmand stemme for de forholdsregler man maate finde for godt.

Alt dette inneholder en bagvaskelse der ikke eier mindste grund. Jeg talte en gang med statsministeren, og den herværende regjering vilde vide, at jeg ikke have trykket nogen væksel paa mine tilkommende diætpenge. At jeg kun søgte Hans Majestæt og ingen anden om de tvende ovenstaaende laan vil hr. statssecretair Due kunde bevidne.

Og hvad nu den sidste, den værste beskyldning angaaer, da er det mig meget tungt at maatte forsvare mig mod en saadan, og jeg kan – krævende ham, som randsager hjer­ter og nyrer, til vidne om, at jeg intet øieblik har haft saa svagt, at jeg skulde vilde sælge min overbeviisning og min stemme i Norges Thingsal – appelere til alle dem, der heri kunde afgive vidnesbyrd, og jeg er overbeviist om, at jeg ikke kan have udtrygt mig saa uheldigt, at det skulde begrunde en slig beskyldning.

Skulde imod al formodning denne, tildeels smertelige anatomie af mit privatliv ikke være tilfredsstillende for de hæderlige mænd, mellem hvilke jeg skulde tage sæde, da har jeg kun en bøn, og den troer jeg at have retfærdigt krav paa at see opfyldt, at man uden humanitetsfølelsen saarende debatter vil overlade sagen til rette dommeres kjendelse».

Heilt fram til først i 1950-åra hadde grunnloven ord­ninga som vart kalla «Bondeparagrafen», som skulle sikra deling av representanttalet mellom by og land. Det var den store endring av busetningsmønsteret som hadde ført til dette. Ein hard politisk strid om denne saka hadde fylgd stortinget i lang tid. Det kan vel vera liten tvil om at denne grunnlovsheimel hadde vore ein «surdeig» som kveikte folkeviljen, for demokratiet og mot embetsveldet når det mest trongst. Dei som hadde posisjonar og på ymse vis såg på kongemakta sin trong til infiltrasjon – og makt over tinget – såg sikkert ikkje med blide augo på at bondetingmenn søkte kongen direkte.

Det er vel noko av dette me finn att og som er noko av undertonen i Mjelvasaka. Me skal hugse at det då var gått berre eit par tiår etter me fekk grunnlova, og etter det første storting. Noko av det me merkjer oss er det sterke vakthald om representantane sin uavhengig­het, eller personleg binding til interessefelt som kunne påverke objektiv sakshandsaming. Slik det kan synes i dag, må nok dette uavhengighetskravet vore tøygd nokså langt i Mjelvasaka.

At dei to avisene som først slo opp saka var embetsmannsgruppa sine organ, skal vera velkjent. Om ikkje Ole Halvorsen (Mjelva) vart frådømt fullmakta til stortinget, så måtte han i allfall gjennom ein hard kritikk i odels­tinget, med lite høviske utfall frå talarar i embetsmannsgruppa. Det er denne nedverdigande haldninga til bonderepresentantane i stortinget som heller ikkje vår samtid bør la vere å minnast. Ikkje minst våre dagars journalister ville truleg ha utbytte av å gå gjen­nom dokumenta som finst om Mjelvasaka i historie og arkiv.

Ein kan vel heller ikkje la vere å undre seg over at ein historikar som Tallak Lindstøl i sin vita om Ole Halvorsen utan vidare gransking tek med sjølve slarvehistoria om at han skulle ha rømt frå landet på ei tysk skute. Dette er ei historie det ikkje finst grunnlag for. Eg vil ikkje her spekulere på kven som kan ha fabrikert denne fantasihistoria. Nokon form for feigskap er vel det siste ein kan knyta til Ole Halvorsens karakter. Men at han også hadde mange fiendsmenn som var viljug til å skitne til minnet om han, det veit me, men dei høyrde i alle høve ikkje til vanlege fiskar- og småkårsfolk utasunds i den tid.

I «Stortingets historie gjennem 150 år» har forfattaren så seint som i 1964 ikkje funne nokon grunn til å tvile på framstillinga, men berre teke avskrift etter Lindstøl. I arveskiftet etter drukningsulykka er det ikkje noko som tyder på det som er sagt: «… Efter sigende skal han ha rømt for at komme sig fra sine gjeldsforpligtelser».

