frå vårt gamle kristendomsliv : presentert av nils sivertsen

 

– i boken : «Hans Nielsen Hauge og Venesamfunnet». Land og Kirke. Oslo 1946.

 

– fra s. 7 – 21 :

Haugerørsla er ei oppvakning i eldre norsk kristen­domsliv.

Det skal ein sjå og skjøna og halda fast. Det skal vera Georg Brandes som har skapt ordet om at Noreg vart kristna av H. N. Hauge. «Det har ein fiende gjort» var det sagt ein gong om ugrasfrøet som var sådd inn i åkeren. Mykjen usans er gjevi folket til kunnskap om eldre norsk kristendomsliv, og endelaust er det som er forsømt i det å sjå og syna samanhengen med vår gamle kristendom.

Noreg vart kristna i katolsk tid, og vart då sjølvsagt katolsk. Og det er dei grunnkristelege verde ein lyt sjå etter. Men då det bar til med å føra kyrkjehistorisk kunn­skap ut mellom ålment folk, kom motsetninga frå luther­domen til å setja eit mindreverdstempel på gamal kri­stendom, som har merkt synet til denne dag.

Det grunnsynet som lyt klårast og hevdast er det at vårt folk vart kristna i 11. hundreåret ved misjon frå den angelsaksiske kyrkja. At vårt folk er kristna ved kristen forkynning og kristen dåp som alle andre kristne folk. At kristninga vart fullførd av den norske kyrkja som kong Olav Haraldsson saman med biskopane fekk gjevi den fyrste faste skipnaden med kristenretten i 1024.

Kor lang tid det tok før kristendomen trengde igjen­nom i tenkemåte og livsførsel kan det vera skilde meiningar om. Men vi ser då at Adam av Bremen som skreiv i 1070-åra, er heilt oppglødd, og lovpriser kristninga i Noreg som eit stort Guds under.

Han seier : «Sjå dette ville vikingfolket, det vi har lesi om at det herja med redsle på kystene av Frankrike og Tyskland, — sjå dei er no nøgde med sitt eige lands grenser, og dei seier med apostelen : «Vi har ikkje her vår verande stad, men søkjer den komande, og vi voner å sjå Herrens godhug i livsens land».

Sjå dette harde landet dit ingen torde koma for folket si fæle avgudsdyrking skuld, — sjå dette folket har no slutta å rasa, og kappast alle stader om å ta imot dei som kjem til det og forkynner sanninga. Djevlealtera vert nedbrotne, og Kristi namn vert opphøgda i samstemd lovsong.

I sanning, slikt eit omskifte står i Guds allmakts høgre hand ! Slik går no den levande Guds ord gjennom landet, at frå der sol går opp til der ho glader, — frå lengst i nord til lengst i sør lyder pris til Herrens namn, og kvar tunge sannar at Jesus Kristus er herre til Gud faders ære, lever og råder med Faderen og Den heilage anden frå æve og til æve».

Erkebiskopen i Bremen var som ein veit tilsynsmann over Noregs kyrkje i denne tida, og det må vera god grunn til å tru at Adam som var skrivar hjå erkebiskopen, visste korleis det stod til med kristninga i Noreg.

No kan vel gleda over det storfelte omvendingsverket ha ført noko sterke ord i pennen. Men skriftet må i alle høve vera eit sterkt prov for at dei ved erkestolen var overtydde om at kristendomen då hadde vunni fram i Noreg.

Misjonen nådde visseleg i hovudsak i 11. hundreåret å få heile folket døypt, og å få kristenretten sett i verk med prestar og kyrkjer over heile landet.

I 12. og 13. hundreåret er den norske kyrkja grunn­fest. Kyrkjeskipnaden er utbygd så heilt at det finst ein prest for kvart 150 menneske. I vår tid er det ein for kvart 4000. Etter folketalet var det då 26—27 gonger så mange prestar som no. Men så er det å hugsa at folkeskulen var ikkje då. Når det gjeld kristendomskunn­skapen hadde presten og den samfunnstenesta som læ­raren har no. Men det torer vera tolleg visst at dei fyrste stykke av barnelærdomen, trua og fadervår vart lært og forklåra heilt frå den første kristentid.

