haugianerne i trøndelag : presentert av jakob straume

– i boken : “Kristenliv i Trøndelag. Eit festskrift”. Trøndelag krets av Norsk Luthersk Misjonssamband. 1952.

 

– fra s. 21 – 28 :

Bondesonen frå Tune let ein stor arv etter seg i Trøndelag. Det dyraste han åtte, livet i Gud, delte han med så mange som råd var. Og kvar ein fekk ein rikdom som skulle gjevast over til komande ætter.

Vi har set skimten av nokre som tok arv etter Hauge, og vi vil gjerne sjå nokre til.

Michel Grendahl var fødd i Rennebu i 1775. Gjennom foreldre og barnelærdom var han overtydd om at der er eit evig liv etter døden, og han ville gjerne leve slik at han kunne kome i himmelen. Ofte bad han Gud om at få alt han trong for å verte evig sæl.

Presten P. S. Krag, som konfirmerte han, gav han sterke formaningar til å halda seg frå det vonde. Og det bremsa på lystene etter å få vere med på kortspel, drikk, ulivnad og slåsting som var vanleg mellom ungdomen.

Michel las mykje i Bibelen og helst i nytestamentet. Minst em gong om året las han gjennom Bibelen. Men han greidde ikkje løyse gåta mellom lov og tru. Han skjøna ikkje at evangeliet må ved tru smelte saman med dei som høyrer det for at det kan verte liv. Når det har hendt, kjem lydnaden mot Guds vilje som frukt på treet, av kjærleiken til Gud.

Michel vart overtydd om at sanningane i kristendommen måtte verte avgjerande for livet hans. Men han var levande redd for at folk skulle vanvyrde han. Difor var han med på alt som ungdomen stelte med, vi nær som grove laster.

Men da Riis kom til Rennebu, vart Michel sterkt teken av det han sa. Litt lenger fram på hausten kom Ivar Gabestad. Han ruvde ikkje stort, men hadde gripende omsorg for at folk måtte kome til omvending og tru. Ved vitnemålet frå desse to og ved å lese bøkene til Hauge fekk Michel Grendahl eit klart lys over vegen til Kristus ved tru. Han fekk tru forlating for syndene, fekk eit nytt sinn og vart ein ny skapning i Kristus

Michel Grendahl var eldst av åtte sysken. Tjue-fem år gamal tok han over garden. Men dei rike evnene hans gav han ikkje ro i den tronge fjelldalen, og Hauge rådde han til i finne eit anna yrke.

I 1804 let han garden over til Ole, bror sin, og reiste til Drammen og seinare til Bergen for å lære handel. I 1806 flytte han til Kristiansund. Der slo han seg ned som handelsmann, og dreiv stort i femten år. Men så vart han lei av handelen og flytte attende til Trøndelag Der kjøpte han garden Havstein på Byåsen.

Kona hans heitte Berit Husdal frå Geitastranda. Ho var ein varm kristen og flink til å stelle både i stova og fjøs.

Havstein var ein av største gardane i Trøndelag, men sørgeleg vanstelt da Grendahl kjøpte den Men han dreiv den fram, så den fødde fire gonger så mange kyr som før. Men Grendahl vart ingen sofabonde. Han vart med i alt arbeid på garden, og vart som ein far for alle som arbeidde for han. Ein av tenarane sa seinare : Det gjekk godt. Men det gjorde det mykje at han far kom til oss kvar søndag. Da las han preika, og vi song alle i hop.

På Havstein var smie. og Grendahl gjorde mykje av det smedarbeida som trongst på garden. Var han åleine i smia, sung han, og var der fleire, tala han om Gud.

Lenge etter vart kyrkja på Byåsen bygd der smia stod. Da sa ein gamal mann : Eg har høyrt Guds ord før på denne haugen. Mannen tenkte på då han stod saman med Grendahl i smia.

Er du ein av dei heilage ? spurde ein mann Grendahl i Kristiansund

Ja, eg er ein av dei heilage, men eg eg ikkje så heilag som eg ynskjer å vere, svara han.

Nokon overlag talar vart han ikkje. Men heilt frå han kom til trua, vitna han om den von som budde i han, både i samlingane og på to-mannshand

På Havstein vart ein veneheim, eit sentrum for kristenliv og kultur i Trøndelag.