Me er i dag komne fram til sju-åtte ættleder etter stor­tingsmann Ole Halvorsen. Han vedgjekk sjølv i odels­tinget at det var uklokt å gjera den omtala reisa til Stockholm i 1836. Men tinget fann ikkje grunn til anna enn å leggja saka vekk. Som fri for å ha gjort noko som kunne skade landet, vart klaga frå byfogd Vogt awist, og Mjelva hadde sin plass i stortinget i 1836 og 1837.

For etterslekta bør det vere både eit stolt og kjært minne å koma i hug stamfaren Ole Halvorsen. Eit tids­skifte vart det tydelegvis for Bud etter at dei tre menn: Frost, Width og Mjelva kom dit ut.

Ole Halvorsen Mjelva i odelstinget i 1836.

Mjelva seier i sin forsvarstale i odelstinget at alle må skjøne kva inntrykk det må ha gjort på han desse skuldingane som var reist mot han som stortingsmann,

«…der endog foranlediget spørgsmål om sæde på det nu forsamlede storting». Han seier vidare at han «har havt all sin fatning fornøden, at bære vekten af en sådan miskjendelse».

Det er for å kunne slå attende heile dette «usannferdige rykte» som er sett ut for å skade han at han har bestemt seg for ei «sannferdig og uforbeholden fremstilling af det passerede, at redde det rykte, som et helt foregående liv håbes at have begrundet blandt de som kjende mig, og ikke af fiendtlig hu vil se alt i et slet lys».

Han er ikkje nådig mot byfogd Vogth, «hvis hensigt må have været, at fremstille ubeviste og ubeviselige rygter» mot han. Han gjer vidare til eit hovudpoeng at byfogden i si klage krev at han — Mjelva — skal føre prov for si uskuld i rykta som er framsett, i staden for at bevisbyrden som vanleg skal ligge på anklagaren.

«Men for ei at stå brændemerket og drage en ufor­tjent skjændsel, må jeg fortelle private begivenheder, der i samme grad er denne sag uvedkommende, som det er mig alene vedkommende».

Han kunne sagt slik: «Eg hadde eit erend til Stock­holm, og det har så mange hatt utan at dei har funne at nokon hadde rett til å spørje om kva dei gjorde der. Minst av alle Norges storting. Men når det galdt meg vart det spurt, og eg kunne ha rett til å svare at eg ikkje var skuldig, og forlange at den eller dei som hadde kla­ga sto fram med prov». Men slik ville han ikkje svare.

«Jeg vil adsplitte dette væv, dette usandfærdige opspind».

Han fortel så her om ein svoger på Veblungsnes som til den norske regjering hadde sendt inn ein søknad om landhandlerbevilling «lig den A. Fladmark tidligere havde». Denne svogeren var O. A. Devold, som seinare grunnla Devolds Fabrikker i Langevåg. Det hadde drege ut med svar på søknaden «og fandt derfor at det ikke kunde være overflødigt at henvende sig til høiere steder, og en eller anden embedsmand, som var tilstede ved Hs. Majestæt i Stockholm».

Ein annan grunn til at han i lang tid hadde ønskt å reise til Sverige, var at han som eigar av ein strømpe- og huefabrikk — «riktignok i det små» — hadde hatt ynskje om å sjå slike fabrikkar i Sverige «hvor jeg vidste de var så meget fuldkomnere, for om muligt at kunde utvide og forandre». Han fortel her at han av den grunn tidlegare hadde tenkt å ta ein tur til Gøteborg, og hadde endå skaffa seg pass med tanke på det.

«Imidlertid gik denne plan ved mellemkommende omstendigheder over styr (Kongens oppløysing av stor­tinget) og jeg forlod Kristiania med beslutning om at reise hjem». Men han stansa hjå slekta på Hedemarken, og det var eit tilfelle som gjorde at heimreisa vart endra. Ein nær slektnings dødsfall gjorde at kona ynskte å vera der ei tid. Då var det at tanken om ein Sverige-tur vart vekt. Dette var grunnen til Stockholm-turen, som ga høve til «så mange usandfærdige rykter og beskyldninger».

Med sterkt ynske om å kunne få i gang denne handelen som eit «Kongelig Rescript af 1743 havde hjemlet indvånere af Veblungsnæset ret til handel med grove varer, hvilken jeg med nogenlunde kapital kunde gjøre fordelagtig brug af», kom han til Stockholm. Han var kjent med Kongens velvilje når han trodde på «gavnlig virksomhed». Han var kjent med at våre eigne offentlege låneinnretningar vanskeleg kunne gje lån, så han var fast bestemt på å søke kongen om et lån på 3000 spd mot lovlege renter og mot 1. pr. pant i sin eigedom.