Ut gjennom kristen mellomalder då kyrkjeskipnaden var fullvaksen, tok skriftemålet til ved 7 års alder, og presten måtte då vera trygg på at alle sokneborna kunde barnelærdomen. Det er haldi for visst at den eldste kri­stendomen i landet var merkt av tru på Krist som den mektige hövdingen i andens rike, som hadde makt over alle vonde vette, og kunde berga sjelene frå all den fåre som tilværet var fullt av. Og alt i 1030 åra møter vi den fyrste klåre kristendomsrørsla i samanheng med at Olav Haraldsson vart lyst heilag. Kor uklår denne rørsla kan vera, og kor mykje av ovtru som er med, så ber ho då alle merke av ei kristeleg vekkjingsrørsle med ei barnleg tru på Guds makt, på hans kjærleik og rettferd.

Saman med kristninga går så oppbygninga av sam­funnet. Heilag Olavs’ lov er lands grunnlov. «Han sette lov mann og mann i mellom, at den mektige ikkje må kuva den arme under seg, men at kvar må råda for sitt som rett er, etter som Gud har gjevi kvar til å råda», heiter det i det eldste skriftet om kong Olav.

Kvar bygd fekk kyrkje og prest. Ved bispestolane er det presteskular, og Noreg er inne i den ålmenne kri­stendomen som elles rår i Europa. Forutan trua og fa­dervåret er no Mariaverset og læra om sakramenta komi med som fast barnelærdom, likeeins bodorda og stykke av bibelsoga.

Kristeleg diktning kjem og opp både som song og soge. Omlag samtidig med Bernhard av Clairvaux diktar ein nordmann Draumkvædet, Olsokstemna i Nidaros sam­lar folk frå heile landet kvar sumar i 8 dagar.

Klosterrørsla tek seg opp. 23 kloster ligg spreidde i landet, og mange av munkane er preikarar som ferdast vide kring med kristendomsforkynning og annan god og gagnleg lærdom.

Norsk mål har vorti kyrkjemål. Prestane preikar på morsmålet. Sume av preikene har vi enno.

Folkelivet vert meir og meir eit kristna folkeliv. Norsk kultur ein kristen kultur. Det er slutt med vikingferder med rov og ran og manndråp hjå andre folk. Det vert ei stor dyrkingstid, tusental gode gardar vert rudde og bygde. «Med lov skal land byggjast, ikkje med ulov øydast», sa Magnus Lagabøtar.

Men korleis er det då at vi veit så lite om dette kristelege kulturlivet i landet ? Det har seg så at det stilslege fredsame kvardagslivet aldri kjem stort fram i sogeIjoset. Det er striden og ulukkene — ja den store festen og gleda og — som vert fortald om. Storhendingane i det heile.

At det var haldi dagleg kor (andakt/red.) i kvar manns heim, at alle for til kyrkja så sant det var råd, at det var ålmenn altargang, at folk var hjelpsame og gode og gjorde sin skyldnad i heim og samfunn, det var berre sjølvsagd sed og folkeskikk som det ikkje var nokon grunn til å skriva eller fortelja noko om.

Eit merkeleg drag ved den gamle kristendomen i Noreg er dette, at det ikkje er leivt fråsegner om lærestrid. Noko tilsvarande til Albigensarkampen i Frankrike eller Wicklif i England er ikkje å finna.

Vi kjem då i hug at den kristendomsrørsla som kristna Noreg er rørsla frå Cluny. Og det som sermerkte denne rørsla var kravet på lydnad — lydnad mot Gud gjennom dei som bar hans sanning fram. Gjennom heile den ka­tolske tida og vidare heilt opp i det 18. hundreåret er dogmatiske strider godt som ukjende i Noreg. Det var ikkje kristenlæra som var hovudsaka i den gamle kristen­domen. Det var kristen sed. I misjonstida talar dei om sedskifte, sjeldan om truskifte.