I 1830 kom Grendahl på Stortinget, og vart der i tolv år. Han vart med i trekløveret Ole Gabriel Ueland frå Sørlandet og John Gundersen Neergård frå Nordmøre. Dei to hadde Iettare for å tale, men Grendahl forma heller tankane sine med pennen, og var kanskje den mest klårtenkte av dei tre.

Grendahl gjekk heilhjarta inn i striden for i få avlyse konventikkel-plakaten, og da det endeleg vart gjort i 1842, slutta han som tingmann, han var elles redd politikken. Og for at han ikkje skulle sløvast av tingmannsarbeidet, brukte han ein time om morgonen til å lese i Bibelen og be. Dessutan la han alt tingmannsarbeid til side om søndagen. Da høyrde han og las Guds ord. I det levde han til det siste. Og Iite grann før han slokna i 1849, sa han : No høyrer eg songen frå trona.

Arnt Solem slo seg på handel og vart ein velstandsmann. Han kjøpte Moholt i Strinda og gjorde heimen til samlingstad for Iesarane pa den kanten av byen. Kjøkkenet gjorde han slik at det kunne romme hundre menneske, og vart såleis eit godt samlingsrom. Randi Solem var ei sers dugande kvinne, og folk fann vegen til Moholt med mange vanskelege spørsmål både i timelege og åndelege saker. Og her var hjelp å både frå Bibelen og frå stabburet.

I 1822 selde Solem Moholt til Iver Iversen f. 1789 i Alvdaldalen. Men foreldra flytte til Bardu i Troms som bureisarar. I 1802 tala Ivar Gabestad og Ole Olsen Bache Ordet der. Da vart det vekking. Året etter kom Hauge, og vekkinga heldt fram. Da vart Iver Iversen ein kristen, og han var det all sin dag. Da han vart vaksen, førde han i fleire år eit farty, som heitte »Prøven«. Seinare kom han inn i forretning i Trondheim, og da Solem selde Moholt, kjøpte Iver Iversen garden og dreiv den i førti år, og alt gjekk i same spor som da Solem budde der.

I 1812 kjøpte Arnt Solem gardane Værnes i Stjørdal i lag med Kindset og Fasteraunet i Skatval. Men tre år etter selde han alle tre gardane og flytte attende til Trondheim Dei tre åra han var i Stjørdal, var vonde å kome i gjennom. Folk svalt. Men Randi Solem var gavmild, og sette merke etter seg den korte tid dei budde der.

Malena Kleivberg var fødd 1805. Foreldra var Tomas og Ingeborg Hoset. Ingeborg var vegvisar for Hauge over skogen frå Malvik til Mostadmarka i 1799.

Da Malena var femten år, tente ho hjå Ole Gjevingstrøen, som var første lekmannen i Lånke. Kona hans heitte Anne og begge var haugevener.

Da Malena tente hjå Ole Gjevingstrøen, kom Iver Moholt og fleire haugevener over Gamalåsen frå Strinda for å vitja Ole Gjevingstråen. Ole var ingen rik mann. Men Iver og mange av det som kom, var velstandsfolk, og dei bar med seg alt som trongst både for lekam og sjel, så det vanta ingen ting.

I dette samværet kom Malena til tru. Og da ho vart gift på Kleivberg i Elvran, vart heimen hennar samlingstad for lesarane. Ho døydde i 1903.

Lars Holan var fødd på Langstein og kom til Holan som smågut. I ungdomen var han som andre, og vart trulova med ei gjente som heitte Dorthea. I 1823 vart ho med sju unge som reiste på ein robåt til Trondheimsmarknaden. Lars såg dei vel av, og alle skjemta og lo da dei drog. Men båten sokk midt på fjorden, og alle bleiv. Da kom kallet til omvending for Lars Holan, og det vart alvor før han kom inn i lyset frå evangeliet.

Tre år etter vart han gift med Anne Halvorsdotter Bjørngard frå Hegra. Hu var kristen, og heimen vart ein veneheim. Der samlast dei truande etter kvart som dei kom til, og der fekk lekpreikarane bu når dei var i bygda. Lars Hoian vart sjela i det kristelege arbeidet så langt han rakk, og orda hans hadde stort verd både i timelege og åndelege spørsmål. Dermed hadde lesarane fått fotfeste også på den kanten.

I tida frå 1821—1833 vart Joakim Lund Bugge res. kap. i Stjørdal. Han var son til biskop Bugge i Trondheim, og arbeidde for haugerørsla.