«Og Hs. Maj. var så nådig, at lade mig håbe denne min ansøgning indvilget allerede næste år. Hr. statssekretær Due, som var tilstede, vil bevidne dette».

Han vedkjenner seg og at han søkte om 400 spd «som forhåndenværende pekuniære omstændigheder og for­hold, gjorde mig trængende». Men ettersom han hadde fastsett heimreisa, vart det ikkje tid til å få vite korleis det var gått med denne søknaden.

«Se dette er alt, som haver passeret, og hvad slags prædikat man også vil give det, nogen brøde kan det dog visseligen ikke blive. Efter følgerne — og efter dem vil jo mennesker dømme, skjønt med urett, enhver handling — må jeg nu se min, for at være ubetænksom og mindre klog. Men i sandhed, jeg havde endnu ikke dyrt kjøbt den lærdom, at alt kan ved en slet og skjæv fremstilling blive slet».

Stortingsmann Mjelva går grundig fram. Punkt for punkt syner han attende alle skuldingane i klaga som byfogd Vogth hadde fremja mot han. Og han slutter slik: «Skulde mod all formodning denne tildels smerte­lige anatomie af mit privatliv ikke være tilfredsstillende for de hæderlige mænd, mellem hvilke jeg skulde tage sæde, da haver jeg kun en bøn, og den tror jeg at have retferdig krav på at se opfylde, at man uden humanitetsfølelsens sårende debatter, vil overlade sagen til rette dommeres kjendelse».

Me merkjer oss at Ole Halvorsen seier han vil gje «…en uforbeholden og sandfærdig» framstilling «for at redde det rykte, som et helt foregående liv håbes at have begrundet …» for dei som kjente han. Jau, det var først og framst dei folka i Romsdal han var komen i samband med og kunne hjelpe med si prokuratorverksemd og fått ry for. Det var nok heller ikkje utan grunn at dei 122 fiskarar frå Aukra, Sandøy og Haram, som vart dømde i 1843 i den såkalla «Stry-saka», som først etter 12 år kom til avgjerd i høgsterett, samrøystes søkte om å få Ole Halvorsen som sin forsvarar, og han vart godkjent av høgsterett. Dette altså både før og etter at han måtte fri seg frå nedrakkinga han var utsett for i stortinget. Veljarane hans frå Ytre Romsdal hadde han nok ikkje minst sikta til når han ikkje tvilte på «dei som kjende han».

Men dette fortel oss og noko om kven han førte sakene for, nemleg småkårsfolket, og kven han hadde kjempa mot: embetsmennene. For meg teikner det seg eit tydeleg bilete av ein idealist som i heile si ferd gjennom livet sto til teneste for dei veikaste i samfunnet. Slik prokuratorverksemd vart han nok ikkje rik av. Tallak Lindstøl skriv i si historie om «Stortinget 1814—1914 i biografien til Ole Halvorsen at « … han på grunn av prosesser og uheldige spekulasjoner måtte selge Mjelva og flytte til Bud i 1841».

Dette er i beste fall ei ufullstendig historie om denne mannen. Og når han tek opp att dette slarvet om at han «efter sigende skulle ha rømt landet» — som er det reinaste vrøvl — synest det meg vera stor skam at dette har vore pensum for studentar i så lang tid. Utan mot­mæle.

Det ligg ikkje føre noko sant skriftleg ettermæle om Ole Halvorsen Mjelva. Det var mellom anna for å prøva få retta opp noko av dette at eg har leita fram det eg til no har funne frå hans samtid. Eitt er sikkert: Etterslekta hans har i alle høve grunn til å vera stolt av sin stamfar. Eg voner at det eg har leita fram kan vera med og styrke ei slik kjensle.

Det andre kapitlet i soga om Ole Halvorsen Mjelva er og med å gje ein glytt inn i mannens liv, og skulle vera med å styrke grunngjevinga om hans karakter.

 

 

Strysaka.