Heilt utan motsetningar var vel ikkje kyrkjelivet i dei gamle tidene heller. Draumkvædeskalden let djevlane bryte ein presterygg ned i kjelen sin. Verset er visst ikkje komi dit berre for godhugen skuld. Og i eventyret om «Fylgjesveinen» som truleg har si form frå 13. hundreåret er det lett å merka mothugen mot at det skal vera pengar for kyrkjelege tenester. Den arme vintapparen som har blanda vatn i vinen han selde, ligg innefrosen i ein svær isklump ved sida av kyrkjetroppa — truleg i sjølve Rom. Og kyrkjefolket sputtar på han både når dei går inn, og når dei går ut. Det er smått om kjær­leiken. Og han kan ikkje koma i jorda; for det er ingen pengar etter han. Og det skal pengar til jordkjøp og gra­var og prest og klokkar og ringjar.

Men så kjem «den norske bondeguten» med pengar, og så kjem det heile på gang : Grav blir kjøpt. Og gravaren grev, og presten les, ringjaren ringjer, og klokkaren syng og seier amen. Men sidan kjem det fram at sjela åt den stakkars vintapparen har heime mellom Guds englar i Himmerik. Vårherre hadde dømt ansleis enn kyrkjefolket.

Det er vel tiggarmunkane sin kritikk over alt det tunge institusjonsvorne som tyngde kyrkja vi møter her. Ein lågkyrkjeleg kritikk om vi vil.

Slik kritikk finst det både i folkediktninga og elles. Men dogmatiske strider er det ikkje lett å finna døme på.

Alt tyder på at heile tyngda både i misjonstida og seinare har legi på sedskapen, — at det var kristeleg livs­førsel det galdt. Her kjem og Kongespegelen med eit sterkt vitnemål.

Det opphavelege kravet om lydnaden var Cluny-munkane sitt grunnord i den veldige rørsla som nya opp kristenlivet i heile Vest-Europa. Det har og sett djupe merke i forkynning og tileigning av kristendomen i landet vårt gjennom heile mellomalderen.

Dette grunndraget vart ei av dei sterkaste rottægene i heile vår kristenkultur. Dei preikene vi har frå 12. hun­dreåret i Norsk Homiliebok er sterkt merkte av det. Dei store kristenkvæde : Geisli, Harmsol, Liknarbraut og Lilja likeins.

Folkeviser som Draumkvæde, Olav og Kari, Maria, Den vonde stjukmori, Liti Kari o. fl. ber same vitne­målet. Og det er vel klårt at det som er berga av dette, er små restar av gamal rikdom.

No er det vel så at folk som er noko kunnige, og som reknar gamal katolsk kristendom for verkeleg kristen­dom, dei vil vel truleg vera med på at det stod tolleg bra i høgmillomalderen. Men vanleg vil vel 15. hundreåret vera set på som ei fæl nedfallstid.

Det meste av det vi har som er skrivi i den tida, er brev og diplom i offentlege saker. Mykje av det gjeld rettssakene. Og der kjem det nok mykje stygt fram. Det finst nok opplysningar om religiøse og moralske tilhøve og. Men så veike og uklåre bilete som desse kjeldene gjev av folkelivet, vil dei meir dramatiske frå rettssakene do­minera.

Lat oss tenkja oss at det kunde henda vår tid at om 500 år fann dei berre slike dokumentsamlingar frå dette hundreåret, og at rettssakene gav det sterkaste innslaget; då vilde vel den ætta som då levde få eit like stursleg bilete av folkelivet i vår alder som no er det vanlege når det gjeld 1400 talet.

Men heilt utan vitnemål om vanleg bra folks daglege liv og ferd i denne tida er vi då ikkje heller.

Det hende om vinteren 1432 at to handelsskip frå Venetia forliste i Nordsjøen. Det eine vraket dreiv til slutt opp på Skomvær, ytste skjera i Røst. Og 14 mann av mannskapet vart berga inn til den vesle bygda, og kvar av huslydane tok seg av nokon av dei. Både skip­peren Qvirini og to av mannskapet har skrivi om det dei opplevde der. Dei kom til eit ærleg, strevsamt, fredeleg og velseda folk. Alle leit trygt på kvarandre. Aldri læste dei skåp eller kiste. Dei var gjestmilde og kjærlege mot dei framande, gode katolikar og andektige kristne som aldri forsømde fastedagar eller messehelg. Dei hadde kyrkje og prest. Der budde 12 huslydar 120 menneske. Påskedag var alle i kyrkja, 72 gjekk til altars. Dei hadde badstover og akta vel på reinsemda. Då mannen på ein av gardane døydde, var der sømeleg gravferd. Og enkja bad gjestebodsfolket vera glade for mannens sjelefrelse skuld.