Same året som han reiste, kom ein brannfakkel nordanfrå. Det var ElIling Eielsen fra Vossestranda. Han hadde vore to år i Nordland og skulle sørover Han hadde gjerne lite tid, for di han skulle kveike varme på heile landet. Han heldt ofte tre samlingar kvar dag kring om på gardane. Mange vart vakte, og andre vart nya opp att. Mellom dei siste var Lars Holan og kona.

Mellom dei vakte denne gongen var ei med eit fint navn. Det var Birgitte Lucie Wang Richter. Ho var ei eldsjel.

Tomas Olsen Færen f. 1812 i Færsdalen, to mil nord for Meråker, vart vakt på same tid og vart ein vidspurd lekpreikar. Et tid budde han i Skjelstadmarka, og i 1855 flytte han til Selbu. Men i 1866 reiste han til Amerika.

I Skjelstadmarka fekk Eielsen mange vener, og to år etter han kom som ein brannfakkel nordanifrå, kom ein ny frå Sunnfjord. Det var den seksten-års gamle konfirmanten Mads Wefring. I heimbygda hans kom ei ung giente, Stina Underli, i sjelenød på veg til fjøset. Det vart ein lang og tung sjelestrid for di ingen kunne rettleie henne. Nokre månar seinare fekk ho tru seg frelst og vitna for Maren, søster si. Frå dette vitnemålet loga vekkinga opp og spreidde seg over heile bygda.

I denne vekkinga vart Mads Wefring og Anders Haave og mange andre omvende og fekk vitnetrong. Denne vitnetrongen førde den unge konfirmanten til Stjørdal, og vekkinga heldt fram både der, i Skatval og i Hegra.

Det kom ogsa andre vitne frå sør. Ole Sivertsen f. 1783 kom frå Luster i Sogn, og vart omvend ved Hauge i 1802. Han vanka vide, og var gift med Ragnhild Olsdotter Nordaune i Haltdalen. Dei budde først på Røros, men i 1840 flytte dei til Kjesbu i Skogn. Han reiste og tala Ordet mest all si tid. I 1847 flytte han til Levanger, men gjekk mykje under namnet av Kjesbu-kallen. Han var livleg og kvikk og likte ikkje lange talar.

Du vert så tørr i halsen, du må drikke litt vatn, sa han til ein som han syntest tala for lenge. Ole var ein trueshelt

I 1843 kom ei ny vekking over Stjørdal ved Lars Olsen. Han var fødd i Lom i 1818. Men faren døde da guten vart konfirmert. Da flytte mora nordover til Bardu med borna. Her vart Lars vakt og kom til ei levande tru. Han hadde uvanleg gode evner og lærde seg til skomakar. Han fekk kall av Gud til å vitne om nåden i Kristus, og så tok han ut som skomakar og lekpreikar. Med skomakaryrket betalte han kostnaden med å reise rundt å tale Ordet.

Slik kom han sørover til Stjørdal og der vart vekking. Ofte skamma han seg over den stygge bekabroka si, men han hadde ikkje noko finare til å ta på seg når han skulle tale. Men når han hadde tala seg varm, gløymde både han sjølv og dei andre bekabroka hans, og vart gripne av evangeliet.

Mellom dei som vart vakte ved Lars Olsen i Stjørdal, var ei ung glente frå Slungårdsåsen. Ho var husmannsdotter og fattig, fødd i 1817. Her i livet vart ho aldri rik på jordisk gods, men rik i Gud. Ho vart gift med John Olsen Dybdalsbak frå Singsås som var dreng i Stjørdal og vart vakt på same tid. I 1853 flytte dei heim att til Singsås. Plassen deira var til dagleg kalla Vera, og der finn vi dei att seiare.  Der kom Karen Vera til å lyse i 50 år.

På Levanger slo fargar Eide seg ned. Han var haugeven, og Anders Haave tala Ordet der. Johan Nerland gjekk i fargarlære hjå Eide, og vart omvend. Han slo seg ned i Førde i Sunnfjord og fekk mykje å seie for kristenlivet der.

I 1855—61 var O. Berg prest på Levanger. Han var ei vekkarrøyst, men døydde heller ung. Ein flokk vart omvend ved han. Men ein enda større vart forarga for di han alltid måtte snakke om sjela med folk som kom for å gi til altars.

