frikyrkje-dannelse i aust-agder i 1870-åra

 

– hentet fra boken av prost  B. Th. Anker : «Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom». Risør. 1938.

 

Fra s. 14 – 18 :

Midt i 70-åri tok mange kristne i Aust-Agder til å tenkja på utmelding or statskyrkja og skiping av frikyrkja.

Mange misbruk i statskyrkja gav frikyrkje-tanken nøring. Frå Skotlands kyrkjesoga kom tanken um å skilja kyrkja fra staten, med ei bok av d’Aubigné, som vart umsett og spreidd av presten Storjohann : «2 konger og 2 kongeriker» heitte ho.

Reform-rørslone som kravde fleire kyrkjelege umbøter, såg ikkje ut til å føra fram. Etter eit kyrkjemøte i Oslo i 1873 vart det skrive : «Vore Reform-Møder endte med Fester, hvor vi sa hverandre smuk­ke Ting, og gik så fra hverandre for på ny at tage Aaget på Nakken».

«En Ting er dog godt, at enhver har fått sig en grundig Lærdom hente : at man intet har at vente fra de gyldne Stoler eller sorte Kjoler». Statskyrkja let seg ikkje reformera ! det vart eit slag-ord.

Burtmed Arendal auka frikyrkje-rørsla med fart. I Austre Moland hadde dei sokneprest Dietrichson, han heittest vera grundtvigian, var dessutan ein stridbukk som støytte mange både med sine ord og i sitt liv. Ei sendeferd til kyrkjeministaren bad um å verta kvitt Dietrichson; elles vilde dei gå ut or kyrkja. Det var no ikkje so lett å setja av ein embetsmann : utan lov og dom gjeng ikkje det. Men kyrkjeministaren gav god-ord til svar : dei fekk venta og sjå–.

Ja dei venta og venta. Men so braut dei ut og skipa den evangelisk-lutherske frikyrkja i Arendal.

Straks Jør­gen Moe vart bisp i Agder, fekk han Dietrichson til å søkja eit postmeister-embete, og riksstyret utnemn- de han. Men det var for seint.

Ein kan trega på at ikkje Paul Wettergreen vart kst. sokneprest i Risør då faren tok avskil i 1875. Det var vanlegt at personell-kapellanen fekk styra soknekallet når soknepresten slutta. Men det var truleg lokale umsyn som gjorde at kateket Alver vart konstituera. Og Paul Wettergreen vart soleis utan embete. Han tenkte på å søkja eit embete i Gud­brandsdalen. Men vegen til frikyrkja laga seg naturleg for han.               

I 1876 gjorde Wettergreen og Hortens-presten Storm Munch ei ferd til Skotland, til å setja seg inn i den presbyterianske kyrkjeskipnaden i den skotske frikyrkja. Og året etter gjekk dei båe tvo ut or statskyrkja.

Det var ikkje få av professor Johnsons elevar millom prestane som leid samvets-pina ved prestetenesta : at dei var nøydde til å døypa, konfirmera, brudvigja og jordfesta alle slags menneske ! og nemna fadrar og altargjester «gode kristne», um dei so levde eit uliv og ikkje vilde gjera alvor av sin kristendom.

Munch og Wettergreen gav ut ei liti skrift, der dei greidde ut um sine grunnar. På Horten hadde Munch freista med «kyrkjetukt»; men han fekk ikkje medhald hjå prost og bisp : han tok då avskil frå prestetenesta same året som Wettergreen slutta i kapellan-embetet.

Munch melde seg snart inn att i statskyrkja; presteembete tok han ikkje meir. han vart indremisjons-prest i Oslo. Wettergreen derimot gjekk aldri att­ende, men lenger og lenger burt frå folkekyrkja.

Det er verdt å nemna eit ord av Wettergreens mor : Paul er ikke skikket til å stå som leder av en menighet, han er altfor let påvirkelig. Det viste seg da han til sist gjekk ut or frikyrkja og vart baptist.

Men i ti år var han frikyrkjeprest i Arendal og Risør. Han budde i Arendal, hadde Risør til an­neks. Og Wettergreen var ein velkomen forkynnar som samla fullt hus når han kom til Risør. Bedehus-styret vedtok at frikyrkjefolk skulde ha same rett som statskyrkjefolk til å tala pa bedehuset og vera med i Risør indremisjon.