«Vi var 101 dag i Røst, og det sa vi alle at vi hadde opplevt å vera i den ytste sirkelen i Paradis mellom heilage englar». Såleis fortel Qvirini.

Ut på sumaren lasta røstværingane jekta med tørfisk, og Italia-mennene var med sørover. Dei tok hamn fleire stader og fann gode og kjærlege kristne menneske. Sør på Helgeland møtte dei erkebiskopen Aslak Bolt som var ute på visitas. Han og gav dei god hjelp. Han sende brev med deim til bispegården i Nidaros, og då dei kom dit vart dei vel mottekne, og fekk hestar og vegvisarar til heimferda.

Dette minnet gjev ein verdfull glytt inn i dagleg liv i ein liten kyrkjelyd i tronge og harde livskår i 15. hundre­året. Og vi treng visst ikkje tru at det var berre i Røst folk levde eit høgt kristeleg kulturliv i dei tidene.

Men om det no er så at den ålmenne nedgangen i 14. og 15. hundreåret ikkje har broti ned kristendomslivet i heim og bygd, så er det likevel vanleg meining at reformasjonen førde med seg eit brot som gjekk mykje djupt i folkelivet.

Reformasjonen var ein hard gjennomgang. Utan indre førebuing kom omskiftet som maktbod. Mykje som folket heldt høgt og heilagt vart vanvyrd og vraka. Kyrkjene vart rana, og av sju sakrament vart berre to att. Det finst eit bønbrev til kongen frå bøndene i Sogn frå 1530 : «at vi fattige menige almue måtte blive ved den hellige kristelige tro som vore forfædre have havt før os, og at den hellige kirke og kirkens personer måtte nyde og nydendes vorde hvad del som vore forfædre og vi have dertil styrt».

Men når så brotet likevel kom, — kva skulde dei så gjera, og kva gjorde dei så i hus og heim ?

Dei måtte for si sjelefrelse skuld hjelpa borna sine og ungdomen sin til det dei visste var rett kristendom. An­svaret la seg tyngre på heimane når kyrkja så lite kunde gjera som alvorlege menneske kunde ha tiltru til.

Trua og fadervår kunde dei. Og kva som var rett kristen sed visste dei. Så fekk dei leggja alt alvor i å seda born og ungdom så at dei kunde vinna æveleg sæle.

«Det skjulte Norge» levde seg fast og stilt gjennom brotet.

Dei nye prestane klagar hardt over at det går så seint med å få ut det katolske. «Folk veit no vel kva som er rett tru og lære», seier dei. «Men bøndene vil ikkje». Vi bør ha vyrdnad for dette : «Vil ikkje». Det er truskap og kjærleik som bur i det. Det seier aller klårast kor rik ei livskjelae den gamle kristendomen var for folket.

Det er godt at granskinga har fria bøndene frå dei mange stygge skuldingane for prestemord i reformasjons- århundradet. Men sjølve sogene om det, fortel vel noko om at det tok tid før det voks samhug og tiltru.

Men reformasjonen vann då verkeleg fram, endå om det vart så seint at den varme livsbrusen i rørsla hadde dovna, og ortodoksien hadde teki makta. Luthers kate­kisme vart den faste grunnen i kristen lærdom. Lærdomen er atter sjølvsagd. Og då folket etter hand fann seg til rettes med formene vart kyrkjeferd og altargang atter sjølvgjeven kristen sed. Og rett kristen livsførsel er framleis hovudsak.

Men noko framandt og uheimleg var det i kyrkjelivet. Alt gjekk på dansk mål. Og prestane var anten dan­skar, eller dei hadde henta lærdom og livsform i Dan­mark. Og dei var standspersonar, oftast med røtene utom ålment norsk folkeliv.

