etter reformasjonen – på sunnmøre og romsdal : presentert av jakob straume

 

– i boken : «Kristenliv på Sunnmøre og Romsdal». Eit Festskrift. Sunnmøre og Romsdal Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. 1950.

 

– fra s. 13 – 22 :

 

Etter reformasjonen får me meir av skriftlege kjelder, men det bilete me får, er heller mørkt.

Reformasjonen vart innførd ved kongebod. Bispane vart avsette. Men det var ikkje så liketil å skifte prestane som å byta kyrkjeskikk. Det var få menn av den nye tru som stod ferdige til å gå inn i tenesta. Difor vart mange av dei katolske prestane i embete så lenge dei levde. Dei strauk noko av ritualet og latinen, og laga seg etter det nye. Men noko nytt liv vart det ikkje om dei bytte ritual.

Kyrkjene vart reinska for helgenbilete, som hadde vorte til reine avgudar.

Messeofferet vart teke bort. Men skriftemålet heldt dei fast på. Det vart til overhøyring i Luthers katekisme.

Bibelen som er naudsynleg for kristenliv, var den gongen ei sjeld­synt bok.

Ar 1550 kom bibelen ut på dansk. Hele opplaget var på 3000 eksem­plar og det var nok biblar til Danmark — Noreg i 30 år, skriv Ivar Welle.

Biblane var dyre. Dei kosta ti dalar stykket. Få kunne lesa. Den kristelege opplæringa var munnleg.

I dei dagane fekk dei hjelpa seg med salmane. Og salmesongen kom som eit vårver frå det nyvakte livet sør om Skagerak. Og det er ikkje tvil om at Guds ord i salmeboka og katekisma kan frelsa folk.

Hans Nilsen Hauge opplevde frelse med han song «Jesus din søte forening å smake» ute på åkeren. Og Ludvig Hope opplevde frelse ved ei setning frå katekisma som seier : Ved sin uskyldige lidelse og død har han frelst meg.

Me har nok rett til å tru at andre fann fram til fred ved den same kunnskapen, endå dei levde i mørkare tider, og det var vanskeleg å finna truande vener.

År 1669 fekk Bergensbispen Nils Randulf innførd skikken med husandakt. Prestane i bispedømet skulle ha tilsyn med at kvar husfar heldt morgon- og kveldsandakt i heimen sin. Husfaren skulle halda «kor».

Førebels kunne det ikkje verta mykje av det, fordi få kunne lesa. Men det vart arbeidt for eit stort mål, og dei beste prestane vart ivrigaste i denne tenesta.

På Veøy i Romsdalen finn me presten Tomas von Westen år 1711. Han hadde vorte omvend og kom til ei levande tru. I livssyn var han ein ekte pietist. Med brennande iver gjekk han til arbeids, og sa san­ninga både til høgmesse og i gravferd. Han vart ein vekkjar mellom prestane, og seks av prestane i Romsdal og Nordmøre gjekk saman med han for å vekk ja gudelcg liv. Desse prestane vart kalla Sjust jerna.

Dei sende ei melding til kongen om korleis det stod til. Dei klaga hardt.

Bindelykelen er nedgraven, og løyselykelen er misbrukt. Preikestolane er utan frukt. Skriftestolen tener meir Satans rike enn Guds. Dei klagar over sedløyse, drykk, trette og ovundsykje, falsk vekt og mål, og kristeleg vankunne.

Ein annan gong kallar Tomas von Westen Molde for eit Sodoma. Men nokre år seinare sende han helsing til tretti kristne menn og kvin­ner. Mellom dei var mange av dei fremste menn i byen. Arbeidet hans hadde bore frukt.

Aldri har det stade ein meir evnerik og kunnskapsrik mann på Veøy preikestol, og den gongen rakk Veøy både til Molde og til enden av Tresfjorden. Han var ein framifrå tenar for evangeliet, hadde lett for å tala og eit brennande alvor. Han ofra seg sjølv. Hjå han var ikkje svik. Han var eit brennande og skinande lys.