Kring Levanger var det sterk åndeleg gjæring i denne tida. I 1857 melde 40 menneske seg ut av statskyrkja og skipa frikyrkje.

Mellom dei var Iærar Even Evensen, ein varm kristen. Men to år etter skreiv han seg inn att i statskyrkja. I i1863 flytte han til Markabygd i Skogn som Iærar. Men elles reiste han mykje som bokseljar og lekpreikar heilt til 1898.

«Han vakte under virksomheten her i våre bygder, kanskje mer enn noen anden sansen for kristeligt liv”, skriv Iver Nilsen Værnesbranden.

Frikyrkjerørsla på Levanger hekk saman med den Lammerske rørsla, som hadde sitt opphav i Gustav Adolf Lammers. Han var fødd i 1802, cand. theol. 1825 og prest ved Trondheims hospital i 1827—35.

Vart sokneprest i Bamle og seinare i Skien. I 1853 skipa han første laget for indremisjonen i landet, kom i konflikt med læra om barnedåpen og absolusjonen i statskyrkya og la ned embetet sitt i 1856. Men flokken som fylgde Lammers kløyvde seg på spørsmålet om barnedåp og vaksendåp. Da kom Lammers og mange av fylgjesveinane hans i tvil om dette var rette vegen, og Lammers sjølv melde seg inn att i statskyrkja i 1860.

I 1857—60 gjekk ei sterk vekkingsrørsle over Stjørdal. Også her skipa Lammers frikyrkje i 1858, men ho vart løyst opp att to år seinare, og no kom det nokre kalde år.  Men det var ein flokk spreidd kring om i Innherad og Stjørdal som prøvde å ta vare på arven til seinare tider.

Biskop Peter Olivarius Bugge, fødd 1764 i Holt.

Far hans heitte Søren Bugge og var prest i Vanse på Lista. Han stod Brødrevenene nær og var ein av dei mest gudelege menn i si tid. Unge Peter Olivarius skulle såleis ha mykje godt å likne på. Halve Lista høyrde til brødrevenene.

Da guten var tolv år, sende foreldra han til farbroren, Hans Bugge, som var forstander for Brødrevenene i Bergen, for å gå på skule. Hans Bugge tok han med på ein tur til Tyskland. Der vitja dei Hernhutt og fleire andre stader. På denne ferda møtte dei biskop Spangenberg, som høyrde til Brødrevenene og var ein sers lærd og gudeleg mann. Spangenberg høyrde guten i gresk. Etterpå la han hendene på han og signa han.

Peter Olivarius Bugge var sterkt gripen av Brødrevenene. Men der var også andre ting som tok han. I 1788 tok han teologisk embetseksamen i København, og to år etter vart han dr. theol. Han kunne gå ut i livet med glimrande eksamener og full av mange tankar. I fire år var han prest på Sjelland i Danmark, og i 1791 kom han heim att til Norge og vart prest i Vanse etter far sin som søkte seg eit nytt embete. Men nu synte den unge presten med doktotgraden i teologi seg å vere ein underleg skapning.

Når han heldt gudstenester i Vanse tala han som ein Brødre-ven om blodet og nåden i Kristus. Og i 1795 skreiv han ein huspostill slik som ein herrnhutisk prest ville ha skrive den. Dette var røysta til Jakob. Men året etter kom hendene til Esau. Da skreiv han ei doktoravhandling om «Menneskets moralske fordervelse, dens oprindelse og dens væsen over hovedet”. Her viser han seg som ein ekte rasjonalist frå Københavns universitet. Men han heldt fram med å tale som Brødre-venen i Vanse og som rasjonalist i Farsund.

I 1804 vart han biskop i Trondheim og sat på bispestolen i trettiåtte år, og var ein av dei evnerikaste bispane i Trondheim.

Bugge vart biskop same året som Hauge vart fengsla, og hadde lite tru på Hauge. Jeg tror at Hans Hauge er ein skjelm, skreiv han i 1804, men seks år etter hadde han kome på andre tankar og skreiv på nytt : Jeg har aldri hørt man har tillagt Hauge nogen Brøde, der kunne lede til mistanke om at han ringeagtede Landets Love og Øvrighed, men tvert imod at hans vandel har været ustraffelig.