Kjem vi eit par hundre år fram i tida, møter vi trøn­deren Thomas von Westen — som fer som eit friskt ver frå Romsdal og nordover. Han skal vera pietist, og skal såleis ha fått kristendomslivet frå dei nye tyske rørslene som kom opp ved tida kring 1700. Men det torer ikkje vera lett å finna noko drag hjå hr. Thomas som tyder på pietisme. Eldhug for gudstru og sedskap, eit alvorleg, strengt og tungt krav på kristeleg livsførsel, må ha vori hovudsak i forkynninga hans. Stundom med noko lite skjøn.

Der er no soga om bondekona Ragnhild Olsdotter som hadde så mykje å gjera sundagsmorgonen at ho ikkje nådde skriftemålet. Likevel våga ho seg til å fylgja sin hjartans trong og gjekk til altars. — Det vart prosterett og dom, offentlig skrifte og utestengjing frå sakra­mentet. Endå dei beste, dei som brenn opp i forkynnar-kallet, dei og lid ved dette at avstandet frå det ålmenne folket er så stort. Det skortar så mykje på menneskeleg skjøn, og kanskje aller mest på tiltru til den gode viljen hjå ålment folk.

17de og fyrste delen av 18de hundreåret var som ein veit oppfyllt av krigar. Og det var frå reformasjonstida og ut over at brennevin vart kjent og brukt i større og større mengder. Det var nok så at det «atter seig natt på landet ned med trældom og tunge tider».

Men likevel må ein her og koma i hug at det er det usedvanlege som helst vert meldt. Med alt det som skjem­mer, så er livet hjå det jamne folket merkt av kristen tru og sed.

Lat os merka oss det Hans Nielsen Hauge fortel etter far sin som var fødd i Glemmen i 1732. «Min Fader», skriv Hauge, «kunde erindre fra sin Barndom at det var lige saa sjeldent som foragteligt at see en gammel druk­ken Mand; thi en ung mand saaes ikke beskjænket. Kom nogen udi Sognet som udøvede Banden, da blev man gand- ske forskrækket der over». Dette litle biletet frå det sedelege livet der i 1740 åra kallar fram minnet om Røst i 1432. Vel er det nemnt berre to ting, drikk og banning. Men det må liggja i samanhengen at den gamle vilde seia at der rådde eit fint sedeleg kristenliv der sør i bygdene på den tid.

Når eg no skal skriva livssoga åt Hans Nielsen Hauge, vilde eg gjerne det skulde stå klårt at han er fødd og boren inn i den gamle stillferdige kristendomen som rådde i landet utan noko heilt avbrot frå folket var kristna i mel­lomalderen.

Men i ungdoms og manndoms år når han inn i ein av dei urolegaste tidbolkane i europeisk åndsliv. Han er 18 år i 1789, det året den store franske revolusjonen braut ut. Og han har då levt sine tidlegaste ungdomsår i den aller mest tilkveste opplysningsalderen, i ei tid full av kritikk, då individualismen vende dei fyrste harde støytane mot det gamle samfunnssynet — patriarkatet. I ei tid då all autoritet kom under tvil. Då prest og kyrkje fekk ein loge av hatefull kritikk imot seg.

Det var ikkje berre frå opplysningsretninga det kom uro og kritikk i dei tidene. I kyrkje- og kristendomslivet støytte motsetningar ofte og hardt ihop. Frå 1730—40 åra tek pietismen til å merkast. Og omlag frå same tidene tek Brødresamfundet til å samla flokkar som skil seg sterkt ut og er mykje verksame. Her ansar vi serleg brødre- samfunnspresten Gerhard Seeberg som var sokneprest til Tune frå 1778 til 1795.

Brødresamfunnet var sermerkt av sterkt religiøst kjensleliv. I Jesusstemningane fann dei det store i kristen­domen. «Eg har ein pasjon : Han, han», sa grev Zinzendorf, hövdingen i samfunnet. Rørsla breidde seg frå Herrnhut i Tyskland. Og då Zinzendorf verka i Kjøpenhamn ei tid i 1730 åra, vart ikkje så få unge prestar og studentår merkte av vekkjingsrørslene i kring han. Fleire av dei kom til Noreg og skipa samfunn.