Etter fem års arbeid forlet han det feite Veøy prestekall og vart misjonær i Finnmark. Sonen til sjustjernepresten Peder Strøm i Bud heitte Hans Strøm og vart prest i Borgund 1750 og i Volda 1764. Hans Strøm var ein sers dugande mann. Preikesamlinga hans vitnar om at han trudde rett, og preikene hans vart lesne lenge. Men han vart mest kjend som vitskapsmann. Betre hadde det vore om han hadde brukt heile si kraft til tenesta med Guds ord. Det trongst sårt. Men det skal ikkje gløymast at han gjorde mykje til å auka lesekunsten mellom folk. Det var ein god ting no det vart meir bøker. Prisen på Bibelen hadde vorte sett ned frå ti til ein dalar pr. eksemplar i 1717.

Ikkje alle prestane i Volda hadde vore så bra før Hans Strøm si tid.

Året 1703 sende lensmannen og seks lagrettemenn klage til presten over ulovleg handel med øl, brennevin og tobakk ved kyrkja om helgedagane. På grunn av rusdrikkhandelen kom lite folk inn i kyrkja. Dei heldt seg utanfor, banna og bråka som galne, eller sov på kyrkjegarden i fylla.

Etter lova skulle rusdrikkhandelen vera ei halv mil frå kyrkja. Men no var han så å seia ved neste dør.

Men det var lite hjelp i å klaga til presten då. Det var Otto Finde som var prest, den kleinaste presten som Volda har hatt. Han lika brennevinshandlarane. Sjølv var han mellom stordrikkarane, og han sette merke i mang ein ølbolle også : Så langt drakk eg i eit drag. Enno går det segner om drikkinga og kjeltringskapen hans. Sanneleg var det ei mørk tid.

Men ei strime var å sjå. Eit lyspunkt var det at det fanst så mange menn kring om i sokna som hadde vit til å klaga over styggedomen. Dei grunngav klaga med at dei ottast for at ungdomen skulle falle i same syndene.

Klaga syner at det var gudsfrykt bak denne klaga. Dei sju mennene meinte at noko måtte gjerast, elles kunne Gud verta nøydd til å straffa folket med uår og andre plager for så store synder, som dei dreiv om sundagane.

Elles klaga dei over sundagshandelen ved kyrkja med alle slags varer, og det som pinte dei gode mennene mest, var at folk øydde pengane og greidde ikkje skattane.

Var det gale i Volda, var det ikkje betre mange andre stader heller. Verst var det i Herøy og Sande. Der drakk dei slik at mange spydde i kyrkja. Ein preikesundag fanst det berre to mann i kyrkjelyden som var edrue. Alle hine mennene var fulle. Betre kunne det ikkje vera. Prestane i Herøy hadde i lange tider vore stordrikkarar.

Bisp Pontoppidan klaga elles over drikken i Ulstein, Borgund og Haram. Der var mørke og lys. Og lyset kom med gudskunnskapen som voks.

Pontoppidan si forklaring vart godkjend til bruk i 1737. To år etter kom lova om folkeskulen, som vart ein kristendomskule.

Diverre var der få brukelege lærarar. Det fanst ikkje lærarskular før Pontoppidan sjølv sette i gang slike.

Og folk klaga over pengane som dei måtte ut med til lærarløner. Det vart ein ny skatt. Og lærerane klaga over lønene. Dei hadde ikkje meir enn drengeløner. Difor vart ikkje dei fleste sers lenge i tenesta.

I den tida var mange einige med gamlingen som gjekk til presten og sa : Me har anna å gjera i Nilsgarda enn å lesa. Lesekunsten var ikkje naudsynleg.

Likevel fanst det ein og annan som både hadde bøker og kunne lesa. Ein mann på Drege i Strandasokn hadde ikkje mindre enn 84 bøker i 1721.

