johan nordahl brun von der lippe : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit festskrift». Bergen Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.

 

– fra s. 23 – 24 :

 

AV EI NY PRESTESLEKT.

I 1871 vart Johan Nordahl Brun von der Lippe sokneprest i Fjell, som heilt til 1841 høyrde med til Johan Fritzner Greve sitt preste­gjeld i Sund.

Von der Lippe var ung, sterk og varm, berre 32 år gamal. Og han var ein trufast læresvein av Gisle Johnsen. I ungdomen hadde han lite lyst på teologien. Men den myndige far hans som sat på Kristiansands bispestol, ville det. Difor las han så mykje som trongst for å koma gjennom til embetseksamen. Den unge presten var ein varm kristen og hadde elles godt å likna på. Den mektige Bergens­bispen som han heitte etter, var stamfar hans.

V.d. Lippe forkynte evangeliet einfaldig og varmt, og det han sa, gjekk til hjarta. Folk vart glade i han, og kyrkjene vart helst for små. I Fjell bygde dei ny kyrkja i hans tid med 700 sitjeplassar, men også den kyrkja vart full nok. Han var elles ein myndig herre som baud folk gå i kyrkja, og dei torde ikkje anna.

Litt kyrkjetukt øvde han og. Ein gong kom klokkaren heim att frå byen og hadde vore full. Då sende presten bod at han måtte ikkje koma i kyrkja sundag for å vera klokkar. Sjølv gjekk v. d. Lippe tidleg i kyrkja den dagen og fann seg ein mann som måtte gjera klokkarteneste.

V. d. Lippe var flittig til å halda bibellesingar og å vitja sjuke. Ofte kom han roande aleine. Ein gong kom han i båt i frisk motvind og skulle ha bibellesing.

— At du greidde å ro i dag, sa ein mann som tok mot han.

Han blåser aldri så meget at jeg ikke skal ro ham, svara presten. Han var stor og sterk og kjende styrken sin.

Største arbeidet gjorde han i folkeskulen, som han fekk i godt gjenge og gjorde skulen til ein kristendomsskule. Sjølv var presten flink lærar og hadde sers godt lag med dei unge. Han var lun og sparde på refsing og strenge ord.

— Skal dere banne gutter, så si heller Søren klype meg. Det gjør jeg somme tider, sa han ein gong.

Riv ein dette ut av samanhengen med mannen, synest det underleg. Men mange miste lysta til å banna i hans tid. Det fylgde han ei sterk åndsmakt som tinte isen, og på same tid var han velsigna naturleg.

Når han samla lærarane i prestegarden til samtale, var det reine fest­stunder, som gav glede i arbeidet. Og meir enn ein      gong kom han uventa inn i skulestova og underviste litt. Då vart det liv og lyst.

I dei åtte åra han var i Fjell, gjorde han mykje for gudskunnskapen og til å vekkja kristeleg liv. Forkynninga hans var sterk og inderleg.

Stengt for kommentarer.