Dei tyske mystikarane som Brødresamfunnet stod rett nær, var mykje harde i kritikken mot kyrkja. Ein av dei meir kjende var Johan Konrad Dippel som set all lit til «det indre ordet». Han er svært strid i domen om vanleg dåp og nattverd, og finn at luthersk ortodoksi er full av lyte og mistak.

Men verst rasar han mot prestane:

«Ein må undrast på den kloke verda som let seg leia som fe av prestane, og trur at det pratet som desse myrke- mennene fører frå preikestolane er Guds ord. Dei orto­dokse prestane steller vel om sin eigen latskap, søkjer dugleg si eiga vinning, og let det lysa av si eiga sjølvdyrking som det skulde vera gudeleg eldhug. Så tidt prestane ser seg sjølve i prestekjolen skulde dei reddast som påfuglen for dei svarte føtene sine, som skulde minna deim om det skamlause og skadelege standet dei høyrer til. Dei er det som spreier alle vondskapens løyndomar, forføring, sleisk og skrymting. Ja, mest all den gudløysa som i verda finst, — ved deim vert ho spreidd og halden oppe. Sanneleg, den høgste skal snart tøma vreideskåler og harmstaup over dette standet. Og han skal atter hugsa og berga si hjord og senda henne rettferds lærarar».

— Ein skjønar at hatet mot kyrkje og prest kunde rasa likså hardt hia dei friare retningane innan kristendomen som hjå Voltaire og Holbach.

Eit serleg tungt slag mot det gamle kyrkjesynet var visseleg den store kyrkjesoga av Gottfried Arnold, som kom ut i 1700 og vart vide kjent i alle protestantiske land. Ho ber namnet: «Upartisk Kyrkje- og Kjettarhistorie», og set det vanlege kyrkjehistoriske synet heilt på hovudet.

Grunntanken er slik :

— Den vanlege godkjende kyrkja i eit land er mest all­tid daud. Kyrkjene held seg oppe på former og tradisjonar. Levande kristendom finst hjå dei retningane og flok­kane som kyrkja forfylgjer, pietistar, mystikarar og sek­ter. Og såleis har det vori mest i alle årh. så lenge kri­stendomen har vori til. Det er dei forfylgde serflokkane som har ått kristendomen som liv og kraft. Kyrkja som levande kristensamfunn stod seg berre i 2—300 år. Då Konstantin gjorde kyrkja til statsreligion slapp Satan laus. Kjærleik og gudsfrykt kom bort. Lærestrid med spott og hat fyllte kyrkja. Under pavedømet vart det verre og verre. — Reformasjonen lyste opp med eit stort ljos, og kveikte atter liv og kraft. Men det varde ikkje lenge. Då Melanchton fekk grunnlagt den lutherske skuleteologien, bar det atter til med lærestridane. Og no minka livet alt med (mens/red.) striden voks, til kyrkja atter var livlaus. Og så vart atter som under pavedømet, livet å finne hjå retningar og flokkar som kyrkja forfylgde.

Men den djupe grunnen til det syrgjelege tilstandet er hjå Arnold som hjå Dippel, dei vonde og late prestane. «Det vonde kleresiet er den usæle kjelda til dei øydelagde sedene».

Arnold nådde visseleg mykje vidare enn Dippel. Og hans tankar og påstand fann nok jordbotn i visse krinsar her i landet og.

Det atterhaldet mot det institusjonstyngde i kyrkja som vi finn i norsk folkediktning frå mellomalderen hadde vel helst auka i dansketida. Det sociale og nasjonale fråstandet sette djupe skil mellom prest og kyrkjelyd.

I Hans Nielsen Hauge si barndoms og ungdomstid er det då slik at alt som strøymer inn utanfrå gjennom vekkjingskrinsane, og som vert spreidd gjennom bøker og skrifter, likså vel som gjennom Brødresamfunns prestar og preikarar, alt dette samlar seg i motvilje mot den gamle, meir vanebundne kyrkjekristendomen.

Serleg nær Hans Nielsen kom Brødresamfunnsretninga då Gerhard Seeberg var sokneprest til Tune 1778—1795, d. v. s. frå Hans Nielsen var 7 til han var 24 år.