Frå 1750 auka det mykje med bøker, og mest av dei med kristeleg innhald. Frå den tida finst det bøker av meir enn eit halvt hundre kjende forfattarar.

I 1824 fanst desse bøkene i Norddal prestegjeld, som då knapt hadde 2500 menneske : 124 biblar, 92 nytestamente, 338 huspostiilar, 1365 salmebøker, 715 andaktsbøker, 258 abc-bøker, 440 evangeliebøker og 411 forklaringar.

Annakvart menneske åtte ei salmebok. Alle heimar åtte ein hus­postill eller fleire.

Minst var det av biblar. Det gjekk 20 menneske på kvar bibel og 27 på kvart nytestamente.

Men då Det Norske Bibelselskap vart skipa, ville folk ha biblar. Fol­ket i Norddal gav 39 dalar til selskapet.

På heile Sunnmøre gav dei 1253 1/2 riksbankdalar 1816. Men av dette gav Herøy 205 1/2 dalar.

I Haram var Henning Abelseth prest frå 1723—1774. Han var flink talar og ivrig i tenesta. Abelseth reiste mykje rundt i heimane, og tala med folk — overhøyring. Han såg kva bøker som fanst og skreiv dei opp i eit «sjeleregister«.

I ein heim fann han desse bøkene : Nytestamente, Brochmands postill, Fatigmands husbog, Tåre Pærse, Siungende tidsfordriv, Enkens skiærv, Ny salmebog, Siælens høie Værdighet, Sinmeyers Samtale, H. Borne- manns Forklaring.

I 55 heimar med 324 menneske fann han 50 nytestamente. Det vart mest eit nytestamente på kvar heim. Men Bibelen fanst berre i niande kvar heim.

Av huspostillar var det meir. Desse bøkene brukte folk til andakt om sundagane når det ikkje var preike i kyrkja. Mest kvar huslyd hadde ei slik bok.

Serleg var Müllers postill — Evangeliske Hierte-Speyl mykje brukt. Og det seier mykje om dei som las.

Forfattaren var den kjende presten Heinrich Müller født i Lubeck 1631. Han var eit trufast vitne om levande kristendom. Müller kjende evangeliet og menneskehjarta. Difor prøvde han å vekkja folk til om­vending og eit inderleg gudsliv.

Boka vart ei av dei mest brukte bøkene på Sunnmøre i siste helvta av 1700.

Enno finst det mange slike bøker kring i bygdene. Dei ber merke etter mykje slit. Sume bladkantar er mest bortsletne av fingertuppane som bladde frå blad til blad.

Elles hadde folk huspostillar av Brochmand, Gerner og Medelbye. Alle desse gav grundig Luthersk gudskunnskap.

I den tid brukte folk mange bønebøker. Dei fleste heimar i Haram hadde «De bedendes åndelege kiæde», som var mykje brukt. I boka var to hundre bøner, og alle slag bøneemne.

Lærar Johannes Buset skriv i Tidsskrift for Sunnmøre historiske lag :

Vi har liggjande framfor oss eit eksemplar av denne boka. Inn­skrift på permane syner at ho har fare i fleire bygder. Ho er mørk av sot frå gamle røykstovar, og fingrane som handsama henne var ikkje alltid så reine. Bladkantane er sterkt slitne av mykje bruk. Mest skitne er bladsidene ved laurdags- og sundagsbønene, og ved dagleg morgen- og aftensukk. Her er kantane utslitne og bøtte på ny. Mange har funne ord for bønetrongen sin her.

Denne kristelege bokskatten i Haram var truleg ikkje noko sersyn. Det var helst berre at Abelseth kunne gjera så vel greie for han. Truleg vart gudskunnskapen sameleis spreidd tolleg jamt ut over heile Sunn­møre og Romsdalen.

I Borgund prestegjeld budde den tida 3200 menneske. Der hadde dei 113 biblar. Etter folketalet vart det mest dobbelt så mange biblar som i Haram.

