avholdsrørsla i namsos : presentert av jacob straume

 

– i boken “Kristenliv i Namdalen. Eit festskrift”.

 

– fra s. 19 – 20 :

Mangt vart annleis i denne tida. Avhaldsrørsla fekk vind i segla. Det var ikkje berre Svenske-Janson som var hard mot brennevinet. Ole Kallem og Andreas Lavik kom etter. Dei var enda hardare.

Det fylgde vekking med beggc. Avhaldsrarsla vart tufta på kristeleg grunn, og brennevinet vart gjort til synd i folks syn og samvit. Difor vart lesarane dei sterkaste talsmenn for avhaldssaka som har funnest. I 1879 skipa Ole Kallem avhaldslag i Namsos med 25 medlemer, og møta heldt dei på bedehuset.

Konrad Hustad gjekk heilhjarta inn i avhaldslaget og. I tretten år stod han som formann. I den tida sa han i ein av talane sine : Eg vonar at me må kome så langt at me kan heise avhaldslagets fane på brenne- vinssamlaget, som eit teikn på at ein skanse er teken.

I 1895 stod den endelege kampen om denne skansen. Då gjekk alle kvinner i Indremisjonen inn i kvar einaste heim og tala mot brenne­vinet, og lærde alle «vankundige» å skrive det løysande ordet på røyste-setelen. Det første menneske som gjekk til urna den dagen var ei kona på nitti år. Samlaget vart røysta ned og rydda, og avhaldslaget fekk huset og grunnen.

Stengt for kommentarer.