«stry-saka»

 

– hentet fra boken av Ivar Eikrem : «Stortingsmann Ole Halvorsen Mjelva». Aukra 1986.

 

fra s. 31 – 35 :

Strysaka.

Om denne saka syner eg til den kjendte lokalhistorikar Martinus Rogne si framstilling. Denne saka som altså vart tøygd ut i samfulle 12 år, og kom til slutt til endeleg avgjerd i høgsterett, og som i våre dagar helst ville av påtalemakta vorte stempla med «påtaleunnlatelse”. Men i dei dagar vart nok ein slik flokk av fiskarbønder og andre arbeidsfolk ei interessant «mjølkeku» for «retten» – og embetsmennene – slik at det vart tøygd ut så langt det var råd.

For meg synest det mest interessante i denne samanhengen må vere, at alle tiltalte i ankesaka for høgsterett, «søkte» om å få den tidlegare stortingsmann frå Bud – Ole Halvorsen – til forsvarar, først frå dei 72 tiltalte frå Aukra og Sandøy – og at han så seinare vart tilsett av høgsterett som offentlig forsvarar for alle sakgjevne.

Det skulle gå tydeleg fram av dette, at Ole Halvorsen var ein som «den vanlege mann» såg opp til, og sette stor pris på, – og som embetsmenn, når det kom til stykket, laut respektere.

Stryskuta som stranda ved Yksnøy oktober 1830.

Den kjendte granskaren av lokalhistoria Martinus Rogne, har i ei utgreiding om denne strysaka, gått gjennom skriftlege kjelder i Statsarkivet, som eg her er så fri å gjengi eit utdrag av .

«Det hadde vore sterk vestavindstorm nokre dagar, so skavlane kvitskumma havet så langt ein såg.

Den 27.oktober 1830 kom eit engelsk skip inn i Harøyfalla og prøvde å kome seg inn til Uksnøya. Det var Barken «Albion» av Scharborhough, med Thomas Halle som kaptein. Skipet var lasta med jarn, plankar, svinebørster, lin og stry, på veg frå Arkangelsk og skulle til London. Ein km. utanfor Uksnøya, grunnstøytte Albion medan folket på Uksnøya sto og såg på. Dei manna då ut ein båt og la iveg utom øya. Stormen hadde spakna litt, men det var endå uråd å kome til skipet. Dei gjekk istaden opp på Stormåsholmen, og frå eit lågare skjer på utsida av holmen, strakte dei ei 40 famners line ut til «Albion». Mannskapet feste seg i lina og hoppa i sjøen. Ein for ein vart dei så drege til lands på holmen.

Alle mann vart berga endå so hardt sjøbrot det var. Den grunnen som «Albion» stranda på vart oppattkalla etter forliset og vert kalla «Engelskflua» den dag idag. Um dette forliset vitna : NiIs Eriksen, Uksnøy, f. 1783. Son hans – Erik NiIsen, f.1805. Christen Johansen Uksnøy, f.1784 og son hans – Iver C.Uksnøy f.1812. Tenarar på Uksnøy – Johan Johansen 25 år og Jacob Pedersen 18 år. Desse seks frå Uksnøya var det som berga mannskapet på Albion. Dei vart alle innstemt som vitne i det første rettsmøte på Gamlem den 27/2- 1831.

Christian Uksnøy vitna om forliset at stormen spakna den 28 oktober. Det kom då mange båter til Albion, og folk la råd om kva dei skulle gjere. Los Peter Larsen Flem, gjekk først ombord, tilsto han, men han gjorde det først etter samråd med andre som gjekk ombord ilag med han.

Det kom no etterkvart mange til skipet,og dei gjekk ombord og tok til å avtakle skipet. Om ei stund kom også styrmannen og matrosene og hjelpte til. Alt som var laust og alt dei fekk tak i av lasten,slik som plankar, lin og stry, vart ført tillands og lagt i haugar på holmen. Overtollmann Møller frå Myklebust kom straks til skipet, og var sidan jamt tilstades under bergingsarbeidet.

Den 2. november vart det halde bergingsrett på Uksnøya, etter krav frå kjøpmann Karl Rønneberg i Ålesund og kaptein Thomas Halle. Overtolltenar i Ålesund, Peter Storm, var tolk for kaptein Halle, som også var tilstades. Det var framleis eit blåsande ver som hindra berginga. Retten kom til semje om å påskunde bergingsarbeidet mest mogeleg ,og derfor skulle det leigast 255 mann på 53 båtar, for å frakte mest mogeleg på land frå skipet som låg og gnog på grunnen. Det var elles fastbunde med kjettingar, men det var hol i botnen så mesteparten av lasten låg under vassflata.

– Seinare deltok 350 mann i berginga, som gjekk fram til 12.november. Såleis at 58 mann med 10 båtar arbeidde frå daggry til avdagsleite. – Den 12. november hadde dei berga alt som var takande, og alt vart verdsett på land.

Men no hende det syrgjelege :  Det kom for ein dag at fleire hadde teke med seg sjøvåt stry og lin heim, – serleg dei som hadde vore med å berge frå 28.oktober til 2. november. Og alle desse vart innstemt til tings for å stå tilrette for «Ran på Albions last». Dei frå Haram skulle møte på tinget på Gamlem, og dei frå Sandøy og Aukra på tinget for Sund.

Dei fleste som hadde teke med seg noko heim «tilsto si synd», og ga opp det dei hadde teke. Alt skulle leverast til lensmann Petter Gamlem, og som noterte det kvar kom med. Alle varene som vart berga, vart seid på auksjon på Gamlem den 20.oktober 1832.

Futen på Sunnmøre kravde at 181 av dei som vart innstemte for tjuveri frå Albion vart innstemt til forhøyr. Amtmannen sendte saka til ein kommisjon for å føre saka mot dei 181 frå Aukra, Sandøy og Haram. Skrivaren på Sunnmøre, Knut Karl Krogh og skrivaren Hans Thiis Møller på Moldegård, skulle styre forhøyret.

Det vart avsagt dom 5.mars,1839, men vart forkasta av høgsterett, som kravde ny saksførehaving 5/10 1841. Denne domen vart anka til høgsterett, som stadfesta han den 30. september 1843. Den nye straffelova av 1. januar – 1843, vart ikkje teke omsyn til.

-72 mann frå Sandøy og Aukra, og 50 frå Haram vart dømde til tukthusstraff frå 2 til 6 mdr. Mellom dei dømde var 29 losar som alle miste losretten sin. Aktor i saka var Peder Hagerup frå Teige, og forsvarar var stortingsmann Ole Halvorsen, Mjelva frå Bud. Han var tilsett som offentlig forsvarar for alle sakgjevne.

Stengt for kommentarer.