På same tid fann dei i Borgund 92 eksemplar av Müllers huspostill.

I 1781 hadde boka kome i 22de opplag.

Dessutan fanst det 70 eksemplar av Brochmands postill. Boka er bygd på fast bibelsk grunn, og forfattaren gjennomtrengjer det heile med si sterke einfaldige tru. Sume preiker har gripande personleg verk­nad (Ivar Welle).

Mellom mange andre huspostillar var ein av August Hermann Francke mest brukt. Christian Scriver fekk og stort rom med sin Sjeleskatt. Ved bøkene åt Scriver og Francke vart vegen brøytt for pietismen.

Eit sersyn var Emlemsbygda i Borgund. Der åtte dei bibel eller ny­testamente i mest kvar heim, og stundom fanst begge bøkene i same heimen.

Mest kjend var Pontoppidans forklaring, Sandhed til Gudfryktighed. Ho var vigtigaste læreboka i alle skular, og det gjekk stundom her som det gjekk Ole Årrestad i Sokndal. Han sa at i hans verdslege liv var det denne boka det einaste han hadde age for.

Pontoppidan var det norske folks store lærar i kristendom. Med denne boka som lærebok gjorde mange prestar og lærarar eit godt ar­beid for gudskunnskapen.

Ikkje alle prestar lika denne boka. Rasjonalisten Buschmann i Ul­stein førde inn i skulen ei onnor bok, som han lika betre. Denne boka kalla folk for «Kuboka». Og det er fortalt at «Kuboka» låg på bordet når presten kom på visitas, men dei la henne bort og tok fram Sandhed til Gudfrygtighed så snart presten var reist. Lærarane og folket var einige om dette.

Ved sida av Bibelen, huspostillane og forklaringa var det salmane som hjelpte til å halda gudskunnskapen vedlike i folket vårt i den mørke rasjonalistiske tidsbolken.

Folk song songar og salmar etter Petter Dass. Dei låg så nær livet med den salte kysten her.

Dorothea Engelbrektsdotter skreiv Sjelens sangoffer. Folk lærde songane hennar og dikta tonar til. Det vart folketonar.

Andeleg Siungekor av Thomas Kingo fann vegen hit og heldt seg til våre dagar.

Men den songfuglen som song vakrast mellom fjella i Sunnmøre og Romsdal og ut over øyane, var H. A. Brorson. I desse salmane kjenner syndaren seg att, og her kjenner den truande seg og att. Sine eigne røyn­sler finn dei att i salmane. Så nær livet er dei. Ingen har som Brorson sett inn i herlegdomen i Jesu Kristi åsyn, og lagt det inn i salmane sine, og ingen har makta å gjeva det heile så fin ei form.

Til denne herlege salmeskatten laga folk ofte tonane sjølve, som dei nynna og song i heim og kyrkje.

Her fanst og folk som lærde å laga songar. Den merkelegaste er Iærar Nils Olsen Sve, fødd 1758. Han drukna ved Skjorteneset, Stranda, 30 år gamal. Endå han døydde så ung, seier Høverstad, at han var den fremste salmediktaren i landet på si tid.

Sve-Nils, som dei kalla han, hadde stor kristendomskunnskap og var godt kjend i Bibelen. Kristendomskunnskapen omsette han i katekisme- og bibelhistorie-songar. Det var lettare å læra på det vis, og folk lika å syngja desse songane hans. Eg skal ta med eit vers frå salmen om rettferdiggjeringa :

Bort verden med dit kram, Min Jesus er mitt klæde,

Som skjuler syndens skam, I ham jeg mig vil glæde.

Til hannem vil jeg fly, Og fryder mig derved,

at jeg har klæder ny, Ved hans rettferdighet.