Om denne saka syner eg til den kjente lokalhistorikaren Martinus Rogne si framstilling. Denne saka, som altså vart tøygd ut i samfulle 12 år, og som til slutt kom til avgjerd i høgsterett, ville i våre dagar helst vorte gjort av med ein påtaleunnlatelse. Men i dei dagar var nok ein slik flokk av fiskarbønder og andre arbeidsfolk sett på som ei interessant mjølkeku for retten og embetsmen­nene. Slik vart saker tøygd ut så langt det var råd. Det er interessant å sjå at alle sakgjevne søkte om å få tidlegare stortingsmann Ole Halvorsen Mjelva til forsvarar for høgsterett. Det skulle gå tydeleg fram av dette at Ole Halvorsen var ein som den vanlege mann såg opp til og sette stor pris på. Og som embetsmenn laut respektere, når det kom til stykket.

 

 

Stryskuta som stranda ved Uksnøy oktober 1830.

 

Den kjende granskaren av lokalhistoria, Martinus Rogne, har i ei utgreiing om denne strysaka gått gjen­nom skriftlege kjelder i Statsarkivet, som eg her er så fri å gjengi eit utdrag av.

Det hadde vore sterk vestavindsstorm nokre dagar, så skavlane kvitskumma havet så langt ein såg. Den 27. oktober 1830 kom eit engelsk skip inn i Harøyfalla og prøvde å kome seg inn til Uksnøya. Det var barken «Albion» av Scharborough, med Thomas Halle som kaptein. Skipet var lasta med jarn, lankar, svinebørster, lin og stry, på veg frå Arkangelsk og skulle til London. Ein kilometer utanfor Uksnøya grunnstøytte «Albion» medan folket på Uksnøya sto og såg på. Dei manna då ut ein båt og la i veg utom øya. Stormen hadde spakna litt, men det var ennå uråd å kome til skipet. Dei gikk i staden opp på Stormåsholmen, og frå eit lågare skjer på utsida av holmen strakte dei ei 40 famners line ut til «Albion». Mannskapet feste seg i lina og hoppa i sjøen. Ein for ein vart dei så drege til lands på holmen.

Alle mann vart berga endå så hardt sjøbrot det var. Den grunnen som «Albion» stranda på vart kalla oppatt etter forliset og heiter Engelskflua den dag i dag. Om dette forliset vitna: Nils Eriksen, Uksnøy, f 1783, son hans, Erik Nilsen, f 1805, Christen Johansen Uksnøy, f 1874, son hans, Iver C. Uksnøy, f 1812, tenarar på Uksnøy, Johan Johansen 25 år og Jacob Pedersen 18 år. Desse seks frå Uksnøya var det som berga mannskapet på «Albion». Dei vart alle innstemnt som vitne i det første rettsmøte på Gamlem den 27. februar 1831.

Christian Uksnøy vitna om forliset at stormen spakna den 28. oktober. Det kom då mange båtar til «Albion», og folka la råd om kva dei skulle gjere. Los Peder Larsen Flem gjekk først ombord, tilsto han, men han gjorde det først etter samråd med dei andre som gjekk ombord i lag med han. Det kom no etterkvart mange til skipet, og dei gjekk ombord og tok til å avtakle skipet. Etter ei stund kom også styrmannen og matrosane og hjelpte til. Alt som var laust og alt dei fekk tak i av las­ten, slik som plankar, lin og stry vart ført til lands og lagt i haugar på holmen. Overtollmann Møller frå Myklebust kom straks til skipet, og var sidan jamt til stades under bergingsarbeidet.

Den 2. november vart det halde bergingsrett på Uksnøy etter krav frå kjøpmann Karl Rønneberg i Ålesund og kaptein Thomas Halle. Overtolltenar i Ålesund, Peter Storm, var tolk for kaptein Halle, som også var til stades. Det var framleis eit blåsande ver som hindra berginga. Retten kom til semje om å påskunda bergingsarbeidet mest mogeleg, og derfor skulle det leigast 255 mann på 53 båtar for å frakta mest mogeleg på land frå skipet som låg og gnog på grun­nen. Det var elles fastbunde med kjettingar, men det var hol i botnen, så mesteparten av lasten låg under hav­flata. Seinare deltok 350 mann i berginga, som gjekk fram til 12. november. Såleis at 58 mann med 10 båtar arbeidde frå daggry til avdagsleite. Den 12. november hadde dei berga alt som var takande, og alt vart verd- sett på land.

