johan fritzner greve : presentert av jakob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit festskrift». Bergen 1952.

 

– fra s. 17 – 19 :

Hjå presten i Sund.

For å få eit bilete av korleis tida var i fyrste helvta av 1800 skal me sjå inn om til ein av dei gildaste prestane på den tid og helsa på presten Johan Fritzner Greve, 1799—1883.

Greve studerte i 1820-åra, og i den tid stod opplysninga som preste-ideal. Men Greve hadde også andre hugmål. Såleis vitja han Hauge fieire gonger på Bredtvedt medan han studerte. Alle sine eksamenar tok Greve med laud, så han var nok ein evnerik kar.

Greve vart sokneprest til Sund i 1835, og før han kom, var der syrgjelege til­stand på mange vis. Skulestellet heldt reint på å gå i stå. Og mange låg under for kiv, slagsmål og sedløyse. Ofte fann Greve nokon av sine sokneborn i veg-grøfta. Der låg dei i fylla. Når dei så kom i kyrkja, tala han strengt til dei om rusdrikk og andre lastar.

Men dette vart folk arge for. Og mange gjekk frå kyrkja og svor høgt på at dei aldri meir ville gå og høyra Greve.

Greve var flink til å refsa synder.

— Våkn opp alle I sovende pa gården Glesnes, og også på andre gårde. O, ve dig !

Slik tala han over grenda der brennevinshandelen var.

I prestegarden holdt han alltid ei kort andakt med tenarane og huslyden sin før dei gjekk til sengs om kvelden. Stundom gjekk han ut i heimane til folk, men då kom han helst med råd og opplysning om slikt som høyrde verda til, og det fekk lite verd.

Men beste arbeidet sitt gjorde han ved konfirmasjonsførebuinga. Her heldt han seg strengt etter Sandhed til Gudfryktighed av Pontoppidan. Dette arbeidet hans gjorde at haugianarane sette Greve høgt. Eit av dei spørsmål som han la mest vekt på i forklaringa, var spørs­målet om skilnaden på ei død og ei levande tru. Både den som har den døde tru og dei som har den levande tru, vil ha nåde. Slik er dei like. Men dei som har ei død tru, vil ha nåde utan å venda om. Men dei som har ei levande tru, vil både ha nåde og verta kvitt synda.

Ofte kunne Greve seia : Me veit vegen, men det  er verre å gå han.

Greve let konfirmantane læra mange salmar og vers, og eit av desse lyder slik :

¤

Vig o mørkets fyrste, vig. Du har ingen del i mig !

Sjelen er av synden krenkt, men med Jesu blod besprengt.

Vig hver syndig lyst herfra. Jeg har svoret Jehova med et evigt, helligt ja.

¤

Med alt dette hadde nok den ærverdige prosten forlite av evange­lisk lys, og det vart vanskeleg for den som kom i sjelenaud å finna vegen inn til han. Nei, då gjekk dei heller og leita opp ein av dei gamle Haugianarane som fanst i Sund, og finst enno. Slik gjekk det med Halvor Arnesen Forland då han var 17 år gamal. Då gjekk han til Haugianaren Per Sæle og fekk den andelege rettleiing han trong.

Når folk med syndesorg hadde vanskeleg for å finna inn til Greve, så kom det av kyrkjesynet hans. Som alt er nemnt høyrde han og mange i hans samtid til opplysningsteologane. Presten si gjerning var som folke-oppsedar.

I 1872 var Torkildsen som seinare vart biskop, personell kapellan hjå Greve. Torkildsen høyrde til den nye presteslekt som kom med Gisle Johnsen, og hadde klårt syn for levande kristendom.

Ein kveld sat Greve og Torkildsen saman og prata. Då tala Torkildsen om korleis han såg på stoda i Sund.

Her er alt dødt. Her finst knapt ein einaste truande. Her finst ikkje eit Guds-barn, sa Torkildsen.

Då tagde Greve lenge og såg ut gjennom glaset. Du gløymer visst «Guds barn i vuggene», sa han til sist.

Kring om på Vestlandet arbeidde mang ein bra prest etter same tanken som Greve, og stoda i kyrkjelydane var like så mørk som Torkildsen skildrar i Sund for di presten trøysta både seg sjølv og andre for mykje med «Guds barn i vuggene».

Det vart fyrst då vekkinga kom, at Guds-born frå vuggene kom til sin rett. «Ungdom fra vekkelsen, helst sør om fjorden», som ein av ettermennene i kallet til Greve sa ein gong.

 

Stengt for kommentarer.