«dagen renn over nordmøre» : presentert av jakob straume

 

– i boken «Kristenliv på Nordmøre». Eit Festskrift. Nordmøre Krets av Norsk Luthersk Misjonssamband. 1951.

 

– fra s. 11 – 13 :

Fyrste dagranda vert tynnare di lenger nord det ber. Slik var det med oss i Norge og.

Men kanskje var ho klårare enn me trur. Det er berre så vanskeleg å få påliteleg kunnskap om det som tedde seg i den fyrste tid. Men eitt er visst. Her prøvde Håkon den gode å kristne folket. Og historikarane fortel at det lukkast ikkje fordi folket brende kyrkjene og drap prestane som kom frå England. Tre av dei let livet som martyrar. Den fjerde berga seg heimatt og døydde i stor ære.

Men no er det slik med martyrane at livet lukkast alltid for dei. Og ingen må seie at den fyrste dagranda over Nordmøre var tynn. Kristi namn vart i all fall nemnd.

 

«Men atter seig natt på landet ned«.

Den katolske tida var mørk. Kristus, nådens sol og sæte, vart gøymd bak ei tjukk sky av heilagmenne, som kom i staden for dei gamle gudane.

Og i fyrste tida etter reformasjonen var det mange stader ikkje mykje lysare.

Dei katolske prestane snudde kåpa etter vinden. Dei strauk eit grann av ritualet. Elles vart det med det gamle. Dei var framande for gudsliv.

Dei tura og drakk, var havesjuke og levde gudlaust. Ein kan ikkje vente at vatnet flyt høgre enn kjelda som det renn ut or. Folket kunne ikkje verte mykje meir kristelege enn prestane, som skulle vise vegen.

Men ei dagning var der. Tomas von Westen, som vart prest på Veøy, var ein ekte pietist. Den karen var det liv i. Han vekte fleire av prestane i fylket. Seks av dei gjekk i lag med han og vart kalla Sjustjerna.

Desse prestane tok eit oversyn og skreiv om det til kongen. Desse meldingane gjev eit sers mørkt bilete, og ein kan tvile på om dei har fått alt med.

Det eine av desse dokumenta er dagsett Tingvoll prestegard 3. august 1714. Den gongen høyrde Øksendal, Øre, Straumsnes og Frei til Ting­voll. Jens Juel var sokneprest og prost i Nordmøre, og var med å skrive slik til kongen :

«Når få Guds barn undtages, skiller intet annet oss fra vore heden­ske forfædre end at vi kalles kristne.

Hvo skulde vel tro vort klagemål at i et så kristeligt et rige var så mange døpte hedninger. Vi kan med sandhed sige at en hver av os har befundet den største del av vores tilhørere hverken at kjende den treenige Gud, ikke Kristi navn, væsen og embede, ikke forløsningens nåde, ikke sakramentenes hemmelighet, og langt fra ikke det nye men­neske og åndelige væsen i Christo.

Alle sådanne råber dig dristig, overiler oss ubluelig og protesterer hårdelig at de har god tro i hjertet og tvivle slet ikke på ved sådan tro at blive salige.

For di de all deres levetid i sådan blindhed har gået til skrifte og Guds bord, der for tør de vel skjelde og oprøres i mot os når vi med sådan deres gode tro ei vil være fomøiede».

«Når få Gudsbarn undtages», så var tida mørk, og mørkt var det lenge.

Men skulefundasen kom i 1739. Med han vart den norske folkeskulen gjord til ein kristendomsskule. Etter kvart folk lærde å lese, auka det med bøker i heimane.

Det var helst gudelege bøker folk kjøpte : huspostillar, bønebøker, salmebok og ein og annan bibelen eller ny­testamente. Mest vart det av Pontoppidans forklaring «Sandhed til Gudfrygtighet». Det var lutherske og pietistiske forfattarar som hadde skrive det meste av den litteraturen som gjekk inn i heimane. Og så stor plass fekk han i folket, at sann kristendom overvintra her. Jamvel då rasjonalisma gjekk som ei isande kald bylgje over preikestolane og prestane, trudde folket på det som stod skrive.

– søk her mer på Jakob Straume – og du finner mye interessant stoff !

Stengt for kommentarer.