Men no hende det syrgjelege: Det kom for ein dag at fleire hadde teke med seg sjøvåt stry og lin heim, særleg dei som hadde vore med og berga frå 28. oktober til 2. november. Og alle desse vart innstemnt til tings for å stå til rette for «ran på Albions last». Dei frå Haram skulle møte på tinget på Gamlem, og dei frå Sandøy og Aukra på tinget for Sund. Dei fleste som hadde teke med seg noko heim tilsto si synd og gav opp det dei hadde teke. Alt skulle leverast til lensmann Petter Gamlem, og han noterte det kvar kom med. Alle varene som vart berga, vart seide på auksjon på Gamlem den 20. oktober 1832.

Futen på Sunnmøre kravde at 181 av dei som vart innstemnde for tjuveri frå «Albion» vart innstemnt til forhøyr. Amtmannen sende saka til ein kommisjon for å føre saka mot dei 181 frå Aukra, Sandøy og Haram. Skrivaren på Sunnmøre, Knut Karl Krogh, og skrivaren Hans Thiis Møller på Moldegård, skulle styre forhøyret. Det vart avsagt dom 5. mars 1839, men vart forkasta av høgsterett, som kravde ny saksførehaving 5. oktober 1841. Denne domen vart anka til høgsterett, som stad­festa han den 30. september 1843. Den nye straffelova av 1. januar 1843 vart det ikkje teke omsyn til. 72 menn frå Sandøy og Aukra, og 50 frå Haram vart dømde til tukthusstraff frå 2 til 6 månader. Mellom dei dømde var 29 losar, som alle miste losretten sin. Aktor i saka var Peder Hagerup frå Teige, og forsvarar var stortings­mann Ole Halvorsen Mjelva. Han var tilsett som offentleg forsvarar for alle sakgjevne.

Så langt Martinus Rogne.

Ein god del vita om mannen Ole Halvorsen Mjelva har me kunna skaffa oss, men mykje meir kjeldegransking må nok gjerast om me skal få eit fullstendig bilete av mannen sjølv, hans liv og verksemd. Kanskje kunne det finnast meir ved nøye gransking i dei gamle justisprotokollane. Kanskje kunne det vera noko å finna i Drammen, frå hans tid der. Eg trur likevel at det bilete eg har prøvd å få fram i denne framstilling om han, ikkje ville kome til å endre seg mykje. Det burde vera nok til å syne kor mangelfull ho er, historia om menn som på den tid gjorde ein grunnleggande innsats for demokratisk utvikling av landet — slik grunnlova av 1814 ga von om. Soga om Ole Halvorsen Mjelva syner ikkje minst dette.

Eg har møtt fleire som har hevda at det ikkje ligg føre noko prov for at Ole Halvorsen var truande haugianar, men berre ein vanleg prokurator, og då med dei lyter som så ofte fylgde med denne tittel. Det kom vel av at så mange brukte prokuratorløyvet til personleg makt og vinning, på mindre human vis. Eg skal la det temaet ligge ved dette høve.

Men eg kan ikkje la vere å forsvare haugianarane sin måte å fremje sine hovedmål, som einast var å hjelpa småkårsfolk til betre kår, og samstun­des rett til forkynning av si tru og sitt arbeid for sosial frigjering frå den sterke makt som embetsmennene rådde over. Beviset på at Ole Halvorsen nettopp var ein av dei sterkt truande haugianarane har eg funne i ei lita bok kalla «Erindringer», skrive av ein mann som heitte Harkel Jonsen Myrbø (Myhrebøe), født på plassen Myrbø ved foten av Romsdalshorn. Eg siterar berre eit lite kapittel: «Drammen 1827» som har interesse i samanheng med skriftet om Ole Halvorsen Mjelva.

«I marts 1827 kom jeg til en kristeligsindet familie i Drammen i strømpevæverlære. Der var jeg i 5 1/2 år. (Her fortel han om si omvending, som elles er ei forteljing i den tids naive stil.) Jeg havde det ellers godt. Det var gudfryktige folk jeg var hos: Ole Mjelva var som sådan bekjendt blandt kristne venner på den tid.