 

Broren gav songene ut i ei bok etter at Sve Nils var død. Boka heiter Kristeleg tidsfordriv og inneheld 68 songar. Mange har ei fin form, og ein klår evangelisk tone. Men det vart nok litt av eit tidsfordriv når dei til dømes song salmen om dei ti bodord med 66 vers. Men gudskunnskap gav dei.

Av prestar i Romsdal kan nemnast A. G. Heiberg 1724—43 og J. J. Schanke 1743—75. Begge var i Grytten, og var truande prestar og gjorde sers godt arbeid.

I tida 1741—1789 var Erik Røring prest i Veøy. Han fekk ein lang arbeidsdag og brukte han vel.

Pietist var han, og eit arbeidsjarn som få. Det trongst og, for både Langfjorden og Tresfjorden høyrde med. Kallet rakk over heile midtre Romsdal.

Ved sida av preikene dreiv Røring mykje med husvitjing og overhøyring i kyrkjelyden. Med eldhug tok han seg av konfirmantundervisinga og opplæring i Sandhed til Gudfrygtighed. Når han reiste til Vestnes for å lesa med konfirmantane, vart han ikkje ferdig på eit par timar. Nei, då sat han dag etter dag til langt på kveld og las med dei. Sandhed til Gudfrygtighed var lang og dryg. Men inn skulle ho.

I åtte dagar på rad gjekk Røring frå hus til hus i Vestnes, og høyrde folk i gudskunnskap.

Han kunne finna på å snakka om andre ting og. Sedløysa var stor i den tida. Rettsprotokollane fortel om mange ulukkelege kvinner som vart retta, og hovudet sett på stake.

Erik Røring kravde ikkje slike ting. Men mørkegjerningar måtte fram i lyset. Og alle som hadde fått barn utanfor ekteskapet, enten det var mann eller kone, gut eller gjente, så sende Røring bod etter slike. Dei skulle møta til skrifte. Og slik age stod det av han, at alle som var bodsende, møtte. Ein slik mann med så lang arbeidsdag sette merke etter seg.

Kva gagn var det i all denne kristelege kunnskapen ?

Me har sett at gudskunnskap og kristeleg verksemd er ikkje det same som kristenliv.

I fleire hundreår døypte dei borna så snart dei kom til verda.

Folk gjekk til altars to gonger om året. Dei gav gåver til sjuke og fattige for å tekkjast Gud. Dei høyrde og las Guds ord. Folk ottast Gud. Det var ein stor ting.

Men dei fleste leit på sine gjerningar og var skilde frå Kristus, og livet vanta.

Likevel var Guds ord tiltrudd heile det norske folket. Gudskunnskapen låg der, og så var det gneisten det heile venta på.

Vekkingar høyrer me lite om i denne tid. Men biskop Bang seier at i 1730—40 gjekk det ei vekkingsrørsle over mest heile landet ved Brødrelyden (Brødremenigheten/red.).

Kanskje hadde det vore vekking i Eimlemsbygda etter di dei kjøpte så mykje biblar og nytestamenter der.

Men det underlege hender at det gode vert ein fiende av det beste.

Kyrkje og skule var komne i gang med å leggja gudskunnskap inn i folket til næring for sant kristenliv. Og så kom dei som stod bak dette gode arbeidet og stengde for det kristenliv, som dei hadde bore næring til.

Me veit at i den tidsbolken som her er fortalt om, var både kyrkja og folk styrde frå Danmark. Der merka dei kristenlivet slik som det braut fram gjennom pietismen.

Den andre oktober 1706 kom ei forordning hvori særsindede per­soner alvorlig forbydes at holde religiøse forsamlinger. Overtræderne blir tiltalt og straffet.

Den 9. april 1737 skreiv kongen : At fruentimmer og mandfolk kom­mer sammen for at bede er uordentlig, og kan ikke tåles. Dermed var det forbod mot bønemøte.

Fire år etter kom den illgjetne konventikkelplakaten av 13. januar 1741 som forbaud å halda kristne samlingar utan prest eller styresmakt var til stades.

