«kristenlivet vaknar på sunnmøre og romsdal» : presentert av jakob straume

 

– i boken : «Kristenliv på Sunnmøre og Romsdal». Eit Festskrift. Sunnmøre og Romsdal Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. 1950.

 

– fra s. 11 – 13 :

 

Ingen kan seia kva år det hende. Men eitt er visst. Det hende, og det er lenge sidan. Men i den tida skreiv ingen kristenlivssoge. Dei skreiv kongs- og krigssoge.

Når me no skal finna attende til dei kristne røtene våre, liknar me på born som leika og grov i ein bakke. Der fann dei små gamle bein, som dei leika seg med og tok med heim. Dette hende då våre bestefedrar var små, og dei som var gamle på den tid, sa at borna har grave i den gamle kyrkjegarden.

Ingen som levde hadde sett kyrkje eller kyrkjegard der. Berre ein grunnmur var att. Så vart han og riven og brukt i eit fjøs. Då var berre namna att, og dei gamle fortalde at det var menneskebein dei hadde funne. Beina høyrde til vakre, velskapte born, kvinner og menn. Det var menneske som hadde levt, synda, gråte og døytt. Dei hadde vorte døypte, høyrt Guds ord og vorte lagde i kristen jord.

Det er fortalt at vikingen Arnljot Gaddabein bygde kyrkje her, eit lite kapell for seg og slekta si.

Me undrast over at ein viking kunne få kristelege interesser.

Gaddabein tyder stiv fot. Han hadde vel ingen stiv fot då han reiste i vikingferd, men då han kom att. Det var til kristna folk han for for å herja. Men der fekk han vondt i foten. Då fekk han god tid og kom på andre tankar. Etterpå kom han heim att og bygde kyrkja i Upsvik kring år 1000. Ho stod i fem hundre år. Enno i 1876 var grunnmuren synleg og vidda var 16 X 12 1/2 aln.

I Aslak Bolts jordbok er denne kyrkja kalla Peterskyrkja, og der er nemnde gardar inn etter fjorden heilt til Hellesylt som skal svara tiende til henne.

På eit vis kan me seia at landet vårt vart kristna ved vikingferdene.

Ved desse ferdene fekk me mange friviljuge og ufriviljuge vitne. Dei ufriviljuge var kristne som fanst mellom trælane. Vikingene tok dei frå kristne folkeslag. Desse trælane måtte arbeida for herrane sine, og mange vart ofra. Så fekk våre heidne forfedrar sjå kristne leva, og kristne døy.

Etter di Sunnmøre og Romsdal hadde mange vikingar, så fekk dei og mange slike vitne.

Mange av vikingane budde i årevis mellom kristne folkeslag. Nokre av dei tok ved den kristne tru, og kom heim att som friviljuge vitne. Andre hadde tapt trua på dei gamle gudane, utan å ha gripe kristentrua.

Me har lett for å tenkja at det kunne ikkje vera mykje meir enn ein ytre overgang i dei dagar. Men det er ting som tyder på at det var ei hjartesak for ein og annan.

Det er fortalt om Halfred Vanrædaskald, at då han møtte døden under eit forlis, kvad han om si stilling til Gud. Han ville gjerne døy om han visste at sjela hans var frelst. Men han var redd hel, fordi han hadde såra så mange med nidvisene sine. Skyldkjensla hans var levande. Og den kjensla hadde han frå kristendomen.

Håkon Adelsteinsfostre var fyrste kongen som prøvde å hjelpa fram kristendomen. Fyrst fekk han laga nye lover. Etterpå bygde han kyrkjer.

Dei fyrste kyrkjene i Møre var hans verk. Hit sende han dei prestane (misjonærene) som han fekk til landet frå England. Dei kom friviljuge, og Håkon meinte det alvorleg med kristendomen. Men den heidne makt reiste seg mot han og vart for sterk. Han gapte til slutt over hanken på blotkjelen, og døydde som heidning med sårt samvit.

Kyrkjene på Møre vart brende og prestane drepne. Dermed fekk Møre martyrane sine, eit såkorn for Guds rike. Så var ikkje kristenlivet så langt unna.

Stort var det at Håkon og dei to Olavane tok ved kristendomen, og gjorde det dei makta. Dei fekk bispane Jon, Sigurd, Grimkjell, Åsgaut og Jon til hjelp. Alle desse fire bispane var i slekt og var av vikingætt. Men dei kom vestafrå. Dei hjelpte til å laga kristne lover, som folk tok ved.

Me vil seia at folket tok ved desse lovene på sverdodden. Men historikarane har nok rett når dei meiner at kongemakta hadde aldri greitt å tvinga gjennom desse lovene utan at tenkjemåten hadde vorte snudd av di folket møtte kristendomen fyrst.

Mange engelske og tyske misjonærar reiste rundt i årevis og forkynte evangeliet for dei nordiske heidningane. Dei både vekte folk og gjorde under. Det same har norske misjonærar gjort på misjonsmarkene i vår tid.

Det var ikkje alltid rar kristendomen folket fekk i den fyrste tida her i landet. Men me skal merka oss at dei fekk noko av det som er grunnlaget for alt kristenliv, og det er gudskunnskap.

Ikkje alltid vart det kristenliv om det vart gudskunnskap. Men det vart aldri kristenliv utan denne kunnskapen.

Det vart nok dei enklaste grunnar dei fekk i Guds ord. Og desse grunnane vart blanda med katolsk helgendyrking, så det skulle ikkje verta lett å finna fram til sanninga.

Likevel seier Luther : Mange døydde sæle under pavedømet, fordi dei heldt krusifikset fram for augo på den døyande og sa : Set di von til han som har frelst deg.

Etter at kristendomen var komen til landet, var her gjennom tidene noko materiale som Guds Ånd kunne bruka.

Det var skilnad på avgudane og altartavlene, der kunstnar og tilbedar levde i Jesu lidingssoge.

Det var skilnad på krusifikset og blotsteinen. Det var skilnad på ä samlast kring offerkjelen og å ta mot nattverden. Det skapte ikkje det same i menneskehjarta. Me ser det av dei ytre verknader.

Det vart slutt på vikingeferdene fordi dei vart sett på som brotsverk.

Borna vart ikkje utsette, og trælane vart frigjevne i staden for a verta blota.

 

Stengt for kommentarer.