Der var ofte opbyggelser, af reisende venner, som tog ind der. Iblandt disse var stortingsmændene Ole Torgersen Svanø, Mikkel Grendahl og O. Solberg fra Trondhjem, Gabriel Ueland, Jon Sørbrøden, Jørgen Tvedthe fra Sætesdalen, Kristen Bredtvedt, Ole Moe fra Kristiansand og Nils Bru fra Stavanger Amt. Disse var lægpredikanter, og de havde ordet i sin magt, så det var godt at høre dem. Andre lægpredikanter som kom der var Daniel Arnesen og Lars Kylling fra Romsdalen, de var åndrige mænd. Fremdeles var Torkel Smørgrav fra Eker, Kristofer Kjønrud fra Jarlsberg Grevskab, Mikkel Nilsen, broder til Hans Nilsen Hauge, af de ældste. Af senere vakte var Arne Bjørge, Jon Bjørge, Nils Huslænde fra Voss, Elling Eielson og Styrker Eielson, Anders Håve, Mads Befring, Anders Redahl og Torsten Redahl. Disse var mere ildfulle, men de andre mere erfarne. Ligeså kom en svensk prest ved navn Bøckmann, som talte af stor kundskab og en mægtig ånd».

Harkel Jonsen Myrbø flytta etter fem år frå Drammen til Stavanger. Han vart seinare reisande emissær, og var truleg den første sekretær i Vestlandske Indremisjon.

Under arbeidet med soga om Ole Halvorsen, kunne eg heller ikkje unngå å oppdage at han ikkje var åleine i våre bygder som førte striden mot embetsmennene.

 

 

«Bondeopprøret» i 1830-åra.

I boka «Fridom og lov» av Halvdan Koht og Sigmund Skard (Aschehoug & Co. 1948) skriv vår store rikshistorikar Koht om ymse politiske straumdrag som merkte seg ut i 1830-åra. I kapitlet om «Demokratisk framvoks­ter» kjem han inn på den lange striden som arbeidet med formannskapsloven førte med seg. Den vart vedteke av stortinget tre gonger før endeleg Kongen fann seg nøydd til å skrive under og sanksjonere loven i 1837. For at me på snøggaste måte kan kome til kjenn­skapen om Jon Neergaard og det som knyter seg til den første «bondereisinga» på stortinget, tek eg meg lov til, for skuld samanhengen, å sitere ei side frå Koht si bok:

«I 1830 hendte det at ein ung bonde, som hadde tent seg opp med å kjøpe av krongodset, gjekk iveg med ein systematisk agitasjon for å få den politiske makta lagt i hendene på «bondeklassa». Det var Jon Neergaard. Likesom vekkjingspredikanten H. N. Hauge, gjekk han på sin fot frå den eine bygda til den andre, tala med klassebrørne sine, og gav dei eit lite hefte han hadde skreve. Det var den namngjetne «Olaboka». Han freista å ettervise at dei andre klassane hadde nytta makta si til bate for seg sjølve, og programmet hans var stutt og greitt, at ein burde velje så mange bønder som mogeleg inn på Stortinget. Dette var eit program som tala sterkt til den nyvekte klassekjensla, og i vala for det Stortinget som skulle møte i 1833, vann dei omlag halvparten av alle tingmennene.

Dette var ein politisk revolusjon — maken til den som gjekk føre seg i USA ved president-valet 1828. Eit levande demokrati steig inn og fylte den råma som grunnlova av 1814 hadde skapt. Overklassa var ikkje lenger einerådande i landet. Attmed det reiste det seg no det som i den tida vart kalla «bondepartiet». Organiserte parti fanst det ikkje endå i Noreg, og det vart jamvel rekna for å vere mest uverdig eller usømeleg. Men Neergaard samla ikring seg ei lita gruppe av bondetingmenn, ein «løynleg komite», som la råd om framlegg til gagn for dei lågare klassane, og reiste stridsropet for heile bondeklassa. Det var han som fekk inn somme av dei mest demokratiske reglane i kom­munelovene, og særleg den som seinare vart så overlag viktig, den som gav kommunestyra rett til å ta opp alle slags spørsmål som vedrørte kommunen.

Som politisk førar måtte Neergaard snart vike plassen for ein yngre mann, Ole Gabriel Ueland, som vart hovding for bøndene i Stortinget i meir enn 30 år. Det var ein kar med vidare politisk utsyn enn nokon bondepolitikar tidlegare hadde hatt, og han hadde ein seig plan­fast vilje så han aldri gav seg på ei sak før han hadde ført ho fram. Samstundes var han ein sløg taktikar og gløgg til å tale for sakene sine, den første bonden som kunne stå seg i ordskifte med dei frå høgare klasser».

Stengt for kommentarer.