Det kyrkjelege embete stod bak denne plakaten. Vekkingsrørsla i pietismen hadde skræmt prestane opp til strid mot det ålmenne prestedøme. Og her var både rasjonalistiske og pietistiske prestar med, enda dei var ivrige etter å leggja gudskunnskapen til rettes i folket. Her er mange spor.

Då sokneprest Blichfelt i Volda gjorde utkast til skuleplan i 1827 heldt han fram at lærarane skulle halde husandakt om sundagane når det ikkje var gudsteneste i kyrkja. Han skulle syngja og Iesa ei preike av huspostillen. Men han måtte ikkje utan «å pådrage sig tabet av sin stilling halde frie eller skrivne personlege taler, som altfor lett vil lede til skadelig sværmeri, uorden og manges forargeIse». Fri lekmanns- forkynning måtte ikkje tolast.

Men ikkje alle lærarane kunne teia om den von som budde i dei. Og ofte skulle det berre ein gneist til å kveikja gudskunnskapen slik at det vart til vekking. Noko slikt hende på Aukra mot slutten av syttenhundretalet.

Klokkar og lærar Torstein Sundsbø hadde kome til liv i Gud. Han samla folk på preikelause sundagar, las av ein huspostill og i Sand­hed til Gudsfrygtighed. Ein heil flokk vart vakte og omvende ved dette. Vekkinga spreidde seg. Til slutt var det kristenflokkar i kvar bygd pä Aukra. Dei hadde Torstein Sundsbø til leiar. Folk kalla dei lesarar. Men sjølve brukte dei namnet venene.

1799 kom presten Høyem til Aukra. Han var ein sers evnerik mann, glad i gamal historie og sterkt nasjonal. Høyem var ein av dei fremste opplysningsprestane i si tid. Men han skjøna seg lite på lesarane. Når dei sat i kyrkja og såg på han med vonlause augo for di dei ikkje høyrde røysta åt Den gode hyrdingen, så syntest Høyem at det gufsa hjartekulde og trongsyn av lesarane. Høyem nemnde dei frå preikestolen og var korkje mild eller mjuk.

Det var nok ikkje berre på preikestolen han tok seg av lesarane.

Klokkar Torstein Sundsbø fekk han avsett frå læraryrket, men fekk han ikkje avsett som førar for venene. Og no støytte Høyem frå seg både lesarane og mange andre. Han hadde sått eit frø til ei beisk rot, som voks utruleg stor. Striden mellom kyrkja og venene breidde seg over Ytre Romsdal og ein Iut av Nordmøre.

Då Torstein Sundsbø hadde vorte avsett av Anders Høyem, rekna lesarane presten for ein fiende av sant kristeleg liv.
No vart det eit hovudspørsmål for lesarane. Er det rett å taka mot nattverden av ugudelege og fariseiske prestar og høyra på preika deira ?

Desse spørsmåla breidde seg og til grannesoknene. Men noko dissentarsamfunn vart det ikkje.

Venene let prestane døypa borna sine i kyrkja. Men elles gjekk dei sjeldan der.

Men striden truga med å gjera venene kjøtlege med di dei greip til uåndelege våpen.

Heitast vart striden 1817. På eit møte i Fræna sa ein av leiarane at presten Stenbruck var vantruande, Høyem i Aukra ein kranglefant. Prost Angell i Kvernes ein mammonstræl. Kapellan Hans Grøn i Kornstad ov-etar, og Hans Mod/felt i Bud ov-drikkar. Desse karane hadde sete saman hjå Kaifas og lagt råd om korleis dei skulle fanga Herren med list.

Dette vart for stridt. Lesar-flokken skilde seg i to. Dei lovlydige haugianarane prøvde å jamne ut striden. Men han varde heilt til det kom ein prest til Aukra som for alvor var komen ned for Herrens åsyn.

 

Stengt for kommentarer.