Kring 1814 kom Bugge inn i politikken. Prins Christian Fredrik vart kjend med Bugge i København, og no kom han heilt til Trondheim for å rådføre seg med han. Prinsen bad biskopen kome til Eidsvoll og skrive utkast til grunnlova. På kort tid gjorde han ferdig eit utkast. Der rådde han til sjølvstyre under sterk kongemakt. Den politiske stjerna til Bugge steig høgt heilt til 1818. Da kom Karl Johan til Trondheim og vart krynt i Nidarosdomen. Trønderne heldt Bugge for den mest dugande talsmannen for fridom og sjølvstende som fanst. Og Bugge heldt kronlngstalen. Men der var han uvyrden og sa om det norske folket at det er rått, hårdt og fordervet.

Denne talen gjorde mange rasande på Bugge. Og da kvelden kom, kasta dei stein og knuste kvar einaste glasrute i bispegården. Med ein av steinane fylgde ein setel og pl den stod: Takk for talen, biskop. Som du hedret os, slik hedrer vi deg igjen.

No hadde Bugge ramla ned av den politiske pidestallen, og han kom aldri meir til syne der. Dette nederlaget skaka Bugge opp. Det var sjølvsagt at han gjekk ut av politikken. Men han slutta med rasjonalismen og. Etter denne ydmykinga vart han pietist og brødreven i gjerning og sanning. Bugge gjekk heilhjarta inn for å tene Ordet. Han heldt ofte bibellesingar og tok til å arbeide for misjonen.

Bugge prøvde i få skipa ein Brødre-Societet i Trondheim. Men det lukkast ikkje. Han prøvde å få haugevenene med, men da hadde dårleg tru på brødrevenene. Dei la stor vekt på omvendinga og formaningar til heilagt liv. Men brødrevenene tala mest om Blodet og trøysta seg til nåden. Haugevenene var redde å ta nåden forfengelig, og brødre venene var redde å kome under lova.

Samlingane fekk også si form av dette. Haugevenene i Trondheim hadde same møteskikk som andre stader i landet. Men brødrevenene samla seg på hernhuttisk vis.

Men det vart brødrevenene i Trondheim som først vakna for misjonen, og her gjekk Bugge inn med liv og sjel. I 1821 tok han til å gje ut eit misjonsblad som heitte : “Efterretninger om Evangeliets fremgang i alle Verdensdele”. Namnet var stort og programmet var ikkje mindre. Men misjonen hadde ikkje vorte nokor folkerørsle enno i Trøndelag. Difor gjekk bladet berre i to år, og måtte slutte for di det fekk forlite stønad.

Men i 1827 gav brødrelyden ut sitt eige blad med N. J. Holm til redaktør. Han var leiar for brødrelyden i Noreg. Holm var fødd 1778 og døde i 1845. og det var han som gav oss salmen : Hvor salig et den lille flokk, ei perla som har halde seg seg i hundre år.

I Trondheim budde omlag femti haugevener, og dei vart vakte for misjonen ved misjonsblada. Dei kom også til å arbeide for misjonen. Bugge vart misjonsleiaren for begge flokkane. Han vart formann i ein komite som i 1826 skreiv seg for 188 dalar “i årlege bidrag og 378 dalar i almindelige gaver”.

Året etter sende komiteen 550 dalar til Baseler-misjonen. Men brødrevenene hadde sin eigen misjon som dei  ville stø. Dette prøvde Bugge å bøte på ved å skipe til eit misjonsstemne nyttarsaftan. Det vart som ein offerdag, og gåvene som dei fekk inn, vart sende til Holm.

Men haugevenene hadde lite hug på å stø brødrevenene. Dei ville heller sende gåvene sine til Baselermisjonen Og i 1836 skipa dei Trondhjem Misjonsforening. Og der kom haugevenen, fargar Ottesen, med forslag om at pengene måtte gå til Basel.

Slik gjekk det til at haugevenene og brødrevenene fekk kvar sitt misjonsarbeid i Trondheim. Begge sprang fram av lekmannsrørsla. Men den eine var fri og ubunden av embetet. Den andre svinga i kyrkjeleg lei og stødde seg til embetet. Men det var brødrevenene som først lydde kallet om å gå ut i all verda med evangeliet. Det var også dei som fekk haugevenene med og gav næring til den vesle planten, som skaut opp som ein fager renning også i Haugianismen. Brødrevenene heldt seg i Trondheim til 1909 og vart til signing gjennom hundre år.

Skriv inn søkeord..