Seeberg var ein brennhuga forkynnar, ei eldsjel og ein stortalar. Han hadde vori hofpreikar i Kjøpenhamn, var lærd og hadde ei svær boksamling «til mine og andres sande oplysning og opbyggelse». Som prest dreiv han hardt på med omvending både i kyrkja og kvar helst han møtte folk. Han vart meir og meir strid med kyrkjetukt. Ofte stengde han nokon ute frå sakramentet, ei helg meir enn 70, og mellom dei «nogle af de høiststaaende Personer i hans Menighed». Dei reiste då klage imot han, og han vart dømd frå embetet for : «— Falske Begreber om Embedsmyndighed, Kirketugt og Forholdet mellom prest og Me­nighed, samt for Egenraadighed og for høie Begreber om sig selv».

Hans Nielsen har skrivi om Seeberg i «Reiser og vigtigste Hændelser». — — «Han havde fra mit 10de Aar ved Skolemøder og i Kirker med flere Leiligheder lært at kjende mig. Han tog mig ofte frem at læse for mine Jevnlige, og kaldte mig den lille Skoleholder, srnigrede mig ogsaa med at jeg skulde blive Præst m. m. Men da jeg kom til modnere Alder, lærte jeg mere at indsee hans tiltagende Svagheder, der ei alene stødte mit Hjerte fra ham, saa jeg ved hans Paastande modsagde ham; men han stødte og an mod de aller fleste af sin Menighed, saa de ankla­gede ham, hvorpaa han blev suspenderet, og endelig ved Høiesteretsdom ganske afsat fra sin Embede. Hans Lære­setninger var næsten de som hersker blandt Brødremenigheden, dog skildte han seg ogsaa fra disse i nogle Prin­ciper og Læremethoder».

Han fortel så om det partiet som samla seg om Christen Gleng til «Ældste», at dei hadde «før deres Sindsforandring været hengivne til Drukkenskab, Letsind og Gjækkerie i høi grad; — men især da jeg ogsaa efter deres Sindsforandring fandt adskillige Anstødeligheder hos dem, som i Læremethoder, der gaar mest ud paa at handle om Christi Forsoning, Blod, Død og Saar uden at forklare den levende Troes Virkning om den aandelige Gjenfødelse, at følge hans Fodspor og gjøre vel. Denne deres Lærebygning eller Forklaringsmaade, hvilket de tildels havde lært af Seeberg, stred imod det Begreb jeg havde fattet om den rette Forstand i min Børnelære, i Overensstemmelse med det Nye Testamente».

Då Seeberg fekk domen såg han seg som forfylgd for sin kristendoms skuld, og tala og skreiv at han leid som Kristus og apostlane. I mars 1796 går Hans Nielsen saman med fire menn til presten og vil tala han til rette; men han tok ikkje imot deim. Då skreiv han eit brev til Seeberg der han bed honom «betænke at den som har faret frem slig i Ukjærlighed og overtraadt gruelig Guds og Kongens Love, måtte ikke tro om sig selv at han led uskyldig som Kristus og hans Apostle».

Men om no Hans Nielsen i mogen alder er klår over motsetninga til Seeberg og Brødresamfunnet, så er det klårt av det han fortel at han har vori glad i Seeberg og har stått han nær i yngre år. Det var i «modnere Alder» han fekk syn for «de tiltagende Svagheder der stødte mit Hjerte fra ham».

Elles finst det eit ord som er lite påakta i eit tillegg som Hauge sette til skriftet sitt «Om Guds Viisdom» i 1800 :  Nogle Forsvar imod de Indvendinger som ere imod mit Skrift : «Betragtning over Verdens Daarlighed». I dette tillegget forsvarar Hauge seg imot klagemål frå Seebergvenene for at han har teki dette brevet med i boka. Han seier der at han har gjort det for å gje Seeberg høve til å forsvara seg offentleg mot sume urette skuldingar.

Eg kan ikkje tvila på at Hans Nielsen Hauge i tidleg ungdom tok imot sterke inntrykk av presten Seeberg, og at det der fører ein veg til han frå mystikarar og Brødresamfunnsfolk i Tyskland og Danmark. Men likså visst må det vera at det er eit lettare innslag i utviklinga av personlegdomen.

Stengt for kommentarer.