Visst nok freista prosten Preuss i Holt å telja til nytt vedtak; han holdt møte i Risør bedehus um dotte, men utan resultat. Han sa da ifrå at Risør indre­misjon fra no av var «schismatisk», og han talde til å skipa ny indremisjonsforening. Men indremisjons-folket i Risør brydde seg ingen ting um prosten Preuss, som dei rekna for ein skriftklok motstandar. Den kst. sokneprest Alver heldt «menighetsmøte» på bedehuset til å avgjera kven det var som åtte bede­huset. Han vart skulda for å vera «den kommunale menighets anfører for at rane bedehuset til sig».

Alver vart utnemnd til sokneprest i Risør i juli 1877. Samstundes vart Hakon Arnesen utnemd til sokneprest i Sunneled. Han hadde søkt Risør. Men når den mykje yngre Alver gjekk fyre, kom det av «menighets-ansøkning» fra mange av venene hans : dei peika på at dei flokane som Paul Wettergreen hadde skapt kravde ein lokal-kjend sokneprest, med røynsla til å greia vanskane.

Alver var ein vel utstyrd mann, høgvaksen, veltalande, musikalsk, intelligent. Men selskapslivet i Risør slukte mykje av hans interesser. Sjølv tolde han mykje av sterk drykk, so ingen kunde segja han drakk seg full; men med i fylle-lag var han.

Arnesen tok seg broderleg av Alver, fekk han med på misjonsmøte, kveikte hans theologiske og kyrkjelege interessor, og freista draga han inn i eit anna miljø. Arnesen var elev av Gisle Johnsen; han kalla ogso ein av sønene sine Gisle. Men Arnesens kyrkjesyn hadde vida seg ut etter kvart, so han såg større på statskyrkja, og trudde ho hadde ei stor gjerning a gjera i folket.

Mange kristne i Risør, som hadde Wettergreen til mynster, kunde lite med Arnesen. «Ein kan no sjå at han er ingen kristen ! han gjeng so fort !» Ei kona som elles heldt av Arnesen, sa ein gong : det var merkelegt med Wettergreen ! han trong ikkje til å gå spaser-turar heller han !

Her var mykje dømesykja millom dei kristne i Risør og Sunneled. Og dei dømde helst etter det ytre : ein kristen laut helst gå langsamt, med lutande hovud, måtte snakka lågt og stilt med sut i røysti !

Kvinnone måtte ikkje bruka hatt, men «kyse»; dei måtte ikkje ha «plissé» eller kappe på kjolane sine ! ein såg dei sopa gatene med sine fot-side slette kjolar, medan verdslege kvinnor hadde mang slags pynt. Ein varm kristen som tidt vitja byen, marinekaptein Isaaehsen frå Arendal, vart dømd av ein sjømann : eg kan ikkje halda han for ein kristen: han plistrar. Både i Aren­dal og Risør vart trongsyni til ånds-tyrranni : dei som vilde vera kristne, laut bøygja seg for kritikken og dilta med flokken (ein kapellan i Arendal kom slik i trældom at han slutta spela piano, måtte berre syngja gudelege songar og berre lesa gudlege bøker : dei refste han når han song eller las noko anna. Men då ein dag ei kona sa han skulde raka av seg skjegget, for det «forarga» henne — så manna han seg upp og svara : skjegget er mitt og det skal stå. Dette hev eg frå fyrste hand).

Paul Wettergreen var sjølv ikkje so trongsynt. Tvert um. Eg minnest kor kjærleg og mildt han tok meg um halsen : du les vel aftenbøn du guten min ! slik varme tok meg ved hjarta. Då me på Risør millomskule gav ut eit handskrive blad, teikna Wettergreen seg som abonnent !

I det heile hev eg mange varme minne frå guttedagane um Paul Wettergreen. Han budde tidt hja oss. Og eg tykkjer enno eg ser han og far sitjande i sofaen og syng ja Ahnfeldts sven­ske song : jag är en främling, jag är en pilgrim. Men Wettergreen sette ikkje dømesykja til veggs, som han kunde og burde ha gjort. Dermed vart han driven inn i kritikksykja han og.

Stengt for kommentarer.