«to ætter i namdalen» – attersyn : presentert av jacob straume

 

– i boken : «Kristenliv i Namdalen. Et festskrift». Namdal krets av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen. 1954.

 

– fra s. 12 – 14 :

Segna seier at då Harald Hårfagre drog nordover mot Namdalen, rådde kongane Herlaug og Rollaug der. Men Herlaug såg då alt vonlaust og gjekk inn i ein gravhaug på Leka med elleve mann, og let venene sine kasta haugen att. Slik tente han døden, og det var kanskje av såra forfengelegdom.

Rollaug gav seg under Harald utan sverdslag, bygde mange skip som vart med i Havsfjord og samla Norge til eitt rike. Slik tente han livet. Etter Haralds tid har nok ættene etter desse to kongane levt i Namdalsbygdene, heilt opp til vår eiga tid.

Den første kjende samlingstaden for folk i Namdal var den vesle øya Nærøy. Ho ligg like sør om Rørvik. Her heldt heidningane Njardøygilde i fire hundre år. Men i Olav Kyrre si tid bygde dei fylkes-kyrkja for Namdalen på denne samlingsstaden. Dette vart første kyrkja i Namdal. Den andre vart bygd på Ranem i Overhalla. Ho vart kalla halvfylkeskyrkje. I 1597 hadde Namdal tre prestegjeld. Det var Nærøy, Fosnes og Overhalla. Overhalla hadde då bygdene aust om Namsos, Fosnes hadde bygdene kring Namsenfjorden, og Nærøy alt som var nordan om Folla. Men før år 1800 vart Kolvereid gjort til eige preste­gjeld med Foldereid, Leka (i 1870 vatt Leka eige prestegjeld med Gravik til anneks) og Gravik som anneks. Og i 1900 vart Vikna gjort til eige prestegjeld. Ei liknande deling vart det på dei andre prestegjelda og.

Folket i Namdalen vart kristna på same vis som i landet elles. Guds-kunnskapen vart lagd inn i folket gjennom kyrkja og skulen. Sanninga lyste vel ikkje alltid så klårt. Men Bibelen vart omsett til norsk første hundreåret etter at kristendommen kom til landet.

Rett nok kom bilete av heilagmenne i staden for dei gamle gudane. Men Kristus vart forkynt på eikor vis, enda det var lite klart, og døden fekk fleire tenarar enn livet.

Reformasjonen bar visst heller ikkje med seg noko åndeleg sønnaver til Namdalen for det første. I Nærøy sat den lærde presten Mikkel Mogensøn til 1654. Og her var Peter Dass nokre barneår og drakk av kunnskaps- og visdomsbrunnane til ettermannen hans, Nils Arctander. Men med det kristelege livet var det visst smått stell.

Og på Fosnes sat Thulesius som prest frå 1723 – 41. Og bispen gav han ein dårleg attest for preikinga hans, og attpå «er han brøst­feldig i sit lif og levned».

Men så kom pietismen til Namdal med Ole Holst, som vart kapellan i Fosnes i 1740. Han budde i Vik på Otterøy og vart gift med dotter til prost Hersleb i Brønnøy. Året etter vart bror hennar, Peder Christian Hersleb, sokneprest i Fosnes. Både unge Hersleb og Holst var sterkt gripne av det nye livet som kom gjennom pietismen, og Hersleb var sokneprest i Fosnes i 39 år. Og bispen sa om Hersleb at han var en from og tro Kristi tjener, som er flittig og agtsom i sit embede, og Holst vart kalla ein alvorleg og flittig lærar.

Med Hersleb var det som Olav Duun sa : Han tok bygda på nakken og bar ho. Men dette var ikkje alle som lika, og mange la imot. Mel­lom dei var proprietær Dass på Sævig og tre gudlause offiserar, som «udlod sig offentlig i de aller bespotteligste ord». Men folk vart glade i Hersleb og syntest han var god å vere i lag med.

Men så hadde han også ei god kone, Maren. Ho var fødd Sverdrup, og var overlag gjevmild, hjelpsam og gudleg. Professor Hersleb, som var soneson til Peder Christian Hersleb, fortalde at med hennar hjelp hadde han lese gjennom Bibelen fleire gonger, til han var sju år gamal.

Då Ole Holst flytte frå Fosnes i 1756, vart William Ford kapellan i staden hans. Han var waisenhusbarn og oppalen i pietismen frå han var liten. I tjue år «predikede han godt og opbyggelig» i Otterøy, Vemundvik og Klinga.

I 1789 vart Ole Trones sokneprest i Fosnes. Han hadde då vore misjonær og prost i tretten år i Aust-Finnmark.

Under desse fire prestane var kyrkjesøknaden god, og bispen skreiv at ungdomen hadde god kristeleg kunnskap.

Då Ole Holst flytte til Namdal, kom også andre gode ting med. I 1737 sende Erik Pontoppidan ut forklaringa si. Det var «Sandhed til Gudfrygtighed». Boka vart godkjend til skulebruk, og to år etter kom lova om folkeskulen, som vart ein kristendomsskule med religion som hovudfag.

«Sandhed til Gudfryktighed» var ei grundig bok. Ho vart nok for tung for mange, men ho gav solide kunnskaper til dei som vann med henne. Og vinne med henne måtte dei. Ingen slapp fram for presten uten dei kunne henne. Og mange måtte gå opp att fleire år på rad før dei slapp fram, og vart konfirmerte.

Endå skuletida var syrgjeleg kort, så lærde likevel folk seg å lese. Og i heimane kom mange postillar og bønebøker, og mange las mykje, sume for å finne vegen til livet, og andre las for di dei ville ha ord for å vere kristne. Ingen i denne tida ville ha ord for å vere heidning. Difor var folk flittige til å fare til kyrkje, anten vegen gjekk over veglaus hei eller over stormfull fjord. Ved kyrkja fekk slekt og kjenningar sjå kvarandre att. Folk fekk høyre nytt, og kjærastefolk fann kvarandre, blyge og vare.

Jul og påske vart reine storstemner, og mest alle gjekk til altars haust og vår. For mange vart det nok lovgjerningar, som tente døden. Dei trøysta seg til at dei hadde den rette læra og gjorde det som var godt, i staden for å trøyste seg til Kristus og hans gjerning åleine.

Og han «Far sjøl» sat på likaste garden i bygda og fylgde kvart einaste menneske frå vogga til grava. Ingen måtte stelle seg slik at ikkje presten kunne gjere det som trongs med «støvet», når den tida kom. Og alle høyrde med i «menigheten», og meir enn ein gong fekk dei høyre orda: «Kjære kristne» !

Men til alle kyrkjelege høgtider måtte folk ha brennevin, jamvel om mange hadde lita råd. Dei fekk heller spare på mat eller klede. Var det barnedåp, konfirmasjon, gravferd eller bryllaup, måtte alle ha skjenk. Og kom ungdomen saman til leik og moro, måtte dei ha rusdrikk, og ofte vart det slagsmål, så blodet rann.

 

Stengt for kommentarer.